lørdag 26. september 2009

Saknar deg!!

I går satt eg og spelte piano. Midt inni ein song såg eg plutseleg eit bilete av deg. Då var det gjort. Tårane berre kom ustanseleg.... Det har gått ei stund no, og eg skulle ønske at eg kunne sleppe taket. Men det er ikkje så lett skal eg seie, for du var ingen kven som helst! Det var ikkje utan grunn at kyrkja var heilt fyllt. Det var så mange som var ein del av deg, og det var vanskeleg å dele deg med så mange då du gjekk bort. Eg hadde nok med meg sjølv, og då var det vanskeleg når det var så mange som fortalte kor dei sakna deg. Mange gjer det enno.
Det er mykje som ikkje er det samme. Dei fleste seier at det er ikkje det samme utan deg. Gudane skal vete at dei har rett. For meg vil livet aldri bli det samme att. Slik det ser ut no, må eg berre innfinna meg med at eg ikkje klarer å slippe taket på deg. Bildet av mi hand i di skal alltid vere på grava di!
Kvar dag ser eg at du kommer smilande inn døra mi og spør etter "Beste" sin gut! Det er ikkje så mange som har det samme gode humøret som du. Trur ikkje eg veit om nokon andre som har smilt like mykje som deg. Det har lært meg mykje. Den gleden du utstrålte smitta. Det er beviset på at glede kan smitte. Derfor bør vi smile til folk kvar eeinaste dag. Derfor bør ein smile på arbeid kvar dag. Kvardagen blir så mykje enklare då!
Eg var vant med å vere med deg kvar einaste dag. Då eg var på Nesna, ringte du minst tre gonger dagen berre for å vere sikker på at eg hadde spist middag. Du gjorde alt du kunne for at eg skulle skjønne kor du brydde deg om meg. Aldri har nokon gong trengt å få bekrefta kva eg var for deg. Det viste du meg gjennom handling heile livet. Det er ikkje mange dagane i oppveksten du ikkje ringte meg. Sjølv i vaksen alder blei eg kalla for gulldokka av deg.
Eg har så mange gode minner med deg! Det er berre at eg såg fram til mange gode minner framover også. Då Steffen var baby, bad eg kvar dag om at ingenting måtte skje med deg. Steffen måtte få bli så gammel at han kunne huske deg resten av livet. Eg ville du skulle sette dine spor hos han. Det klarte du. Han var og er enno veldig glad i deg. Han "Beste" var den snillaste i verden. Det stemmer godt det. Eg veit ikkje om nokon snillare person. Du var gjennomføt snill. Du brydde deg om alle. Til og med dei som ikkje hadde noko hjalp du. Eg husker den gongen du stod på trappa og han Aldor kom gåande forbi ute på torget. Du syntes så synd på han og ropte han bort til trappa. Du ba han vente litt og så forsvann du inn. Like etterpå kom du ut med fleire fine dressar og andre klede. Så gav du dei til han. Eg husker enno smilet hans og kor glad han blei for å få ordentlige klede. Det var slik du var. Du hjalp dei svake.
Ikkje likte du at born skreik heller. Eg husker då du var på dei små stuer. Dersom ein unge var lei seg hadde du alltid ein is på lur. Så du blei fort bornas favoritt. Som sagt...det var sånn du var.

Det er ikkje rart eg saknar deg. Du har satt dine spor. Det er derfor eg tar meg bryet med å tenne lys sjølv i dei lyse tider. Det er ikkje noko bry. Eg og du hadde noko spesielt!

Kvil i fred!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar