tirsdag 19. august 2014

Jepp :=)

Evigunge jomfru Knutsen er hakket litt meir trøytt i kveld enn dei foregåande, men eg kan trygt seie "I´m still going strong". Døgeret har nok ikkje nok timar for tida, men det får så vere.

I helga var vi i Ballangen på fotballcup. Overnatting var sjølvsagt eit "must". Kven hugsar vel ikkje frå tida då dei var yngre (for ung er ein alltids enno!!) og overnatting på skule var det som var alternativet? Det er nett det vi har vore med på i helga. I tillegg til dei fem kampane og bassengdiskoen då….:=)
Det var heller ikkje fritt for at enkelte tar kampane litt vel mykje for høgtideleg. Når alt dreiar seg om å vinne når det kjem til born i 9-10 årsalderen, har ein verkeleg gløymt kva ein bør ha fokus på. Det er vedtatt frå øverste hald i forbundet at det ikkje er lov til å ha hovudfokuset på det, men likevel er det for enkelte blodig alvor når alt kjem til alt. Det er nesten som dei kjem ut av sitt gode skal. Spesielt ein by i nærleiken (eg skal ikkje nemne namn……hahaha……..) er sterkt representert når det kjem til dette. Klubben deira taper ikkje utan at kjeften har prøvd å unngå det.

Forrige uke blei tilbringa i Bodø. I alle fall tysdag-torsdag. Det var sjølvsagt i arbeids regi, men ein var jo ikkje akkurat låst inne 24 timar i døgeret. Klokka fem var vel eit greit tidspunkt å avslutte dagen på og i tillegg var det enno mogleg å shoppe. (Kven liker vel ikkje det?)
Forutan kvalitetstid med søte små, blei det ein fin "liten" trimtur. Ein tur som onsdagskvelden gjekk opp langs Futelva og opp til Soløyvatnet, for så å fortsette i eit område som eg ikkje kan kalle for anna enn "baki der". Eit turterreng eg verkeleg misunnar Bodø kommune! Det var heilt utroleg fint. I tillegg til at eg fekk mine kilometrar med gange, fekk eg også oppleve mykje fin natur og områder eg aldri har satt min fot i tidlegare. Her er det verkeleg snakk om områder som eignar seg året rundt.

I løpet av turen måtte vi auke tempoet litt også, ja! Thihihi…….
Eg såg, heilt ute av det blå, ein elg som låg borti marka på andre sida av Futelva. Det var eigentleg berre tilfeldig at eg klarte å sjå den. Bror min grynta litt, men fekk ikkje noko reaksjon. Så laga eg nokre lydar, og DÅ spissa elgen øyrene litt. Om litt var den faktisk på beina. Likevel, det skulle vel ikkje tilseie at det var noko umiddelbar fare. Vi hadde jo både mark og ELV i mellom oss……so who cares?
Tja, ein kan godt vere tøff i trynet(og eg er faktisk ikkje redd for elgen), men då elgen plutseleg gjekk imot oss der vi stod, må eg ærleg innrømme at eg tenkte mitt.
"Nesjda, den bære kjæm litt nærmar, men det e ikkje nåkka å bry seg om", sa bror min overbevisande. Så då var det berre å rusle vidare. Heilt til at eg ser at elgen faktisk kjem etter oss likevel. Plutseleg var elgen midt ute i elva! Eg var ikkje i tvilom at den hadde sikta seg ut oss. Og etter å ha høyrt at det var ei dame som blei trampa på av ein elg dagen før, gjorde ikkje det heile noko betre. Det var nok likast at ein jogga litt då. Så då blei det slik. Med auger i nakken på denne knetta blei det lett jogging eit lite stykke slik at elgen ikkje skulle sjå oss.
Det spørs om far min ville syntes at vi var feige?! Ikkje godt å seie, men han ville i alle fall ledd.
Hadde han vore med sjølv, hadde han stått i ro og sagt at vi må vere stille…….berre for å få nyte synet. For han hadde sjølvsagt kopla tvert at elgen ikkje ser oss om vi står i ro, for den har jo ikkje noko godt syn i utgongspunktet. (Noko eg visste, men ikkje heilt turte å stole på denne gongen.)
Jaja……Det blei jo litt artig.

Dei siste to dagane har eg via til kjøkkenet. Ikkje av di eg syns det er så ufatteleg kult, men av og til kan det no vere greit å gjere noko av den enkle grunn at det er greit å ha det gjort. Ripsbærplukking, reinsking og produksjon av ripsgele og saft. Det blei ganske mykje.
Eg er klar over at enkelte ikkje reinsker bæra for stilkar og ymse ulumskheiter før dei skal koke bæra, men berre tanken på at det er småkryp i lag med bæra er nok til at eg får spunk i hovudnerva. Det kjem ikkje til å skje at eg lar vere å reinske ho. Først reinske og så skylle!! Eg trur ikkje safta frå småedderkoppar eller sånne der småsneglhus er så delikat i smak at det gjer ripssafta det lille ekstra. Difor er det om å fjerne ho på førehand. (No er det heldigvis eit år til neste gong. Det er berre bringebæra att.)
Det kan vere ein føremon å vere kvinne på slike dagar, for det innebærer ein del multitasking (noko som menn ikkje er så god til). Rispbær, skulearbeid og lesing for ein hyggeleg liten kar om einannan……..berre avbroten av at minstemann var så hyggeleg å invitere til god kvelds. Han henta seg fire egg i kjøleskapet og litt melk, piska og steikte. Vips hadde han klar ferdig stekt god og deileg eggerøre og elles eit fint dekka spisebord med tent stearinlys. Hmmm…….DET kan eg fort bli vant til. Han er trass alt berre 10, så eg syns det er storvegs at han er flink til å lage slikt. Kanskje han kjem til å ta etter bestefaren?!! :=)

Elles er vel ikkje medieverda den aller trivlegaste for tida. Der les ein jo berre om folk som brenn andre menneske, "Pølsa" (kven no i alle dagar det er) har tre brudd, "Så feit blir du av fastfood" og at du kan få ereksjonssvikt av sykling!! Ikkje minst det siste virker interessant……Med tanke på alle menna som har sykla heile oppveksten og fortsett med det i vaksen alder…….Eg tvilar! Då skulle jo jaggu meg halve Noreg ha ereksjonssvikt. Stakkars oss kvinnfolk då! Jaja….. Det er no mykje dei forskar på. Vi får håpe at dei heller kan byrje å forske på noko som vi faktisk kan tru på.
Avisene er, som du sikkert allereie har skjønna, ikkje av dei mest interessante for tida. Då tar eg heller å sit meg ned og gløttar litt på ho Annika Bengtzon. Utan TV ein heil sommar (sommer betyr som regel TV-fri)…..Ein må vel prøve å klimatisere seg sjølv litt attende til den "normale" verda att.
No skal Jomfru Knutsen ha seg litt TV-tid, så ha ein fortsatt fin kveld. Forhåpentlegvis er eg attende i morgon, men det er eindel arbeid i oppstarten av eit skuleår, så det spørs……. Optismistisk skal ein alltid vere! :=) Uansett……Ein fin kveld kjem først. Sov godt til natta og "have sweet dreams".

Hasta luego!

IWALY!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar