lørdag 23. januar 2016

Handlingar.......

"Vi sku bære ha skutt heile hurven, så hadde vi vorr kvitt problemet!" Ja, jaggu er vi ulike som menneske, og takk og lov for det. Eit slikt utsagn som dette vil eg aldri assosieres med, så glad er eg for at eg ikkje er så trangsynt at eg ikkje klarer å tenke lengre enn det.

Temaet er asyl-/flykningestraumen vi har blitt "utsatt" for den siste tida. Det er vel ikkje eit einaste tema som er diskutert meir enn akkurat det på lenge, og diskusjonane viser at det fins både aggresjon og medkjensle blant våre landsmenn. Nokre av oss meir ihuga nasjonalistar enn andre. Noreg for nordmenn.....osv... Det er slett ikkje mangel på superlativer (i negativ grad) når enkelte ytrar seg. Det er rett og slett til å bli sveitt av!

Eg vil påstå at dei som seier vi berre skal skyte heile hurven ikkje er særleg gode menneske. Ja, det er dristig å seie det, men eg meiner det.
Vi har alle våre feil og mangler, og kanskje er det mykje vi må bli betre på......... men å påberope seg retten til å meine at vi kan skyte alle som no rømmer til oss og i tillegg seie det så andre høyrer det..... Eg trur ytringsfriheten er eit "fenomen" som verkeleg blir missoppfatta rundt omkring.
For kluet her er at det er heilt greit å ikkje like at vi tar imot så mange menneske som vi gjer. Det er heilt greit å vere totalt ueinig at dei skal få sette din fot på vår jord og at dei skal halde seg der dei er. Det er faktisk heilt greit å ytre det også. Vi treng ikkje vere einige i alt og uansett om vi meiner det eine eller det andre, ja så må motparten faktisk respektere at andre meiner det totalt motsatte av seg sjølv. Det er inga problem det.
Det er forskjell på å ytre sin ueinigheit i det som skjer og det å gjere seg til herre over liv og daud. Viss ein meiner at det er greit å plaffe ned andre menneske........ Skremmande spør du meg.

Om eg hadde vore leiar ved ei bedrift og samtidig hadde oppdaga at eg hadde tilsette som hadde ei slik haldning, ville eg vurdert oppsigelse. Eg er ganske sikker på at den/dei ikkje hadde komen noko veg i rettssystemet om dei hadde prøvd seg der etterpå.
Hadde EG ytra meg slik ute blant folk, hadde det ikkje tatt lang tid før eg hadde vore suspandert. Det hadde til og med komen i riksavisene. Eg ser for meg overskrifta. Alt berre av di ein vel den utdanninga ein har gjort.
Eg må faktisk passe meg for slike ytringer. (Noko som i utgongspunktet er lettaste sak i verda av di eg ikkje har dei haldningane.) Eg kan risikere at enkelte av dei som kjem over grensa plutseleg skal ha ein kvardag med meg der eg skal vere den dei må forholde seg til kvar dag. Korleis skal dei kunne ha tillitt til meg om eg ytrar slike hat-utsagn. Det er jo nesten eit overgrep i så fall.
Så kvifor skal det vere slik at det er greit at nokre personar kan ytre seg slik (og skjule seg bak ytringsfridomen), medan andre ikkje kan det? Gjeld ikkje den lova på lik linje for alle?

Eg har ikkje sagt eit einaste ord om eg meiner det er greit at så mange kjem hit eller ikkje. Ikkje kan det tolkast ut frå det eg har skrive her heller. Det er faktisk ikkje viktig kva eg meiner. Eg påberoper meg retten til å meine kva eg vil og om eg ønsker å seie det utad eller ikkje. Det einste eg gjer no er at eg angrip dei som er så ytterleggåande og går rundt og sprer ein hatpropaganda gjennom å seie at det er greit å skyte alle. Det er vel det ein kan kalle umodent. Andre ville kanskje sagt usakleg.
Saklegheit er diverre eit gløymt kapittel hos mange.

Det har vore mykje artiklar dei siste dagane om dei som blei tatt av politiet for å køyre asylantar til kyrkjeasyl. Det er ein fin tanke at dei har hatt eit ønske om å hjelpe dei det gjeld, men eg syns ikkje synd på dei for at dei blei tekne og at dei no risikerer bot. Det handlar ikkje om verre enn det å ha respekt for gjeldande lovverk. Dei treng ikkje vere einige i reglane, men så lenge dei gjeld....
Akkurat der har eg eit fint eksempel å vise til..... Då vi innførte mobilforbud ved skulen, var elevane mine kjempeflink til å levere inn mobilane om morgonen. Eg trengte aldri spørre om dei hadde gjort det, dei gjorde det uoppfordra før eg kom inn døra.
Difor sa eg til dei at eg var så glad for at eg slapp "peset" med å mase på dei om mobilane.
Då var det ein elev som svarte så fint: "Det e nødvendigvis ikkje slik at vi lika regelen om at vi ikkje får ha mobil på skola, men vi skjønna ka et regelverk e."  Puh.... Tenk om det var like lett overførbart til samfunnet elles.
Ein kan ikkje ta lova i eigne hender, uansett kor teit vi meiner det er. Politiet må reagere....Det er jobben deira å gjere det. Då nyttar det ikkje at alle stiller seg "rundt" dei som gjorde "noko gale" i sympati med dei. Politiet kan ikkje seie at "joda, vi forstår dere bare vil hjelpe, så det får gå for denne gang." Grensene er satt på førehand, og då er det jo greit?!?
Så kan ein velje å vere ueinig om kva som er greit av reglar og kva som ikkje er det. For gudane skal vite at det fins mange rare reglar her til lands.

Det er diverre ein forferdleg situasjon vår del av verda er hamna i og det er ikkje lett å vite korleis ein skal klare å løyse dei problema som følgjer av det. Sannsynlegvis vil ein aldri få kontroll, uansett kva ein gjer. Så får folk berre vere ueinige om det beste er å yte hjelp "down there" kor krisene regjerer, eller om det beste er å hjelpe dei her heime. Det er i alle fall lite humant å meine at dei skal skytes!

IWALY 
MY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar