mandag 14. oktober 2013

Fange gravde seg ut av cella med smørkniv. Går det an då? Eg trudde det først var ein spøk då ei anna kvinne hadde lagt ut dagens "Donald" på nettet. At det berre var meint som ein.
Så gå eg inn på Vg-nett no og ser at det faktisk stemmer. Galskap!

Todlegare har ein fange gjort det same ved å bruke ein kleshengar. Så det betyr vel kanskje då at lykken må vere å hamne i fengsel på Hamar. I alle fall om ein planlegg å stikke av.

Albansk statsborgar...... Jaja, viss han no rømmer heim, så er det vel liten sjanse for å finne han. Samtidig er landet vårt kvitt eit problem, så då går det vel opp i opp?!
Han har nok sikkert ikkje gjort sitt siste sprell enno.

Eg trudde at det med å rømme frå eit fengsel ved å fire seg ned veggen med eit laken berre var foreholdt filmar. Eg har tydlegvis tatt grundig feil. Det var nett det mannen med kleshengaren gjorde.

Tanja Amanda Høglund Pettersen har for meg stått fram som ein stor person i mine auge. Ho har verkeleg fått smake på det å bli mobba over nettet. Dagens unge, som samtidig er framtidas vaksne, har framstått som grusomme mennesker. Akkurat det er ganske skremmande å tenke på.

Taja er ei søt jente som sliter litt med anoreksia. Eit problem ho ikkje er åleine å kjempe mot. Ved første augekast er det ikkje noko eg tenker over......anoreksia. Eg ser ei heilt vanleg jente, dog utan eit kilo for mykje.

Når ein blir utsatt for grov sjikane, må ein verkeleg vere sterk som person for å klare å halde hovudet over vannet. Eg kan ikkje sjå noko anna enn at denne jenta må vere utroleg sterk.
Med tanke på at utsagn som "Hvorfor i helvete er du født?", "Hvordan kan moren din føde noe så stygt?", "Jævla hore, drep deg sjæl.", "Gjør alle en tjeneste og ta livet av deg selv. Det er til det beste for oss alle." florerer mot Tanja på nettet........... Det er ikkje mykje å seie til det. Ikkje anna enn at det er frykteleg trist at enkelte er i stand til å gjere slikt.

No er det slik at ein kan legge att anonyme kommentarar. Det er nok det første ein må gripe fatt i. Det bør bli slik at du må gjere deg til kjenne om du skal kommentere noko som helst. Personvernet til den som eig sida er mykje viktigare enn ytringsfridomen til dei som kommenterer når det er slik at enkelte ikkje har sperrer for kva dei kan skrive.
Heldigvis er det komen ei lov som forbyr nettmobbing, men det er nok ikkje berre berre å finne ut kven alle dei anonyme kjeldene er. Det er i alle fall kostbart, og så spørs det om det er velvilje blant rette etaten til å ta denne kostnaden med å spore alle kommentarane. Det er jo lov til å håpe.......

Det er fint å sjå at kjempemange rundt om i landet no engasjerer seg i denne saka og det til føremon for Tanja.
Eg vil tru at det er med på å gje ho betre sjølvtillit og at ho i større grad skjønner at det er dei som skriv alt dette forferdelege det er noko gale med.
I tillegg håper eg verkeleg at ingen av desse mobbarane har tenkt å ta seg arbeid i eit omsorgsyrke. (Skule, bornehage, sjukeheim.....osv....you name it.) Det meiner eg av di det er skremmande tendensar og slike haldningar er det skummelt å dra med seg inn i slike yrker. Også andre yrker sjølvsagt, men desse eksempla er vel kanskje av dei viktigaste sådan.

Eg håper inderleg at det roar seg rundt Tanja. At ho får den freden og respekten ho fortener som menneske.
Det bør også opne augene til foreldregenerasjonen. Kva haldningar er det vi ønsker å bringe vidare til borna våre? Det er i alle fall viktig at alle sit seg ned med sine eigne og snakkar om tema som dette. Sette krav til sine eigne om kva følgene vil bli om dei hiv seg med på ei mobbebølge.
Vi har alle eit ansvar for å stoppe det.
Vi må ikkje vere så naive at vi ikkje trur at det skjer rundt oss. Små eller store stader.

No er dette ei sak som nok er litt større i omfang enn dei fleste, men nettmobbing må stoppast. Vi må gjennom haldningsskapande arbeid få fram kva vi meiner om at folk gjer slikt og vi må vere tydelege på at det ikkje vil bli akseptert. Uavhengig av om det er anonymt eller ikkje.
Det er rett og slett ein menneskerett å ikkje få slike kommentarar!

Ha ein fortsatt fin kveld og sov godt til natta!:=)
Hasta luego!

IWALY!!

søndag 13. oktober 2013

Det er søndag 13.oktober og det betyr at det er den store "gå utan BH-dagen".
No har eg ikkje satt meg heilt inn i saka, men det har sikkert eitt eller anna med brystkreft å gjere.
Uansett...... Det handlar i alle fall om å gå utan BH i dag, noko denne knetta ikkje har gjort.
Den kjem nok av etter kvart på denne sida av døgeret, forhåpentlegvis, men då av heilt andre årsaker.
Å gå ein heil dag utan BH er uaktuelt. Då må dei heller finne på noko betre.......

De fantastiske brystene. Vg helg har fokus på pupper denne helga dei også, dog i ei anna vending. Det har seg nemleg slik at du kan utnytte dei om du er stressa. (Puppene altså.)

