søndag 28. februar 2010

Hyttehelg!

Så var eg attende i Kjøpsvik. Etter å ha vore borte sidan tysdag kan eg trygt seie "Borte bra, men hjemme best"!! Vi har hatt ei flott uke, men det skal seiast at det er godt å vere heime att. Det blir deilig å liggje i mi eiga seng i natt.

På fredag enda vi Sulis-opphaldet vårt (vel nøgde med det meste) og pakka saman sakene for så å dra på hytta. Det var kanskje litt dumt å bruke så mykje tid i ein bil med tanke på kva vèr det var på fredag...... Sånn blei det no berre.

Hytta var ganske kald, men det gjekk ikkje lange tida før det blei godt og varmt. Etter å ha fyra opp satt vi oss ned og spelte yatzy. Eg må innrømma at det er lenge sidan eg spelte det sist. Det blei ikkje berre med ein runde, nei...... Eg tapte første runden, så då var det naudsynt med ein runde til, minst!!

I heile helga har det vore ganske bra vèr. Det er då ei skam å sitte inne på ei hytte.... So me ikkje gjorde:=) Det var lett å kose seg ute med aking, skigåing og bygging av snøborg. Gjett om det var godt med kvikk-lunsj då vi var ferdige!?!! Eg trur son min kunne spist eit heilt lass om han hadde fått lov.



På kvelden kosa vi oss med ost, kjeks og tibehør medan vi lytta ivrig til radioen (i lag med hyttenaboane)!! Det er sjølvsagt snakk om OL:=)Det var riktig så spanande....spesielt mot slutten. Kommentatorane ropte JA så høgt og så mange gonger at det virka som om det var rett før ein orgasme kom på direkten........ for så å gå over i skuffelsens NEI! I det augneblikket tykte eg faktisk det var eit betre alternativ å høyre på radio enn å følgje det heile med augene på tv. Jaja, det blei "berre" sølv.

I dag som dei to andre dagane har det vore knallvèr. I stadenfor å dra rett heim i dag, fann vi ut at vi måtte stoppe ein tur på Ulsvågsskaret. Det er berre eit ord å seie om det...Nydeleg!!! Det var så fint i solskinnet og det var så flott å gå på ski. Forholda var veldig bra!!
Når ein nærmar seg seks år har ein heller ikkje rukke å bli redd i utforbakkane...... Så det er gøy å sjå på når han renner rett ned og faktisk held seg på fotane. Kult!


Så alt i alt..... ei fin helg! :=)

No nærmar det seg leggetid og det er på tide å innstilla seg sjølv på at det er tidleg opp og på arbeid att i morgon. Så håper eg at alle elevane har kosa seg i ferien.....Det har nemleg eg!!

Hasta luego!

You're still the one I want....


torsdag 25. februar 2010

Fantastisk!!

For ein dag!! Minus åtte grader, sol, vindstille og fine bakkeforhold....... Kan det bli betre?? Ikkje minst det at Steffen har fått hatt ein storveis dag har gjort sitt til at eg er glad vi valgte å dra hit. Han er verkelg tøff i bakken!
Først stod vi ei stund på slalomski. Etter å ha knøvla litt i storheisen fann vi ut at det beste ville vere å ta barneheisen og heller renne på ski der. Eg og Einar bytta på å vere ilag med Steffen slik at vi og kunne få prøve oss litt i storbakken:=) Etter ei stund ville eldste- og yngstemann gå over til langrenski og aking......medan eg valgte å fortsette å stå slalom.
På grunn av at eg var i ei litt stygg slalomulykke i slutten av tenåra (der både ski og staver blei herpa), er det ei stund sidan eg sist stod slalom. Derfor var det med litt skepsis eg satte utfor bakken. Det viste seg at det ikkje var så mykje å grue seg til. Det gjekk berre godt!
Det var likevel godt å få av seg slalomskoa då eg var ferdig med renninga...... Slalomsko sitter jo ganske stramt på foten, og med tanke på at føtene mine er uvante til slike sko, så kjentes det godt.

I dag har Einar klart å gå rundt på hovudet i tillegg til å lande på rygg. Hehe........Må no flire, men trur ikkje han syns det var spesielt gøy:=) Ganske bra å klare det med sånne ski på beina! Det er jo vansklegare å falle enn å helde seg på beina.....

Sidan det var første gong Steffen stod slalom, festa eg barneseler på han. Han kunne sette rett utfor og vite at eg kontrollerte farta hans nokre meter bakom. Ein fin ting..... I tillegg kunne eg trekke i selen slik at han svinga slik eg ville. Gøy!!
På slutten valgte han å stå på langrennski. Der er han nok tøffare enn mor si!! Ingen tvil om det. Han stiller seg berre på toppen av bakken og så setter han rett utfor til han kommer ned. Det beste er at han kommer seg heilt ned ståandes. Eg må berre sørge for at han lærer seg å holde stavane bakover uten at han må bli minna på det kvar gong..... Einar kosa seg med snøbrett uten å ha særleg kontroll over det!

No sit vi her på rommet og har nettopp spelt stigespelet. Om litt skal vi opp og ete middag, og eg lurer spent på kva det er vi får servert i dag.
Ellers har bassenget vore under utbetring. No snart opnar det att og difor skal vi ta oss ein tur dit i kveld. Det blir gøy for minstemann som allereie har snudd døgeret og syns det høyres flott ut å bade på kvelden.
Det er klart han på lik linje med oss andre må få følge med på OL. Han har jo ein favoritt i Petter Northug og då kan vi ikkje la staffetten gå ifrå han:=) Han blei litt skuffa over at det "berre" blei sølv, men Petter var jo god, då!! Klokka blir fort elleve før det er ein liten kar som sover.Heldigvis er det sånn at dersom han legg seg seint, så sover han lengre på morgonkvisten. Takk for det!! Ville vore ille om han ville stå opp halv åtte i ferien..... Nei, vi vekker han halv ti no når han er så lenge oppe. Har ein ferie så har ein ferie!!

I måro bere det heim på hytta..... Vi skal berre ha oss ein liten stopp på Fauske først. Etter å ha opplevd kuldegrader av stor grad første dagen vi var her oppdaga vi fort at det må investerast i skikkelege skivantar til Steffen!! Vi må berre innsjå at det fins ei verd utafor Kjøpsvik også og at det klimaet vi har der ikkje kan vere retningsgjevande for utstyr vi investerer i.

Alt i alt ein kjempefin dag!!!!! <3
Hasta luego!!

tirsdag 23. februar 2010

Sulis....

Ja, så satt eg her på eit hotell i Sulis...... Vi skulle jo eigentleg vere med bror min og resten av familien til Arjeplog. Lukka var ikkje på vår side så vi var akkurat for seint ute til å få hytte. Blei litt skuffa sidan vi blei så gira på å dra. Heilt fram til i går kveld håpa vi at telefonen skulle ringe og seie at nokon hadde tinga av reisa si og at vi kunne kome. Slik blei det ikkje.......

Det einaste som var sikkert var at ein eller annan stad ville vi dra!!!



Vi kunne sjølvsagt ha vore på hytta ei heil veke, men lysta var rett og slett ikkje til stades. Når det heiter vinterferie, så skal det minnast om vinterferie!!! Trur ikkje at det hadde blitt store vinteraktivitetane på oss der. I beste fall ville det blitt maks to turer på Ulvsvågsskaret.... Jaja, no sit vi no her i Sulis.

Vi var redd det skulle vere vanskeleg å få ledig overnatting sidan vi var ute i siste liten. Min betre halvdel ringte til Sulis i går, og joda, det var ledig. Endeleg ein plan!! :=) Det var berre å hive seg rundt i pakkinga. Trur kanskje vi skulle ha hatt eit kurs i pakking...... Tysdag til fredag blir etter mitt hovud tre overnattinger. Trur kanskje eg har pakka for åtte!! Men, men...betre med for mykje enn for lite.

Oppe blant dei små grå, som eg i alle høve trur eg har, har det av ein eller annan grunn satt seg ei førestiling om korleis Sulitjelma ser ut. Vel, eg var ikkje i nærleiken. Både høgdeforskjellen til havet og utsjånaden er heilt anna enn eg trudde før eg kom hit. Veit ikkje heilt kor eg har fått ideane mine frå!??!
Her er ikkje så mange alternativ til overnatting, men hotell har dei. Vi bur faktisk i etasje minus 2!!! Jepp, riktig. Her går alle etasjane nedover. Minus to, minus tre...... Det er kun ein etasje over oss, og det er konferanseavdelinga. Litt merkeleg, men eigentleg ganske "up to date" når ein tenker på kor vi er. Det er jo trass alt eit gammalt gruvesamfunn vi har komen til.

Om eg ikkje tar heilt feil er det Skagen hotell som eig dette hotellet også. Hotellet er i og for seg ganske bra, men det trengs kanskje eindel oppussing for å nå standaren til dei nyaste hotella. Det er litt småplukk her og der, men alt i alt blir nok dette eit flott opphald som kan rekomanderast vidare.
Romma har eige bad, tv, Internett, arbeidsplass osv.... Stort sett alt som dei fleste krever. Ellers er det mogleg å få spa-behandlinger i tillegg til basseng og utendørs badestampar.
Det som er spesielt for akkurat dette hotellet er at sikkert minst 80% av dei som overnattar her er på konferanse. Av den grunn har dei vel ikkje alle tilbod på blant anna matsida som i ein by for eksempel av den enkle grunn at det som regel er bestilt "ein heil pakke" av dei som er på konferanse. Det gjer i utganspunktet ingenting for oss. Vi liker godt (til no) den maten som er blitt servert. Ein et også ubegrensa....

No vises det fotballkamp i baren til stor glede for ein av oss tre. Det er eigentleg ein liten kar til som har veldig lyst til å sjå, men klokka er nok for mykje.
Eg skal ikkje gjere så mykje meir enn å sjå "Frustrerte fruer" før eg kryper under ei (forhåpentlegvis) varm og god dyne. Eg gler meg til morgondagen....

Frokost klokka åtte, sånn sirka....... Kjenner eg meg sjølv rett blir ho nok halv ni:=) Så er det å kose seg ei lita stund før vi skal sjekke ut alpinanlegget og skiløypene. Det blir gøy!!! Kvikklunsj, appelsin og kakao ligger klart for avgang. Deilig:=) Etter ein laaaang dag i løypene blir det godt med middagsbufèt og ein liten tur i stampen! Eg skal alt anna enn klage.

Eg har eit sterkt ønske om at dei neste dagane skal bli fine. Akkurat no er det langt over minus 20 grader ut. Litt i overkant av kor kaldt eg vil ha det. Regner med at det er varmare på dagtid.

Så god natt og god vinterferie!!! Heime om ikkje så lenge.....

There will never be anybody......

Hasta luego!! :=)

fredag 19. februar 2010

We don't smoke the shit, we just sell it.

Det finnest vel ikkje eit utsagn som passer betre enn denne! Utsagnet kjem frå tobakksindustrien. Ein kan vel trygt seie at denne industrien er den mest kyniske verksemda i verda. Halvparten av røykarane som døyr, døyr av røykrelaterte sjukdommar. Det einaste argumentet eigarane av tobakksindustrien kan kome med er at dei har eit ønske om å tene seg styrtrike. Ikkje å forakte det......men til kva pris??

Ein toppleiar i industrien har sagt at dei overlet røykinga til dei unge, dei svarte, dei fattige og dei dumme. Det seier litt om den kyniske haldninga. I tillegg er det born heilt ned i femårsalderen som er med på å produsere skiten.
Ved å røyke støtter ein industrien som bidrar til store internasjonale problemer. Ved ikkje å røyke bidrar ein i kampen mot avskoging, forureining og bornearbeid. Kvifor er det då likevel så mange som vel det første alternativet?? Uvitenskap?? Neppe.... I dag er dei fleste ganske så opplyste om temaet. Dei som allereie har røyka nesten 20 år kan vel eigentleg ikkje lastast.. Dei var vel avhengige lenge før følgene av røyking kom for fullt. Det er vel ingen tvil om at det er vanskeleg å slutte å røyke etter mange år. Det ligger nok ein ganske stor psykisk kamp med seg sjølv bak ein person som klarer å slutte å røyke. Fleire og fleire klarer det!! :=)

I 1975 feira dei at eg blei født med at dei innførte ei lov i Noreg som gjorde det forbode å reklamere for tobakk. Tobakkskadeloven har etterkvart berre blitt strengare og strengare. Eg trur eg har dekning for det når eg påstår at det er langt færre som røyker i dag enn for eindel år sidan. Det skuldast vel eigentleg fleire ting, men hovudårsakane er nok dei omfattande antikampanjane som har vore og at produkta er merka med fare. For oss ikkje-røykarar er utviklinga kjempemessig!!

Tobakksindustrien har lenge benekta at det er nokon samanheng mellom røyking og blant anna kreft. Sjølv om akkurat det har vore beviseleg.... Dei øverste leiarane sverga til og med på at folk ikkje kunne bli avhengig av nikotin. Hyklarar...... Det er minst like avhengighetsskapande som er heroin!
No har dei innrømma alt og at dei også har auka innholdet som skaper avhengighet.

Kynismen kommer godt fram i påstanden dei kom med då dei sa at det eigentleg var greit å ha ein grunn til å døy av. I enkelte land er det ei overbefolkning. Då kjem "røykedauden" godt med. Helsevesenet sparer jo pengar på at dei ikkje trenger å pleie så mange sidan så mange døyr. Hallo!?!

Så er vi no komen fram til det stadiet at dei fleste veit kor farleg det er å røyke. Færre å færre røyker.... For kvar røykar som slutter å røyke taper industrien penger. Så no når den vestlege verda minkar forbruket sitt, må tobakksindustrien finne seg nye salgsmarkeder. Kynismen ender ikkje no berre av di folk byrjer å vakne. Det er på tide å finne nye og uvitande ofre.
Afrika vil nok passe perfekt. Mange fattige og lettlurte som ende opp med å bli avhengig der.
Ikkje er det forbud mot reklame, det er meir korrupt som gjer at industrien kan kjøpe seg "makt" og ikkje minst er det uvitenskap.

Korleis skal dei klare å byggje opp markedet i Afrika? Det er jo viden kjent at det er ein verdensdel som er prega av fattigdom og elende....... Det er nettopp det. Dei skal ikkje tene så mykje på det til å byrje med. Dei vil sjølvsagt først sørge for at dei skaper avhengighet før dei kan byrje å lese på tall som er av anna farge enn raude. Det har ingenting å seie at folka er fattige. Dersom dei klarer å gjere dei avhengig av røyk, vil dei oppnå at dei svake vil gjere nesten kva som helst for å få tak i tobakk. Dei må då finne seg metodar for å skaffe seg pengar. Korleis klarer dei det dei som knapt har nok pengar til mat? Dei som sender femåringane sine ut i arbeid for å få det til å gå rundt.....
Kva følgjer vil denne utviklinga få for utviklingslanda som enno ligg "milevis" bak oss i utviklinga? Eg er stygt redd for at ein av konsekvensane blir auka kriminalitet! Fleire vil utføre lovbrot for å skaffe seg pengar. Det blir meir utrygt å ferdast ute. Problema vil hope seg opp i mengder. Landa vil få mykje meir å ta tak i enn det å ha fokus på å komme seg ut av u-landsknipa.
Det eg eigentleg prøver å seie er at den kyniske tobakksindustriens inntog i u-landa vil få kjempestore ringverknadar. Stort sett berre negative.... Kvifor?? For å tilfredsstille enkeltes behov for å fortsette å vere styrtrik!! Eg trur eg blir kvalm......

Alle mennesker er født egosentriske, men ein stad går grensa! Den vestlege verda røyker mindre, og takk for det, men vår positive trend slår motsatt ut for dei som lever i den andre delen av verda. Kven skal vi eigentleg prøve å skjerme då???? Vi lever i ei sjuk verd. Det er eg overbevist om. Kor vil galskapen ende?

"We don't smoke this shit, we just sell it".

lørdag 13. februar 2010

Dødsstraff?

For tida held eg på med eit emne med elevane som går på ut på å skrive argumenterande tekstar. Eit av poenga med det er at ein ikkje skal vere subjektiv. Med enklare ord betyr det å ikkje berre så ei sak frå ei side. Det fins som regel både for- og motargumenter i ei sak. Til no har vi oppdaga at enkelte tema kan føre til problem på akkurat det området. Eg har ikkje tenkt å ramse opp ei liste med slike tema, men eg skal ta for meg eit aktuelt og vanskeleg tema som kalles dødsstraff......

På mandag, medan eg stod og forklarte elevane om emnet, fekk eg plutseleg spørsmål frå ein elev om kva eg meiner om dødsstraff. Han kunne vel eigentleg ikkje spurt meg om noko vansklegare. Om eg går ein runde med meg sjølv i håp om at eg skal ta eit eintydig standpunkt i saka, må eg ærleg innrømme at det meistrar eg ikkje. Tru meg.....eg har prøvd.
Dobbeltmoral har vel aldri vore særleg bra i dei aller fleste tilfella ein møter. I dette emnet går etikk og moral ikkje hundre prosent overeins med mitt hovud.

På den eine sida er eg så totalt imot dødsstraff som det går an å vere.... Så plutseleg kan det dukke opp saker som gjer at eg enkelte gonger ønsker at det skulle ha vore dødsstraff, også i vårt eige land. Eg har fleire gonger tatt meg i å ønske mennesker daud. Kva seier det om meg?? Håper det berre betyr at eg er menneskeleg.... Eg satser på at det er vanleg for majoriteten av menneska.

Ein elev drøfter i disse dagar temaet "Strengere straffer". Han meiner då at dersom ein mann drep eit menneske, så skal straffen (evnt. dødsstraff) avgjerast ut ifrå kor ille drapet har vore. I og for seg eit greit argument det.... Likevel kjøper eg det ikkje heilt.
Kva med dei som sit att? Saknet etter ein person blir ikkje større om han har blitt tatt av dage på den eine eller den andre måten. Mange av dei etterlatne ønsker nok drapsmannen daud uansett korleis drapet blei utført, berre det var med vilje. Kven skal avgjere kor grensa skal gå?

Eg trur uansett ein må ta stilling til om ein skal ha denne forma for straff eller ikkje! Ein må ta eit standpunkt og stå for det. Så får ein heller velge å tenke som ein vil om noko skulle skje.
Ein må ta eit standpunkt på eit generelt grunnlag....... Då veit eg kva veg eg heller.
Eg er jo i utganspunktet imot at menneske skal straffast med dauden. Skulle verda hatt ei folkerøysting om det, ville eg glatt ha svara nei, vi skal ikkje ha denne forma for straff nokon som helst stad.

Sjølv om det svaret ville vore enkelt å levere frå seg, stemmer det nok ikkje heilt med det den verkelege meg ønsker. Enkelte mennesker er så grusomme at dei aldri skulle ha blitt født. Av og til kjenner eg håra reiser seg og eg får frysninger med tanke på ting som er skjedd ulike stader. Om ein får sjå bileter i tillegg er det ikkje måte på kva eg tenker om gjerningsmannen. Då går det meste på tvers av kva eg eigentleg innerst meiner.

Det er både etisk og moralsk galt å ta livet av eit anna menneske, sjølv om det er skjedd grufulle ting. Om ein lar denne straffa vere lovleg, er ein ikkje noko betre sjølv enn den som blir straffa. Å vere ein drapsmann inneberer at ein har frarøva ein person livet. Med kva rett kan andre avgjere at det er greit å straffe nokon med å gjere akkurat det? Kva med familien til den som blir"henretta"? Sit ikkje dei att med same sorgen som familien til den som er offeret for handlingane?
Ei slik sak har veldig mange perspektiv og innbefatter så mykje. Eg ønsker at det ikkje skal vere lov å straffe folk med dauden, men eg vil i same høve poengtere at eg ønsker strengere straff for dei som utfører slike handlinger!
Ein må nesten ha ei meining..... Skal ein tenke etikk og moral eller ikkje?? Kor går grensa for kva saker ein skal gjere det i eller ikkje??

lørdag 6. februar 2010

I don't wanna be a superman.....

Det blei han dog ikkje, og takk for det. Med sin spede stemme entra han scenen i dongeribukse og t-skjorte. Greit nok at det er skjedd endringer i samfunnet og at det meste kan tolkast som mote, men hallo!!?? Ein stad går grensa. Det er å trekkje det litt for langt når ein stiller i eit slikt antrekk på scenen i eit grand prix show. Han blei heldigvis ingen "superman". Var litt nervøs då han gjekk til superfinalen.......

Ikkje for å virke snobbete, men enkelte typer musikk har ingenting i eit slikt program å gjere. Heller ikkje for å vere ekkel med dei som digger den harde musikken.......men sjølv om programmet har endra seg drastisk i løpet av åra og det skal seiast at det er veldig stor variasjonsbreidde i innslaga, så var vel også det at nr 8 var med eit stunt som ikkje var så bra.
Allereie før superfinalistane blei lest opp skjønna eg at dei kom til å bli ein av dei fire. Det ville ha endt med ei flause for oss internasjonalt. (Mi meining vel å vite).....

Jaja....Eg fekk 2 av 3 rette av dei andre. Trudde Arredondo skulle gå vidare til superfinalen, men den plassen "stjal" Muri. (Det er det han heiter??).
Uansett......rettferda skjedde fyllest. Ingen av dei to innslaga eg ikkje likte vann. Noreg tok til vett og sendte ein av dei to favorittane vidare. Det var ikkje kven som helst. Didrik hadde ein kjempefin song. Ikkje berre det heller.... Han song med ein sånn følsom stemme at eg fekk frysningar. Med ei slik innleving trur eg det er mange kvinnehjarter rundt om i landet som ser for seg at han god til fleire ting......hehehe.... Fin er han og.

Var ei stund redd for at eg kom til å skippe årets internasjonale show på Telenor Arena. No kan det hende, om ikkje andre planar dukkar opp, at eg faktisk får lyst til å sjå kor reisa hans ender.

Because my heart is yours....I'll never leave you.
And though we're far apart.........

onsdag 3. februar 2010

Dagens sitat.

Det er vitenskapeleg prova (bevist) at ein kan tilfredstille ei kvinne med berre 8,5 cm!!!

.......................
.............
.....
Det spiller ingen rolle om kortet heiter Visa eller Mastercard.......:=)