onsdag 20. januar 2010

Ny song..... :)

Min nye ballade heiter "Maybe".

I saw you yesterday
and it was good
You smiled at me
and that made me grow.

Everytime I see you
I want to tell you all
But something in me
needs to keep it safe.

Maybe I'm just afraid
It scares me more than death
I'm just a silly girl
I know what I want
but I need to keep my back upright.

So, I don't know how to tell you
I'm afraid I will loose
whatever I end up to choose.

It would have been easier
if you felt the same way
I'm afraid you will tell me
you don't like me at all.

Mabe I'm just afraid...........

tirsdag 19. januar 2010

Så ser vi snart sola.......

Endeleg!! No går det mot lysare tider og det fort. I går såg vi strålane frå sola der vi satt og prata på arbeid. Det var sterke stråler som lyste mot oss. Eg tenkte at no er det ikkje lenge før vi ser sola på ordentleg. Skuffelsen var nok litt tilstades i morges då eg vakna og såg at det var overskya. Ikkje i dag..... Det blir nok ikkje i morgon heller.
Eg håper det ikkje er lenge til vi får gleden av å nyte ho, sjølv om det berre er for ein liten halvtime. Den gjer så godt både for kropp og sjel.
For mange betyr det håp om betre dagar. Ikkje alle taklar denne mørketida like godt. No kjem dei gode dagane attende!

Det er eigentleg litt rart kor avhengig vi som menneske er avhengig av denne sola og lyset..... Slik er det vel med det meste. Det er nok ikkje berre vi som treng lys. Det var jo sola i si tid som sørga for den første veksten her på denne "vakre" kloden. Det er heller ikkje tilfeldig at det er så mykje mindre skog her nord i forhold til resten av landet. Klimaforholda her, med hovudvekt på kulde og lys, gjer sitt til at vekstforholda ikkje er optimale. Det er nok sola som gjer oss livsgrunnlag!!

Borna går berre å ventar på solfri. Etter lang tid med mørke er det mange som gler seg til å sjå sola. Solfri er stas!! Trur dette er ei ordning som har vore i veldig mange år...!?! Det er ei positiv oppmuntring til borna. I størst grad gjeld dette dei minste... Eg er stygt redd for at dei eldste ikkje har nokre planar om å tilbringa stunda ute i sola. Dei er berre glad for å få litt fri (dei fleste av dei).

Uansett.... Om sola er borte eller ei så er musikken alltid tilstades. Skal ein då klage? :=) Uansett kor trøytt ein er for tida så er det alltid gøy å spele. <3 Eg har faktisk vore på musikkøving i kveld.

I morgon trur eg kanskje eg skal byrje å lese i den nyaste boka eg har kjøpt, "Saras nøkkel". Det er ei bok eg blei tipsa om......så får eg sjå om den innfrir.

On my own, pretending he's beside me.........

søndag 17. januar 2010

Kvifor snakkar vi ikkje likt?

Vi bur alle i same land, men vi snakkar veldig ulikt. Kva vil det eigentleg seie å snakke norsk? Kvifor heiter det morsmål?
Vi bur i eit langstrakt land der det før var store avstandar og vanskeleg terreng mange stader. Det gjorde i si tid til at ein ikkje hadde noko særleg omgang med andre enn naboane sine. Det blei veldig isolerte forhold. Denne isolasjonen førte til at det utvikla seg lokale talespråk. I dag kallar vi det for dialekter. Korleis kan vi då enkelt forklare ordet dialekt? Dialekt er den måten folk snakkar på innanfor eit geografisk område. Områda er ikkje store. Berre her i Tysjord er det bra mange dialektforskjeller. Det er berre å lytte etter korleis ordet "eg" uttales blant innbyggjarane i kommunen.

Dei ulike dialektene er ikkje til hinder for at menneska her i landet skal forstå kvarandre. Dei aller fleste er vane med at folk snakkar ulikt. Det gjer dei også både på tv og i radioen.
Det vi opplever i dag er faktisk at ulikskapane blir mindre og mindre. Mange stader skjer det ei tilnærming til kvarandre. Utviklinga i landet har ført til at folk flyttar meir på seg. Dialekter bli menga med kvarandre. Vi får ei utvasking av dei "ekte" dialektene.