Viss du er stressa, kan du be nokon om å kjæle med dei! Det skal ha ei super verknad på stressnivået.
Det står ingenting om at det må vere din betre halvdel som kjæler med dei, så då står ein vel i realiteten heilt fritt?! Hahahahaha........ Eg ser det for meg. Kvinnfolk som stressar rundt om og stoppar tilfeldige og ber dei om å kjæle med puppane sine.
Eit luksusproblem for enkelte menn om situasjonen faktisk oppstår, medan andre neppe vil vite kor dei skal gjere av seg.

Det er no eingong slik at det ikkje er så mykje som er så arketypisk som brystene våre. Når dei i tillegg har slike fantastiske eigenskaper...........
Ein kan nemne dømer som at dei er ei kjelde til kjærleik, nærleik, stresshandtering og god helse. Ei god rekke med positive eigenskaper.
Problemet er at desse runde formene diverre som oftast får merksemd berre på grunn av form og utsjånad. Samtidig kan ein då konkludere med at det ikkje er så rart at enkelte får kompleksar og at dei føler ei misnøye med eigne bryst.
Det er ikkje alle som er som meg........ Ei som eigentleg driter i heile puppestyret og heller fleiper med at dei snart heng heilt ned på navlen. (Er nok å overdrive litt, but who cares anyway?)

Enkelte kvinner liker merksemda som blir retta mot puppene sine. Trange topper er nok noko som sørger for blikkfang. At puppene får ei heilt anna form når BH-en  og toppen blir tatt av, er det nok ikkje så mange som reflekterer over der og då.
Det er nok mange mødre som har fått høyrt av sine søte små at dei ikkje har sånne runde pupper som "alle" andre og at dei har lange puppar (når dei heng laus under tannpussen....)

Små pupper, store pupper, faste pupper, hengepupper, spisse, runde, lange.....lista er uendeleg. Effekten av kjæling er nok den same. Så er du stressa, er det berre å be nokon om å kjæle med dei. (Så får ein vel vere litt alvorleg oppi det heile og seie at det aller helst bør vere din kjære..)

Terapibasseng......... Fleire byar har store badeanlegg og ein stor andel av desse anlegga har noko som blir kalla for terapibasseng. Som regel innebærer det at det er basseng som er ein god del varmare enn dei andre i bygget. Mange har også oppslag om at dersom det er reumatikere tilstades, eller folk med andre lidelsar, så har dei førsterett til å bruke bassenget.
Slik er det ikkje i Harstad!

Eg har vore der i helga og der var terapibassenget noko heilt anna enn dei andre stadene ein har vore og besøkt før.
Bassenget er sånn rundt rekna i same storleik som det bassenget vi har her heime i bygda.
Med andre ord er det ikkje snakk om noko stort basseng. Grottebadet........
Det første som møtte meg då eg entra dørstokken inn til bassenget, var eit lydnivå som ikkje kan skildrast. Det var så høgt!! Det var såvidt det gjekk an å finne seg ein liten kvadratmeter å slappe av på.
Eg talte antal menneske....... Over tretti born som herja (derav støyen) og over 40 vaksne (dei fleste var der for å sjå etter borna sine).
Midt oppi det heile var det ein stakkar som trengte å vere ute i akkurat det bassenget og som gjerne skulle ha svømt litt. Det seier seg sjølv at ikkje det gjekk.
Mesteparten av tida gjekk vel aller helst til å snu på hovudet for å hindre å få vann rett i augene frå alle dei herjande borna som var der inne.

Over 70 menneske i eit lite basseng og ikkje ei einaste badevakt. "Området er tv-overvåka". Jaujau..... Kva hjelper det, om dei stakkarane som ser på skjermane samtidig som dei ekspederer kundane som kjem og vil betale seg inn, ikkje oppdagar at noko skjer?
Nei, det var nok ingen som følte at dei fekk noko særleg terapi av å vere der inne (heller motsatt) og sikkerheita var nok heller langt ifrå den beste. Kanskje det ikkje har gått opp for dei at bassenget er blitt noko anna enn eit terapibasseng.
Når borna kan ta med seg alt av badeleikar inn dit, så er det endra seg frå terapi til "berre varmt" basseng.

Sjølv om badeturane mest var ei nedtur, hadde byen sjølvsagt anna "gøy" å by på. Shopping er nok aldri feil, men det er enno mindre feil når det er snakk om musikkforretningar.
Som regel skjer det meste av handelen via nettet, men det er jo då sjølvsagt digg når ein kan gå innom og sjå på utstyr med eigne auge.
Eg var der begge dagane! Eg handla der begge dagane!

Eg tippar det er ein liten kar som gler seg til skuledagen er over i morgon. Han var sjølvsagt med mora då ho investerte i slagverk! Han er nok klar over at mora mest sannsynleg kom til å bruke denne kvelden til å montere det (og han har sjølvsagt heilt rett i det).
Slagverk! Eit elektrisk sådan. Roland.

Eg snakka med ein slektning av meg som har "storpeiling" på musikk. Han meinte at sidan eg skulle ha slagverket i kjellaren heime, kunne det vere ein idè og kjøpe elektrisk. Då blir det ikkje den same støyen som eit slagverk brukar å avgje. Då kan ein styre volumet akkurat slik ein sjølv ønsker ut av høgtalarane. I tillegg til at ein kan velge ulike effektar på trommene og symbalane, alt etter kva musikk ein skal spele. Jazz, pop, rock, world, reggae osv....you name it. Ganske tøft.
Ikkje minst tar det mindre plass! Når heile stortromma kun er ein pedal med leidning, ja då har ein spara ganske mykje plass berre på det.
4 trommer, 3 symbalar, basstrommepedal og high-hatpedal. Eg trur kjellaren vil få eindel besøk den næraste framtida! :=)

Eg har til no registrert at det kan vere hakket vansklegare å undervise ein 60-åring på trommer enn ein ti-åring.

Pupper og trommer. Knallkombinasjon! Hahahaha............Eg skal i alle fall ikkje spele trommer utan BH, så det slepp å bli eit pinleg syn der.

No er det straks natta. Om eg skal halde målet om at BH-en skal av på denne sida av døgeret, må eg speede litt opp her eg sit. Så då blir badet neste stopp.
Ha ei god natt der ute og hasta luego! :=)

IWALY!!!


fredag 11. oktober 2013

Mann sovnet i fylla og våknet uten penis. Ingen vet hvor den tok veien. At det fins rare folk i Den dominikanske republikk, er vel ikkje til å unngå. Dei fins vel overalt i denne rare verda.
Likevel, det er ganske drastisk å miste sin lille kompis og ikkje ha den minste peiling på kor han har stukket av hen.
Berre det å unngå å merke at han blir borte, sånn heil utan vidare...........

Det er blitt spekulert i om det kan vere ein hund som har bitt av han herlegdomen sin, men sjølv betvilar offeret det.
Han ser meir på det som ein vekkelse og har av den grunn slutta å drikke alkohol.

Det må jo vere litt kjipt å få ein vekkelse på denne måten. Kva hjelper det å slutte med alkohol? Ikkje anna enn at han til eikvar tid har kontroll påseg sjølv......... Penisen kjem nok aldri til å dukke opp att og då kan ein jo berre konstatere at ein del av "kosen" med livet er borte! Synd for han.........

Mann satte penis fast i brødristeren sin. Brannvesenet måtte rykke ut. Jeeeeeszes, går det verkeleg an?
Er det berre penissaker i media i dag? (Bortsett frå dei meir triste...)
Tja, det er jo ein artikkel som heiter "Kan du finne deg selv?" Hahahaha....... Eg trur ikkje jomfru Knutsen skal trykke på den linken. Det kan jo vere stor sjanse for at ho finn seg sjølv og det er slett ikkje sikkert at DET er så bra! Eg tenker ho lar vere! Thihihi........

Sjokolade giver faste bryster. Jaja, eg skjønner at her er det berre å hive innpå. Kanskje eg kan klare å få "hengpuppan" litt lenger opp?! Det ville jo vore lykke! Haha....... Eg får ønske meg sjokolade av julenissen i år.
Eg skjønner ikkje kvifor han alltid sender meg ei sexy truse. I år skal eg verkeleg slå til og sende inn ønskeliste. Sjokolade!!

Eit lengre liv, slankare midje og auka sexlyst er visst også nokre av føremonene ved sjokolade. Kvifor har ingen fortalt meg det tidlegare?
Mørk sjokolade, vel og merke.

Blir frisk av å spise rått kjøtt. Fisj!! Om eg hadde vore nøydd til det av helsemessige årsaker, så hadde eg likevel valgt å ikkje gjere det.
Kva er vel meir kvalmt enn å spise rått kjøtt? Aldri i verda om det hadde vore eit alternativ.
Likevel skjer det! Eit bilete av "blodige" tenner vitnar om det heile. Eg seier berre æsj!

Det kunne jo vore interessant å sjå kor mange som eigentleg ville hertes å spise rått kjøtt fleire gonger i uka. Nokon ville sikkert ha svart ja, men eg vel å tru at dei fleste ville svart nei.
Det trur eg til trass for at uendeleg mange legg ut bilete av sushi og anna rå fiskemat som skal fortærast og som i deira auge visstnok er det same som delikatesse!

Michael Douglas løy om kreften. Ei tåpeleg overskrift som også lyg. Eller...........Han laug jo, men dog ikkje på ein slik måte som overskrifta indikerer.

Då eg las overskrifta, tenkte eg umiddelbart at han gjekk ut og sa at han hadde kreft og at det no viser seg at han berre laug om det.
Så tenkte eg kor teit det var.... Kven er verkeleg så dum at han "spøker" med slikt?
Ein seier liksom ikkje at ein har kreft viss ein ikkje har det. Det er i såfall heilt uforståeleg viss nokon kan finne på slikt.

Så opna eg saka........ Svartens journalist som klarte å lure meg. Journalisten som oppnådde akkurat det han ville. (Eg berre antar at det er ein mann.)
Han tener sikkert pengar ettter kor mange treff saka får. Ikkje at eg veit akkurat det, men eg går sterkt ut ifrå det. Ellers hadde han vel valgt ei meir treffande overskrift.

Douglas hadde kreft, han. Berre ikkje i halsen, men tunga.
For meg betyr det ingenting om det var i halsen eller tunga. Kreft er kreft og er like ille uansett kor den er i kroppen.
Hadde eg visst at det berre var ei lita korrigering, hadde eg aldri opna saka. Det er vel nett det denne journalisten veit...........og dersom han tener pengar på kvart treff saka får, så er han jo forsåvidt smart. Smart, joda........men også provoserande ille. (Det er vel strengt tatt ikkje noko nytt at denne knetta har ein viss tendens til å irritere seg over journalistar.)

Informasjon om Douglas er for meg like viktig som lakrispipa.
Når lakrispipa er det som får merksemd når ei ny regjering skal dannes, ja då seier det litt.

Sjekk hvilken vin kjendisene drikker. Dette må jo berre vere dagens sak! Kva er vel meir viktig enn det? Kjendisane har garantert mykje meir peiling på god vin enn det du og eg har. Om vi veit kva vin dei drikk, kan vi bli betre vinkjennarar. Då hjelper det ikkje om vi syns vinen er elendig. For har først ein kjendis sagt at den er god, må vi berre godta det. Dei er jo trass alt høgare oppe på stråa. Slik er det berre.
My ass.........

Nei, jomfru Knutsen har vore og bada i nokre timar i dag og sjølv om eg ikkje tok meg heilt ut i svømmetakas land, så kjenner eg at svevnen ikkje er så langt unna.
Også der var det "ting" som irriterte. Til og med meir enn dårlege journalistar!

No er det slik at eg ikkje bryr meg så veldig masse om det er eit par som klinar litt. Det er vel meir normalt enn unormalt. Likevel, ein eller annan stad bør det vere ei moralsk grense.
I dag gjekk eg faktisk i frå basseng til basseng, berre for å slippe det å vere vitne til at to stykk skulle spise kvaradre (nesten bokstaveleg tala).
Trur du søren meg klype ikkje at dei kom etter til dei nye bassenga ein gjekk til? Siste gongen eg reiste meg og forlot eit basseng, utbraut eg høgt nok til at dei skulle høyre det: Fy flate, det er så kleint at enkelte spis kvarandre opp utan å ta omsyn til borna og oss andre rundt om. Fysj så ekkelt! Eg går i protest mot sånn heslig klining!
Dei fekk det heldigvis med seg.

Begeret rant over då dei tok munnen til kvarandre og prøvde å opne dei mest mogleg for å sjå kven som kunne få tunga lengst ned i halsen på den andre. Det blei berre kvalmt.

Når til og meg EG reagerer,ja då må det vere kleint!!
Så det så!

No er det natta og skjønnheitssvevn. Eg må drøyme meg opp på om eg skal kjøpe slagverk eller ikkje imorgon.
Eg har studert eit elektrisk slagverk og det verkar veldig freistande.
Ei elles så impulsiv Knutsen, har i dag hatt pittelitt vit og tatt avgjerdsla om å vente til i morgon.
(Kanskje eg heller sover på meg ein kontrabass?! Hahahaha........)

Ha ei fortreffeleg natt og sov aldeles godt!

Hasta luego!!

IWALY!!!

fredag 4. oktober 2013

En ubåt kom opp av asfalten midt i Milanos gater. Hahahhaa.....Det må jo berre vere dagens stunt. Korleis kan ein bomme så grasalt at ein hamnar under ein by medu-båten? Det må verkeleg vere noko som ikkje fungerer ombord. (Med mindre det var kapeinen som hadde skjenkt seg..............)

Hadde det dukka ein ubåt opp midt på torget her og eg haddde vore vitne til det, ja då veit eg eigentleg ikkje heilt kva eg ville gjort. Eg ville vel nepp etrudd på det, til trass for at eg kunne sjå det med mitt blotte auge.

Når eg opnar saka, blir eg diverre ekstremt skuffa! Eg har brukt unødvendig mykje aktivitet på å la dei små grå få svømme litt ekstra i kveld, berre for å konstatere at det var bortkasta.
Ubåten har ikkje hamna der ved eit uhell og aller minst pga ein kaptein som var blitt skeiv i augene pga nokre sterke prosentdråpar.
Det er rett og slett snakk om nokon som er sjuk etter merksemd og av den grunn gjorde dette stuntet (med vilje!). Eit forsikringsselskap.............. Eg føler meg litt narra! (Men det er kanskje journalisten og ikkje forsikringsselskapet sin feil?!)

Det er kanskje ikkje så rart at det går i ball for denne jomfrua. Her er det snakk om å vere trøytt. Rett og slett så trøytt at det er ganske greit å vite at det er helg.

Binder seg ikke til 50% kvinner i regjeringen. Nei, der er eg no for såvidt einig. Ein kan ikkje gå glipp av ein som er utroleg dyktig berre av di han har feil kjønn. Innimellom må det jo vere lov til å bruke normal fornuft.

No veit ikkje eg korleis ein plukkar ut dei 50% som ein i utgongspunktet skal skal binde seg til, men eg reknar med at det vil gå med ganske mykje hyssing.
Eg ser for meg at Erna og Siv går rundt med hyssing rundt handledda sine og speler kul. Akkurat som om at dei er attende i russetida att.
Då må eg nesten seie meg einig med Erna. Det er mykje kulare å gå rundt og vere binda til eit mannfolk. Det blir liksom med eitt så mykje meir spanande! (Sjølv om det sikkert ikkje er snakk om george Clooney.)

Eg prøver og preøver.......men augene klarer ikkje å spele på lag. Dei vil berre att.
Då er det kanskje på tide å ta hintet og legge seg. Litt kjipt om ein først usta........Hmm, lenger kom eg ikkje. Eg har faktisk i skrivande stund akkurat vore "borte" nokre få minuttar.  Nei, dette går nok ikkje lengre...EG får heller prøve meg på skrivinga i morgon.
Det går så mykje
 Nei, eg veit ikkje eingong kva eg var på tur til å skrive. Så no blir det berre god natt i full fart.Og då skundar eg meg og seier sov godt i same slengen.
Ha ein fin kveld!

Hasta mañana!

IWALY!! 

torsdag 3. oktober 2013

Viss ikkje Jomfru Knutsen får både sprettrumpe, six-pack og det som verre er etter denne dagen, ja då kjem det vel heller aldri til å skje. (Som vi også veit er tilfellet, men det er jo lov til å leve i trua!)
Eg har hengt i alle slags vinklar, brukt kvar einaste muskel i alle kroppsdelar (inkludert dei små grå!) og alt anna som går an å ta i drift i denne kroppen.

Etter ei våkenatt med ein liten kar som hang over bøtta, var det berre å halde både han og seg sjølv heime. Augene stod delvis i kryss då klokka ringte i morges og det var rett og slett vondt å opne augene. Dei hadde jo endeleg fått tid til kvile og så måtte dei tvingast fram att. Ikkje bra..........
Heldigvis kunne eg legge meg litt nedpå att etter å ha fått sagt ifrå om at eg måtte vere heime med den sjuke.

No fins det ikkje noko som er kjedeligare enn å vere heime i slike tilfeller. Som regel sit eg berre rett opp og ned og er god med den sjuke. I dag, derimot, klarte dei små grå å fatte at det faktisk går an å gjere noko fornuftig ut av dagen, til trass for at dei måtte tilbringast innanfor husets fire veggar.
(Vel, er ein sjuk, er det klart ein må ha potetgull og Cola. DET er obligatorisk! Så eg fekk meg litt luft i sånn all hast for å få skaffa det i hus.)
Så..............
Stova har vore overfylt av mykje rart den siste månaden. Ikkje rart, med tanke på at den har vore både stove, kjøkken og alt anna ei stund.
I dag fann eg ut at når eg likevel skulle vere heime, ja då kunne eg vel rydde og vaske og sånn litt andre ting som trengte å gjerast.
Då må eg vel også inkludere kjøkkenbordet som er blytungt og som skulle ned i kjellaren.
Alle som har vore på besøk hos meg veit at det er ei svingtrapp ned til kjellaren. Å bære eit bord (som er i bar-høgde) åleine ned ei slik trapp....... Eg berre seier det. Det er slikt som kalles for "med livet som innsats". Jeeeezes! Bordet veide (veier enno for den saks skuld) nesten meir enn kva eg sjølv gjer.
Eg forbante meg på at eg skulle vere eit hjelpeslaust lite kvinnfolk og beit i meg alt av det som måtte gjere vondt i løpet av den arbeidstida som blei brukt på nett dette.
Eg klarte det!! (Sjølv om eg lir litt for det nett no. Dog ikkje verre enn at eg lever!) :=)

Tida gjekk og eg styra på og styra på. Når Jomfru Knutsen først hiv seg rundt...... Ja, då går det unna!
Klokka blei over tre og nybaka brød var akkurat tatt ut av omnen og middagen straks ferdig.
Stova var blitt ein prinsessehall i forhold til kva ho var då ein viss kar tilta seg på arbeid før sju i morges.
Så stod han plutseleg der i kjøkkenopningen og seier heilt vanleg: "Hei, vaska du?"
Etter ei heil enorm forandring og maaaaaasse arbeid heile dagen, var det alt???? "Hei, vaska du?"

Dæven døtte jomfrua var ikkje nådig!!! Med føter som såvidt bar ho etter dagens innsats, var ikkje den setningen ein suksess å kome med. Så hadde blikk kunna...........Og hadde eg hatt krefter att til å henge han opp på spikeren bak eine biletet i stova, ja då skulle eg jaggu meg ha gjort det!

Akkurat no sit eg berre her og nyt "utsikta". Utsikta over den "nye" stova og nykjøkkenet. Stakkars den stakkaren som tør å legge att eit einaste støvkorn her det nærmaste døgeret.

Reklame! Stor bod/garasje - kun i dag! Joda, begrepet "kun i dag" er relativt. Eg såg denne reklamen i går også.
Tar eg ikkje mykje feil, gjeld vel tilbodet i morgon også  - og då også med teksten "kun i dag".

Japanske monterveps drepte 41 mennesker i Kina. Oh, my God! Veps er altså ikkje noko digg!
Dessutan er det snakk om at 2675 stykk er skada etter eit monsterangrip.

Eg har akkurat sett bilete av nokre av vepsestikka og i same slengen tar eg meg ein liten pasue for å snakke litt med han der oppe. (Eg skulle berre seie klart ifrå om at han må la dei der monstervepsane halde seg der dei er og i alle fall langt unna meg. Ellers blir det baluba!)

Vi snakkar juli. Vi snakkar denne sommaren. Veps som er opp til 4,5 cm lang. (Oi, det er lange veps!)
Ei kvinne ligg på sjukehus enno og er blitt sydd heile 200 gonger etter å ha blitt angripen av desse ekle udyra. DET er creepy!

No har styresmaktene der nede satt av heile 6,8 millionar for å ta knekken på i alle fall delar av bestanden. 6,8 millionar berre for å få kontroll på veps. Det er litt av deit beløp, men det seier også litt om kor alvorleg det faktisk er.
Ikkje så greit om alle kinesarane ikkje skal tore å vise seg utandørs før i desember.

Siv kan ikke garantere Krekar-utsendelse. Nei, er det då nokon som nokon gong har trudd det? Kanskje dei har trudd at ho kan gjere som ho vil og berre lage sine eigne reglar........
Det er jo ikkje akkurat slik at den regjeringa som no har vore nokre år har hatt noko særleg stort ønske om å ha han buande her til lands.
Dei har sine årsaker til at han at han ikkje har blitt sendt ut av landet, akkurat som Siv no vil få dei same årsakene i sitt fang.

Nordmenn med datoskrekk kaster 300 000 tonn med brukbar mat. I året! Ja, og eg er ein av dei! Eg spis stort sett ikkje maten dersom eg veit at den er gått ut på dato. Slik er det berre.
Det betyr sånn sett ikkje nødvendigvis at eg kastar så mykje mat som er gått ut på dato.
Viss ein er flink å finne varer på butiken som har høveleg god datop, er sjansen større for at den ikkje rekk å gå ut på dato før den er hamna i ein eller annan mage.

Skal ein tru Dagbladet sine nettsider, kan enkelte spare rundt rekna 10 000 kroner på eit år om dei kastar mindre mat.
10 000 kr er jo litt pengar. Det er mykje fint å få for det beløpet.

Eg trur kanskje at mi haldning til "utgått på dato" kjem av at eg som 9-10-åring skulle steike meg egg og lenge før egget traff panna, oppdaga eg at heile innhaldet var svart.
Eg reagerte momentant og egget hamna i vasken før eg fekk sukka. Gud betre meg for ein stank det blei!
Eg åt ikkje egg det neste året! Knapt nok andre rettar som inneheldt egg heller. Eg fekk rett og slett avsmak på det. Mildt sagt!

Den dag i dag er eg "opp og ned" når det kjem til egg. Det er liksom anten eller. Ja, eg har lyst på egg, eller nei, det byr meg rett og slett imot. (Egg er godt, det er ikkje det....)
Så det er nok den opplevinga som har sørga for at eg er veldig var på kva tid varer går ut på dato.

Nei, sjølv om det er eit frydefullt syn å sjå rundt seg i kveld, er det nok tid for å slukke lysa og lukke augene og satse på at denne natta blir fyllt med berre svevn. At minstemann er ferdig med sitt og at morgondagen forløper som normalt.
Så ha ei god natt og gløym for all del ikkje å rose kjerringa om ho har stått på heile fagen, for ellers kan det vere du angrar etterpå. Hahahahahaha.............

Sov godt!!
Hasta mañana!

IWALY!!!


onsdag 2. oktober 2013

Kva seier ein til ein son som kjem og seier "Mamma, kom og sjå ka æ har gjort! Æ har brukt en heil time på å ordne det og det blei skikkelig bra!"
Eg tok sjølvsagt turen ned på rommet hans for å sjekke kva det var. "Sjå under senga."
Eg såg og kva anna enn fleire stablar med Donald-pocketer låg der. Sånn rundt rekna 30-40 stykk. Dei som hadde stått så fint i bokhylla, var no under senga, rett under hovudet så det skulle vere lett å nå dei.
"No er dei jo lettare tilgjengelig når du ska læs førr mæ. Smart, hæ?"
Joda........men kven skal fram med alle bøkene og greier når det skal vaskes? Eller når stablane veltar og dei sprer seg utover?

Berre eit blikk på han sørga for at eg blei veldig klar over at dette var noko han var særs nøgd med og han hadde jo hatt ein plan med det. I tillegg hadde han vore veldig nøye når han stabla dei.
Eg kunne jo ikkje seie noko på det........
Stablane står der, dei. Eg har ikkje hjarte til noko anna. Så får eg no berre sjå om eg ikkje klarar å lure bort ei bok i ny og ne til bokhylla att.
(Eller berre sørge for at han må vaske rommet sjølv!)

Dette irriterer oss mest på sosiale medier. Det folk irriterer seg mest over er faktisk fine poseringsbileter og intense treningsøkter.
Sånn eigentleg er ikkje det så overraskande at det er slik, for det er veldig mange som legg ut slike bileter og statusar.

At matbileter er det som eg sjølv heng meg mest opp i, er vel ikkje akkurat så overraskande. Det har eg jo drøfta før og følgene det fekk for meg, var at dagens mattips dukka opp på sida mi både titt og ofte.
(Men det blei jo eigentleg berre noko kult ut av det, då!) :=)

Årsaka til at mange ergrar seg over poseringsbileter og treningsøkter er at det kan virke som om at det er blitt ein kollektiv konkurranse. Mange bruker mykje tid på dette og det meiner dei går ut over både oss sjølve og familien. I og for seg eit greit argument.....

Heile 42% irriterer seg over "selfies, noko som i utgongspunktet er eit høgt tal. Likevel trur eg at "selfies" er komen for å bli. Dei som tar slike bileter kvar dag, kjem nok mest sikkert til å fortsette med det. Dessutan er antalet mennesker som tek slike bilete, ganske høgt (vil eg tru).

I og med at så mange legg ut statusar som vi kan kalle "skrytestatusar" i eininga, har Instagram no nko som heiter "Bak fasaden". Ein skal ta bilete av korleis det faktisk er bak fasaden.
Det er neppe nokon som har eit liv som berre er lykkeleg, konstant. Ørtiførti born som oppfører seg heile tida, null stress, herleg liv, verdas beste gubbe, romantikk.......you name it! Bak fasaden må det jo vere nokre sprekker?!
Det blir akkurat som i Ibsens "Et dukkehjem". Fasaden er det viktige. Kva kan folk sjå? Det er ikkje så nøye med det indre om ein kan framstå som "perfekt" for alle andre.
Idyll........ Få forunt.

No syns ikkje eg at det gjer noko at ein viser at ein trives. Langt ifrå. Eg gjer det jo sjølv. Det er fint å sjå at folk har det bra.
Eg trur likevel dei fleste skjønner kor eg vil hen. Kva det er eg meiner.
Eg snakkar jo om dei ekstreme.

Thomas Wold, stipendiat ved NTNU, har forska på "selfies" og komen fram til at sjølvportretta ikkje handlar om innhald eller prestasjon. Det er rett og slett merksemda dei får berre for merksemda si skuld. (Oppmerksomhet for oppmerksomhetens skyld.)
I tillegg trur han at vi må belage oss på meir av slike bileter i framtida. Det vil nok berre auke i omfang. Så veit vi det!
(Sånn eigentleg tenker eg minimalt på det, men blir det litt bevisst når eg les om det.)

Det einaste som er litt dumt oppe i det heile er at dersom ein har eit behov for å framstå som perfekt, så kan ein bruke så mykje energi på det at ein møter veggen. Då er det ikkje lenger noko bra.

Burde ein bli flinkare å legge ut bileter av den veksande oppvasken, klesvasken eller støvet? Sånn berre for å vise at ein er menneskeleg?
Eg veit ikkje....Det kunne jo sikkert slå an, men eg tvilar på at eg sjølv hiv meg med på den bølgen i så fall. Hybelkaninane mine vil eg faktisk ha i fred. (Ja, dei fins!!!)
Eg kan jo ta bilete av yttergongen når eg kjem heim frå arbeid og det har vore ein liten kar som har hatt det så travelt at det berre var å slenge jakka i skohylla, skulesekken midt på golvet, eventuelle andre rekvisita på veien ellers innover i huset. (For ikkje å nemne den gongen eg nesten ikkje kom meg inn av di han og ein kompis fann ut at det kunne vere lurt å plassere 20 fotballar i yttergongen (som er så grueleg stor at 20 fotballar -  det går heilt greit - liksom.....) Joda......

Eller...... Kanskje eg skulle tatt bilete av ein som sit i sofaen og søv når klokka er passert ti. Menn som søv sittande er alltid "eit nydeleg syn"!
At han i det heile tør å sove så lenge eg er i same rommet....... Han har jo ingen garanti for at han ikkje vaknar opp med både bart og større augebryn, sånn viss eg er i rette slaget.
Ikkje det at eg brukar å gjere det, men eg kan jo lett vere truande til å finne på slikt.

Det er vel ingen som har eit perfekt liv, men det er vel heller ikkje så mange som har lyst å gje uttrykk for at ikkje alt er like lett. Då er det nok lettare å legge ut bileter som er positive. Bileter ein får fine meldinger attende på. Slik er det berre........
Det er eigentleg ikkje noko galt med det. Det er berre vi som menneske som irriterer oss over noko som burde vore ein bagatell, men som ikkje er det.
That´s life.

Eg tenker mest at berre folk ikkje legg ut bileter av "nakne" born, så er det meste greit.
Bileta kan bli missbrukt av andre og då kan ein jo i det minste sørge for at dei "galne" ikkje får tak i avkledte-bileter av dei små engleborna.

Sanninga er nok at dei som har uendeleg mange fjellturar i løpet av eit år lett kan finne på å seie at det berre er å kome heim til dei og sjå oppvasken som står der. For det meste handlar vel om prioriteringar.
Kanskje er kvalitetstid med dei ein er glad i viktigare enn den hersens oppvasken (eller andre hussyslar for den del...)

Aqua-Lene har hatt 40-årsdag. Eg berre seier det......Den bilen ho fekk i gåve av sin betre halvdel, ja den kan eg vel lett sjå for meg at eg også ville ha blitt glad for. (Eg fekk ingen bil.....)
Den er jo berre rålekker! (Sjølv om det nok ikkje er ein heilårsbil her nord i landet.

Ho sa "Oh, my God!" Eg trur eg seier det same! (Og eg er ikkje eingong interessert i bilar......Noko må vere fullstendig galt her!)
Berre ikkje spør meg kva bil det er, for då må eg inn og lese meg opp på det. Eg veit stort sett ikkje korleis ein bil ser ut om eg berre høyrer kva bilmerke det er.
Eg trur nok ikkje eg lyg så veldig om eg påstår at eg veit kva bil vi sjølv har, men spør du meg kva bil naboen har.........eller ein ven o.l............Ja då slit eg! Eg veit ikkje eingong kva bil mi eiga mor køyrer rundt i. Den er i alle fall blå!! (Eg er ikkje fargeblind.)

Nei, alt var så mykje lettare når det kun var den gamle Golfen og kassa-Volvoen. På åttitalet fans det ikkje andre bilar!! Det er eg sikker på! Det er i alle fall dei som har brent seg inn i skolten på meg.
Kunne ikkje Volvo vere Volvo?
I dag veit eg ikkje at det er ein Volvo som passerer.......
Men spør meg om kva cantabile står for! :=)

Klokka er halv tolv og jomfru Knutsen skal stelle seg. (Er no det nødvendig, då?? Bak fasaden, liksom......)
Det er på tide å tusle seg inn til Salander.
Nei, eg er ikkje i mål med ho enno. Hausten har gått med til ein god del anna, så ho har berre vore inkludert i ny og ne. No skal det bli andre boller.
Denne unge knetta har investert i nytt kjøkken og no er det ferdig, endeleg! Så mesteparten av tida har gått med til oppussing.
Å rive eit kjøkken er slett ikkje berre, berre. Spesielt ikkje når ein har vore så lur og plassert nokre speil innimellom flisene.
Det resulterte jo berre at eg plutseleg hadde eit glasskår under augelokket. Herleg..... Eg såg alle notane eg skulle gå glipp av, for meg og klarte dermed å la ver å blinke.
Med god hjelp fekk vi det ut og eg ser framleis med begge augene.
Noko legebesøk vil eg ikkje ha, for er der ei ripe, vil eg helst ikkje vite om ho.
Veggene blei reinska og no er då det flunke nye kjøkkenet komen seg på plass og eg kan konstantere at eg er nøgd med resultatet.
No er eg berre glad for at vi har fått stova attende. Det er ikkje berre, berre å stå å lage middag på ein liten hybelkomfyr i stova. Med andre ord blei det ikkje store variasjonar  kosten medan det stod på.

Den største lykken har faktisk vore at eg i dag kunne få bake brød! Gjett om!! Eg feilberekna kor mykje brød eg måtte bake opp før vi starta med å rive. Det resulterte i at eg har måtta levd på kjøp-brød den siste tida. Kjøpbrød er alt anna enn digg!

Nei, eg var vel eigentleg på tur i seng i stad. (Eg blei lurt av meg sjølv, så her sit eg enno......) Jaja..
Eg prøver på nytt! Det er berre å seie god natt, tvert. For då er det berre å lukke pc´n og gå!

Så hasta luego!

IWALY!!


tirsdag 1. oktober 2013

Dagens beste er definitivt joggeturen eg hadde i kveld. Eg hadde vore på arbeid sidan i morges, berre med eit urpitelite avbrekk midt på dagen. Då eg kom heim, kjente eg at eg trengte å løpe "av meg" litt. Det er tungt med så lange dagar og då er det deileg med ein joggetur, sjølv om den i kveld ikkje var så himla lang at det gjorde noko.

Så var det kluet med dette (som gjer det til dagens beste). Slutten av joggeturen gjorde at eg fekk ein super opptur. Eg kom jogande langs vegen og då eg kom til ungdomsklubben, var det ein god del ungdom i gata utanfor der.
Dei såg jo sjølvsagt at eg kom imot dei og fleire av dei "hang seg på". Dei jogga i lag med meg nedover bakken og eg passa sjølvsagt på å seie at no måtte dei berre vise at dei kunne klare å halde følge med meg. (Det er jo klart at det blir flaut for dei om dei ikkje klarar å halde ut lenger enn læraren.)

Eg sørga for å halde tempoet oppe og då dei skjønna at eg ikkje kom til å løpe ned mot der eg bur, men vidare rett fram, mista dei litt av den positive psyken. Til slutt var det berre ein einaste ein som holdt ut......... ei stakket lita stund. Han måtte gje opp han også!! Så jomfru Knutsen fortsatte berre med eit smil om munnen og tenkte "Yes, det der skal dei få slengt i seg i morgon den dag!"

Kjepphøge var dei. "Små" blei dei! Denne knetta blei rimeleg nøgdmed at dei ikkje klarte å halde følgje.

Derfor nektet Venstre å skrive under abortavtale. No er det vel ingen som ikkje er klar over at det er Høgre og Frp som skal danne regjering saman. Det blei for vanskeleg å samle fire parti, men dei har klart å få til ei form for samarbeid til trass for at ikkje alle fire partia får plass i regjeringa.

Partia har blitt einige i fleire saker, men det er ei sak som Venstre nekta å skrive under på. Nemleg abortsaka........
Etterkvart som eg las artikkelen som omhandlar dette temaet, kjenner eg at eg blir litt lettare provosert.
Det handlar om kven ein skal ta hensyn til dersom ei kvinne blir gravid og ikkje ønsker å bære fram bornet. Legen eller kvinna.............?

Det er slik at dei skal ta mest hensyn til legen som blir oppsøkt. Ikkje den gravide kvinna. Heilt sjukt, spør du meg.
Har legen ei overbevisning om at abort er noko som er galt, kan han nekte å henvise kvinna vidare.
Då tenker eg ikkje på at legen meiner at årsaka til abort ikkje er særleg god, men rett og slett på det at legen er imot abort.
Viss legen har dårleg samvit overfor ufødte born, er det hansrett å nekte å henvise den gravide vidare.
Dette gjeld då sjølvsagt i same slengen assistert befruktning og foreskriving av p-piller som kan ha ein aborterande effekt.

Når det ikkje er kvinna som er den "svake part" her, er det noko som skurrar for meg.
Det er lovbestemt at kvinna skal ha rett til abort dersom ho ønsker det. Difor er det teit at det er legen som skal tas hensyn til.
Dersom ein lege ikkje evnar å gjere det han er satt til pga samvit, ja då burde han vel ikkje vere lege!

No er det ikkje slik at eg her og no utleverer kva eg meiner om abort eller ikkje. Det er ikkje det som er det vesentlege.
Det vesentlege er at kvinna har ein lovfesta rett. Kvinna er den personen som har hamna i ein situajon som ho kanskje ikkje taklar eller har lyst til. Så kan vi meine kva vi vil.......for det er ikkje kva vi andre meiner som skal vere det avgjerande.
Det er ikkje vi som skal sitte der oppe på den høge hesten og vere dommarar overfor desse kvinnene det gjeld.

Viss vi er imot abort, er det vårt ansvar å sørge for at vi ikkje hamnar i slike situasjonar. Likevel, vi kan ikkje forvente at alle skal ha same overbevisning i alle tema.
Abort er eit vanskeleg tema,på mange område. Menneska kjem nok aldri til å bli heilt samde på det området.
Vi må lære å respektere enkeltmennesket. Det gjeld legar også. Personlege overbevisningar kan ikkje legge hinder for andre.
Dessutan er det fastlegane det er snakk om. Legar som ikkje utfører handlinga sjølv. Det er snakk om å henvise pasientane vidare. At dei nektar å henvise dei........

Kvifor i alle dagar skal ein lege kunne nekte å skrive ut prevensjon? Skal legens meining om det bety noko, medan den som ønsker det si meining ikkje er like mykje verdt?
Kven er vi eigentleg som kan bestemme kva som er rett og galt i ei slik problemstilling?

Nei, eg kan ikkje dømme andre ut ifrå om dei tar abort eller ikkje. Eg kan meine at det er galt (dersom eg gjer det), men det er forskjell på å meine noko og det å kunne sitte der og bestemme over det.

Regning: 4,94 mill. Betalingsfrist: 21 dager. Statens innskrevingssentral er ikkje nådig når dei skal ha inn pengar. Det er jo snakk om eit ganske så heftig beløp.
Jaja...... Eg har ikkje så altfor store planar om å hamne i eit slikt økonomisk uføre.......

Jomfru Knutsen skal ta kveld. Klokka er såvidt passert elleve og det kan vere godt å kome seg tidleg i seng. Så ha ein fortsatt fin kveld og sov godt når den tid kjem!

Hasta luego!

IWALY!!