søndag 10. mai 2009

Hyttekos:)


Så var enda ei ny helg øve... Vi har vore på hytto og kost oss veldig. Det største prosjektet mitt denne helgo var å få rydda boden som min kjære "Einar" har ein tendens til å stuve alt inn på:)
Resultatet blei, i følge han, supert!!
Ellers så er det jo enkelte gyselege ting som følger våren........ eks?? Tja.....tømming av utedoen. (Men det skal vere sagt at det ikkje var eg som tømde den..:) !!)

Det beste med helgo var vel grillinga. Den er obligatorisk!! Nam, nam.

I dag gjekk vi rundt halvøyo.... Bratt enkelte stader!!! Adrenalinet jobba godt då. Det blei ein fin og minnerik tur for ein liten gut som elsker steiner og blomar. Det var faktisk litt deilig når sjøspruten stod oppøve berget og ein ikkje visste om ein kom te å klare å kome seg opp der ein skulle. (Det gjekk bra ) :)

No står natto for tur. Det er vel på tide å sørge for at morgondagen blir kvil og opplagt. Ikkje lett å lausriva seg frå fotmasasje av beste sort!!













Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar