fredag 15. mai 2009

Bursdager tar på!!

Trur ein trygt kan seie at bursdagsfeiring tar på. For ein gut som har store forventninger til dagen, jobba adrenalinet i kroppen på spreng. Då klokka runda sju, og dei små gjestene tusla heim, var det ein som satt heilt utpeist på gulvet og kjærbad om å få leggje seg. Då var sjølvsagt dei vaksne gjestane på tur inn i huset. Gjestane måtte nok klare seg utan jubilanten. Det var så vidt han makta å åpne pakkane.....

Som korpsmusikant er mai den travlaste månaden. Og med berre få dagar til 17.mai, kunne ein ikkje lure seg unna noko øving til trass for bursdagsfeiring!
Og jobba adrenalinet til Steffen på spreng, kan ein trygt seie at mora sitt adrenalin også jobba hardt. Vi manglar visst dirigent på nasjonaldagen ....og då må eg trå til. Sjølvsagt måtte eg då dirigere på øvinga i går. Svetten rann og nevane var klamme.... Liker ikkje å ta sånne ting på spaket når det er vaksne folk ein instruerer. (Men det gjekk greit....). :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar