søndag 19. august 2012

Pornopung.......

Hahahaha........ No har eg lært meg eit nytt ord. Ikkje eit fint eit sådan, men i alle høve nytt for meg. Pornopung!!! Jaja....... Eg trur kanskje ikkje at denne unge jomfrua skal prøve å definere kva ordet betyr ut frå eige hovud. I alle fall ikkje om ho har tendens til å tenkte akkurat likt som tidlegare. Då veit vi allereie svaret...... (Som dåke skjønner, ho, eg, same greia...... Litt splitta, liksom).

Uansett, her er saka......
Pornopung er tittelen på ein ny film som er laga. Skaparane av filmen har eit stort ønske om at dagens femtenåringar skal få sjå filmen. Difor er det no slik at dei går i dialog med staten for å prøve å få dette til.
Det er eingong slik at vi her til lands har visse krav/begrensningar til aldersgruppe og innhald filmar.
Eg reknar med at pornopung er full av sex, ut frå tittelen, så full at det kan bli hardt å svelgje........

Filmen har eindel eksplisitte sex-scener for ungdom og i og med at det er ein open og ærleg film, bør femtenåringar få sjå den.
Med andre ord ingen film for oss "gamlinga". (Vel, ei ung jomfru som meg har vel litt å lære......).
Dei vil ikkje røpe så mykje, anna enn at det er eindel kjønnsorganar i røyrsle....
Kanskje filmen berre skal ha attenårsgrense???

Vel, eg skreiv at eg hadde lært meg eit nytt ord. Pornopung. Eg veit enno ikkje kva det betyr, så då spørs det om det er heilt legalt å seie at ordet er lært? Vel, lært er det, men forstått??
Porno og pung. To enkle ord. Likevel..... I lag?? Det må jo berre bety noko så enkelt som å bruke pungen til noko som er porno?!! Ingem kjærleik, med andre ord.

"Slik dater du billig og smart"!! I følge VG nett har dei fasiten til korleis du kan date både billeg og smart på ein og same gong.
No er ikkje eg så interessert i å date kven som helst. Ikkje trur eg det vil vere så dyrt å date den eg vil, i alle fall ikkje i pengar...... Likevel. Det er nok av dei som byrjar å bli bra desperate og er villige til kva som helst for å finne supermannen, eller dama for den del. Kanskje ender det opp med ring på fingeren. Det ultimate i livet, liksom. I alle fall om du er heldig og får gjere det med den rette.

Eg har ikkje lest tipsa enno, men eg skal ta og opne saka no. Er du heldig, kan eg kome med nokre gode tips til deg, inspirert av VG. Det siste må jo vere ei ære??

Dei har sjølvsagt kvalitetssikra det heile ved at det er ekspertar som uttalar seg!
Korleis blir ein eigentleg ekspert på temaet? Dater mange, liksom........ Berre for å få erfaringa på dating og "real love"...... For det finnes vel fasitsvar??
Eg lurar no berre. Det er jo alltid ekspertar innanfor kvart einaste felt her i verda.

Ei jente fortel om at ho til ein date fekk beskjed om å pakke for ei heil helg. Ho blei tatt med til eit hotell. Toppsuiten, vin, sjokolade og favorittmaten........ Eg reknar med at det blei ei kostbar helg for mannen som tok ho med.
Gevinsten var jo sjølvsagt at jenta blei kjempesjarmert!!

Eg veit ikkje heilt...... Eg trur kanskje ikkje eg ville ha ønska meg ei slik helg.
Jada, eg lyg litt no..... Det har du nok heilt rett i!! Hahahaha..... Poenget mitt er at eg ikkje ville ha ønska ei slik helg viss målet var at vi skulle bli betre kjent og finne ut om vi har kjemi på andre måtar enn å chatte med kvarandre over nettet.
Eg vil tru at det er lett å gå i fella og bli sjarmert av alt som blir gjort og alt ein får og så hiv ein seg med på ei bølgje som ein eigentleg i utgongspunktet aldri burde ha kasta seg på.
Eg trur eg ville møtt personen nokre gonger først, før eg hadde gått med på ei slik helg.

Skulle eg hatt ei slik helg med den eg elsker, hadde det vore noko anna. Då hadde eg sjølvsagt ikkje sagt nei! Definitivt ikkje!! :=)
Då er jo målet å kose seg med ein som ein allereie veit kor ein har.

Ein perfekt date for meg vil vere berre "oss to" og kjemien........ Om det er ei gamal løe eller eit hotell.... What's the difference.... Omgjevnadane blir ikkje lagt merke til i slike stunder.
Ei lita varm hytte kan vere hundre gonger meir romantisk enn eit luksushotell! I alle fall meir ekte. "Love" kan ikkje kjøpast for pengar.

Hahahahahaha...... Snakk om å halde seg til temaet!! Det var ekspertane som har uttala seg og det var det eg skulle kommentere! Det kan nesten virke som om at det er eg sjølv som er eksperten!! Hmm..... Kvifor har ikkje VG kontakta MEG for gode råd???
Skuffande......
Eg gjekk lei av saka, så det blir ikkje betre heller.


"Ekstremvær stanset sex-scene." Jeezzzes...... Skal seie VG slår til!! Det er ikkje kvar dag dei tar opp saker som omhandlar sex, men når dei først slår til, ja då dynger dei på med eit heilt tonn!!
Eg trur ikkje eg skal lese meir no. Det lille hovudet mitt kan få feile påverknadar.
Eg trur eg må lese litt om korleis ein plantar epletrær og strikker vinterdressar, sånn berre for å tenke på noko anna.
FY VG som avsporar mine søte og små grå. Etter sommerdvalen har dei visst plutseleg vakna til live att. Om det er så bra eller ikkje, skal vere usagt!

Nei, god natt!! Hasta luego!!

IWALY







1 kommentar:

  1. Fjernet visst ein kommentar ved eit uhell...... Fekk ikkje lest den.

    SvarSlett