torsdag 19. september 2013


Troppsjef Knutsen har vore på tur i dag. Litt vind, men ellers bra. 
Vind har forøvrig aldri vore noko problem så lenge den ikkje er så sterk at vi bles ut i vannet når vi balanserer på kanten  av demninga for å kome oss vidare. I dag var det berre nesten tilfelle, men sidan vi alle har lært at nesten ikkje er godt nok, så gjekk det jo berre heilt supert. 

Godt humør, song av glade ungdomar, sjokoladekake, utsikt, litt herjing, "leveggar", fotoapparat.......Lista kan vere superlang om eg berre gidd. Alt i alt ein triveleg hausttur!
Biletet under viser forholda ved Storbotnvannet då vi kom ned dit att. 


Her om dagen skulle eg ha litt kylling i lag med nistepakken min. Les teksten under biletet, så ser du kvifor eg blei litt flirfull. (Litt artig, då!)
Thihihihihi..........og så reven............

Ville misbruke og spise barn. Dømt til 27 års fengsel. Vg-nett har verkeleg funne fram til ei ekkel sak i dag. Spise born......... Fisj!! 
Det er vel ikkje noko nytt at vi lev i ei "crazy" verd, men av og til kjenner eg at eg får spasmer i tolvfingertarmen. Akkurat no er det slik! Ekle fyren...............

"Fat Longpig"! Kva er det for kallenamn? Ein tjukk og lang gris? 
Jaja........ Gris er jo eit ord som er ganske dekkande for enkelte av dei tinga han hadde som "hobby" i og med at vi er vane med å bruke ordet i negativ forstand når vi ikkje talat om husdyret med same namn. 

Når politiet finn ei bornekiste hos ein mann som skriv om å spise born, så lemnar det vel ikkje så mykje tvil om at han faktisk har tenkt å gjennomføre det. 
I tillegg har dei funne ut at fyren har fleire likesinna som han har diskutert det heile med. Akkurat det gjer det berre meir ekkelt. 
At det fins ein mann som er sjuk nok til å ha slike tankar...............Joda, ein får ikkje sjokk i dagens verd, men at det faktisk skal vere mange likesinna? Poff!!


Flesland evakuert etter bombetrussel. Viss det er med Flesland som med Trondheim for berre dagar sidan, ja då er det pinade enkelte som har lite å gjere om dagen. Viss ein syns det er så kult å ringe inn bombetruslar, så burde ein verkeleg vore innesperra ein viss stad. 

Frykt, irritasjon, forseinkingar, kostnadar........ Konsekvensane er ganske mange.
Vel, bergensarane står han vel av denne gongen også. Ukrutt forgår ikkje så altfor lett. :=)

Alt ein gjer for å kome i media sitt søkelys.

Hamzah (4) ble sultet av sin egen mor. Dette er vel ikkje anna enn hjarteskjærande. Kva mor er det som gjer slikt? Ikkje ei normal ei......
Ho berre la bornet i sprinkelsenga for å døy, for så å sjølv bestille seg pizza. 

Liket låg der i heile to år (mumifisert) før det blei funnen, inne på soverommet til mora. Mora nektar straffskuld!
Viss ho slepp unna med dette, ja då veit ikkje eg. (Sjølv om ein ikkje bør bli overraska av noko som helst i desse dagar. Det er mange som slepp unna litt av kvart.....)

Jean (75) er ikke som alle andre bestemødre. Hahahaha..... Endeleg ei sak som er av det meir koselege slaget. Kul....artig.... You name it. 

Jean er pensjonist, men kler seg som ein tenåring. "Jeg bestemmer selv om jeg ser bra ut." Herleg sagt av ei dame i denne alderen. Ho har jo så rett, så rett. 
Dessutan har jo rett i at det er ingen som kan bestemme kva ho skal kle seg i. Trives ho i ungdommelege klede, ja då er det vel greit, det også?!

Vi lev trass alt ikkje på 70-talet. Før i tida var du kanskje gamal når du var 70 år. I dag har nok samfunnet endra seg ein del på nett det området. 
Kanskje har det med at levealderen har stege betrakteleg å gjere, eller kanskje det at moteindustrien har fått så mykje merksemd dei siste ti-åra. Årsakene kan sikkert vere mange, men det er nok ikkje til å stikke under ein stol at det er fleire og fleire eldre som kler seg ungdommeleg.

Det beste innslaget i forhold til temaet alderdom som har vore det siste året, må jo berre vere Bodø kommune sin reklame for å få folk til Bodø. Eldre som dansar til "Gangnam-style". Det var jo berre så superherleg. Genialt, med andre ord! 
Om den hadde noko effekt på antal søkarar til Bodø, tja......Det skal vere usagt. 
Det eg imidlertid kan seie, er at i alle fall så fekk EG ein god latter av det. 

Gangnam-style, unge eldre (det uttrykket likte eg godt), ekle menn, revemat............ Alt i alt så tenker eg at avisa må berre bugne over av ekle saker akkurat denne dagen. Det gjer ingenting. Eg har hatt ein super dag i naturen og det overgår det meste som står i avisa i dag. Så det så!!

Klokka renn avgarde og det er på tide å finne krypinnet sitt. Det kjem jo trass alt ein dag i morgon også.  Eg håpar berre at vinden løyer litt snart. Det er ikkje særleg gøy å sove når vinden leiker seg på utsida av vindauga. 
Akkurat såååååå gøy treng vi vel neppe å ha det. Eg klarer meg godt utan spaninga.
Bla, bla, bal...... Uansett, ha ei strålande natt! (Så kan du jo sjølv definere kva som er ei strålande natt i dine auge!)
EG kryp straks under dyna og satsar på å sove opp både skjønnheita og humøret. Kva er vel betre enn ein torsdag i uke 38?! Det må jo berre bli ein super dag?! Eg kan ikkje skjønne anna......

No har eg ingen store planar, så då er ein vel open for det meste.....:=)
Natta!

Hasta luego!

IWALY!!!





søndag 15. september 2013

Dagens beste! Gutungen var med på fisketur inne i fjorden. Det blei høveleg bra med fisk og som vanleg blei den bløgga med det same. Tamane og diverse hamna hos fuglane som sverma til den store gullmedaljen rundt båten.
Vel.........Nesten alt. Berre nesten! Det er det som er dagens beste. Fisken skulle hivast ut til fuglane og vips så høyrtes det et æsj (med kraftfull stemme).
Då eg såg opp, var det eindel blod i andletet til gutungen. Det som i utgongspunktet skulle hamne hos fuglane, blei trevja rett i augene på han!
Med ei mor som eg, er det nok ikkje "trøyst" å få med det første. Først må eg jo få flire ferdig. (Akkurat det er obligatorisk. Det er berre sånn det er. Umogleg å la vere.......)
Etterkvart fekk eg jo sjølvsagt leita fram litt papir til han så han fekk tørke seg, men det tok si tid.

Fikk seks dagers betalt ferie fordi de måtte bruke PC på jobben. Jaha? Er ikkje det meir regelen enn unntaket? Det er kanskje berre i Noreg at det er slik? (Neppe.....)
Årsaka til ferien? Joda, deter belastande for synet å bruke PC. Det er kanskje ikkje for ingenting at dei no vurderer å avvikle ordninga. Ei ordning som har vore sidan 1989. Så det byrjer å bli ei stund sidan dette dukka opp.
Kanskje noko å tenke på for Fru Solberg når ho no blir landets førstedame. (Om ho kjem i mål med dei andre partia, vel å merke.) 6 dagars ferie for databruk.

Keraunothnetofobi! Ha, det var ikkje berre, berre å få ordet stava rett. Eg trur det blei riktig til slutt.
Så spørs det.......om det er ein sjanse i havet sor at eg veit kva det betyr......

Vel, for ein time sudan hadde eg null peiling. Eg hadde ikkje så mykje som høyrt om dette ordet. Ikkje før eg las det på nettet. Ei studentvenninne bruke det i ein samanheng og heldige meg oppfatta det. Enkelt og greitt! :=)

Keraunothnetofobi? Fobi seier jo seg sjøl. Så ordet må jo bety noko med å ha angst for noko. (I skrivande stund veit eg jo at det stemmer.)
Fobi mot kva? Keraunothneto......... Hmm.... vanskeleg! Det einaste eg klarar å fange opp, er den delen av ordet som heiter "uno". Uno har eg i huset her og skulle det ha noko med det å gjere, så står ikkje verda til påske.

Eg hadde rett og slett inga peiling. Ikkje klarte eg å kome ei artig, tilfeldig forklaring heller, så då kan eg ikkje lyge på ein definisjon før eg kjem med den som gjeld.
Sterk angst for å få ein satelitt i hovudet! Hahahaha........ Det er nesten betre enn fiskesloet som hamna i andletet til gutungen tidlegare i dag.
Om det er fysisk mogleg, skal såvisst vere usagt, for det har eg så absolutt inga peiling på.
Det vil i såfall høyres heilt merkeleg ut! Definitivt!

Som studentvenninna mi "sa": Har man da lest for mye Donald Duck, evnt. sett for mange Star Wars?
Thihihi....... Godt spørsmål!

Likestillingstiltak har skapt følsomme gutter og menn. Supert! Var det ikkje det som var målet?
Gutter som snakkar om følelsar og leier i hendene til kvarandre?
Likestillingstiltak fungerer og difor kan eg også seie at vi driv og endrar på kjønnsroller i Norden. Ingen tvil om det.
Så kan ein like det eller ikkje. :=)

Om denne studien er så veldig dekkande, er eg nokså skeptisk til. For mange av punktene som er med i artikkelen om temaet, omhandlar ting som eg ikkje i skrivande stund kan koble at eg har observert blant dei gutungane eg kjenner til, så alt er vel ganske relativt.

Det er jaggu meg på tide å tusle seg i seng. Det er nok liten vits i å bli sittande her foran dataen til langt på natt. Då dett vel snart augene ut.
Det blir så mykje betre å vakne i morgon tidleg om eg tar til vit og tuslar meg under dyna no straks.
(Noko eg sjølvsagt skal........Eller i alle fall planlegg. At eg er dårleg på å følge opp ei slik planlegging, skal eg ikkje avsløre her i kveld. Det får eg heller ha til gode ein annan kveld.)

Eg har svikta Salander fleire dagar på rad no, så kanskje eg må innhente meg litt. Viss ikkje risikerer eg jo å gløyme av kva det eigentleg er eg les om.
Ho ligg no der på nattbordet og ventar. (Ja, då snakkar eg om boka og ikkje kvinna! Thihihihih........)
Så ha ei god natt og drøym søtt!

Hasta mañana!

IWALY!!

lørdag 14. september 2013

Barnebrud (8) døde etter å ha blitt tvunget til sex på bryllupsnatta. Ikkje heilt uventa er det Jemen det er snakk om.
Ei åtte år gamal jente blei gifta bort til ein 40 år gamal mann. Han hadde tydlegvis ingen problem med at ho enno berre var eit born og då sørga han for å få den bryllaupsnatta han meinte han hadde krav på.
Akkurat dette var ikkje særleg smart...... Jenta fekk indre blødningar og døydde etterpå av nett det.

At det i det heile tatt er lov til å gifte seg med born, seier mykje om kor sjukt samfunnet er enkelte stader. Eg kan ikkje tru anna enn at både internasjonale og "lokale" styresmakter kjem til å følge denne saka og forhåpentlegvis gjer noko med lova for å hindre at slikt skjer på ny.
Åtte år...........

Eli Hagen ble tvunget til å endre hårsveis. Og hun liker ikke resultatet. 
I og med at det er sesongpremiere på årets "Skal vi danse" i morgon kveld, er eg rimeleg sikker på at det er det denne nye hårsveisen dreiar seg om.
Ho er jo ein av deltakarane der på lik line med ektemannen.

Eli er frykteleg sjalu av seg (eller det er kanskje meir rett å seie at ho var det, for no er jo han blitt så gamal at ho reknar med at han ikkje er så attraktiv lengre), så om det var det som var årsaka til at ho sa ja til å delta eller ikkje, skal vere usagt.
Ho skal i alle fall ikkje ha han til partnar. Det skal ei anna ung kvinne som faktisk ser ganske bra ut.

No var det no håret som var gjenstand for diskusjon og ikkje sjalusien. Håret som har holdt seg høgt til vers så lenge eg kan erindre. Evigheit, kallar vi det!
No seier det seg nesten sjølv at det ikkje går an å danse på dette nivået med ein slik hårmanke satt opp på den måten som den blir.

Jeg lukker øynene når jeg går forbi speilet. Ja, då er ein i alle fall alt anna enn "happy" for den nye stilen.
Hr.Hagen sjølv tørr ikkje anna enn å seie at det er uvant. Eg kan berre tenke meg til kva som skjer om han våger å seie at han ikkje likar det. Hahaha............

Så spørs det........ Har vi fått ei Eli med ny stil, eller er det rett attende ved første høve. Det vil jo bli interessant å sjå.
Forandring fryser, heiter det jo så fint. Dog kanskje ikkje alltid.
Auget som ser, passar vel bra i denne samanhengen.

Er det greit å si nei til porno? Hahaha..... Akkurat den problemstillinga trur eg er mykje meir omfattande enn vi trur. Omfattande var kanskje eit dårleg ordval, men eg meiner sjølvsagt det er eit problem som er ganske vanleg. Det er eg veldig sikker på.

Titt og ofte står det i ukeblader osv om kvinner som sender inn spørsmål som omhandlar nett dette. Dei lurar på om det er mannen som ikkje viser dei respekt om han ser på porno til trass for at han veit at dei er imot det.
Spørsmål som "Er det meg det er noko gale med?" osv.......dukkar innimellom opp i desse spaltene.

Porno er nok meir vanleg enn kva mange vil våge å innrømme. Sjølv om vi lev i 2013, er det framleis eit tema som mange vegrar seg for å prate om og aller minst prate med andre enn innanfor husets fire veggar. Det blir liksom litt for privat.

Medan enkelte har skuffene sine fulle av vibratorar i alle storleikar, har andre null toleranse for slikt i det heile. Dei er faktisk så "sær" at ein ikkje kan spøke med det heller.
Sprikinga oss menneske imellom er kjempestor.

Kva er det med porno som gjer at så mange får kompleksar og dårlegare sjølvtillit? Eg er ganske sikker på at fleire av dei som ikkje likar at mannen sin ser porno får redusert litt på desse områda.
Mest sannsynleg er dei vel redd for at mannen ikkje skal finne dei attraktive lenger.

Kvifor ser eigentleg så mange menn på porno? Kva er det med pornoen som triggar dei?
Eg veit ikkje svaret, men eg kan sjølvsagt tenke mitt.
Det er nok ein god del kvinnfolk som ser porno også, men ikkje i like stor grad som menn.
Kva er det eigentleg som gjer at kvinner syns det er meir "ekkelt" enn det menn gjer?

No må eg nesten poengtere at det siste berre er ei antaking frå mi side. Eg antar berre at det må finnast årsaker til at kvinner ikkje likar det og at fleire sikkert syns det er ekkelt......
Så må ein vel i same slengen seie at hovudspørsmålet nesten må vere "Er det normalt å sjå så mykje porno?"
Er det noko flesteparten kan meine at er heilt greit?

Om naboen min ser porno, så er det ingenting som kunne brydd meg mindre. Ikkje har eg lyst til å vite det heller. Eg syns nok det er ganske privat, eg også. Det er ikkje noko ein treng å spreie for gud og kvar mann.
Difor er det ganske greit å berre la vere å seie kva EG meiner om saka. Om porno er normalt eller ikkje. Om eg har eit avslappa forhold til det eller ei.
Til trass for årstalet 2013, er eg nok av dei som meiner at kunnskapen om det får halde seg innanfor mine veggar og så får andre definere sjølv kva sem er det beste for dei. :=)

Overskrifta var vel eigentleg om det er greit å seie nei til porno?
Kva svarar ein til det?
Sjølvsagt er det lov å seie nei til porno. Det er opp til kvart enkeltindivid å sjølv finne ut kva ein meiner.
Likevel kan det sikkert for mange vere vanskeleg å seie nei, sjølv om det er nett det ein ønsker innerst inne.
Ein er ikkje trygg nok i situasjonen til at ein tørr å vere open om kva ein meiner.

Dette er faktisk ei problemstilling som har lagt grobotn for mange kranglar mellom par. Par der den eine har behov for porno, medan den andre er totalt imot det.
Kva gjer ein då?

Det er mange som ser porno i det skjulte. Når dei veit at kjerringa ikkje kjem heim på ei stund. Medan kjerringa lykkeleg uvitande held på med sitt, gjer mannen alt anna enn det kjerringa trur.
Heilt til det blir oppdaga.........Så er h....... laus. Skuffelse og usikkerheit og kanskje manglar "gutsen" til å tørre å seie ifrå.
Mange som oppdagar det held det nemleg for seg sjølv av di dei ikkje tørr konfrontere partnaren sin med det dei veit.
Då meiner eg eigentleg at ein ikkje har ein trygg nok stamme i forholdet.

Det er greit å seie nei til porno om du ikkje liker det, men det er også greit å seie ja til det. Kvar enkelt menneske må sette sine eigne grenser og leve ut frå dei. Av til strekk ein seg langt og andre gonger ikkje.
Eg er mest glad for at vi alle er ulike som menneske.

Klokka er to i skrivande stund. Eg har ikkje tenkt å sove bort føremiddagen i morgon, så då er det vel berre å pitle seg i seng før ein bekkar over til å ikkje "vere trøytt" lenger.
Så ha ei god natt og drøym søtt! Det har eg tenkt å gjere.

Hasta luego!

IWALY!!

torsdag 12. september 2013

Svigersønn søkes. Herlege greier! Det er ei 32 år gamal "jente" som er singel og eigentleg kan tenke seg å finne ein mann. No har foreldra, eller kanskje nærare bestemt mora, tatt saka i eigne hender.
Sånn heilt utan vidare, utan å informera dotters, har ho satt inn ei annonse i avisa i håp om at nokon skal bite på. Forhåpentlegvis ein kjekkas!
(Nokre henvendingar har ho fått, men ikkje av den seriøse typen.)

Svigerson ønskes er vel ein ny vri, vil eg påstå. Så absolutt. Det er ikkje ofte at slikt skjer. (Heldigvis kanskje? Dog ganske søtt.)
Litt sprøtt, men søtt.........
Så spørs det kva dottera sjølv seier når ho oppdagar kva som har skjedd. Når det plutseleg er mange friarar ute og går. Shit happens all the time.....:=)

Lot som hun var gravid - smuglet kokain i magen. Jeeeezes, var det første eg tenkte og såg for meg at ho anten hadde måtta svelge det heile, eller rett og slett blitt opna og fått det putta inn og sydd att.
No var det heldigvis ikkje slik, men overskrifta kan jo i så måte vere missvisande.

I mitt hovud betyr "i magen" nett det, I magen!
Det var i ein mage av lateks at kokainen befant seg. Kvinna blei imidlertid stoppa i Colombia då ho var på veg inn i flyet.
Ei flyvertinne spurte ho om kor langt ho var komen på veg og ho reagerte med å bli irritert over spørsmålet. Ergo blei mistanken satt.......... Kjipt for kvinna, bra for andre!

Metodane for smulgling blir nok meir og meir spekulative. Dopet skal fram, koste kva det koste vil. Det spørs berre om kvinna syns det heile var verdt det når ho får opplest dommen sin på fleire år i fengsel. Så spørs det om ho eigentleg gjorde det heile av heilt fri vilje, eller om ho rett og slett har blitt pressa til å gjennomføre det.
Bransjen er knallhard og enkelte gjer det lett, medan det ikkje er til å stikke under ein stol at dersom du først hamnar innanfor miljøet, ja då er det vanskeleg å kome seg ut av det heile.
Ingen kødder med mafiaen, liksom.........

Rødsund. I dag har eg vore ein tur ute av kommunen. Kurs/møte kallar dei det og er sjølvsagt matnyttig innimellom. Uansett om det er matnyttig eller ikkje, innebærer det reising og det er det fint lite å gjere noko med. Som oftast er det no denne ferga.

I dag var det Rødsund som gjekk. Først lurte eg på kva det var slags bromm eg gjekk ombord i. Godfjord var det ikkje, for akkurat det lille brommet er jo ikkje lenger enn ein einebolig. Ein vits, med andre ord.
Så skjønna eg heilt sånn ut av det blå at det var Rødsund. Gammelfergo, som eg brukar å kalle ho. Nostalgi!
Rødsund er ferga eg tok med pappa og då snakkar eg borndomen og ungdomsåra.

Eg måtte bruke begge salongane. Berre eit "must".
Først gjekk eg ned og testa setene der før eg gjekk opp for å sjå utsikta. Havet som var så stille i solskinnet. Ospa som har byrja å bli raud og fin når ein nærmar seg Drag.
(No burde du bli ganske så imponert over at eg kan påstå at det var ops, for det var snakk om nokre hundre meter unna!)

I vindauget var det rispa inn svære bokstavar. "Jan-Eirik". Jenteskrift, garantert! Her er det nokon som har vore forelska og ikkje klart å latt vere å forevige det. Det står der enno. Mest sannsynleg har det vel stått der i ein mannsalder.
Så spørs det kven Jan-Erik er.......

Endrer merking etter VGs brødtest. Ferskt brød kan være ett år gammelt. Hmmm....... Det høyrtest ikkje særleg bra ut. Kven er det som vil kjøpe eitt år gamalt brød? Jaja, eg trur det er mykje vi ikkje veit i denne verda og det er kanskje like greit.
Det likaste er nok å bake brøda sine sjølv. Då veit du i alle fall kva du får og i tillegg er det så veldig mykje sunnare.

Eitt år høyrtes ganske drastisk ut. No veit eg ikkje kva den nye merkinga går ut på, men eg lurer på om det no kjem til å stå på brødet at det er eitt år sidan det blei laga. Produksjonsdato........

Når eg tenker meg om, så er det ganske mange brød som skal lagast kvar einaste dag, nesten. Eg vil tru at det er snakk om ein ganske stor prosentandel av folket som kjøper brød i butikkane. Ergo må det bakes mange brød!
Det er kanskje ikkje lett å imøtekome kravet om antal brød om det ikkje er ei bufferlagring med brød.
Berre nokre tankar som slår meg............

Å leve på kneippbrød året rundt er vel ikkje akkurat bra. Billig, ja, men ikkje bra.
No har ikkje eg rekna på kva kvart av brøda mine kostar i mel, men eg er ganske sikker på at eg slepp billegare unna enn om eg hadde kjøpt dei i butikken. I tillegg blir ein meir mett av eit slikt brød og ergo varer brødet lenger også.

Eitt år......... Det høyres berre ekkelt ut!

Slik kan kvinner knekke menn. Hahahaha..... Det er berre snakk om ei humorstripe i avisa, men eg syns no eigentleg setningen er litt morosam. Det er jo forsåvidt sant. Mange kvinner gjer menn gråe hår. Nett det er vel ikkje noko å nekte for.

Sluker satt fast i partert lik. Fisj....... Det betyr at det er nokon som har fiska i området og har trudd at dei har satt seg fast i botnen og slitt snøret. Kvalmt!! Det er lagt ut bilete av slukane. Hadde eg fiska i området og kjent att slukane som er på biletet.......JA, då hadde eg vitterleg spydd! Utan tvil! Skikkeleg creepy.....

Hyller konas skjønnhet etter hukommelsestap. Er du kona mi?! Jeg har vunnet jackpoten! Så fantastisk herleg sagt! Enno godt at han faktisk syntes det. Det hadde vore litt kjipt om han hadde vakna opp og sett eit kvinnfolk han ikkje hugsar og som han meiner ikkje har utsjånaden med seg. Det fins sikkert eksemplar på det også.

Sjekk Ronaldos skjønnhetskolleksjon. Joda, mannen har jo ein kropp som det ikkje er til å stikke under ein stol at er "bra". (Kanskje ikkje eit dekkande ord, men.......)
Så spørs det om ein syns at ein muskelbunt som han er lekker. Det kan jo også bli for mykje musklar. (Det er vel berre å beklage til alle Ronaldoelskarane og "Ronaldo wanna be´ane".)

Kolleksjonen er heilt grei, den. Dog ingen store nytenkningar bak den, så det er vel aller helst namnet bak undertøyet som kjem til å sørge for å få eit vesentleg stort salg.

NASA har funnet tre asterioder de vil fange med lasso. Jaja, då får dei ta seg ein tur på vidda og øve litt på reinsdyra der og kanskje innhente litt tips frå dei som kan dette.
Lasso og asterioder. Joda........
Det er sikkert berre ei dårleg overskrift (eller kanskje det motsatte), men eg gidd ikkje opne saka av den enkle grunn at det høyrtes ikkje heilt normalt ut.
Så då vel eg heller å sjå for meg at dei står der og kastar lasso ut i rommet og kanskje er heldige og treff etter eit par tusen gonger (eller aldri).
Dei vil i alle fall få trent musklane sine i same slengen. Det er sikkert ikkje så enkelt å stå der og halde "tauet" med ein asteriode i andre enden. Kanskje dei blir hengande etter og får seg ei lita romferd i same slengen.

Jaja...Det er mykje dei gjer for å beskytte jorda. Her er det snakk om å ofre seg!

Jomfru Knutsen skal slutte av og gjer eit par småting før ho kryp under dyna. I kveld kunne det vore deileg om det hadde vore ein som kunne lese litt for meg på senga (frå romanen min). Augene har for lengst byrja å få tunge lokk, og då er det ikkje berre berre å få lest.
Det er mange år sidan eg blei lest for sist, så det kunne vore ein fin ting.
Eg trur det blir med tanken. Mest trur eg det blir legging utan eit einaste ord. Salander får stå i kø og vente i alle høve til i morgon. Så kanskje ho kan få ein date med meg då.
I hope so.......:=)

Så ha ei fantastisk fin natt. Drøym søtt!
Hasta mañana!

IWALY!!!

Måtte nyse, havnet i sjøen. Hahahaha..........Vel, det er nok ikkje noko å le av. Det var blodig alvor for mannen det gjaldt, men likevel.
Det er ikkje berre berre å nyse kva tid som helst. Det er heller ikkje lett å halde kontrollen når du nys.
Klarar du å halde augene opne når du nys, er du god!

Eg vil tru at han fekk seg litt av eit sjokk. Først køyrer han heilt normalt på vegen. Så kjem det ein nys og plutseleg er han i havet. Heilt normalt liksom. Litt flaut vil eg tru.
"Den uheldige mannen" - Eg hugser eg song songen med dei minste på skulen her eit år. Dei syns så frykteleg synd på mannen at dei nesten tok til tårane. (Men så var han kanskje hakket meir uheldig enn denne karen og så endte jo det heile med giftarmål. Då kan ein jo ikkje klage!)

Derfor "bare må" du tømme hele chipsposen. Ein skulle tru at det handlar om sjølvkontroll, men det gjer det altså ikkje. Det er ei heilt anna årsak til at vi et opp heile posen. Eller heile sjokoladen, for den del. (Eg kjenner fleire slike folk.....som spiser ein heil stor sjokolade om dagen og som er bra avhengige av den.)

Hedonic hunger! Eg har aldri høyrt uttrykket før, men det er nett denne hungeren som er årsaka bak "fråtsinga". (Det norske ordet er faktisk så enkelt som "sug". Eit uttrykk vi aller fleste kjenner kjempegodt til.)
Hedonic......... Sulten som er vanskeleg å kontrollere. (Ja, det må den jo vere når såååå mange ikkje klarer å la vere.)
Vi snakkar kontroll gjennom kommunikasjon mellom hjernen og forføyelsessystemet (og allereie der datt eg ut.......)
Eg kan likevel forstå at dersom du har dårleg impulskontroll, vil det vere vansklegare å motstå freistnadar. (Kanskje ikkje så ulogisk samanheng der.)

No har eg prøvd å analysere meg sjølv eit par minuttar (for det er jo lett......hahahahah.) Prøvd å finne ut om impulsiviteten min handlar på ein slik måte at heile chipsposen går med i same gapet i løpet av kort tid.
Det er visst ikkje så lett å konkludere med noko som helst.
Er det snakk om popcorn, så er det eit håplaust tilfelle. Det er umogleg å spare på det og det må ikkje gå for mange dagane mellom kvar popcorn-etegilde. Slik er det berre.......
Chips, derimot, er vel ikkje så vanskeleg å halde seg unna.

Det kan nok vere ein føremon om ein et eit eple rett før butikkturen. Kanskje ein då ikkje kjenner suget så godt når ein går forbi chips-hyllene og lar vere å kjøpe. Chips........ I dag er vi internasjonale!

I denne byen skal det finnes flere spøkelser enn noe annet sted. Tallin, the city with the ghosts. Usj.... Ikkje akkurat ei overskrift som lokkar turistane dit. Eller? Kanskje det er nett det som skjer? Det kan jo virke motsatt, at folk faktisk søker litt spaning og då er jo dette eit supert tilbod.
Viss ikkje spøkelsar er nok spaning........
Sjølv kunne eg tenkt meg å besøke "The tower of London". Det spøker der også!

Tallin ligg i Estland, eit land med ei dramatisk historie. Ingen land har så få religiøse som i Estland, men spøkelser, ja det trur dei på! Hahahaha......... (Det fins sikkert eit par stykk her i bygda også. Så pass deg...)

Norske kvinners sexhemmeligheter. Ooooja, så fint å få vite at vi har våre hemmelegheiter. Kan nok vere litt greit å vite.
Løgner, lyster og fantasiar! Tja...... 2/3 av det kan vel sikkert stemme, men den siste tredjedelen får stå for andre si regning. Eg kan ikkje hugse at eg har ploppa ut med ei løgn når det kjem til sex.
(Men så seier jo statistikken av det er mange som "faker" orgasme, så det kan jo vere det dei siktar til. Eg "faker" aldri.)

Så måtte det sølvsagt vere ein video! Eg trykka på lenka for å finne ut kva lystene og fantasiene mine er, men der kunne eg ikkje lese eit einaste ord.
Noko film om temaet, trur eg kanskje at eg står over. Det får andre ta seg av.
Eg går sterkt ut ifrå at det er lettkledde kvinnfolk som har hovudrollene i videoen og eg kjente ikkje heilt behovet for å sjå lettkledde kvinnfolk. Då kan eg jo berre kle av meg sjølv! Hahahaha.........

Hoppet over døden. Går det an då? For då skal eg gjere det om eg får sjansen........
Meininga bak tittelen er nok ei heilt anna, men viss den kan misforstås, er den då god? I just wonder.

Jomfru Knutsen har arbeidd heile ettermiddagen og kvelden. Difor blei det så seint før skrivinga tok til og ergo kom leggetida så altfor raskt og innhenta ho. Det blir vel betre i morgon.
Senga lokkar, så då er det berre å sjå kva viljestyrke eg har. Kanskje det blir som med chipsposen................

Uansett, ha ei fantastisk god natt!
Hasta luego :=)

IWALY!!!!!




tirsdag 10. september 2013

Forventer rush av "stjålne" telefoner. Tja, kanskje ikkje så usannsynleg.
Det er Apple som har lansert ny iPhone i dag og då er det nok mange som kan tenke seg nettopp ein slik.
I og med at det er eit produkt som er ganske dyrt, er det mange som ikkje ser seg råd til å kjøpe den. Då er det lettare å ty til ei løgn overfor forsikringsselskapet.

At folk kansynke så lavt at dei gjer dette, seier litt om kva moral mange veks opp med. Her er det enkelte som har bomma heilt, moralmessig.
Berre det at dei kan tenke tanken at det er greit å svindle på den måten.

Sjølv har eg ein iPhone, men eg kjenner ingenstader at eg treng ein ny. Kvifor skal eg ha ein ny når den eg har virker? Vere oppdatert.........
Eg lurar på om folk får betre sjølvtillitt om dei har det siste av det siste?
Eg hadde eingong ikkje lyst på ny telefon då eg kjøpte den siste. Den eg hadde var heilt "perfekt" til min bruk. Berre så synd at den byrja å få litt influenske tendensar til tider.
Litt hoste her og litt hoste der. Spesielt når eg skulle ta viktige telefonsamtalar eller vere på internett.
Så då gjekk eg vel lei på eitt eller anna tidspunkt.

Siv Jensen var den som ropte høgast av alle i går kveld. Det til trass for at ho berre fekk 16 % av stemmene. Akkurat det tyder ikkje på at Frp er eit parti folk vil ha til å styre. Ho er berre heldig av di ho  får vere ein brikke i det nye spelet.
Erna Solberg tok sigeren på ein vaksen måte, medan Siv viste seg frå ei side som gjorde at eg tenkte "Og ho skal vere med og styre landet? Gud betre....."
Ho var vill i blikket og brølet og latterleggjeringa hennar av Jens sørga for at ho fall mange hakk på skalaen over "vaksne" folk.
Det var rett og slett umodent av ho å vise ein slik oppførsel som ho gjorde, noko mange har hatt fokus på i dag.
Og i fleire fengsel sit det no mange som er knallnøgd med gårdagen.

Derfor blir vi tykkere av lite søvn. Vi er meir tilbøyeleg til å handle sunn mat om vi har sove godt og er kvil! Er vi trøytt, vel vi mat med 9% meir kaloriar.
Svenen påverker appetittmønsteret vårt.

Ut frå det kan vi då anta at det kan vere lurt å kutte ut koffein etter klokka 12 på dagen, sånn for å få roa seg ordentleg ned til natta kjem. Då må jo svevnen bli bra.
Joda........Berre eg slepp å arbeide med alle dei abstinenssjuke som må slutte med kaffien sin. Eg tippar dei blir dritsur om dei ikkje får sin daglege dose.
Viss du er vant med å drikke 10 koppar kaffi i løpet av dagen, er det ikkje berre, berre å redusere det til tre.

Viss du er ute etter ein lekker og slank kropp, foreslår eg at du får deg ditt eiga soverom. Det er mest sannsynlegvis det einaste som gjeld mot masete mannfolk som alltid har lyst (sjølv når du ser trasig ut pga lite svevn.)
Med mindre du legg deg nesten utanfor kanten på senga, så er du såpass nær at han ikkje kan la vere å reagere.
Då spørs det om du har vilje av stål til å seie nei eller ikkje.
Dersom du går i fella så blir du tjukk!! Det seier jo seg sjølv.......Du får jo ikkje nok svevn då.

Eg veit ikkje kven det er mest synd på. Mannen som må tole å få eit nei slengt i trynet, eller kvinna som må slite med mannens ståpåvilje. Det blir sånn der fifty-fifty-stakkars.

Viss eg no treff på nokon som søv godt og har nokre kilo for mykje på kroppen.......Ja, då blir eg skuffa. For no har eg gått rett på "limpinnen" i denne saka, lettlurt som eg er. Så eg håper eg ikkje allereie i morgon får provet på at det berre er tull.
Som om det ikkje vil vere normalt at det passar på nokon.
Det blir som då eg var tenåring og det stod i horoskopet mitt at eg var forelska i ein som starta med bokstaven T.
Det stemte jo. I alle fall litt småforelska................ Eg skal ikkje nemne namn her, i "frykt" for at han sjølv les dette, men det byrja i alle høve på T!
Så den gongen traff det på meg, medan svevnen sikkert vil treffe andre.
No kan vi anta at alle tynne menneske sover godt!!

Her er bøkene flest lyver om at de har lest. 6 av 10 prøver å virke smartere enn det dei eigentleg er. For at andre skal tru at dei er smarte, seier dei at dei har lest bøker dei ikkje har opna ei einaste side i. Joda........
Har det samanheng med at mange set intelligens foran utsjånad hos ein partnar? I don´t know, but I´m asking.
Jaja....Viss folk trur eg er hakket smartare av di eg har lest Ringenes herre-serien...........
(Noko eg forsåvidt ikkje har.)

Jeg har ikke blitt mer vill i trusa. Kva kan ein legge i det begrepet då? Tone Damlie Aaberge er singel og det er tilværelsen hennar etter brotet det er snakk om.
Eg trur kanskje eg ville ha valgt orda mine med meir omhu om eg hadde blitt konfrontert med noko frå media si side.
"Eg er ikkje blitt noko rundbrennar." "Eg driv ikkje med hor." "Eg ligg ikkje med nokon som helst." Gudane veit kva ho meiner med utsagnet.
Sist eg høyrte setningen bli brukt, var eg nok i slutten av tenåra. Plutseleg dukkar det opp att. Så spørs det om ein legg det same i begreper no som på den tida.
Blant oss var det i alle fall ikkje positivt betona.

Arver vi mors rynker? Nei, vi får vel våre eigne? Kven vil vel arve gamle rynker?

Jeeezes.........Det går akkurat opp for meg at eg slit med å halde augelokka opne. Fleire gonger har eg tatt meg sjølv i å "nestensove". Ikkje bra......
No slit eg grueleg mykje ed å halde meg vaken i skrivande stund, så eg får krype til korset og seie god natt og heller skrive i morgon.
Jaja, eg ovelev vel det også.

Hasta mañana!

IWALY!!

mandag 9. september 2013

Fant partert lik på 14 meters dyp. Ja, hadde det vore eg som hadde funne noko slikt, trur eg ikkje at eg ville fungert resten av mitt liv.

Ein dykkar fann ein mystisk "pakke" på sin ferd langs botnen. Han hadde "heldigvis" vit til å ikkje opne den sjølv, men heller varsle i frå til politiet.
I ettertid var nok det eit klokt valg, for parteringa har vore så grundig at dei enno ikkje har kunna stadfesta kva kjønn det er på liket.

Området det blei funnen i er eit populært turistmål og badeområde. Liket var pakka og senkt ned på ein slik måte at det ikkje var meininga at liket skulle finnes.
Berre tanken på at det faktisk kan finnes lik på havbotnen andre stader, at ein ikkje kan vere sikker på at ein badar i eit "trygt" område........Fisj.
Eg håper eg ikkje kjem på slikt medan eg er på djupet nokre stader.
åpen med bakgrunn av
Nordmenn er nest lykkeligst i verden. Hmm....det skulle ein ikkje tru i og med at det er så mange som meiner at vi vil får det betre med dei "blå".

USA: Blinde får bære våpen. Er ikkje det oppsiktsvekkande? Ikkje veit dei kva dei siktar på. Kva om dei treff uskuldige born (eller vaksne, for den saks skuld).
Delstaten det gjeld heiter Iowa. Sjølv trur eg at når først ein delstat får det, er vegen kortare for neste delstat. (Sjølvsagt berre ei antaking frå mi side.)

Det handlar om at det er feil å hindre folk i å bære våpen på bakgrunn av ein persons fysiske evne. Så kan ein diskutere kor vidt dette er teit eller ikkje.
Joda, det er greit at dei som ikkje er funksjonsfriske i samfunnet ikkje skal føle seg mindre enn dei er. Difor er det viktig at samfunnet legg til rette for dei.
Likevel. Det blir feil om det skal gå på bekostning av andres sikkerheit.
Er det eit overgrip mot ein blind mann om han ikkje får bære våpen når ein tenker på kva følgene det kan få for andre?
Kven er det viktigast å ta hensyn til? (Eg berre lurar....)

Viss det skal gjelde for våpen, så kan ein jo like så godt seie at blinde ikkje skal nektes å køyre bil!
Jaja....Dei republikanerane, dei republikanerane. (Eg skal no la vere å antyde kva parti i Noreg som er mest lik dei.)

Russland vil straffe rocke-gruppe fra USA. På ny er det nokon som har drete på draget. Ei teit sak, spør du meg. Bassisten i gruppa tok det russiske flagget og stappa det ned i underbuksa slik at det blei godt planta blant dei edlare delane.
Bloodhound gang. Eg har visst ikkje høyrt om gruppa før. Etterkvart kom flagget opp att og blei kasta ut til publikum.
Folk var vel "toskete" nok til å ta imot då det om flygande i lufta. (Fisj....)
Kva er det med "kjendisar" og underbuksehumor? Ein pissar på seg, ein annan truer med å drite på seg og no denne karen som puttar flagget ned ilag med "litjkaren".

Bassisten i gruppa heiter Jared Hasselhoff og pissa på flagget. Med andre ord ein skikkeleg "kul" fyr......

Vurder mannen ut fra bilen han kjører. Hahahaha.....Joda! Då trur eg heller at jomfru Knutsen skal hoppe til neste tema, for viss ho no skulle begi seg ut på ei avhandling om dei ulike menna her i bygda (ut frå kva bil dei køyrer), så kunne ho fått det riktig så artig. Såååå artig trur eg ikkje at ho skal ha det.
Ein lærer jo borna at dei må ta konsekvensane av handlingane sine og då spørs det kva resultatet blir når denne jomfrua blir konfrontert med dei ulike mannsanalysene.

Her er jo alt ifrå Mazda, Toyota, Citroèn (veit ikkje korleis det staves), Golf, Ford, Opel, konebilar, racerbilar, tøffe-toget-bilar osv osv.......... At eg faktisk veit at dei fleste av desse namna er realistiske namn på køyretøy, er ganske fantastisk. (Eg trur ikkje at eg skal avsløre at eg kan ingenting om bilar.)

Nei, allereie er tankeverksemda stor oppe blant dei små grå på dette området. Her er det berre om å skunde seg vidare før det går galt!
(Den første som hadde fått svidd, ville vore Ole-Magnus, så Marita du skal vere glad eg stoppar her!!) Hahahahaha.........Viss hans personlegheit skulle komen fram, måtte dåke ha hatt ein hjullastar eller lastebil utanfor huset. Ein Wolswagen transport i frå 1970 har litt for liten motor til å kallast "trailer"!!
(Joda, eg måtte få hjelp til å namngje bilen......... Eg veit den er raud, men der stoppar det også!)

Prinsesser og sjørøvere skal friste barn til å spise mer egg. Rosa og blå pakningar. Ergo går dei langt med å definere kjønnsroller.
Det er eigentleg berre trist om dei skal påverke born på denne måten for å få dei til å spise egg.

I mitt kjøleskap står egga i skapdøra i eggebehaldaren. Son min veit aldri kva tid eg kjøper egg eller ikkje.
Eg spør berre kven som vil ha egg og får svar. Om det er ein sjørøver på pakningen, kan eg garantere at det ikkje vil påverke svaret eg får.
Som regel blir spørsmålet "stekt eller kokt?"
Til sjuande og sist er det smaken som gjeld. Anten likar du egg, eller så gjer du det ikkje.
Eg ser ikkje for meg noko anna enn at det er dei vaksne som kjøper egga når dei har brukt opp dei gamle.

Skal prinsessene ha noko hensikt, må dei nok male kvart enkelt egg, noko eg tvilar på vil skje......
Lag prinsesseflasker med tran! Då kjem alle born til å eeeeelske tran. Heilt garantert!
Eller Pelle politi.......... For kven kan vel motstå å drikke av ei flaske som er tro kopi av denne tøffe bilen? Tran ville garantert blitt ein salgssuksess! (Særleg..........)

Mann funnet i live etter 4 måneder i Andesfjellene. Han overlevde ved å jakte på rotter!! Oh, my God.....seier eg. Det viser i alle fall at dersom ein må, gjer ein kva som helst for å leve. Det er altså sikkert. Rotter!!
Åååååh, eg kjenner det opp etter ryggrada. Det er som om at ei lita rotte sprong oppover og det føles ikkje bra!
Rotter er heslige dyr. I alle fall med tanke på at det skal spisast. Så difor trur eg at denne knetta hadde omkomt om ho hadde hamna i same situasjon. (Med mindre det er mykje gress der. Ku-fòr fungerer sikkert det også. Sjansen er vel minimal med tanke på at ein er langt oppe i høgda.

Rotter! Dei er både ekle og farlege.
Berre så det er sagt.....Eg trur ikkje akkurat at ei rotte i Andesfjella tenker så heftig på å bite over ei ledning eller liknande. Likevel........Dei finn sikkert berre på anna ulumskskap.

Rotter i toaletta! Det skjer til tider. Plutseleg sit du der og blir stirra inn i det aller heilagste og det av eit lite monster som trives ekstra godt i "kloakken" din. Det hjelper lite kva du slepp ut av deg der du sit. Rotta er vant med både lukt og innhald, så dden blir ikkje akkurat skremt av det.
Creepy!! Rotter i toalettet!

Det er valgaften og det ser foreløpig ut som at Noreg skal bli styrt av eit sirkus. Dei fire partia som må saman om makta står så langt i frå kvarandre politisk at det er teit å samarbeide.
Ein er bra regjeringskåt når ein svelger kamelar store som elefantar berre for å kome i posisjon.

Korleis kan eigentleg eit parti som Krf så mykje som tenke tanken på å styre ilag med Frp? Akkurat det gjer at eg meiner dei går på tvers av dei grunnprinsippa partiet er bygd på. Dei mistar respekten min og har forlengst mista sin eigen integritet.

Eg trur eigentleg mest at samarbeidet får starta opp og så blir det full krise. Det er i alle høve lov til å håpe.
Vi har aldri hatt det så bra som no og korleis kan vi eigentleg tru at vi skal få det så ufatteleg mykje betre?
Størstedelen av budsjettet er uansett bunden opp i faste utgifter som dei fleste partia er einige om. Så då er det ikkje mykje att av pengar til disposisjon for å gjere så frykteleg store endringar.
Pengeboka vår vil med svært stor sannsynlegheit ikkje få det noko betre.

Forskjellen i den økonomiske politikken er mykje mindre enn kva som er komen fram under valkampen. Der trur eg mange vil få seg ein vekkar......ei a-haoppleving.

Det er med andre ord ingen lykke her i huset i kveld. Det er eigentleg mest trist. Spesielt med tanke på Nord-Noreg. Altfor mange "kjøper" det dei blir fortalt.
Jaja, slik er det berre. Demokratiet fungerer slik at alle har rett til å stemme det dei vil og det må jo sjølvsagt respekterast. Det er likevel lov til å vere skuffa. Eg håpar berre Krf tar til vit og "bryter" med Frp.
(Berre å det er sagt.....EG har ikkje stemt Krf. Jens er min mann og solidaritet vil alltid vere viktigast or meg.)

Ha ein fortsatt fin kveld. Det er sikkert mange som gjer akkurat det same som eg. Så spørs det kor lang kvelden blir........ :=)

Hasta luego!

IWALY!!