Eg som er vakse opp på vestlandet skarrer på r-en. Eller...... ikkje i den grad eg gjortde det før. Eg prøver å tilpasse meg rulle r-en dei har her. Stort sett går det bra, men inni mellom høyres det og litt rart ut. Det som er litt komisk er at det er lettare å skarre enn å rulle. Det er det fleire og fleire som oppdager. Utviklinga går i den retninga at fleire og fleire skarrar. Det blir skøy å sjå om heile den nordlege befolkningen hiv seg med på bølgja:=)

Det har seg no eingong slik at språket er ein del av identiteten vår. Det viser blant anna kva sosial gruppe vi er knytta til. Kven identifiserer vi oss med? Alder, vener, interesser og miljøa vi ferdas i er med på å forme oss og påverker talespråket vårt. (Det verste eg veit er den dialekten dei gamle "fine" fruene i Bergen snakker).

Det nye er "Kebabnorsk"! Litt av eit ord..... Det er talespråk som oppstår i miljøer der ungdom med ulike morsmål menger seg . Austlansdsungdom bruker ord som : bæhmen = kompis, gerro = sigarett, kæbe = jente, volla = jeg lover og flus = penger. Trur kanskje eg ville fått store problemer om eg skulle prøve å henge med i ein lik samtale mellom ungdom.

Korleis ville det blitt om alle som skulle sende brev, både private og offentlege, kunne skrive på si eiga dialekt? Trur kanskje det ville blitt mykje rot og misoppfatningar. Takke seg til at vi alle har felles skriftspråk som alle forstår. No er det store diskuajonar om korvidt det er bruk for to skriftspråk i Noreg. Eg sluttar meg til dei som er for det. Det fins mange gode grunnar for det utan at eg skal kome inn på det her.

Eg syns det er spanande med ulike dialekter. Så får vi sjå kor vi står om tjue år frå no. Då har det nok skjedd eindel endringar berre på dei få åra. Eg syns eigentleg at det er godt at vi ikkje snakkar likt alle saman. Det er ulikskapane oss menneske imellom som gjer at livet ikkje er heilt firkanta. For ei kjedeleg verd vi hadde budd i om vi alle skulle vere like:=)
Det er jo også litt gøy å vite at vi faktisk er komen så langt i utviklinga at vi og kan høyre kor ulik dialektene er i blant anna England. Det at vi kan skilje ut dialketer i eit anna land seier sitt.

For år attende i tida snakka ein berre med naboane. I dag er mange veldig internasjonale i språket sitt. Dei aller fleste maktar å forstå minst to språk (om ein tar bort dei nordiske språka som er likt på vårt språk). Dei som tar studieretningsfag i den vidaregåande skulen lærer seg og eit tredje språk. Dei spesielt ineteresserte fleire. Kor lang tid vil det ta før landa nærmar seg meir i språk? Eingong i framtida blir det nok slik at det blir færre språk......Trur eg!!

mandag 11. januar 2010

Idrettsgallaen - en vits??

For fleire år sidan tok regjeringa tak i problematikken som gjaldt mobbing. Det vere seg skole, arbeidsplass eller uansett kor i samfunnet ein holdt til. Det blei lagt stor vekt på at no skulle alle gjere sitt til at vi skulle få bukt med problemet her til lands i den grad det går an.
Det var og er staten! Så har vi ein annan STOR organisasjon her i landet som dekker alt som har med idrett her i landet. Dei har i massevis av år fronta at dei som organisasjon tar sterk avstand frå mobbing, og dei legg vekt på at det skal formidlast gode og moralske verdiar.

Det er noko som, i alle høve for meg, skurrar veldig. Kvifor skal eg som lærar bli bedt av staten om å følgje opp dette temaet? Eg skjønar sjølvsagt kvifor.... Det er berre det at eg lurer på kvifor dei ber oss om det når dei ikkje tar tak i det sjølv. Etter laurdagens idrettsgalla, som blei sendt over den statseigde tv-kanalen, har dei begge to skutt seg sjølv i foten (staten og idrettsforbundet).

Heile programmet var gjennomsyra av nedlatande kommentarar om namngjevne personar. Enkelte gonger gjekk det altfor langt.
Som person har eg sjølv ganske mykje sjølvironi. Det bør også framtredande personar innen idrett ha, men der er visse grenser. Når ein trekker det så langt som dei til tider gjorde det under sendinga, så er det noko som ikkje stemmer. Kven er det som korrekturleser og godkjenner desse skøyersetningane? Eg veit NRK har godkjent alt som blei sagt.

I alle år har idrettsgallaen vore koseleg å sjå på. Det har vore masse god humor og fleiping slik det bør vere. Forskjellen gjer seg gjeldande frå i år. Eg går sterkt ut ifrå at det er fleire som føler seg tråkka på etter laurdagskvelden.

Midt i beste sendetid!

Kven satt og såg på tv på dette tidspunktet? ....... Sjølv trur eg det var like stor grad av ungdom som av dei godt vaksne. Kva signaleffekt sender dei ut til dei unge når dei tillet slikt på ei slik sending? Idrettsgallaen er vel ikkje klassifisert som humorprogram?
Eg har lest mykje om bl.a. Nordlie den siste tida og blir sjølvsagt påverka av det til ein viss grad. Etter laurdagens pinlege galla vil eg berre sei at eg stiller meg heilt og fullt bak han.

Noregs dronning satt og i salen. Ho visste ikkje kva veg ho skulle sjå. Det såg berre ut som om ho syntes det heile var pinleg. Det er ikkje gøy å sitte i ein sal når det blir slik.

Nei, staten burde vere meir tydeleg på kor grensene går når det gjeld sine eigne. Dei har eit ansvar for folket når det gjeld kva dei tillet i sin eigen kanal. Folk betaler lisens for å få sjå tv. Til idrettsforbundet vil eg berre sei: Rydd opp og gå massivt ut og ta avstand frå det dykk sjølv har stelt istand!
Om lista dykkar for dei neste sendingane blei lagt no på laurdag har dykk mista ein av sjåarane! Merk dykk at eg ikkje skriv dykk med stor D!!

lørdag 9. januar 2010

Tenker eg har det bra!!

I helga har faktisk spysjuka nådd meg og. Trudde at sjølv om halve bygda allereie har hatt den, så skulle vel eg sleppe unna. I heile dag har eg lege og syntes synd på meg sjølv....(Eg er god til akkurat det:=)..) Men så når den verkelege verda meg og minner meg på at eg har ei "stesøster" som er i Italia, og i går kveld var operasjonen med å fjerne ein stor svulst over. Det gjekk bra, men ho blei lagt i koma av di det var komplikasjonar med ei blodåre. Tre små born har ho.....som sikkert er veldig bekymra akkurat no. Det set litt perspektiv på ting, og det gjer at eg ikkje syns så synd på meg sjølv lenger. I morgon er eg frisk att!!

fredag 8. januar 2010

Dikt.

Å leve er å samle
opp perler på tråd.
En for de lyse minner,
en annen for de grå.
Hver enkelt har sitt perlebånd
med dyrebare minner.
For minner lever evig
selv om livet selv forsvinner.


Ingen er med oss
for alltid,
tiden forsvinner så fort.
Men minnene får
vi beholde
til lindring når savnet
blir stort.

torsdag 7. januar 2010

.....

Kan ein miste sin eigen identitet ved å gjere det ein likar best på denne jord?? Eg byrjer så vagt å tru det sjølv. I alle fall i dag..... Har ein følelse av at eg kjem til å bli utfordra på enkelte områder den næraste tida. Veit ikkje om eg er så klar for det. Enkelte ting har sett seg så fast i meg at om det blir ei rokkering oppi hovudet i den samanhengen, så trur eg ikkje at eg henge med. Då vil eg heller la vere.
Det er sikkert i hovudet mitt det meste ligg, og det er sikkert eg som må gje mest....likevel, eg veit ikkje om eg vil. Eg er vant til å vere utadvent, men om eg møter min "overmann" så melder eg meg litt ut. Følgene blir då at eg føler eg ikkje har noko der å gjere. Om ein føler det så sluttar ein gjerne. Håper det ikkje blir så store endringer. Håper eg kan styre meg..... Time will show.
Det er vel ikkje akkurat det smartaste ein gjer om ein kuttar ein av sine trivselsfaktorar. Det er jo eigentleg berre teit. Men så er eg då teit innimellom. (Som sikkert mange andre og er...). Dårlig dag?? Eigentleg ikkje.....
Lett å forstå seg på meg i dette?? Tvilsamt.....

Jaja.... No har eg vore heime i to dagar med Steffen. Det skal bli godt å kome seg attende på arbeid. Å vere heime med sjukt born er noko av det kjedelegaste som fins. I morgon er det ein annan som får trø til om det trengs. Vi har nett hatt fri og det var godt å byrje på arbeid att, sjølv om det var hardt og brutalt å stå opp så tidleg første dagen:=) Det er godt eg jobbar på ein arbeidsplass eg trives godt. Eg gler meg stort sett kvar dag. (Men eg ser fram til sommaren lell - hehehe...).

I kveld har vi hatt korpsøving., Det ser ut som vi skal ha "On my own" fra Les Miserables. Det er ein av dei finaste songane som er, så det blir bra!!