lørdag 29. november 2014

Lettere nervøs…...

Det har vore Sabbat og det betyr at i dag har det meste vore stengt. Ergo var det ingen som stressa seg opp av senga i morges. Halv ni stod eg opp (halv åtte for Noreg sin del). Veret var rimeleg bra og det lova godt for oss som ønska å bruke dagen litt ute. For ein dag det blei!!!

Eg kan trygt seie at eg har flira mykje i dag. Ting har blitt til undervegs og det kan av og til vere litt greit, det.
Vi var fire stykk som skulle tilbringe dagen ilag. Eine meir halvgærn enn den andre, og tilsamans blei vi meir enn berre halvgærn., Ikkje så langt unna heil…….

Vi traska nedover gata i håp om å finne eit busstopp. Vi stilla oss optimistisk opp for å vente og satsa på at om vi tok turen til Gamlebyen, ville i alle fall det arabiske strøket der vere opent for shopping.
Bussen kom aldri og difor praia vi heller ei maxitaxi og underbetalte ho for å frakte oss nedover. (Enkelte har jo blitt så gode til å prute at det ikkje er måte på.)

Vi fekk rett…….Det var opne "butikkar" i det arabiske strøket og vi fekk sjå oss om etter varer vi ville ha. Fire kvinnfolk……..Det seier seg sjølv at det blei eindel venting. Den eine verre enn den andre, sjølvsagt. Kven som var verst skal vere usagt, men det var ikkje utan grunn at enkelte selgjarar var nesten på gråten idet ein forlot lokalet.
Vi kom dit med pengar i lommeboka og dro heim att med ein god del mindre.
Uansett….. Det var fint å gå der og trø.

Etterkvart blei det klart for mattid. Kven overlever utan mat, liksom? Vi gjekk til ein arabisk restaurant som serverte ein ganske så god mat. Stilen i lokalet var upåklageleg og servicen var bra. Nok bra til at vi ga tips.
Mett og god kunne vi traske til kyrja som er den helligaste av dei alle. Kyrkja der Jesus blei krossfesta, balsamert og gravlagt. Eg var der tidlegare i år, men eit par av dei som var med oss hadde ikkje vore der, så då tenkte vi at det ville vere verdt eit besøk.
Dei var der eigentleg på måndag, men då var det nokre munkar og greier som krangla så busta fauk utanfor kyrkja, så då stengte dei ho og dei gjekk glipp av nett det. (Hmmmm……Det kunne jo vere interessant å sjå korleis munkar ser ut når dei kranglar!!)

Vi kom jo sjølvsagt akkurat medan det pågjekk ein seremoni i kyrkja. Det var i og for seg fint, for då fekk vi oppleve det også. Her ser du ein bunsj med gutar/menn som syng og utøver sin respekt for "Herren". Ei av kvinnene blant oss fire klarte å fange merksemda til enkelte av deltakarane, utan at eg skal nemne på kva måte. Men når fire norske kvinner kjem ilag så må det jo berre bli slik. "Shit happens all the time". :=) 
Her står dei rett foran korsfestingsområdet. Om eg ikkje tar heilt feil, døydde Jesus på Golgata…..Ergo må jo Golgata vere nett her.

Etter litt meir shopping blei vi klar for ny sitt-stille-runde og gjekk gjennom Mamillaen og opp på øversida. Der var det ein skikkeleg koseleg kaffebar vi kunne slå oss ned på. 
Sjølv fekk eg lyst på ein pizza Margherita og bestilte nett det (og ei cola light). Eller……. Eg sa aldri PIZZA Margherita. Eg sa "I want a Margherita and a diet coke, please". 
Dei andre såg litt på meg utan at eg reagerte spesielt på det. Det gjekk nokre minuttar og så kom varene våre. Du ser på biletet kva EG fekk! 
Eg skulle visst ha spesifisert det der med pizza…….for eg fekk nemleg tequila med mykje stuff i. Jaujau…….. Det blei mykje fliring av det, men eg kunne jo ikkje akkurat supe i meg ein heil sånn ein… 
Eg kopla då vel ikkje at det var ein drink som hadde same namnet og sidan dei andre kun hadde bestilt drikke, antok ho jo sjølvsagt at det same gjaldt meg. Det blei både pizza og drink på meg. (Ga opp etter halve!)
Jaja…det heile blei ganske komisk.

Komisk og komisk….. For er det noko som er komisk, så er det verkeleg det som skjedde på heimvegen frå denne kaffebaren. 
Vi gjekk ned i Mamilla att og der traff vi nokre av dei andre som er her. Vi blei einige om at vi skulle dra heim til studentbyen og at trikken var ein grei måte å ta seg heim på. Joda………
Kjøp av billett gjekk bra, men det stoppa der! 
Trikken kom og vi gjekk inn. "Alle" (dei fleste) visste kor vi skulle gå av, og då vi kom til rett holdeplass, gjorde vi oss klar til å gå av. Då var det ei som så kjekt sa "Nei, vi går kje av hær. Det e beire å gå av på neste stopp. Det tar bærre 5 minutt å gå derfra". Dei byrja å diskutere og vi beli for sein til å kome oss av trikken. 
Jaja…så fekk vi vel berre gå av på neste stopp. But, but…..Kva skjedde so?? Jo, vi skjønna raskt at det ikkje ville vere så lurt. Vi kjente oss ikkje att i det heile, men då trikken stoppa, hoppa vi av likevel. Berre det at tre av dei andre ikkje fekk opp døra og så byrja plutseleg trikken å gå. 
Så der stod vi……..Fire kvinner i ukjent strøk utan peiling på kva vi skulle gjere. 

Billettautomat var der ikkje, så et var ikkje noko å vurdere. Det var mørkt og det såg litt skummelt ut der. Det var liksom noko som låg i lufta. Litt spenning, kanskje?!!
Vi byrja å gå i ei retning og ein bil med eit par unge menn i spurte kor vi skulle. Litt småredd gjekk vi frå dei og klarte å finne ein restauranteigar som kunne forklare oss at det var over ein halvtime å gå heim til studentlandsbyen. 
Eg forklarte han kva som hadde skjedd og då tilbudte han seg å ringe ei drosje for oss. "Thank you, so much" blei sagt mange gonger! Han skaffa drosja og sa at den skulle komme om to minuttar borti krysset rett bortanfor. Han valgte også å følge oss og stå der og passe på oss.(Hmm……..) 

Vi kom bort til krysset og der stod det fleire politibilar og politi med lange gevær. "Uuups……..kva gjer dei her?" 
Drosja kom og vi fekk satt oss inn. Rett før kviskra restaurantsjefe til oss at sjåføren er arabisk. Difor blei eg litt skeptisk og tenkte at vi må vere forsiktig med kva vi spør om. 
Eg lurte på kvifor det var så masse politi der, men tenkte at det likaste ville vere å ikkje stille så mange spørsmål. Ho som sat i framsetet lot ikkje vere å spørre……….
Vi fekk vite at det var av di at det er så mykje bråk og problemer der i området. Ikkje heile tida, men veldig ofte. Så sa han at vi var i det palestinske området og at vi hadde hamna midt inne i det. Vi som ikkje hadde lov til å bevege oss inn i det arabiske området hadde sjølvsagt klart å gjere nett det utan at vi var klar over det. Eg kjente eg blei litt stressa. 
Lykken var at sjåføren var veldig grei og forstod at vi var litt bekymra. Han hjalp oss og fekk oss dit vi skal. 
Restaurantsjefen skjønte at det ikkje var bra for oss å vere der…..og det var difor han passa på oss. 

Etterpå, etter at vi var innanfor muren/gjerdet til studentlandsbyen, fekk vi latteranfall. Letta over at vi var heime…….men vi visste ikkje kor dei andre var. Dei kom seg jo ikkje av trikken. (Dei kom heim etterkvart…) 
Vi lo og vi lo så tårane trilla. I heisen stod vi ilag med andre studentar og eg reknar med at dei må tru at vi er spenna gærn. (Tru og tru…. Dei såg no det dei såg.) :=) 

Det blei i alle fall nok spaning for ein dag, så noko besøk på puben blei det ikkje. Ein stille og roleg kveld blei heller utfallet….

No er det leggetid her nede. Det er tidleg opp på skule i morgon tidleg (klokka ni), så det er berre å sørge for å få skjønnheitssvevnen sin. 
Så ha ei god natt og sov godt!! 

Hasta luego! 

IWALY! 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar