mandag 11. august 2014

SOMMER 2014

Sommeren 2014 er over! No startar kvardagane att og ein kan verkeleg seie "for ein sommar"! Dette er verkeleg ein sommar eg kjem til å hugse lenge. Den har vore riktig så innhaldsrik på så mange måtar.
Eg har ikkje vore så mange stader i løpet av sommaren, men det har vore så mange små detaljar som har vore med på å sette prikken over i´ en.
Sånn berre for å nemne eit døme så er episoden med at ørna blei angripen av småfuglane eit moment. Det meste handlar berre om å vere på rett stad til rett tid. Akkurat det føler eg at eg har fått vore fleire gonger denne sommaren.

Det eg har "gjort"minst av denne sommaren, er å vere heime. Det er ikkje mange døgera er har sove her  og har du sett meg i løpet av sommaren, ja då har du rett og slett vore ganske "heldig".
Store deler av tida har eg brukt på å vere "inne i" fjorden og der har eg verkeleg kosa meg med herlege kleggar og etterkvart også blindingar.
Minstemann var nok mest nøgd med at han hoppa frå fire meters høgde og ut i sjøen. Eg hadde planen klar om at eg skulle "joine" han, men stod nok glatt over. Ein blir visst berre mindre og mindre tøff med åra. Sjølv ikkje då floa kom og avstanden ned til sjøen blei betrakteleg mykje mindre……….. Eg trur det kjem av at eg veit at det ligg ein tallerken der uti og så er vel frykta for at den skal gjere meg noko tilstades. Det kan jo hende at den plutseleg veks seg stor og får fingrar og føter osv……Kven veit?



Det eg i alle høve kjem til å hugse frå denne sommaren er at eg fleire gonger i løpet av ei uke hadde baka brød før åtte om morgonen. Når det kjem til meg, så er nett det ganske stort. Denne jomfrua står ikkje opp tidleg for å bake brød.
Det har hendt seg at tanken har streifa meg…… Den om at "kanskje eg skal vere grei og sørge for at dei andre skal få stå opp til rykande ferske brød og omelett?" Så har eg kjent etter og sørga for at det lille snevet av anfall har gått over, lukka augene og lagt meg for å sove att. I beste fall ender det med den omeletten. Eller egg og bacon………
Å tru at eg skal evne å ofre dyna for å bake på morgonkvisten?! Då trur eg at eg må flire litt……… Det blir alt for husmoraktig til at eg kan leve med det! It´s just how I am (or not am).

Så har vi jo feira bryllaup i ferien! Ein vellukka dag. Fint brurepar i nydeleg vèr og omgjevnadar. På kvelden entra lillebroren scena og hoppa ned i salen og showa litt også.
Eit artig stunt. :=)



Og så har eg jo køyrt firehjuling for første gong i livet mitt. Jeeeeezes……….Redd ja, men det ga meirsmak! Så no har eg plutseleg lyst på det også. Det verste at "utfordringa" gjekk i å køyre ei løype som gjekk bra langt unna sivilisasjonen og mutters åleine på køyretøyet. Så eg tenkte no mest "kva om den faktisk tippar med meg på?". Eg var sikkert eit nydeleg syn der eg kom køyrande, men gjett om eg var stolt etterpå. 
At eg var kledd i ein mycket kort shorts og svære støvlar i størrelse 42 oppetter leggane……….Tja, det treng eg jo ikkje akkurat opplyse om. (Eg sa jo at eg var eit nydeleg syn.)

Feriens høgdepunkt kom faktisk ikkje før i går. Eller, det kan strengt tatt ikkje kallast høgdepunkt, men det blei i alle fall ganske artig. Kven som eigentleg syns det var så artig, kan jo diskuterast. Eg trur kanskje at eg kan avgrense det til denne knetta. 
Dei som kjenner meg godt, veit at eg av og til (hahaha…….eller litt oftare) kan ha ein tendens til å få litt sånn der boblemage. For dei som lurar på kva uttrykket står for, så er det enkelt og greitt forklart med at det byrjer å boble i magen og så må eg le. Det er berre slik det er. Det er ikkje alltid like lett å la vere med å flire. Dessverre er det ikkje alltid at det sømmer seg, men eg blir betre og betre etterkvart som tida går. Enno er det vel eit stykke att. 
Så spørs det…… Kva er det som var så artig i går? Joda…… No er det slik at ein ikkje bør flire viss sikkerheitsvakter på flyplassar finn ut at dei vil sjekke deg. Men kva gjer ein når det plutseleg står eit kvinnfolk der og knar deg på puppane?? Hahahaha………. Eg kjente jo berre at det bobla i magen og då måtte eg jo le. "Hold your arms like this….". Ikkje hadde eg klede som kunne skjule noko heller. 
Eg trur ikkje ho var så blid for at eg ikkje tok det meir "høgtideleg" og då eg etterpå skulle hente sakene mine og blei bedt om å opne laptopen min…… Say no more. Og den karen var litt meir skummel enn ho der dama! (Det bobla, men eg var hakket flinkare akkurat då…….. I alle fall til eg kom meg eit par meter unna.) 
Eg lurte, der og då, på kva dei eigentleg måtte tenke om meg og var eigentleg mest berre glad for at dei ikkje gjorde noko meir ut av det. 

Så trudde eg at det var over. At det ikkje skulle bli meir. Heilt til eg landa i Bodø.Enno meir jeeeeezes! Berre eit lite blikk på tollaren og eg berre skjønte der og då at eg kom til å bli stoppa. Og så klarte eg sjølvsagt ikkje å la vere å stirre. 
I det augeblikket eg skjønna at dette verkeleg var min dag, blei eg berre ståande og glane på han der artigkaren av ein tollar. Då kofferten var komen "trygt" i nevane mine, var det berre å konstatereat eg fekk rett. "Æ trur du må bli med mæ inn hit litt". Ein anna hyggeleg tollar tenkte å få meg for seg sjølv på eit "lite" kontor. Så heldig var han ikkje. Han fann jo plutseleg ut at eg ikkje var åleine. Og då han skjønna at det faktisk var ein gutunge med også, ja då blei plutseleg eg ikkje så attraktiv for mistanke likevel. Dei hadde nok trudd at eg var der åleine, men ei uskuldig bornemor derimot………. Det var om å ikkje flire. 
Kofferten blei sjekka for souvenirar (som eg har kjøpt null av), kvotehandelen blei vist fram og så var det berre å tilte seg ut att. 
Men noko må det vere som gjorde at eg skulle vere så interessant på begge flyplassane. På ein og same dag………..
Eg får håpe at ho som tok på meg der nede på øya fekk seg ei god oppleving i alle fall. Enno godt at dei ikkje var fylt med silikon…… Thihihihihi……… 

Eg har vore på ein tur der eg verkeleg har fått slappa av, men eg har nok fått trimma litt også. Minstemann hadde bestemt seg for at han ville gå Europas lengst ravine, og då måtte jo mora også til pers. Eg spurte ørtiførti gonger om han verkeleg hadde lyst til å gå denne turen, men ikkje eingong då klokka ringte 05.30 om morgonen, etter å først ha sovna ganske så nært midnatt, mukka han på det. Det var to som var trøytte i trynene sine då bussen kom for å plukke oss opp litt over seks. 
MEN for ein dag det blei. Turen gjekk unna som berre det. Vi fekk beskjed om at det er ein ganske tøff tur, men likevel valgte han å køyre hardt ut. 
Dei fleste frå vår buss starta opp før oss, men i løpet av kort tid hadde vi passert alle. Det var en liten kar som hadde eit ønske om å kome først. Ergo fekk ikkje akkurat eg så mykje tid til å nyte alt det flotte rundt meg, for det blei holdt eit høgt tempo. 
Er det noko som er sikkert, er det at du ikkje går denne løypa fort og samtidig har augene på naturen rundt deg. Du går nedover heile turen og det er steinar, glatte steinar, på 90% av løypa. Viss du ikkje har augene med deg, ja då er sjansen stor for at du vrikker både det eine og det andre. 

Vi blei blant dei første, noko som resulterte i heile fem timar nede ved sjøen medan vi venta på dei andre. Med vonde føter var det deileg å få legge seg på ei  solseng, men med kun strandlivet som einaste aktivitet etter ein sånn tur……blei det hakket litt for kjedeleg. Då tenkte vi at vi kanskje heller skulle brukt lengre tid på gåinga. 
Starting point.

Jomfrua måtte jo takast bilete av, ho også. :=)


Sjølve endepunktet for turen er Agia Roumeli. Som du ser på biletet rett under er det ikkje snakk om store staden. Viss vi snakkar heilårsbuarar, bur det ca 30 stykk der. I sesongen er det nokre hotell og markeder som er opne (og sjølvsagt nokre strandbarar!). Det er ingen vegtilknytning så difor må ein med ferge for å kome seg derifrå. Ei ferge som ikkje har så mange avgonger. (Det skjønna du sikkert i og med at vi måtte vere der og bade i fem timar før vi kom oss vidare.) Alt har sin sjarm! 
Det var i alle fall fint å sitte på toppdekket til ferga og nyte utsikta mot både Agia Roumeli og ellers deler av øykysten. 


Eg trur nesten eg må dra attende dit og gå turen på nytt. Eg føler meg litt snytt for det å ta masse bileter. Det heile blei ein megafin treningstur, så neste gong må bli "nyt naturen"-tur. :=) 
Uansett, mor og son fekk seg ein herleg kvalitetsdag i lag. Eg trur vi hadde det kjempeflott ilag begge to. Og dei som advarte oss med at det ville bli tøft for han å gå……… Hadde vi måtta gå samla, ville det vore han som hadde måtte vente på dei! 

Nydelege kveldsfargar!


Det er deileg å vere tidleg ute og berre nyte roen som er tidleg på morgonen. Her er ikkje klokka åtte enno og alle andre hotellgjestane låg så fint og sov. (Berre så det er sagt…….Eg var ikkje nede ved bassenget før klokka åtte kvar dag. Det var heller sjeldan.) 

Når ein blir litt solbrent, er det greit med ei kvit t-skjorte. Ikkje særleg kult å vere 10 år og så skal du måtte vere ute av sola. Då kler ein seg heller og koser seg maks i ho.

Både små og store syns at gocart er gøy!! Haha…...




Lånte hårvoksen til gutungen og sørga for at alt av hår stod rett opp. Målet var å sjå om han blei flau når eg dukka opp med denne sveisen. Han berre såg raskt på meg og så var heile sveisen gløymt , så med andre ord kunne han ikkje brydd seg mindre. Mora stod att og tenkte at det var den nedturen. Men bartendaren la no i alle fall merke til sveisen og spurte om eg hadde tatt handa inn i noko elektrisk. 



Det var dritkult i vannparken!!

Hovudaktiviteten!! :=) Det kan nesten sjå ut som om at eg var misnøgd, men det kan eg garantere at eg ikkje var. 

Det var "kjempevarmt" i havet. Overraskande varmt i alle fall. 

Litt vindfullt til frukosten eine dagen, men det var i og for seg litt deileg. 

No har eg utelatt å skrive kor det er eg har holdt hus………Likevel, for dei som er smarte nok, har dei allereie gjennomskua det. Eg har jo allereie nemnt at eg har gått Europas lengste ravine og at vi kom ned i Agia Roumeli. Så då er det berre å plusse to og to…….

Ein herleg avslappande ferie på mange måtar. Så har eg også fått prøve det å vere borte frå minstemann i heile to uker. Han har jo vore på bestemorferie. Eg var ikkje så kreativ, så det blei for det meste reine hyttelivet desse to ukene. Akkurat det passa eigentleg berre heilt perfekt. For kva er vel betre enn det i det sommarvèret som har vore denne sommaren. Eg er evig takknemmenleg for denne sommaren og kjem til å leve lenge på den. 
I morgon, måndag, startar kvardagen (til dels) att. Eg har for lengst byrja å førebu hausten, bassengkanten blei også brukt til historieoppdateringar…….. 
No blir det attende til rutinar som nok ganske så sikkert har vore mangelvare heile sommaren. Seint i seng og tidleg opp i lang tid…… Ein må jo uansett opp til frukost når ein bur på hotell. No er eg så vant  til å stå tidleg opp at når eg endeleg kunne sove ut over dagen i mi eiga seng….Ja, då var eg like tidleg oppe denne sundagsmorgonen. Kanskje like greit, bortsett frå at eg sit oppe enno og klokka har forlengst bekka inn i neste døger. 

Ha ei fortreffeleg uke!! Måtte godvèret vare enno ei god stund!!
Hasta luego! :=)

IWALY!!!














Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar