lørdag 29. november 2014

Jesus var jøde!


Jomfru Knutsen er i Israel for tida. Hovudcampen er lokalisert til Jerusalem, the Student Village og Hebrew University.
Til no har det verkeleg regna! (Mildt sagt…..) But today……..I dag har det vore finver. Akkurat det passa heilt perfekt, for i dag har det vore utflukt til Nasareth som har stått på tapeten.

Når det gjeld Jerusalem og elles byane rundt om i området, er det jo ikkje akkurat noko nytt at mykje omhandlar Jesus og hans fødsel, liv og daud.
Han er født i Betlehem, som vi syng så fint i julesongen, men det er i Nasareth han vaks opp. Det er der  Maria hadde heimen sin og det er der/her eg er i dag. Av alle stader i verda…..eg er i Nasareth. Litt uverkeleg, litt spanande, litt rart, men mest interessant. Eg er under havnivå, men merker ingenting til det.

For all del……Misforstå overskrifta mi rett! :=)
Vi feirar jul i kristen tru, men kor mange er det eigentleg som tenker over kva dag det eigentleg er vi feirer julaften på og kva dag det nye året startar på? Eller……..dag og dag…. Det er vel meir riktig å seie dato.
Vi veit alle at Jesus er ein del av kristendommen, men slett ikkje alle er klar over at Jesus vaks opp som jøde.
Vi feirer julaften den 24.desember. 8 dagar seinare startar det nye året. Jesus blei døpt den åttande dagen! Omskåret er nok meir det riktige ordet å bruke, og kva religion er det som brukar omskjæring?
Året byrjer på namnedagen til Jesus. Dagen han blei omskåren og livet hans som jøde starta.

Uansett……Det speler ingen rolle kva han var eller ikkje. Det som betyr noko er kven han var.


Her er eg på ei høgd med fott utsikt over Nasareth, alle vegar. Sol og blå himmel er med på å sette preg på ein fin dag. At eg måtte stå opp klokka seks (fem for dåke der heime), var gløymt for lenge sidan då dette biletet blei tatt. Utsikta var upåklageleg.! Just sayin`. 



Det er ei historie bak vanna i bakgrunnen, men tru meg……Det har vore ein dag med mykje informasjon og mykje å fordøye. Det er slett ikkje så lett å hugse alt som blir sagt på en slik dag, og  i alle fall ikkje når det går på eit anna språk. Fasinerande var det uansett.


Dette er litt spesielt. Eg er framleis på den same høgda, berre at her ser eg motsatt veg. 
Midt i biletet er det ei stor bygning. Det er "the court". Det er der retten held til og det betyr at det er der lov og orden settes. 
Det som er litt spesielt er at på venstre side av bygningen held araberne til. På høgre sida jødane. Følgeleg er "Loven" i midten. 
Det er veldig ofte slik, her nede, at ulike folkegrubber/stammer (whatever we like to call them) gjerne bor i eigne områder. 

Kabutz og Nasareth er to byar som går hand i hand. Då tenker eg ikkje fredsmessig, men at dei er naboar der du ikkje heilt kan skillet kor bygresene går. (Men det er nok fred og fordragelegheit dei imellom…)
Då var det verre under 1. verdskrig. Då gjekk det tapt 40 000 menneskeliv her av di tyskerne var her og kjempa. 10-dagers krig. Britane kom dei til unsetning og tilslutt kunne ein seie at "the Bitish won". Heldig for folket her, mindre heldig for tyskerne som hadde sine planar. 

Allsong!! Og for eit liv det plutseleg blei. Vi hadde jo ei tidsramme å forholde oss til av di Sabbaten startar fredag ettermiddag og vi måtte vere attende innan den starta. Likevel…..Av og til må ein berre ta ting litt på sparket. Når ein opplev noko som dette heilt uforusett….tar ein seg tid til å få det med seg. Og for ein "fest" det blei. 
Om eg ikkje tar heilt feil, er alle desse menneska på biletet frå Columbia. I alle fall ikkje så langt unna det. Leiaren hadde med seg ukulele og plutseleg var dei igong. "Call and response" for å nemne noko. Tøft! Etterkvart nyna vi også med på låta og det var ikkje fritt for at den hamna på hjernen ei viss tid. 
Teksten var på spansk (som dei har som morsmål), men det var ikkje så lett å få tak på alle orda. Na-na-na-nafunka heilt fint det også! :=)


Her er vi kommet ned frå høgda og har bevegd oss inn i ei kyrkje. Denne kyrkja er bygd oppå den kjelda dei meiner kvinnene gjekk til for å hente vann. Ei heilag kjelde av betydning og bak det framste biletet her er brønna. Mange hiver småpenger i den og enkelte bilete var det også. Eg veit ikkje kvifor, men eg reknar med at det er born og adre som har døydd og at foresatte har vore der og bedt om frelse for dei forulykka!?! 
Dette er ei katolsk kyrkje. 

Denne kyrkja er spesiell! Den er knytta direkte opp mot bibelen og det som skjedde "i de dager". Dette er kyrkja som er bygd på heimen til Maria. Her budde Maria og difor har dei bygd denne kyrkja nett her. Ei fantastisk stor og fin ortodoks kyrkje. 

Før i tida var det slik at dersom ei kvinne for med ein annan mann, ba faren den eigentlege mannen hennar om å drepe henne. 
Som vi alle veit, nekta Josef for å ha "fore på" Maria. Vi veit også at Maria ikkje blei drept. 
Det er her som denne kyrkja er at engelen kom til Maria og sa at ho skulle bli med born og føde ein frelsar. Om Josef visste det, har vi også svaret på kvifor han var grei med ho. 

Utsida av kyrkja……….Det går ein mur rundt området. På veggane der heng det "gåver" frå ulike deler av verda. Noreg er ikkje representert. 
Vi har på ein måte ei oppfatning av korleis Jesus såg ut, men vi veit det jo eigentleg ikkje. Kvart land har sendt eit bilete av korsen dei meiner Jesus såg ut. Akkurat det var litt artig å sjå. 
Ta for eksempel å studer dette biletet som kjem rett under her. Legg du merke til noko spesielt? 

Bildet er gjeven frå Thailand og her ser du at dei ser for seg at Jesus er "thaiborn". Det er ikkje vanskeleg å sjå at det er thaitrekk på både Maria og Jesus på dette biletet.

Guatemala har ein meir lubben utgåve av Jesus, framleis ganske ulik vår illusjon. 

Eg var spent på korleis Sør-Afrika hadde framstilt han. Eg måtte no le litt for meg sjølv og sa noko liknande som at "Jaja, dei har i alle fall ikkje laga han svart". Det er vel kanskje litt meir politisk korrekt å seie mørkhuda, men meininga bak var nok alt anna enn rasistisk, uansett…..Det var meir eit resultat av alle dei "artige" versjonane av Jesus og då blei det nesten som om at det blei naturleg at vi "trudde" av Sør-Afrika ville framheve ein mørk unge. 
Sjølvsagt skjønte vi at det ikkje var sånn………men likevel….

To store møtes. Hahaha….. Store og store…… Store når det kom til makt, men kroppsleg stemmer det ikkje heilt. Sanninga er at desse to menna sin storleik er litt feil framstilt. 
For dei som klarar å lese kva som står på steinane under menna, og som kjenner historien til desse to menna, skjønner kanskje kva eg meiner. Dei færraste gjer det….så då er det vel på plass med ei forklaring. 
Han til høgre er i utgongspunktet berre rundt 1,60 høg. Han til venstre er rundt 2 meter. Vel…..Då ser dåke kvaeg vil fram til. Dei er ikkje jamnlike som det kan sjå ut som. 
Eg er heller ikkje heilt 100 % sikker på kvifor dei har frastilt dei slik. 

Inngongspartiet (ikkje hovud) og sånn eigentleg trengs det vel neppe nærare forklaringer. Det er ganske tydelege "bileter" på døra. EIn slange, eit tre og to mennesker. Kan det vere vanskeleg å tippe? 
Edens hage er nok det lettaste biletet å avsløre. Så er det David og det siste er Maria med jesusbaornet i armane. 

Det var mange skriftebokser langsveggen då vi kom inn i kyrkja. Eit par av dei andre fann ut at dei skulle teste det ut, men var så realistiske at dei heilt på eigenhand fann ut at det ville ta for lang tid!! Hahhahahaha……..Dagens. 
Med andre ord avslørte dei at dei slett ikkje har vore nokre engleborn (heldigvis!). :=)

Vi var så heldig at det skulle foregå noko i kyrkja akkurat då vi kom. Vi blei vitne til både munkar som song og brukte røkelse. Mennesker som knelte og via tankane sine til det som skjedde. 
Etterpå fekk vi gå ned til akkurat der Maria sitt hus hadde stått. Du ser inngangen på biletet. 
Her inne i kyrkja var det ikkje berre å snakke som ein ville. Silence var viktig! 

Etterkvart gjekk vi opp i andre etasje. Eg seier det berre…… Eg skulle likt å vere brud og gå opp det kyrkjegolvet!! For ei oppleving det ville vore. Ganske så spesielt. 

Joda, det tar litt på å vere på rek. No kan ikkje eg svare for alle andre, men sjølv blei eg ganske svolten. Så det gjorde seg med ein god lunsj. Delar av lunsjen ser du under. Humus kalles dette og jomfru Knutsen smakte ikkje på den. Eg trur dei fleste gjorde det, men denne knetta bestemte seg for å vere sær. Det var jo mykje anna godt å velge mellom. 


Då vi kom på Mount Gilboa, fekk vi besøk av denne hyggelege karen! Øgler fins visst overalt i verda. Israel er ikkje noko unntak. Han var sjølvsagt ikkje så interessert i å prate med oss raringane, så han stakk heller og gøymte seg i mellom mursteinane. Jaja…….det var jo litt kult å ha få sett han. I alle fall der og då.

Mount Gilboa! Vi snakkar historie her. David og Goliat. Samuel. Eilat. Elias. You name it! 
Frå denne utsiktsposten har vi full kontroll over alle områda der kampane mellom stammane føregjekk. 
Guiden var skikkeleg kunnskapsrik, så vi lærte veldig mykje. 
For å forstå mykje av denne historia er det kanskje nødvendig å bla litt i Det gamle testamentet. Formasjonane i naturen ser heilt lik ut som det gjorde "way back in time". Akkurat det er jo litt kult. Det gjer det litt meir verkeleg og lett å sjå for seg. 

Vi fekk også vite litt om kvifor akkurat Jerusalem. Kvifor akkurat denne delen av verda er så spesiell. Israel er det einaste landet som grenser til både Europa, Asia og Afrika. Det er liksom "in the middle". For å få fram poenget sitt, fekk vi sjå eit globuskart og effekten var stor. Det er mykje som ikkje kan vere tilfeldig, men som vi aldri tenker over om ikkje nokon viser/fortel oss det. Vi ser ikkje alltid logikken før vi "opplever" det sjølv. 

For dei som er interessert i fuglar. 60 % av verdas fuglar flyr til Israel. 

Her er det som regel 200 jordskjelv i året. 200 jordskjev av den "normale" sorten. Likevel…..Det gjeld berre nesten kvart år. Likevel så ofte at det stort sett kan kallast kvart år. 
Det er berre det at konsekvensen det året det ikkje stemmer kan bli så stor at det er ikkje mogleg å seie kvar einaste år i ein slik samanheng. 
Årsak? Joda…… Kvart 70-ende år er det få jordskjelv.Alt for få. Så få at folk bekymrer seg.
Dette er noko som går att og att i historia. Kvart 70-ende år var det mange færre jordskjelv og med enkle ord betyr det at dei jordskjelva som til vanleg brukar å vere der, berre har pause og bygger seg opp. Så kjem smellet!! Då kjem skjelvet som gjer at murhus osv raser saman. Skjelv som rammar hardt. 
Det er faktisk straks tida for det (om eg ikkje tar heilt feil…).

Eg har opplevd Nasareth i dag og eg er veldig takksam for å ha fått oppleve nett det. No er eg attende i Jerusalem og Sabbaten er igong for lengst. Vi held oss på hyblane. 
Når eg sit her og ser gjennom notatane eg har tatti løpet av dagen, ser eg at vi har jo også lært litt Jerusalem og Russland f.eks. 
Det er nemleg slik at russerne hadde landområder her nede på 60-talet. Områder som Israel og Jerusaem sjølv ønska å eie. 
60-talet var ikkje bra for Russland. Det var stor mangel på vitamin c og då var det berre ein ting å gjere. Dra ut i verda for å finne det. Altfor mange born og unge døydde som konsekvens av mangelen, og det måtte jo stoppast på ein eller annan måte. 
Eg trur mangel på c-vitamin førte til skjørbuk. (Eg er 99% sikker på at det er rett.) Det spreidde seg i alle fall raskt og det brant under føtene på Russland.
Løysinga blei Israel! Israel har appelsiner! Masse appelsiner. 
Så for 10 mill appelsiner fekk Israel kjøpe dei eigedommane dein trengte. Appelsinar!! Litt av ei betaling, vil eg påstå. :=) 

Det var litt spesielt å vere i Nasareth. Ikkje berre pga historia, men også pga av den siste tidas hendingar. Det er berre tre uker sidan ein politimann skaut ein gut. Det er berre tre uker sidan det var bråk der. Det er berre EI uke sidan politiet opna for at folk kunne få komme inn i Nasareth att. Hadde vi vore her litt tidlegare, ja då hadde vi mista sjansen til å få oppleve dette. 

To kveldar på rad no har ungdommar den amerikanske kolonien rett her nede i streeten provosert med å sende opp raketter som når rett over hushøgde. Dei gjer det som sagt for å provosere, men vi held oss til reglane om at vi ikkje skal bevege oss i det området, så då gjer vi det ikkje. Forhåentlegvis gjer det at vi kan føle oss trygge. 

I morgon har  vi fri pga Sabbaten. Eigentleg såg eg for meg å dra til Betlehem. Det blei berre med tanken.Betlehem tilhøyrer Palestina og difor er vi utsatt om vi drar dit. Det er forbunden med stor risiko uavhengig av kva nasjonalitet vi har. Det bryr dei seg lite om. Dessutan er ikkje det å vere norsk eit sikkerstikk. Av og til kan nett det vere det motsette. 
Så sidan både fylket heime og universitetet her fraskriver seg alt av ansvar om vi drar dit, ser eg det som mest hensiktsmessig, for min eigen del, å halde meg her i byen. Det er jo ikkje nødvendig å utsette seg sjølv for farer unødnig. Spesielt ikkje når det er ein liten kar som venter på meg heime. Då kan ein ikkje sette seg sjølv i sentrum bestandig. 

Det er synd at det skal vere slik. Det er jo berre snakk om å besøke kyrkja der Jesus blei født. Men, men……sånn er livet. Er det ikkje fred, så er det ikkje fred og då må ein berre forhalde seg til det. 

Uansett….. Det har vore ein fantastisk fin dag! No er den over for lengst. Eg ligg her på senga og er klar for å få nokre timar med svevn. Det trengs, det også. :=)

Sundag er det skule att, så det er om å få med seg mest mogleg av dagen i morgon! Ha ei fin helg! 
Hasta luego! 

IWALY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar