mandag 29. april 2013

Morgongretne gubbar!! Hahaha......... Jepp, dei fins dei også! That´s real life. :=)
I går nemnte eg at det var synd i dei mannfolka som har sure, gretne kjerringer om morgonen. Ergo la eg sjølvsagt opp til at følgande kommentar måtte kome : Ka med mårragretne mainnfolk??
Den kom i føremiddag og ergo må den sjølvsagt kommenterast her!

JA, det fins morgongretne mannfolk. Ingen tvil om det. Det fins maaaaange humørsjuke menn i dette lange landet vi bur i. Like mange som det er menn som ikkje er det.
Så då kan eg jo seie stakkars dei kvinnfolka som har morgongretne gubbar!! Hahaha.........Med mindre dei finn det litt sjarmerande, det med at gubbane er litt gretne.
Det er kanskje berre å avvepne dei med eit lite smil?? Eller...?
Kva mann er det som kan sjå inn i eit smil og fortsatt vere sur? Dådyrauge kan gje kva som helst mannfolk sårleg samvit.

Eg veit ikkje kva som er verst. Å ha ei morgongretten kjerring eller ein morgongretten gubbe. Og gud betre meg om dei er morgongretne begge to! Hahahaha........ Då kunne det vore gøy å vere floge på veggen der.

Det verste er at mange er ilag år etter år og klarer likevel å krangle på morgonkvisten. Ganske teit, sånn eigentleg, med tanke på at dei etterkvart bør kjenne kvarandre såpass godt at ein veit kva som tirrar den andre og ikkje.
Om ein veit at ein har ei morgongretten kjerring......ja, då bør ein vel gå stille i dørane til ho har fått tid på seg til å "finne seg sjølv" og det same gjeld sjølvsagt andre vegen også.
Ein mannsalder ilag, men å lære kvarandre å kjenne?? DET er vanskeleg det!!!???!

Er gubben morgongretten, er det berre å stryke han på "rette staden" og så er alt gløymt. Er derimot kjerringa morgongretten og gubben stryker ho på "rette staden", ja då kan han forvente ein eksplosjon av dei store!
To kjønn av same art, men dog så ulike likevel! Hahahaha........... :=)

(U)frivillig sex hjemme. Flest blir voldtatt hjemme, når blir sex overgrep? Som regel er det overfallsvaldtekter på open gate det snakkes om når vi snakkar om valdtekter. Kanskje ikkje så rart, i og med at det er nett det som kjem fram i media og difor er det som blir diskutert mest.
Likevel er det flest valdtekter som skjer i heimen. Valdtekter som bir utført av ein du kjenner.

Det er denne samanhengen det vanskelege spørsmålet dukkar opp. Kva tid går det over frå å vere lovleg sex til å vere ulovleg overgrep?  Eit spørsmål som kanskje ikkje er så lett å svare på.
Enkelte saker er sjølvsagt heile klåre, men det fins nok også saker som er litt i grenselandet. Kor går eigentleg denne grensa?

Om ein skal ha sex ilag, bør det vere entusiastisk samtykke. Begge vegar. Så den diskutable gråsona dukkar nok allereie opp der om det ikkje er tilfelle.
Kanskje ikkje ein valdtekt, men eine parten kan nok oppfatte det som ei krenking av seg sjølv som person.
For å skildre litt tydlegare kva eg meiner, kan eg seie som så at dersom du maser deg til eit samtykke, tja.......då er det vel strengt tatt ikkje eit samtykke?!
Er personen i tillegg full, så full at det er vanskeleg å sette grenser......Ja, då grenser det vel til å bli overgrep. Samtykker er der kanskje, men dog ikkje heilt entusiastisk.

Sex bør vere noko fint som to menneske deler med kvarandre. Då bør det ikkje vere av plikt. Entusiasme trenger ikkje å vere uttalte ord. Veldig ofte talar kroppsspråket for deg.
Stoppar entusiasmen hos partnaren, ja då er det kanskje på tide å stoppe sjølv også.

Hovudessensen ligg nok i spørsmålet "Nok motstand?" Kva tid kan ein snakke om at det er nok motstand til at partnaren skal skjønne at nok er nok?
Skal ein måtte gjere fysisk motstand for at partnaren skal skjønne at "han"må stoppe?
Eventuelt kor mykje og kor lenge........

Svaret på desse spørsmåla seier vel seg sjølv?! Dei er enkle å svare på, eller burde i alle høve vere det.
Svaret bør sjølvsagt vere at uansett motstand, kva tid som helst..............
Det er faktisk slik at ingen har rett på eit anna menneske sin kropp. Det er ein menneskerett å bestemme over eigen kropp! Lik det eller ikkje.

Så ut frå dette burde det vel la seg gjere å tolke kva tid det er overgrep og ikkje. Likevel vil det nok vere fleire som vil protestrere høglytt på dette.
Det er mange menn som maser seg til sex. Etter litt "press" gjer kjerringa etter og har sex. "Frivillig". Mange menn vil ikkje sjå på det som overgrep, men ein kan spørre seg sjølv om det er bra å gjere slikt.
Viss kjerringa i utgongspunktet ikkje vil ha sex, er det vel ikkje heilt bra om ein maser og maser for å få viljen sin. Overgrip eller ikkje........... Pliktsex trur eg det er masse av.

Det er ikkje mykje tid att av denne kvelden så eg skal slutte av for denne gong.
Ha ein fortsatt fin kveld!

Hasta mañana!

IWALY!!





søndag 28. april 2013

Bikinien som gir sprettrumpe. Joda, men no er eg ikkje så veldig inne på det med sprettrompe eller ikkje. Sånn heilt ærleg, så veit eg eigentleg ikkje korleis ei sprettrompe ser ut.
Eg kan sikkert tenke meg til ret svar, for det er sikkert logisk, men eg bryr meg berre ikkje.
Eg har aldri hatt som mål å få sprettrompe. Eg får klare meg med den eg har og er ikkje den god nok, så synd for den som syns det, liksom...... Take me as I am!

Tiger overrasket kvinne på do. Ja, det måtte vel vere ei kvinne...... For det første så ville eg sørga for å ha ein do som var så pass privat at det ikkje var mogleg for ein tiger å ta seg eit lite besøk. Eit besøk inn på det aller heilagaste.
Eg veit no ikkje heilt kva eg ville tenkt om eg plutseleg fekk ein tiger inn på besøk om eg sat der halvnaken og klar til tørk.
Litt dårleg "timing" i alle fall!! Eller.......
Kva gjer ein? Blir ein verande, eller spring ein avgarde med rompa bar? Kanskje er ikkje tigeren så lysten på ei skitrompe?
I really don´t know and I don´t want to know either......

Miriam svelget diamant til 30 000. Jaja, 30 000 er jo ikkje så svimlande høgt at det gjer noko! Det er vel fleire i dette landet som har ein så eksklusiv diamant?
Hadde det no vore ein diamant til 150 000, ja då hadde vel eg også reagert, men då hadde ein vel måtta vore kjerringa til Røkke (og det traktar eg ikkje etter).
Ellers er det jo ein kjempesmat idè...Svelgje ein diamant. Kvifor har eg ikkje komen på det sånn heilt av meg sjølv?

Derfor er du morragretten. Hmm.... Skal menna endeleg få svaret på dette store spørsmålet som dei har undra seg over sidan tidas morgon? Hahahahaha....... (Eg trur eigentleg ikkje at eg er særleg morgongretten. Eg er mest berre trøytt!)

Det er hormonene som tar kontrollen. Næh, går det an då? Hmm....Den var ny! Kva då med dei som er veldig blide morgon etter morgon? Er dei hormonfrie? :=)

Kortisol er svaret! Kortisol.....stresshormon. Så om du har ei superbisk kjerring på morgonkvisten, så er det berre å smile og fortelle kor glad du er i ho (i håp om at ho lar seg avvepne). Resultatet er sikkert at ho eksploderer meir enn kva godt er, men som mann skal du jo ikkje vite det på førehand.
Kvinnfolk er lette vesen å forstå seg på!! Hahaha....... (Eg syns eigentleg litt synd på menn!)

Gjengleder fikk fem barn med fire fengselsvakter. Hahahaha.......Godt gjort! Fem born med fire er ikkje så suverent bra i dagens samfunn. Det er sikkert fleire som har det, men med fengselsvakter??
Eg tenker at dette må vere ein mann som verkeleg har fått servert guds nådegåve når det gjeld å prate. Han må rett og slett vere eit unikum når det kjem til å snakke seg til ting.
Å klare kunsten det er å sjarmere heile fire fengselsvakter er ikkje lite, spør du meg.......... Så kan ein jo også tenke sitt om dei det gjeld også.......

Jaja, godt at det er seint på kveld. Då kan eg tusle meg i seng og drøyme om mi eiga sprettrompe og planlegge ritualet for korleis dei andre skal få svi gjennom min morgongretne adferd. Hahaha........ Tenk om det hadde vore slik..... at eg kunne pesa nokon kvar einaste morgon. Så "heldig" er eg heldigvis ikkje ´! :=)

Nei, ha ein fortsatt fin kveld og sov godt!!
Hasta mañana!

IWALY!!!

lørdag 27. april 2013

Nasjonalsymbolet...........

Det norske flagget.......... skaper diskusjonar så til dei grader i desse dagar. Kanskje naturleg, vil mange tenke, med tanke på at det straks er 17.mai-feiring rundt hjørne. Mange kaller dagen for bornas dag. Også mange av dei som skaper storm i desse dagar. Storm av di dei har lest ein artikkel som for det første er skriven av "nynazistar" (i alle fall er nettstaden den stammer frå forbunden med nynazisme). For det andre inneheld artikkelen store feil. Antakelegvis bevisste feil frå avsendarane, nettopp for å spre harme blant det norske folket.

"Eg er ikkje rasist, men......." er kanskje den setningen eg las oftast i går. Eg var nok ikkje så mykje på nettet i går, men dei gongane eg var innom og sjekka, såg eg nye innslag med det same innhaldet.
Nei...... Vi er kanskje ikkje rasistar, men kanskje vi har eit snev av trangsynskap?? Eg berre undrar......

Joda, nasjonalfølelsen er stor den hos dei fleste nordmenn, inkludert meg sjølv. Eg skal ikkje nekte for det. Fleire gonger opp gjennom tidene har eg tenkt at det fins ikkje finare flagg enn det norske.
På sjølve nasjonaldagen nyt eg å sjå at flagget vaiar i "vinden" og blir gjerne litt stolt. Det fine flagget som symboliserer det flotte landet vi bur i. Jo fleire flagg, jo flottare........

Vi veit "alle" kvifor nett denne dagen feires. Dagen som verkeleg bør bety noko for det norske folk. Dagen som peiker attende på kva forfedrane har gjort for oss som lev her i dag.
Difor er det også "sterkt" å sjå flagget overalt på ein slik dag.

Så kjem det som skapar stor diskusjonar i desse dagar. Det som får store deler av folket til å seie at dei ikkje er rasistiske og gjerne slenge på at dei er alt anna enn det og at rasisme er noko av det dei skyr mest.
Men.........kvifor seier dei at dei ikkje er rasistar? Kvifor føler dei at dei må seie at dei ikkje er det berre av di dei har ytra at dei er imot andre flagg her til lands på nasjonaldagen.
Vi har ytringsfridom så det monner, så på ein måte kan vi menine kva som helst utan at det har så stor betydning.
Det er jo noko som ikkje heilt stemmer når ein ytrer seg og i det same treng å rettferdiggjere det ein har sagt. Då må det jo vere av di dei skjønner at dette kan oppfattast som rasistisk og er redd for å bli sett på som ein rasist.
Sjølv trur eg at det er dei ferraste som er rasistar, men eg meiner at mange er ganske trangsynte.
Eg skjønner godt at dei ønsker å sjå flest mogleg norske flagg på nasjonaldagen og aller helst berre det.
Likevel, det er ein del moment som ikkje kjem med i diskusjonen. Og det er faktisk ein heil del vi ikkje tenker over når vi er så suverene og krever det vi gjer.
Eg seier vi, men strengt tatt er kanskje ikkje eg sjølv ein del av dette "viét", for eg er berre delvis einig i mykje av det som blir sagt.

Det som gjorde et store utslaget i går, var at ein nettstad skreiv at det er ein skule som har søkt om å få slippe å bruke det norske flagget på 17.mai. At det norske flagget ikkje skulle vere ein del av skuletoget deira.
Akkurat det kan eg skjønne at folk reagerer på. For det ville vore heilt feil, dersom det hadde vore tilfelle.
Det er berre så trasig at det ikkje medfører riktigheit. Eller.......Det er jo sjølvsagt bra at det ikkje medfører riktigheit, men det er trasig at det er blitt framstilt slik. For det er slett ikkje slik saka i utgongspunktet er.

No sit ikkje eg på all kunnskapen som gjeld denne saka, men eg har skjønna såpass at det er snakk om ein skule der det er ein stor andel minoritetar. Desse elevane skal alle saman bruke det norske flagget. Det er berre det at når dei skal lage eigne papirflagg til 17.mai, så har dei søkt om å få ha det norske flagget på eine sida og sitt eige flagg på baksida.
På den måten viser dei respekt for landet dei bur i, samtidig at dei får fram kor dei kjem ifrå.

Så kan ein jo ut frå ein "liten" ting som dette, skjønne at det kan føre til eit hav av kommentarar.
Min reaskjon på det heile kom som ein følge av at ein Frp-politikar offentleg gjekk og sa at dei siste nasjonaldagane hadde for ho vore øydelagde av di ho hadde sett andre flagg. Noko eg meiner er å trekke det litt langt.

Skal det vere slik at der forbode å bruke anna flagg? For det er jo prøvd å få det gjennom i Oslo, men Fabian Stang har stått i mot.....
Mange meiner altså at bornas dag skal vere ein dag der politiet er ute og leitar etter folk som bryt denne lova. Ein fredens dag som kan bli alt anna enn det.
Borna kan risikere å sjå ein av venene sine bli innblanda i ei slik sak. Kva gjer det med desse borna? Kanskje ikkje så viktig?
Kva med analfabetane? Det er mange av flyktningane og asylantane som er analfabetar. Dei kan knapt nok stave sitt eig namn.
Det er slett ikkje sikkert at dei vil skjønne eit slikt forbod. Eg ser for meg at dei kan bli rimeleg redd om politiet grip inn og gjer eit nummer ut av at dei har eit flagg i handa som tilfeldigvis ikkje har rett farge.
Med mindre det er slik at vi forventar at heile verda skal kjenne til historia vår?! Er det slik?? Forventar vi at alle veit at Noreg sin nasjonaldag er 17.mai og kvifor vi feirer den.

Sjølv har eg hatt med meg det norske flagget ved eit par høve til utlandet. Det har aldri vore eit menneske som har ytra negativt om det. Dei spør berre "Er du norsk?"

Kva om vi snur litt på flisa og tenker at dette er menneske som vil vise sin sympati med oss og vise at dei syns at Noreg er eit bra land?
Det er jo ikkje slik at alle invandrarane brukar eige flagg på 17.mai. Mange av dei bruker det norske av respekt for det norske folk. Det er ikkje eit stort problem at gatene fylles med andre flagg. Sjølv ikkje i Oslo. I alle høve ikkje når ein ser folketoget på tv. Det er då vitterleg det norske flagget det bugnar over av? Eller tar eg heilt feil. Kanskje augene mine ikkje er heilt på stasjon.

Joda, alle må få meine kva dei vil om temaet, heilt klart. Likevel, eg syns det er å gå vel langt om ein påstår at heile dagen er øydelagt pga det.
Kanskje er det faktisk slik at dei som brukar anna flagg ønsker å vise kor dei kjem ifrå og deltar i feiringa med nett det flagget for å vise at dei støttar det denne dagen står for.
Nasjonaldagen er meir for meg enn det eg kan sjå med mitt blotte auge.
Tenk berre på alle kvinnene rundt om i verda som blir undertrykte. Dei ser til Noreg og ønsker at dei kunne ha hatt same ytringsfridom og like rettigheiter som menna.
Det landet vårt har kjempa fram sidan Grunnlova blei underskriven, er ganske sikkert mange av verdas menneske rimeleg misunneleg på, spesielt med tanke på kvinnfolk.

Vi kan gjerne diskutere oss gul og blå på temaet flagg i forhold til nasjonaldagen. Kva då med alle dei nordmenna som gjer "blanke" i heile dagen?
Det er mange heilnorske som ikkje kan teksten til nasjonalsongen eingong. Kor flaut er ikkje det?
Kor flaut er det ikkje at veldig mange ikkje bryr seg om "alt hva fedrene har kjempet, mødrene har gret....".
I mange samfunnssamanhengar kjem det tydeleg fram at det ikkje er så nøye.

Joda, flagget er viktig,men det er jaggu meg alt det andre også!!
Det er greit å ligge i bakfylla, heile dagen, for det er berre ein "fridag" for mange.
Det er mange ting å sette fingrane i når det kjem til nasjonaldagen og nasjonalkjenslene våre. Det er berre det at det er lettast å angripe det som det blotte auget ser og gøyme seg bak det at ein ikkje er rasist.
Eg syns sjølv at det er det norske flagget som bør gjelde på nasjonaldagen, men min dag blir slett ikkje øydelagt om eg ser eit anna flott flagg ein eller annan stad. MEN må eg vere vitne til at politiet grip inn av di det lages ein lov (som dei prøver på) mot å ha anna flagg. DÅ vil dagen min bli øydelagt. Då vil eg kjenne at eg blir trist. Trist av di vi må vere så trangsynte at det skal vere nødvendig med slikt på ein feiringens dag. På bornas dag!! Dagen som skal stå for glede.
Eg håper eg aldri må vere vitne til det, eller sonen min for den del. Som born skal han få glede seg til 17.mai-feiring og ikkje bekymre seg om politiet kjem til å dukke opp for å stanse andre enn kriminelle handlingar. (Eg klarar ikkje heilt å sjå for meg at eit flagg skal vere kriminelt).

Vi er nordmenn, men vi er ikkje feilfrie. Innfør berre forbod mot andre flagg, men innfør i same slengen plikt til å lære songen, respekt for historia, stengde uteplassar kvelden før (slik at vi slepp å forhalde oss til "ekle" bakfulle).......Lista kan bli lang den......

Flagget er sjølve symbolet, men skal vi feire bør det vere meir enn eit flagg!

Ha ein fortsatt fin kveld!
Hasta mañana.

IWALY!!


onsdag 24. april 2013

Eg las eit sitat i dag, men eg hugser det ikkje heilt ordrett. Likevel, det var noko som følgande: If you try to please everyone, you´ll end up pleasing no-one, including yourself.

Eg veit ikkje kvifor, men det var liksom eitt eller anna som gjorde at utsagnet satte tankane mine i sving.
Det var i ein samanheng der elevane skulle lese ein fabel og sjølve moralen i denne fabelen må seiast å vere dette sitatet.

Sanninga er at eg trur at det er veldig mange som skal gjere alle til lags, og det er nok ikkje alltid så bra. Det er vel nettopp difor eg la meg det på minne.........

Solgte sitt nyfødte barbebarn på Facebook. (Trengte penger til å arrangere datterens bryllaup).......
What??? Idiotar finnes overalt men det må då vitterleg gå ei grense? (Tydlegvis ikkje).

850 euro!! 850 euro for eit lite spedborn.... Kva står eouroen i idag? 8 kr,kanskje.......maks. Så under 7000 kr for eit spedborn. Eg kjenn det riv i hjartet mitt!

Bornet si mor visste eingong ikkje om det. Ho låg og sov på sjukehuset då han kom og stjal babyen.
Han fekk til og med hjelp av sjukehusansatte.
Årsaka var ikkje større enn at kvinna hadde blitt skilt frå mannen sin nyleg og difor ville han ha dattera si gift raskast mogleg.
I tillegg hadde han tidlegare prøvd å få arrangert ein abort, men sjukehuset hadde nekta.
Heldigvis turte kvinna å ta opp kampen mot far sin. Ho kontakta politiet og bornet blei spora opp.

Eg har sagt det før og eg seier det på ny. Eg er glad eg bur i det landet eg gjer. Alt det kvinnfolka må tole i enkelte andre land, bl.a India (som denne saka er ifrå), det er til å grine av.
Nei, det er godt å vite at vi bur i eit land som veit kva det vil seie å ha eit levedyktig samfunn!

Facebook kan visst brukast til alt.....

No er det konstatert! Hahahaha......... Sjekk denne "kommentaren": Elskede, noen har bulket bilen... Menn lyver mest om skader på bilen. 
Jepp, skjønte eg det ikkje?! Menn lyg mest når det kjem til skader på bilen. Dei skal liksom vere heilt feilfrie når det kjem til temaet bil, medan uttrykk som "kvinnfolk bak rattet" har nok det fleste mannfolk sagt.
Det er ikkje fritt for at dersom det er nokon som køyrer "rart" foran oss, så kjem kommentaren "Det  er sikkert et kvinnfolk som kjører".....
Hahahaha..... Eg blir like nøgd kvar einaste gong det viser seg at det er ein gubbe bak rattet. OG eg sørger så vitterleg for å gni det inn!! :=)

Verbal skyttargrav......... Lett å starte det i ein situasjon som skaper følelsar, bl.a når det gjeld temaet kvinner - menn- bilar!!
Faktisk er det ei undersøking som stadfestar at kvinnfolk er betre sjåførar enn menn! Hahaha...... Slå den! (Tippar at akkurat det svir for enkelte!)

Menn køyrer for fort og i bilen foran. (Skal jo godt gjerast det?! Eller.......) Ops, plutseleg var det ein bil foran, liksom. Kor kom den ifrå?
Å halde avstand til bilen foran er då vel ikkje særleg smart? Då taper ein viktige sekundar!

Menn bulkar bilen og skuldar på andre! Om det er av di dei ønsker husfred, eller ikkje, skal vere usagt, men dei gjer i alle fall det. Som regel er det alle andre sin feil.
Det er eingong slik at ein sjåfør må bruke augene og gjer ein det ikkje bra nok, ja då er det "feigt" å skulde på andre. :=)

(Kan til ein viss grad skjønne det med husfred, men..........)

Kan tyskerne gjøre det to kvelder på rad? Det var då litt av eit spørsmål å stille.......

Nei, det var altså slik ein opptur å lese at menn ikkje kan skryte på seg så mykje meir enn kvinnfolka i trafikken at eg sluttar av med det.
Ha ein fantastisk fin kveld:=)

Hasta mañana!

IWALY!


tirsdag 23. april 2013

Når jomfrua blir rastlaus....... Ideelt sett så skulle vel denne knetta i skrivande stund ha lege henslengt på sofaen i håp om å bli oppvarta resten av kvelden.
Kva eg legg i ordet oppvartning, er det berre fantasien som set grenser!! Hahahaha........(Mine grenser er satt for lengst!!)
Berre så det er sagt.....Litt fotmassaje og pizza ville vel ikkje vere heilt feil. Med mindre den "hottaste" kjem og kidnappar meg til ei aude øy med ei laaaaaaang og herleg strand (og sol, sjølvsagt!!) :=)

Eg trur eg er skapt slik at dersom eg ikkje har vore noko som helst i ro heile dagen og ettermiddagen, så er det ikkje berre, berre å slå seg til ro på kvelden heller. Det er berre slik det er.

Ikkje fungerer dei små grå heller. I kveld trur eg dei mest er til pynt oppi herlegheita. Kanskje dei har tatt ferie? Kanskje dei trur at den grå hjernemassen er ei sandstrand og ergo er dei i syden og slapper av? Jaja..... Berre dei kjem seg heim i tide til dei trenges. Aller helst om ikkje så altfor mange timar.

I mangel på tankeverksemd, tenkte eg det kunne vere ein idè om å spørre andre etter tema.
Joda.....fungerte det, på eit vis, men så spørs det om det kom noko tema som ville kunne vekke dei små grå.
Alternativa som dukka opp etterkvart i statusen min var blant anna eit par hol på ein gjenstand vi veit om. Desse hola fortener verkeleg å bli drøfta, men av sikkerheitshensyn (til oss sjølve - med tanke på hemn - mot forslagsstillaren og eg) skal eg la vere. Det kan fort bli litt for avslørande!! Haha......

Eg kunne jo gått for forslag nummer to. Spøkelser og andre ulumskheiter! Problemet er at eg ikkje er heilt der at eg trur det fins så mange farlege spøkelser som kan utfordre meg nok.
Ei knirkande trapp kan nok ingen harme gjere...... Sjølv ikkje etter å ha sett dei verste skrekkfilmane. (Til trass for at eg som regel er åleine og ser dei - sjølvsagt rett før eg skal legge meg midt i mørkaste mørketida). Eg lærer aldri på det området!

Så har vi treningshysteriet som tar all fritida til folk. Det er ingen som har tid til å tenke på kultur lenger!  Hahahaha...... Det er jo forsåvidt sant. :=)
Det er treningshysteri blant folket! But, but......Korleis kan ein argumentere mot det, liksom? Sjølv om det "går ut over" kulturen?
Problemstillinga blir for vanskeleg for ei ung jomfru ein tysdagskveld der cellene ikkje evnar å tenke lenger enn at det snart er Greys på tv.

Så då står eg att med meg sjølv......Når eg ikkje blir nøgd med eit einaste forslag, kva gjer eg då?
Eg tar i alle fall ikkje augene og sveiper over Dagbladet eller Vg! Eg veit allereie kva som står der.... Er det noko å lure på?
Det står om det same som det kjem til å stå om i morgon den dag.
Er det noko eg ikkje vil begi meg inn på, så må det vere ei slik sak som den som regjerer no for tida. Ein eksordførar som etter sigende skal ha gjort noko som ikkje er bra.
Eg skal prøve å halde meg nøytral, sjølv om eg nok tenker mitt om saka. Likevel, eg tenker at eg vil bryne hovudet på litt anna enn det i kveld.

Hhahahahha..... Eg må no flire litt her eg sit for meg sjølv og skriv. For når eg nett er ferdig å skrive om at det er treningshysteri og at det er vanskeleg å argumentere mot at det er positivt, så kjem det jaggu meg opp eit lite forslag frå ei anna. Ei anna som faktisk akkurat kjem frå trening frå same hallen som det var snakk om når det gjaldt treningshysteri.
Temaet som foreslås er "Smerte!" Hahahaha...... Eg veit ho nett har vore der og trena og ergo har det satt sine spor i kveld.
Treningshysteriet har fått seg ein ny skade. (Ikkje at det er noko å le av, men det passa berre så godt inn!).
Eller.......Om eg ikkje tar heilt feil, ja då er ikkje treninga over heilt enno og "smerten" har satt ho ut av spill for ei stakket lita stund! (For det er enno lenge att av treningstida).
OG kva blei den tida brukt til? Hahaha......Sjekke facebook og få med seg at ei ung jomfru etterlyser tema!

Smerte?? Korleis kan vi definere kva ordet smerte er?
Vi veit alle om korleis både psykisk og fysisk smerte kjennes ut. Likevel er det ingen av oss som kan føle andres smerte.
Smerte er ei subjektiv oppleving, så korleis kan vi då definere ordet?

Smerte er ein ubehageleg følelse. Ingen tvil om det. Så det kan jo vere ei byrjing. Så kan eg vel også påstå at det kan vere å skade kroppen eller noko som føles som om at det kan skade kroppen.
Det er det der ordet føle..........

Vi kan jo skille mellom nokre typar smerte.
Eg vil tru at den smerten som min forslagstiller kjente/kjenner i kveld er ganske akutt!
Det fins alltid ein fysisk og psykisk komponent, men dei er ikkje alltid like sterkt tilstades.
Så har vi også kroniske smerter. Noko heilt anna enn akutt smerte. Så temaet er ganske vidtfavnande.
Det einaste eg veit, er at det mest sannsynleg er veldig mange som går rundt med kroniske smerter og som har nok med å få dagen til å gå i hop.
Mange gjennomfører arbeidsdagen sin med smil og latter. Tilsynelatande er alt heilt greit. Til dei kjem inn døra heime...... Frå smil til dyster stemning av di smertene "endeleg" kan sleppast fram i "lyset". Dei treng ikkje skjulast lenger.....
Som regel er det dei næraste det går ut over. Dei ein bryr seg mest om.....
Rundtom går dei andre utanforståande og trur at alt er heilt greit. At dagens energi er brukt opp etter endt arbeidsdag er det ingen andre enn familien som veit.
Kroniske smerter! Smerter dei andre som ikkje har det sjølv kan forstå.

Kanskje er det slik at det er dei akutte smertene som er dei beste å få? Eg tenker sjølvsagt ikkje då på livstrugande skader som plutseleg oppstår, men meir "normale" skader om du "misforstår" meg rett.
Hamnar eg på krykker pga ei hard takling, ja då er eg mest sannsynleg attende på bana etter ei tid i like godt slag som før skaden.
Det akutte som går over.........

Kan vi måle smerte? For det er jo slik at det enkelte gonger er snakk om lette smerter, medan andre gonger er det så grufullt som berre det. Intense og uuthaldande. Smertelindring er nødvendig.......
Vi kan nok ikkje måle smerten, sånn eigentleg, men det fins ein metode som systematisk kan gjere det mogleg å registrere smerten til ein viss grad. VAS-skalaen kalles det.
Ei rett linje som kor ein avmerker kor sterke smertene er (utan at eg kan utdjupe det noko særleg tydlegare enn det).

Det er i alle fall mange fleir enn vi er klar over som sliter med smerter, både psykiske og fysiske. Difor er det litt "skummelt" å anta ting om dei er borte frå arbeid eller ikkje møter opp på alt dei burde. Vi veit så lite om andre at vi som oftast burde konsentrere oss om å heller konsentrere oss om oss sjølv enn å spekulere i andre.
Egvil tru at dersom dei ønsker at "alle" skal vite, så seier dei ifrå sjølve.
I allefall er det betre å spørre direkte enn å berre anta og i same slengen spre antakingane (og det utan å seie at det faktisk er det det er......antakingar) på ein skråsikker måte.

Vi er alle ulike og vi har alle ulike måtar å reagere på og vere på. Slik vil det alltid vere. Det betyr ikkje alltid at alt vi gjer og tenker er så korrekt og vi skal heller vere ydmyke enn dømande!

Plutseleg hadde visst jomfrua fått dei ferierande heim att. Dei kan visst ikkje ha vore så altfor langt borte likevel. Dei trengte berre litt ekstra puff i dag! :=)

Jaja, no er det ein som sit og ser på Barcelona og gjett kven det er som kjem til å forlange tv´n om få straksar....... Stakkars mann. Er det Greys så er det Greys! That´s life.....Det kunne vore verre!
Thihihi......

Så ha ein fortsatt strålande kveld rundt om i dette vide land. Snart kjem sola og sommaren og vi skal få bli så brune og fine!! Åååååå kor eg gler meg!

Hasta mañana!

IWALY!!!!




mandag 22. april 2013

Ebony and Ivory lived together in perfect harmony.........
Dei fleste tenker på Paul McCartney og Stevie Wonder når dei høyrer/les denne setninga. I og for seg heilt rett å gjere det, for det er nett dei som syng dette. "Ebony and Ivory" - ein song dei aller fleste vaksne kjenner til (eller burde)......
But, but.....Kva betyr eigentleg desse to orda? Ebony? Ivory? Kva er bodskapen til Paul og Stevie?

Sjølv syns eg at tittelen er ganske genial. Den er bra gjennomtenkt. Inga tvil om det. I tillegg at den gjennomføres med akkurat dei to. Ein kvit mann og ein svart mann. Alt er gjennomtenkt heilt ned til minste detalj.
Kanskje difor den blei så kjent?

Ebony, Ibenholt som vi seier på norsk, er eit trevirke som er veldig verdifull. Den harde kjerneveden kalles ibenholt og er ganske mørk. Svart er vel meir rett.......
Så veit vi jo at det fins svarte tangentar på eit piano. Ibenholttagentar!!

Ivory! Kanskje ikkje eit ord vi er vane med, men det er rett og slett elfenbein. Tannbein.....elefantar. (And sometimes other too.......)
Har eg nemnt dei svarte tangentane, ja då kan eg ikkje utelate dei kvite.
Eg reknar med at du er så oppegåande at du ser samanhengen!!

Sjølve songen vil nok apartheid til livs. Ikkje det at eg har lest at hverken McCartney eller Wonder har uttala seg om det, men det er i alle høve det eg tolker ut frå det heile. I og med at alt er så gjennomtenkt ned til minste detalj.....Det som omhandlar det kvite og det svarte. (Bortsett frå at vi ikkje seier svartingar.....Det heiter mørkhuda. Så seier vi ei heller kvitingar for den del!)

Ebony and Ivory, dei svarte og kvite tangentane, lever i perfekt harmoni med kvarandre. Skaper god musikk ilag......
Så kjem hovudspørsmålet i songen " Why don´t we? "
Kvifor klarer ikkje den lyse folkemengda i verda å leve i harmoni med den mørke? Kor blir det av harmonien der?
Rasisme? Er det skiten verdt?

No skal det verkeleg seies at verda er komen mange hakk vidare på nett det området. Spesielt i tida etter at denne songen kom ut. (Eg hugsar ikkje heilt årstalet her og no, men den passa veldig godt inn då den kom).
Vi er på rett veg, men det fins framleis mykje rasisme rundt om i verda.
Apartheidregimet blei avskaffa på 90-talet (1994 om eg ikkje tar heilt feil.......), men det å avskaffe eit regime og faktisk få folk til å leve opp til det, det er to vidt forskjellige "ting".

At vi er komen lengre på dette området kan lett provast ved å bruke eiga bygd som døme. Vi har hatt asylantar her. Noko som gjekk heilt fint. Dei tilpassa seg samfunnet vårt og mange her syns dei var "flotte" og ikkje minst høflege.
No er ikkje dei her lenger, men vi har fått flykningar. Mest sannsynleg eit positivt tilskot til bygda det også.
Asylantane var ungdomar og ergo var det kanskje lettare å integrere dei i samfunnet her. Også blant anna av di dei gjekk på skule med dei andre ungdomane her.
Flyktningane derimot, er gjerne familiefolk og er nok litt meir for seg sjølv. Likevel har eg stor tru på at dei etterkvart vil integrerast i samfunner i større og større grad.
I alle fall har eg inntrykk av at folket her syns det er heilt greit at dei er her og det er mange som omtalar dei positivt.

Til dags dato har eg ikkje høyrt eit einaste negativt ord om dei som er komen hit, mørkhuda alle saman. Ergo vil eg påstå vi er komen lenger. Vi har fått større aksept og meir vitskap har tilfalt dei små grå vi har flytande oppi hovuda våre.

Ebony and Ivory....... Kanonbra samanlikning av to store artistar! Tangentar opp mot oss menneske. Tvilar på at nokon kunne funne ein betre idè enn nett dei to når det kjem til dette temaet.

Rasisme vil nok alltid eksistere, men om vi "alle" viser at vi ikkje syns noko om det, så kan vi nå langt!

Ha ein fortsatt fin kveld!
Hasta luego! :=)

IWALY!!!



søndag 21. april 2013

Folket som bestemmer?  Både i går og i dag har eg lest ein haug med kommentarar frå folk som er "illsinte" på idoldommarane for utsagna som blei sagt etter at det var klart kven som skulle ut av konkurransen. På same måte har det hagla med meldingar frå folk som syns dei som kritiserer er lite gjennomtenkte.
Så spørs det...... Kven har rett?
Eg har i alle fall ikkje svaret, men eg har mi eiga meining.

Enkelte bruker argumentet om  at det er folket som har bestemt og at det må ein respektere. Så spør det....Er det fleirtalet av folket som har bestemt?
Betyr det at dersom du får fleire stemmer enn ein annan, ja så er det fleire som har stemt på deg?
Det gjer diverre ikkje det. Slik er det berre. Programmet er laga slik at det skal tenast pengar på at folk skal stemme. Mest mogleg pengar. Difor kan eg sende 100 stemmer til den eg vil skal vidare om eg ønsker å gjere det.
Ergo kan ein vel også i same slengen påstå at konkurransen ikkje er heilt rettferdig.

Ingen skal fortelje meg at ikkje dei som er blant dei næraste til deltakarane sender avgarde meir enn ei stemme. Enkelte stemmer vel heile tida fram til linjene stenges.......
Skulle det vere slik at den som fekk flest "folkestemmer" skulle gå vidare, ville det vore slik at vi kun kunne sende ei einaste stemme kvar. Noko som ikkje er vanskeleg å gjennomføre av di eg veit det gjeres i andre samanhengar.
Så resultatet kan på mange måtar ikkje vere representativ for kva det norske folket eigentleg meiner.
Det er klart at den som syng aller best og som kanskje får stemmer hos mange tusen fleire enn dei andre.....ja, der vil ein få eit "rett" resultat, men dog ikkje blant resten.

Dette er noko ein kan diskutere seg både raud og blå på, men det er ingen som kan påstå at det eg har sagt her til no ikkje stemmer. For slik er det.........at ein kan stemmer så mykje ein vil.

Når deltakarane melder seg på, må dei også vere klar over at dei kan få negative responsar på deira opptreden. Det er noko ein må tole. Det er lov å seie at ein ikkje er einig med utfallet, uavhengig om du er dommar eller ikkje.
No ser ikkje eg så mykje på idol, men av det eg har sett, syns eg ikkje at dommarane er elendig (som enkelte påstår).
To av dei har faktisk vore gjennom det same som deltakarane sjølv og dei veit kva det dreiar seg om. Dei har erfart kva som må til for å nå fram og dei er musikalske.
At enkelte ikkje er einige med kommentarane deira, er sjølvsagt heilt greit. Alle høyrer med sine eigne øyrer......men kom ikkje å fortel meg at alle har like bra øyrer og veit kva som er bra og ikkje.
Musikk er så veldig mykje meir enn at vi skal like ei låt og synes at songaren har fin stemme.
Det fins uendeleg mange musikalske elemantar, og dei som jobbar oppi det heile har betre vit på å lytte og "leite" etter desse elementa enn dei fleste andre som berre lyttar og ser det som skjermen viser.
At enkelte kommentarar gjerne kan vere litt flåsete....ja, det seier eg ikkje noko på, men det er langt mellom det og enkelte ting av det dei som kritiserer kjem fram med.

Idol er nett det som det er. Underhaldning! Pengesanking! Kamp med andre kanalar om tv-sjåarane! Meint for å skape diskusjonar, for diskusjonane sørger ofte for at fleire ser på (for å sjå om det som skrives stemmer eller ikkje).
Så er det jo litt "teit" at enkelte faktisk skriv kva dei meiner og så slenger dei faktisk med setningen om at dei aldri har fulgt med på programmet. Snakk om å skyte seg sjølv i foten......

Derfor stinker ånden din om morgenen. Hahahah..........Det er vel ingen som har dårleg ande på morgonkvisten? Hææææ? Går det an då? Joda, tydlegvis..........
Har du nyleg fått deg "romkompis/venninne" kan det jo kanskje vere lurt med drops eller tyggis på nattbordet! (Berre eit lite tips, med mindre du ikkje vil bli trevja på dør i same slengen som du kjem over dørstokken!) :=)

Det skjer at det fins ande som stinker verre enn alt anna (i alle fall tenker ein det der og då når ein opplev det). Mannen som sit rett atmed deg på bussen og prater i mobilen..........for å ta eit døme.
Så kjenner du ein ande som gjer at du føler at du vil spy. (Det skjer faktisk!!)
Ofte tenker ein at ein er glad det ikkje er ein sjølv som stinker slik. But, but...........Korleis veit ein eigentleg det? At ein ikkje stinker?
Den kjem vel snikande ut av munnhola di utan at du er klar over det. Så mannen med stålanden er kanskje ikkje klar over kva andre syns om å sitte ved siden av han og anden hans, og kanskje har du like dårleg ande sjølv.

Det er det som er så bra med tyggis. Det berger i alle høve det meste!! :=)

Dersom kroppen din er dehydrert og du er tørst, ja då er anden verst (eller i alle fall sterk!)
Dårleg ande oppstår ved nedsatt spyttproduksjon.
Så når du sover, trener, snakker lenge, stresser, enkelte medisinar.......lista er bra lang.

Om morgonen stinker det av di spyttproduksjonen er mykje mindre nattestid. Så enkel forklaring er det på det!
Jaja, dei fleste har overlevd dårleg ande og det er få som rømmer av di partnaren stinker. (Viss ikkje lukta er uhaldbar då. Det fins sikkert nokre få døme på det også).

Dårleg ande eller ikkje.......Kjærleik overvinn alt!! Hahahahahaha............ Klisje............

Nei, jomfru Knutsen er snart på tur i seng. Så spørs det om kveldens tannpuss er nok til å halde den dårlege anden borte i morgon tidleg eller ikkje.
Eg er vel sikkert ikkje noko unntak frå regelen eg heller. (Men så er det vel heller ikkje klining som står øverst på ønskelista når ein vaknar.)

Ha ein fortsatt fin kveld!!
Hasta mañana :=)

IWALY!!

fredag 19. april 2013

Dårleg humør!  Som regel er denne knetta i godt humør, men akkurat i dag har eg vore rimeleg arg. Arg på eit system som ikkje virker.

Av og til kan det hende at ein ønsker å kalle andre for idioter, men lar vere av di vanleg normal høflegheit tilseier at det gjer ein ikkje. Noko dei fleste burde ha lært.......
Likevel, det skjer ein sjeldan gong at ein faktisk har lyst til å rope høgt. Kalle enkelte for inkompetente....osv.

Så var det dette med systemet då. Systemet som ein føler at ikkje er i nærleiken av å virke.
Når ein er offentleg ansatt, er det liksom om å vere forsiktig med å kritisere arbeidsgjevaren sin. Då blir ein berre skulda for å dolke i ryggen.
Problemet er berre at når det gjeld det offentlege, som ein kommune berre for å ta eit døme, så er det snakk om veldig mange ansatte.
Skal då ein kommuneadministrasjon kunne "ture" på akkurat som den vil og så skal alle dei ansatte vere knebla?

Eg jobber ved ein skule. Viss eg som mor til ein elev går hardt ut imot kommuneleiinga, risikerer eg at eg blir skulda for å dolke i ryggen, sjølv om eg ytrar det som mor. For eg er jo framleis ansatt i den bedrifta.
Eller om eg hadde jobba ved sjukeheimen og hatt ein foresatt der og gått hardt ut imot kommunen av di den det gjeld ikkje får det han/ho har krav på ............. Snakke høyt om det.......Gå til av avisene med det......osv i det langtekkelege.
Er ikkje det litt urettmessig handsaming av menneske? Eg spør berre.

No er ikkje eg blitt skulda for noko som helst, men om eg offentleg hadde gått ut med alt som gjer meg arg i dag.....Ja, då hadde eg kanskje blitt det. Eg veit ikkje.........
For sanninga er at det er nett det eg vil, men lar vere av hensyn til arbeidsgjevar. Sjølv om eg er burde ha nett dei same rettigheitene som alle andre som ikkje er offentleg tilsatt i ein kommune.

At eg bringer det med å dolke i ryggen på bana, er av di eg veit at eit anna menneske, tidlegare eit år, blei skulda for det. Ergo er det lett å tenke at "Javel, då skjer vel det same med meg om eg snakkar høgt."
Ergo lar eg vere å bruke ord som idiot eller inkompetent. Berre for høflegheita si skuld.

Viss eg vil sette det litt på spissen, kan eg jo lage meg ei fiktiv sak. Rett og slett lage meg ei tenkt problemstilling, sånn berre for å få statuert eit poeng..........

La meg late som om eg er trønder og ansatt ved ein skule i Trøndelag (noko alle veit at jomfru Knutsen ikkje er).
Akkurat i den trønderkommunen finn dei ut at dei skal legge ned ei vaktmeisterstilling. For det er vel ikkje nødvendig at ein skule treng ein vaktmeister? (Det skjønner vel alle....)
Ein vaktmeister har sikkert ikkje så mange oppgåver at det gjer noko, så difor finn denne trønderkommunen ut at den tekniske avdelinga ved kommunen kan serve skulen også (med dei som allereie jobbar der).

Så går tida. Det er vinter. Metervise istappar heng ned langs taket langs over halvparten av skuleveggane. Eit halvt skuleområde må stengast av sikkerheit til borna. Kva om eit born DØYR av di ein tre meter lang istapp detter ned og plasserer seg midt i knollen på eit born???
Eg ser for meg VG si framside. "Dødsfall ved trønderskule. Kommunen ansvarleg."

Kanskje kan ein nekte skuleborna å gå bak skulen? Det er berre enkelt å passe på at ikkje ein eller anna gut (eller jente) ikkje snik seg dit det ikkje er lov når utevakta ser bort.
I tillegg går det an å låse alle dører som vender ut mot disse istappene. Ergo er det naturlig å si at denne skulen vel å gjere nett det. Sjølv om det er rømningsveg ved brann. (For det blir sikker ikkje brann, eller....?)

Ved denne trønderskulen er det også eit ventilasjonanlegg. La oss anta at det ikkje er nokon av dei denne kommunen brukar til å serve skulen som kan med dette anlegget. Då kan heller ingen av dei hjelpe til når klasseromma blir så varme at borna får konsentrasjonsproblemar, vondt i hovudet (som kanskje fører til auka hovudtablett-bruk). Akkurat dette skjer no. Skulen får dette problemet og ingen er der og hjelper.
Lærerne fortviler sjølvsagt av di dei må jobbe i denne varmen, dei veit ikkje kva dei skal gjere for å hjelpe borna mot dette.
Det einaste dei kan gjere er å opne vindaugene i håp om at det skal hjelpe, men er lite heldig med det.

Ved akkurat denne trønderskulen som "eg" jobbar for, er det eit eiga lærerbygg. I over ein månad ventar dei på å få normal luft å puste i når dei sit og planlegg skuledagane. For det er inga ventilasjonsanlegg i drift......... Arbeidsmiljølova seier sikkert noko om dette.

Trønderne er gode svømmarar. Nettopp av di dei har svømmebasseng i drift. Det gjeld sjølvsagt denne skulen også.
Så spørs det kor lenge dei kan ha dette bassenget opent. For kven er det som kan med styringa av bassenget? Kor mykje klor skal tilsettast? Kva skal ein eigentleg gjere i forhold til bassenget?
Kor lang tid vil det ta før HMS stenger bassenget av di ingen kan med det?
Då er det lett å sjå for seg at svømmeundervisninga vil utgå etterkvart og borna blir mindre svømmedyktige. (Sa eg at denne trønderskulen låg ganske nært havet?)

Ein dag har det snødd og mange vaksne og born går til skulen. Plutseleg ser eg ein mann som ligg der og kavar. Lenger bort nokre born.
Take it easy....... Det gjer vel ikkje noko? Det er jo berre litt snø oppå isen. Litt glatt, men det er berre å trø forsiktig, så går det meste bra. For vaktmeistaren dei brukte før, han tok seg av slikt, men kven er det no som har tid til det, liksom??

Når ein først prøver å lage ein "fiktiv" historie, så kan ein jo smøre på litt meir. Sånn berre for ordens skuld.
Læraren som må bruke ein halv time på å justere pultar i lasserommet. Elevane veks så fort.... Jaja, ein umbrakonøkkel eller anna nødvendig utstyr og innsikt ligg vel i arbeidsinnstruksen, eller?

Denne skulen har sjølvsagt papirdunkar. Ikkje berre ein (noko som seier seg sjølv - det er jo ein skule!!!), men veldig mange plassert utover på ulike stader.
I denne trønderkommunen meiner dei at å køyre ut desse dunkane som er fulle av papir, ja DET må vel lærarane kunne gjere. Det tar jo ikkje akkurat sååååå lang tid å ta dei ut. Ein lærar kan jo ta dei to som står her, ein annan dei to som står der, ein tredje kan ta dei som står i neste etasje osv.....osv...... Det er berre å følgje med på tømmekalendaren og vips så er det problemet løyst.
For ein lærarinnstruks kan sikkert endrast på etterkvart.

Dei som jobbar ved skulen kan ta ansvaret for å låse alt av dører rundt heile bygget, for det er ikkje så langt rundt. Berre litt i underkant av ein kilometer med bygg. Ikkje så mykje......... Og alle lærarane hugsar heile tida på å lukke alt av vindauge som har stått oppe pga av varmen.

Her eg sit ved dataen no, tenker eg at det er eit par, tre, fire, fem............saker til eg kunne tenke meg å plusse på. Eg gidd ikkje av di eg heller vil stappe i meg ein god biff enn å lage ei lengre liste her.

Det flotte med denne trønderkommunen er at dei har skjønna at denne skulen ikkje treng noko vaktmeister. Nesjda..... Pengar er viktigare enn både LIV, arbeidsmiljø, helse, osv, osv........

Veit du kva?? Tenk kor glad eg er for at denne historien er fiktiv. Tenk kor glad eg er for at eg ikkje jobbar ved denne skulen og i ein kommune som prioriterer slik. For her er dei berre ansvarsfulle! Eg kan vere trygg på at sonen min har dei beste arbeidsforholda rundt seg.
At han har klaga litt på hovudverk og slikt, kjem sikkert av at han er litt for mykje ute i frisk luft og leikar på ettermiddagen.

Så spørs det kven eg var arg på som eg skreiv i byrjinga...... Eg tenker eg lar vere å avsløre det.
Om det er kommunen eg arbeider for, så lar eg i alle fall vere å seie kva det gjeld, for eg vil då vel ikkje dolke nokon i ryggen . Hverken som MOR eller ansatt.

onsdag 17. april 2013

No er det konstatert! Den eigentlege årsaka til vi har sex! I år etter år har ein kunne lese at årsaka til at vi har sex, er behovet for å reprodusere oss sjølv.
No seier ekspert Winther at dette berre er tull. Det er ikkje difor vi har sex.

No er det jo eingong slik at også dei som ikkje ønsker born har sex på lik line som alle andre. Då må det jo vere noko anna som driv dei.
Til og med dei som ikkje kan få born av biologiske årsaker har sex.
Han påstår også det at sexlysten ikkje forsvinn med åra slik mange hevdar. Om "sexlysta" forsvinn, er det ikkje lysta som forsvinn, men ein tenner ikkje på partnaren.

Hovudårsaka til at vi har sex, ifølgeWinther, er av di det handlar om tilknytning og bekreftelse frå partnaren.
Så ifølge denne eksperten er null sex det same som skilsmissegrunn. Om ein ikkje evnar å gje den bekreftelsen partnaren ønsker, betyr det at det fundamentare er borte.

Det fins mange gode grunner for å ha sex. Det gjer mange helseføremoner. Blant anna gjer det avspenning og legg dempar på aggresjon. Eit høgt antal sædavgonger forebygger prostatakreft. Det forebygger brystkreft hos begge kjønn og ein blir mindre deprimert.
I tillegg forebygger den fysiske biten hjarte- og karsjukdommar.
Med andre godfysisk og psykisk helse!

Jaja......Då veit vi det! Winther er sikkert ein hyggeleg mann han...........

Jomfru Knutsen skal karre seg i seng. Berre så synd at ho har tankane alle andre stader då........... Hahahaha.........
Ha ei fortreffeleg natt. Go and make your partner happy!! I såfall sørger du for at Winther får rett i sine ekspertpåstandar.
Det er nok noko i det han seier.........

Hasta mañana!

IWALY!!!

tirsdag 16. april 2013

I dag er det nesten berre to saker som regjerer Dagbladet sine nettsider. Boston og Bieber.
Eg blar og blar og blar..........men heile tida dukkar det opp saker om desse to temaene.
Og vips........innimellom er det ein film som viser korleis ein skal skrelle ein banan riktig (for dei fleste gjer det feil, antakelegvis du også!)

No er jo det som skjer i Boston ganske viktig.......Det er berre det at eg ikkje vil skrive om det. Bieber?? Vel, hakket mindre viktig enn Boston vil eg tru, sjølv om det kan virke som om at det er det viktigaste som fins i verda desse dagar. Eg er glad eg ikkje er i Oslo på ein slik dag og at eg ikkje er politi!

Slik blir Google-brillene. Jaja, så er dataen komen til brillene! Google-briller.....
Spørsmålet blir då som følgande: Korleis vil datamaskinen sjå ut i framtida? 
Eit spørsmål som det idag vil vere rimeleg vanskeleg å svare på. I dagens samfunn er alt mogleg, så ein kan vel aller helst vente seg kva som helst.

Uansett...... Dei har byrja å lage Google-briller. Google glass!
Kva kan vi eigentleg forvente av ein slik "brille"? Det er eg rimeleg nysgjerring på. Kva med meg, då? Eg som ser godt og ikkje brukar briller........ Blir det briller utan styrke?
Eg har funne nokre punkter som fortel kva slike briller vil seie for brukaren.
Dei punkta som kjem under her, har eg kopiert rett frå Vg-nett.

- En liten skjerm tilsvarende en 25-tommers hd-skjerm sett fra en avstand på 2,5 meter
- Et kamera på fem megapiksler
- Videoopptaker med 720p
- Lyd med såkalt "bone conduction", eller benledning, en teknikk som bruker ben og skjelett for lydgjengivelse
- Trådløst internett med støtte for 802.11b/g
- Bluetooth, antageligvis 4.0, men ikke bekreftet
- 16 GB lagringsplass, hvorav 12 er ledig
- Batteri som skal holde en hel dag med "normal bruk"
- Micro USB-kontakt

Med andre ord ein datamaskin!! 
Eg lurer mest på korleis den skal styres. Eg tvilar på at augene kan "serve" denne minidataen. 
Det fins sikkert eit logisk svar på det også. 

Det med at det er eit kamera på den, er kanskje det eg er mest skeptisk til. Då blir det med eitt vansklegare for oss å sjå at vi blir fotografert. 
Kven er det som tenker over at det kjem ein kar med briller?

Det heile er litt spenstig, meiner eg, men dog spanande! Ganske genialt om det viser seg å bli ein suksess!.....:=)

Bieber lager klasseskille.  Eg opna artikkelen og forventa ein seriøs artikkel der denne problemstillinga ville ha hovudfokus. 
Til det må eg berre kome med ei ytring......... Det kan virke som at journalisthøgskulen (eller kva anna dei har studert, dei som skriv desse artiklane) har bomma totalt når dei har prøvd å lære gode triks ifrå seg. Definitivt! 

Eg opna saka, eg........ Ikkje ein einaste gong stod det nemnt noko am klasseskille i heile teksten. Så med andre ord total skivebom og ein kan rett og slett påstå at dei sørger for å lure folk "på avveie". 
Dårleg journalistikk!! 

Dagens sitat: Dagbladet sin Hartberg sa så fint følgande......... Jeg syns det var så mye syting overalt, så jeg bestemte meg for å forske litt på hva som gjør at vi syter. .......
Det viser seg at de som syter mest er dem som syter over at det er så mye syting overalt. 

Ha ein fortsatt fin kveld!! 
Hasta mañana! :=)

IWALY!!

mandag 15. april 2013

Torskelår!! Slå den....... Kven har eit betre mattips enn torskelår som dagens rett?
Eg vil sjå det mennesket som klarar å hoste opp noko betre!

Coop mega har sine salgstriks. Dei lokkar med mat vi aldri har høyrt om før, så eg tippar dei blei nedrent på denne dagen. 
Kven er det ikkje som har eit ønske om å få sjå torskelår når dei først har sjansen?

Min tidlegare kollega frå "Brann-byen" har lova at viss eg stiller med låra, ja så skal ho tilreie dei!! Nice deal...........

Kva skulle det eigentleg stå? Froskelår? Torsketunger? Lammelår? Hmm........ Ikkje godt å seie.

Min kjære Bardu-Bu er så heldig i dag at halve bataljonen til forsvaret har inntatt huset hennar. Om enn ikkje stova, men i alle fall taket!!! I frykt for naboane, har ho hyra inn dei tøffe gutane, så no er det berre for naboane å passe seg så dei ikkje blir offer for tilfedigheitene. 
Eg har prøvd å ymte frampå at dei unge og søte "soldatane" må få litt att for strevet og at ho difor må sprade halvnaken i stova..........men blygheita tar nok overhand. Ergo må dei stakkars utkommanderte klare seg med utsikta over sentrum og leike seg litt i all snøen som ligg der på taket som ein trussel for alle jordboarane i nærleiken. 

Det skulle vore denne jomfrua som hadde ein halv bataljon på taket............. E
g skulle i alle høve ikkje tatt meg middagskvil!!

Seksåring søkkrik på skjønnhetsbransjen. Tja, kva syns ein om det? 
Med fare for å virke litt misunneleg.......men er verkeleg alt anna. Ein søkkrik unge som vil få ein heilt anna innfallsvinkel til livet enn dei aller fleste. 
Så kan ein jo så til dei grader diskutere seg både raud og blå om kva som bra eller mindre bra ved det. 
Glamour, luksus og merkemd er allereie kvardagsleg for denne lille jenta. 
"Jeg taper aldri noe. Jeg vinner alle skjønnhetskonkurranser jeg deltar i. Jeg er en superstjerne." 
Ingenting som tyder på at ho slit med sjølvbiletet sitt. 

Eg håper berre verda vil fare fint med ho (eller at ho farer fint med verda), for ellers er eg redd ho hamnar der så mange andre superstjerner har gjort.

Glimt taper på dommerfeil......... Dommaren annulerte Glimt sitt mål pga offside. Reprisen viser at det var alt anna enn det. 
Er det rart dommarane er både elska og hata?? Neppe...........

Troms venstre vil ha tre kjønn i passet. No skal denen jomfrua vere forsiktig med kva ho ytrar, men eg kan seie såpass at eg ikkje er einig i det. 
Ikkje av di eg har noko imot transvetittar eller alt anna enn det vi kallar for mann og dame ut ifrå kva vi er født som. 
At enkelte endrar kjønn, er heilt greit. Eg har ingen større meiningar om det.

Tankane mine dreiar seg mest om kva eit pass er. Er eit pass eit dokument som skal gjenspeile kva du sjølv føler du er? 
Slik eg sjølv ser det, skal eit pass vere identifikasjon på kven du er og ein sikkerheit for det landet du skal inn og ut av. Det skal vere ein sikkerheit for deg sjølv. 

Eg vil tru at dersom eg blir stoppa i passkontrollen i eit anna land og dei føler for å sjekke meg nærare ut, ja då vil eg få store problemar med å prove at sjølv om eg har utovertiss, så føler eg meg som ei med innovertiss.

Kanskje eg trekk det litt langt, men eg håper du som lesar skjønner kva eg meiner. 
Eg er ikkje ute etter å tråkke nokon som helst på tærne. Eg har full respekt for alle uansett kva kjønn dei meiner dei har. 
Det er berre det at dersom det står ein mann med "bulk" foran meg og påstår at han er noko anna enn mann, ja då trur eg at eg ville ha tenkt mitt (om eg var passkontrollør).

Eit pass uttrykker ikkje følelsar, men det du kan sjå med ditt blotte auge. 
Om eg ønsker brune auge og vel å bruke brune linser (sjølv om eg ser utmerka), så kan eg ikkje kreve at det står brune auge i passet.
Dette var kanskje ei samanlikning som ikkje var så god, men eg ønsker berre å sette det litt på spissen. 

La oss seie at Troms Venstre køyrer denne saka fram. Kva er eigentleg planen? 
Eg vil tru at dersom dette med tre kjønn skal kunne realiserast, så må samtlege land vere med på dette. Eg tvilar sterkt på at dei i Tyrkia, eller andre land for den del, tar imot "det tredje kjønn" med mindre deira eigne passreglar er slik. 
Eit pass er på ein måte eit internasjonalt dokument. 

Som sagt, eg påpeiker at det eg skriv om temaet her ikkje gjenspeiler kva eg syns eller ikkje om "det tredje kjønn". Eg berre set farge på ei problemstilling som eg kkje heilt klarer å bestemme meg for kva som vil vere rett eller ikkje. 
No er det ikkje min jobb å stadfeste kva som burde vere eller ikkje. Likevel, eg tenker mitt. 

Eg veit ikkje om det er teit å kalle det heile for "det tredje kjønn", men eg gjer no eingong det. 
"Det tredje kjønn" er nok eit sårt tema for ein god del menneske. 
Vi veit jo at det er mange som slit med tankar om dette når det gjeld seg sjølv. 
Ergo er det nok litt sårbart dette med at ein må kallast noko anna i passet sitt enn det ein føler seg som. Likevel, vi har vakse opp med kva som er definisjonen på ein mann og kva som er definisjonen på eit kvinnfolk. 
Akkurat det gjeld heile verda. Ikkje berre her til lands. 

Skulle saka vinne fram, vil det nok sjåast på som eit stort steg for dei det gjeld. Forståeleg nok....... 
Så attstår det å sjå korleis dei eventuelt skal klare å løyse dette når turistane straumer gjennom passkontrollen og dei får sterke tvil når dei ser eit namn som ikkje heilt passar inn med det dei ser. 
Kanskje det ikkje blir eit problem i det heile? 
Det kan jo, for alt eg veit, hende at det går heilt smertefritt. Ingenting ville vel vere betre.............

No har eg påpeikt at eg prøver å unngå å tråkke nokon på tærne fleire gonger. Nok til at eg ikkje treng å gjere det på nytt. 
Likevel, av hensyn til at det kanskje er nokon av dei det angår som les dette, ser eg det som viktig at det kjem fram. 

No skal unge jomfru Knutsen snart ta kveld! 
Eg håper dåke alle har ein fin kveld og at natta blir god! :=)

Hasta mañana!

IWALY!!

lørdag 13. april 2013

Dette er då dagen som tegnar til å bli riktig så bra!! Hahaha...... Klokka to kunne eg konstatere at eg i løpet av den korte dagen var blitt kalla for vandal, fått ein 18 årig gut til å raudme og blitt kalla for middelaldrande! Thhihihihihihi............

Etter frukost la eg merke til at det var litt lite brød att, så eg gjekk i frysaren og henta opp eit nytt brød.
Så hender det eg får mine velkjente vibber, og då er det berre ein ting å gjere....... nemleg få ut nokre av desse vibbene.
I dag gjekk det ut over ein viss kar. Posen med stivfrossent brød blei fint trykt opp under skjorta på han så ryggen fekk seg eit lite sjokk. Haha...... Sekundar etterpå (nok lenge etter at han trudde det var blitt trygt) slo eg til på ny. Denne gongen var det magen som fekk gjennomgå.
Jomfrua lo og den uheldige hadde eit lite utbrot der han kalla meg for vandal!!! Hehehehe.......DET gav jo grobotn for mykje meir latter! Definitivt!
Vandal?? Eg vil tru det betyr noko heilt anna, men i "heten" er det vel lett å ytre seg feil. (Den iskalde "heten"...thihihihiiihii........).

Middelaldrande? Den likte eg også!
No var det riktignok min elskverdige niåring (som forøvrig berre er åtte enno......i alle fall i ein månad til) som kalla meg det. :=)
"Mamma, du er bra sterk til å vær jente!" "Jente?" "Eller sånn der middelsldrandes dama då!" Hahahaha.......Herleg! Middelaldrande?? Tja, eg tenkte meir på det å vere evig ung...........

Det var ikkje så lenge etterpå at eg fekk målt styrken min som han påstod at eg har. Då i kamp mot kjøkkenmaskinen. (Eg har litt sånne der tendensar at eg likar å sloss med kjøkkenutstyret. Det er berre slik det er).
I og med at dagen starta så bra, tenkte eg at dette må vere dagen for å bake! Joda, eg har baka. Produktet er no i omnen og steiker seg ferdig.
Likevel........det var denne kampen då.
Kven var sterkast av meg og kjøkkenmaskina? Eg veit ikkje............. Resultatet ser du i alle fall under her.

Dette var då ein rett og fin kniv før han blei tatt i bruk av denne middelaldrande jomfrua! :=)

Resten av dagen må jo berre bli super!! Så viss du har ei eller anna hyggeleg overrasking til meg, så er dette dagen for å gje meg ho!!

Eg er ikkje Bieberfan, men i dag skal eg faktisk ta han i forsvar (for første gong).Årsaka til det er at Kjetil Rollnes i sin laurdagskommentar på Dagbladet nett, går litt langt i sin omtale av denne "gutungen". 
 Bieber er blitt den han er, er det sosiale mediar som har skuld i. Han har heilt greie låter, men det er media som er skuld i at han er populær. (Ifølge Dagbladet.....) 

Han går så lamgt som å kalle Bieber som "Lesbe fanget i guttekropp?" 
Mannlege middelaldrande menn vil kome til å seie at dette ikkje er ein talentfull gut. 
At Justin er så populær, kjem av at han er søtare enn heile One Direction til saman. 

Skribenten kallar Justin for Justine og kommenterer den lange slanke halsen, dei fyldige leppene, velpleide augebryn, smykker og DET smilet. 

Sanninga er at Justin Bieber er talentfull! (Dette blir einaste gongen nokon i det heile attt får meg til å innrømme nett det). 
Eg har ikkje høyrt mykje på musikken hans, men eg har sett videoen frå då han var yngre. 
Ein Facebook-ven la i dag ut ein link han meinte at alle som ikkje likte Bieber burde sjå. 
Eg tok hintet........sjølv om det sikkert ikkje var mynta på meg. 

Bieber hadde allereie som toåring meir rytme enn det ein trommeslager kan draume om å ha. 
Fytti katta, seier eg berre..... Det er ikkje normlt at ein toåring slår like bra rytmisk som dei beste trommeslagerane rundt om. Det er faktisk tilfelle. To eller tre år........What ever, like fantastisk uansett!
Det var også mange musikalske innslag der han verkeleg viste seg som ein entertainer, kjempebra stemme.......ein totalpakke som er få forunt. 
Bieber har bygd vegen sin åleine. Det var den første musikkvideoen han laga og som blei lagt ut på you tube som satte fart i det heile. 

You tube kan sikkert definerast som eit sosialt medium, men eg trur nok ikkje det er det skribenten i denne saka om Bieber meiner. 

Etter å ha sett fvideoen om Bieber som born og ungdom, kan eg trygt påstå at guten har plenty av talent. Han kan greia si og fortener suksessen sin av di han har jobba for det! 

Sånn, det var det........... Eg er framleis alt anna enn Bieberfan, men skal i alle fall ikkje klage på at han ikkje er flink. 

Nei, denne middelaldrande jomfrua skal hive seg rundt og gjere middelaldrande oppgåver i huset. Må jo følge opp....... 
Ikkje veit eg kor han har fanga opp uttrykket, men søtt var det i alle fall. Eg kan godt bli kalla middelaldrande, berre eg slepp unna overgongsalderen til eg er 70, minst!! 

Ha ein flott fortsettelse på denne dagen og kvelden! 
Hasta mañana!

IWALY!!




Iransk forsker hevder å ha funnet opp maskin som kan spå framtiden. Joda, born trur på nissen og han trur på dette. Same greia sikkert..........

Den vil ikke bringe deg med inn i framtiden, men den vil bringe framtiden til deg. (Sitat frå Dagbladet på nett).
Eg veit ikkje heilt korleis eg skal forstå den setningen....... Men det er kanskje ikkje meininga heller?!
Maskinen skal i alle høve kunne spå 5-10 år fram ti tida ved at du tar på den. Det beste er at det er 98% sikkerheit! Tru det eller ei.... Hahahaha......Så kan du jo lure på om denne jomfrua bit på! :=)

Kina skal få skulda for mykje i denne verda.
Forskaren seier det ikkje vil kome noko prototype av maskinen dei første åra. Årsak?
Dei er redd Kina skal stjele idèen og produsere millionar over natta!
Kanskje eg skal kontakte denne forskaren og prøve å "forhandle" meg til eit eksemplar?

Gamle kroppsdeler omgjøres til veiskilt.  Fisj.......Creepy! Ekkelt!!

Ukas KK er forseinka. Det er i alle fall ikkje dukka opp i postkassa mi enno. Akkurat i dag er det litt kjipt for hjernecellene mine har litt problem med å svømme fort nok til at dei kan skape eigne tankar.
Når avisene ikkje har noko som helst spanande og hjernecellene ikkje "funker", kan KK vere løysinga!
Sånn der naudsituasjon......... Det står jo alltids litt om "sex og samliv" og slanking. To tema som aaaaldri blir diskutert ellers. Hahaha......
Kanskje eg tar heilt feil og blir overraska denne gongen?! Håper det kjem i morgon og ikkje først på måndag.
Det heiter så fint "Posten skal fram".

"Siste" nytt er at ordføraren frå vår kjære nabokommune ønsker bomstasjon på Kråkmofjellet. Pengane som kjem inn skal brukast til å utbetre vegen over Hamarøy.
Viss det skjer, treng ikkje tungtransporten gå over Kjøpsvik lenger og ifølge papira som er i denne saka, innebærer det at dei foreslår at ferga Drag-Kjøpsvik legges ned.
Ei sak dei sjølvsagt ønsker at vi skal støtte.

Har eg ikkje ledd før, så ler eg i alle høve no!! Støtte ei slik sak?
Her er det mange som ønsker fergefri E6 og så skal dei sitte der på andre sida og kuppe heile greia? Nåneidu!! No håpar eg politikarane her er vakne og sørger for at det aaaaaaaldri kjem noko bomstasjon på Kråkmofjellet! (Eller andre stader der målet er det same, for den saks skuld).

Transportnæringa har sagt ifrå til styresmaktene at dei ønsker fergefri E6, så tvilar på at dei ønsker ei utbetring av vegen som allereie er.
Det skal i alle fall bli meg eit holoi om ferga skal tas ifrå oss.

Nei, når hjernen tar kveld, då tar jomfrua også kveld. I´ll give it another try tomorrow!
Hasta luego! :=)

IWALY!


torsdag 11. april 2013

No trur eg det er enkelte som tar heeeeeilt av!! Dagbladet har ein artikkel som seier "Kvinner trenger ikke BH".
Eg vil tru at det er menn som står bak det sitatet og det må verkeleg vere nokre mindre smarte glupisar som har konkludert med det!

Neida, det er sikkert berre tull at BH hjelper på ryggen og på nakken. Eg treng ikkje lese artikkelen for å skjønne det.
I tillegg står det garantert om at ein ikkje får hengjepuppar om ein spring utan BH. ALt er sikkert heilt korrekt også. Det er det verste av alt.
Likevel........ Eg vil sjå dei mannfolka som har testa ut korleis det er å ha bryst og ikkje ha BH på. Korleis det er å springe utan.
Det er ubehageleg om ein berre skal gå også. (Med mindre ein har størrelse A på brystene eller er brystlaus.............)

Viss ein har hengjepuppar, er det lite sexy å gå utan BH. Definitivt.
Kor lekkert er det å sjå at enkelte har niplane sine nesten nede ved navlen?? Dei skal jo vere midt mellom albue og skulder. Og kor deileg er det eigentleg at dei sprett opp og ned når du hoppar eller løp rundt omkring?

Sanninga er at ein professor har sagt at dersom ein brukar BH, ja DÅ får ein ryggplagar og hengjepuppar. Det er til inga nytte å nekte pupene tyngdekrafta. Slik er det berre.

Det er jaggu meg godt vi ikkje er pålagt å følge desse forslaga som desse viktigperane kjem med. Eg brukar BH og kjem alltid til å gjere det.
Så kan du jo sjølv tenke deg til kva tidspunkt den hamnar på golvet...... (knaggen). Hahahahaha..........

Før måtte man være smart for å si noe på tv. Trond Viggo Torgersen...... Du har heilt rett!! Så kan du sjå på Paradise Hotel og finne ut om du nyter forskjellen. (Utviklinga). Eg veit du har sett sexscenene, så det er vel difor du har kome med denne ytringa.
Ei verd i utvikling!!! (Samfunn....)

Jaja...... Nord-Korea har soldatar med stiletthelar, vi teng ikkje BH og Paradise Hotel er programmet vi skal lære av i dag! Kan det bli betre? I´m just asking...........
Eg får nok sove godt uansett!!

Ha ei fortreffeleg "resten av kvelden-tid" og sov godt!!

Hasta mañana!!

Wish......

Ein herleg dag!! :=)))

Så fekk vi ein ny herleg og fin soldag! Sola som avlar positiv energi....... Heilt utroleg deileg. Så no håpar eg det er vår vèret som gjer seg gjeldande.
Så spørs det kven som har tilbringe dagen på ein sofa foran ein skjerm og kven som har utnytta sola.
EG har gjort det siste.
Eg var såvidt innom heime etter arbeid før eg var ferdig påkledd og klar for tur. Skitur. Skihytta. Mutters åleine.........

Det nydelege vèret sørga for at det var vindstille opp langs heile dalen. I heilt eigne tankar, var det berre å trø på. Eg naut kvart sekund!

Diverre kan ikkje ein slik dag vare evig.........

Nå har Kim Jong Un skaffet seg kvinnelige soldater i høye hæler. Eg må ærleg innrømme at det er eit av dei mest tåpelege bileta eg har sett. Kvinner i soldatuniform og stiletter. AG3 og stiletthæler!!! Slå den. Det er noko ein bør ta seriøst......... Hahahaha...... Berre teit, spør du meg!

No er det eingong slik at Nord-Korea er avhengig av kvinner i forsvaret. Jaja...... Greit nok det, men stiletthæler?
Jomfru Knutsen har nok med å klare å gå "normalt" med slike hæler, og då er det rett og slett vanskeleg å sjå for seg at desse nette kvinnfolka skal klare å spurte i ein naudsituasjon.
Og for dei som ser for seg "Sovjet-stilen", så er altså hatten også med.

Nei, eg kjem plutseleg på at eg skal på musikøving snart. Så då er det berre å pakke saman. Kanskje det kjem litt meir i kveld.

Hasta luego........

More than words......
Skihytta 11.april 2013

onsdag 10. april 2013

ADHD. Attention deficit hyperactivity disorder. Eit "begrep" vi byrjer å bli riktig så vane med no. Ein diagnose som stilles på mange born i dagens samfunn. Gjerne på litt viltre born.
Så kan ein spørre seg om alle dei som blir satt på medisin faktisk har fått rett diagnose, eller om dei faktisk aldri skulle ha hatt noko form for diagnose i det heile.

I Amerika har dei forska på nett dette. Kor realistisk er det når ein av fem ungdomar i vidaregåande skulealder har fått diagnosen ADHD?
Berre sidan 2007 er det ei aukning på heile 16%. Ergo vil eg tru at sjansen for at enkelte er feilmedisinert er rimeleg stor. Samtidig veit vi at personar som blir medisinert for ADHD og ikkje har det, lettare kan ende opp med misbruk og avhengigheit.
OG......Veit vi kor mykje av pillene som endar med at dei blir gjevne bort til vener og likande?
Ikkje veit eg.......

Noreg ligg etter USA, men likevel ikkje så veldig langt. Berre dei siste 10 åra har born med diagnosen auka med heile 53%. Viss ikkje det er eit høgt tal, ja då veit ikkje eg.
Vi har nett dei same tendensane her som dei har i USA. Ingen tvil om det!

På lang sikt kan det vere at medisinering ikkje var det som skulle til. Uroen bornet hadde i kroppen kunne kanskje kome av uroen i samfunnet rundt oss. Uroen i familien......... Det er mange faktorar som gjer seg gjeldande når det kjem til eit borns liv.

Sjølv om det er lett å anta at det er fleire som blir medisinert enn det faktiske antalet personar som har fått rett diagnose, så er det inga tvil om at dei som har det i stor grad verkeleg treng denne medisinen.
Det er jo viden kjent at born med ADHD har større sjanse for å utvikle følgevansker, depressivitet, angst og psykososiale problemar.
Langt frå alle gjer det, men statistikken viser sitt. Då er det supert at det fins medisin som kan forebygge nett dette. Kjempebra!

Det blir feil i det augeblikket diagnosen stilles på bakgrunn av symptomer. Skal ein stille ein slik diagnose, vil eg påstå - sjølv om eg ikkje er noko lege - at ein bør gjere grundige observasjonar av bornet og dets livshistorie. Då er sjansen for at ein treff rett litt større........

Det er mange born som kan vere i overkant aktive. Eg meiner fast bestemt at mange av desse borna ikkje treng noko diagnose. Dei treng utfoldelse! Få lov til å vere i aktivitet og ta seg heilt ut.
Skal far i huset ut og stable ved, ja så ta med gutungen (f.eks) og la han også få stable litt.
Legg til rette for at bornet kan få lov til å vere aktiv og så må heller bornet lære seg at enkelte stader er det nødvendig at "han" sit i ro og gjer det han blir bedt om.
Blir ettermiddagen til ein rastlaus unge brukt foran tv-skjermen, nintendoen, dataen......ja, you name it, då finn bornet garantert på enkelte sprell når han er ferdig med å spele. Han har ikkje fått ut energien sin  og då kan ein jo berre tenke seg følgene av det.

Det fins eksemplar på at born har "mista seg sjølv" pga medisinering. Ein gut eller ei jente som til vanleg er blid og kanskje litt uroleg............ Medisin..............blir sløv, stille, uttrykkslaus i andletet, gjer det han/ho skal, men er alt anna enn det bornet (som var essensen i akkurat det bornet) som det var før medisinen.

No er det viktig å påpeike at eg ikkje tar utgongspunkt i noko som helst form av eigne erfaringar ved eigen skule!! Det ville vere eit grovt overtramp........ Eg snakkar ut frå tidlegare erfaringar der foresatte til kjenningar har hatt meininger om dette. Andre, frå same yrket som eg, men frå heilt andre stader i landet, har lufta sine meiningar i frustrasjon over dette, gjerne for å høyre kva andre meiner og at dei ønsker tilbakemelding på kva dei bør gjere i forhold til slikt. Nett av di dei opplev å hamne i situasjonar der dei meiner dei har med born å gjere som aldri burde vere medisinert.
Fleire av dei har faktisk bedt om at det skulle tas med i det skriftlege at dei motsette seg at bornet burde medisinerast, kanskje av di dei er redd for at det seinare skal hamne noko på deira bord som gjer at dei må forsvare kvifor dei gjekk med på det. Eg veit ikkje.........

Det er eit følelseslada tema dette med ADHD. Det er mange som reagerer sterkt, både på godt og vondt, når det dukkar opp diskusjonar rundt denne diagnosen.
Diskuterer du med ein forelder som har eit born med ADHD, er det viktig at ein trår forsiktig. Ein må vere varsom med kva ein seier. Nett av di det er så følsomt for dei som lev midt oppi det.

Eg lurer på ein ting........ Eg antar at enkelte får biverknadar av medisinane?! Ikkje berre antar, men eg går sterkt ut ifrå nett det.
Viss dei gjer med borna som dei gjer med dei eldre her til lands, betyr det at dei blir medisinert mot biverknandane også. Altså ADHD-medisin pluss medisin for dei biverknadane medisinen gjer.
Kanskje får dei nye diagnosar etter kvart som åra går og må medisinerast for et også.
Dette må då verkeleg vere grobunn for at borna til slutt kan ende opp som kronisk sjuke. (Kanskje ikkje allereie i bornealder, men seinare......)

Kva med borna sine tankar?
Vil alle born som tar medisin eigentleg ta den? Kvifor gjer dei det eigentleg?
Dei fleste borna som får diagnosen er veldig lydig og grei når det kjem til å ta denne medisinen sin. (Untak fins det vel alltids.....). Kven tar seg tida til å spørre kva bornet sjølv føler og vil?
Dei tar medisinen. Dei gjer det for samfunnet, skulen og foreldra si skuld. (Dei borna som eigentleg ikkje ønsker det).

ADHD er verkeleg eit vanskeleg tema og det er sikkert ikkje lett å vere forelder til eit born der du må vurdere om dei skal medisinerast eller ikkje. Eg reknar med at dei fleste foreldre er skeptiske og eigentleg ikkje ønsker at borna skal få i seg all medisinen. Likevel blir dei nøydd til å veie det opp mot det positive som medisinen fører med seg og dei positive følgene det kan kome til å ha for bornet.
Vi veit vel ingenting om nett dei følelsane som blir satt i sving før vi hamnar i situasjonen sjølv.

Det er lett å anta. Det er lett å vere betreviter. Eg trur det sit mange foreldre rundt om som kan seie mykje om temaet. På godt og vondt. Dei har verkelege erfaringar å vise til. Primærinformasjonen!

Eg håper eg har klart å la vere å skrive noko som eventuelle foreldre til born med ADHD vil føle seg provosert av. Det er i så fall ikkje meininga.
Hovudmålet mitt er vel eigentleg å få fram at det fins born med rett diagnose og som verkeleg treng den hjelpa medisinen kan gje dei. Likevel ser vi at det motsatte fins også. Konsekvensane for dei borna er like viktige.......... Alle borna er ulike individ, men alle er like viktige.
Det er viktig at eit samfunn ikkje hiv seg med på ei bølgje.........

Eg føler det er blitt litt meir fokus på feilmedisinering i det siste. Difor håper og trur eg at vi vil sjå ei betring på det området.
Bornet i fokus!!

Hasta mañana! =)

IWALY!!

tirsdag 9. april 2013

Boff.......... Eg har visst heilt gløymt av å skrive i dag. Plutseleg er klokka passert elleve og eg er stuptrøytt!! (Mildt sagt).
Eg kan jo sjølvsagt hente meg eit par fyrstikker og satse på at dei gjer jobben sin med å halde augelokka mine oppe, men det høyres ikkje heilt behageleg ut, så eg trur eg lar vere.
Dessutan trur eg at eg er litt lett antenneleg i dag, og då er det vel ikkje det luraste ein gjer.........å leike seg med fyrstikker!! Hahahaha.......

Det beste sitatet eg har lest i dag, var frå ei venninne. Ho skulle kommentere humoren som eg har i dag. Eller i dag og i dag.........
Tenk innimellom ......... djiiiiiiises førr en dårlig humor....... men så tar æ mæ sjøll i å flir godt t dæ likavel ;))))
Herleg!! I just love it!! Thihihihihi...................

Cruise om skilsmissen: Tragikomisk. Tja, så er det vel det.
Cruise har i alle fall opna seg for pressa slik at vi kan få oppdatert vår kunnskap på den fronten. Important information we call it!.
Uansett, det er hans humoristiske sans som bergar han. (Marita, kanskje han skulle byrje med meg?? Tippar du vil synes det er ein god ide!! Hahahaha...... Så kan vi ha sjuk humor ilag!) :=)

Du kaster vel ikke tørketrommel-lo rett i søpla? Åjoda, det gjer eg vel det!! Rett i søpla!
Eg skjønner såpass at det no kjem eit eller anna som skal overbevise meg om at det er gale. Frykteleg gale! Don´t do it!!

Tørketrommel-lo skal visst ikkje hivast. Ikkje i søpla.........men den skal komposterast! Tenk det!!
Så no kan du som lesar av desse linjene sitte der og ha dårleg samvit, for eg er ganske sikker på at heller ikkje DU kastar den andre stader enn i søpla!!
Tar eg feil, kanskje? Neppe...............

Så no har både eg og du lært noko nytt. Berre at forskjellen på meg og kanskje deg er at du kanskje har ein kompostbinge.
Kom og sjå i min hage, så skal du få leite deg halvt ihel før du finn ein binge. Og sjølv då vil du ikkje finne den!!

Nei, eg veit om enkelte som har det i bygda og dei har problemar med kvite og heslige makkar.........
Eg gidd ikkje ta meg bryet. Så får heller eg berre bli uglesett av dei som meiner det er galt! :=)

Det hender at kvinner rett og slett er ubrukelige. Hahahaha........ Andres har skjønna det!! Thihihi.... Bondeknøl!!

Joda, vi er nok ubrukeleg til mykje rart, men det er jaggu meg han og alle hans medkjønn!!
Eg trur ikkje heilt eg skal innlate meg på å avsløre kva vi eller menna er ubrukeleg til, men lista kunne blitt lang.
Farmen-Andreas sjokkerer i alle fall aldri (sjølv om det er nett det avisa påstår). Etter å ha sett han i aksjon i framen, er det vel ikkje noko sjokk å høyre at han kan uttale seg slik? Då er det enkelte som ikkje har fulgt med i timen.

Viss vi ikkje er lydige, har menna lov til å tukte oss. Hahaha.......Crap...... Prøv fysiske virkemiddel på denne knetta og du vil angre!
Det å tukte nokon handlar om å vise kven som er sterkast. Så på spørsmål om kvinna kan tukte ein mann......ja, då berre flirer han. Ho vil uansett tape av di han er sterkare.

Jaja, Andreas. Du har ikkje lagt inn noko god giftemålssøknad!! Tippar ein som risikerer å bli svigerfar til deg tar saka i eigne hender! (Og pass på......for han kan vere sterkare og smartare enn deg og då spørs det kven som tuktar kven!!)

Nei, med Andreas-tuktinga frisk i minne, skal eg slutte av og få skjønnheitssvevnen min. Det blei ingenting av fyrstikkene og eg er faktisk vaken enno (enn så lenge). I alle fall i nokre få minuttar til!
Så ha ein fortsatt fin kveld og sov godt!

Hasta mañana!

IWALY!!!



mandag 8. april 2013

Galskap??

Fastsatte reglar og uskrivne reglar. No er det eingong slik at vi lev i eit samfunn som er proppa full av reglar, både på godt og vondt. Mange av reglane er heilt greie og nødvendige, medan andre att er reglar som skaper full debatt. reglar der enkelte stiller seg eitt hundre prosent bak regelen samtidig som andre raser over at regelen i det heile tatt fins.
Slik er det og slik kjem det alltid til å vere.

Som personar er vi svært ulike og kva vi interesserer oss for er nok med på å forme oss som menneske.
Likevel, sjølv om vi ikkje alltid har dei same meiningane og dei same interessene, er det viktig at ein viser respekt for andre. At ein ikkje berre overkøyrer andre med det ein sjølv vil og gjer katta i kva følgjene for andre blir.

At det fins trafikkreglar, er det neppe nokon som seier noko på. Ei heller på at det er straffbart å ta livet av andre. At det fins reglar for korleis eit valg skal gjennomførast for at det skal vere mest mogleg demokrati, sjølv om det berre er indirekte.

Det er ei årsak til at vi har eit levedyktig samfunn. For at vi skal ha eit levedyktig samfunn, treng vi eit bærekraftig samfunn og då må vi ha reglar som til ein viss grad kan vere med på å styre dette. Vi må ha reglar slik at vi kan bli beskytta mot ytre fiendar. Vi treng politi og rettsvesen.

Dette er logisk for dei fleste. Det er ikkje vanskeleg å skjønne at det treng å vere slik.
MEN, så kjem eg til sakas kjerne. For som eg skreiv i første setning.......Reglar og uskrivne reglar.
Det er desse uskrivne reglane som ofte ikkje blir fulgt opp. Enkelte av di dei ikkje bryr seg og andre att rett og slett av di dei er uvitande til at det dei gjer faktisk ikkje er bra.

Eg kunne ramse opp ei heil side med slike saker! Likevel, eg har kun tenkt å nemne EI!
Ei sak som faktisk er regulert av reglar, men som skaper stor harme blant dei som har det som interesse og ikkje er einig i reglane som gjeld.
Saka gjeld scooterkøyring.
Det er faktisk slik at det ikkje er lov til å køyre snøscooter overalt. Det fins reglar, også uskrivne.
Likevel er det mange av dei som likar å køyre scooter som ikkje bryr seg om kva andre måtte meine eller om det fins reglar for det. Har dei lyst å køyre, så køyrer dei.
Noko som har skapt eindel diskusjonar og direkte kranglar. Kranglar som har sett både venskap og naboskap på prøve.

Det speler inga rolle om ein er ueinig i ein regel. Er regelen der, er det berre å innfinne seg i det. Dei same personane som bryt scooterreglane, er gjerne dei som ropar høgast i andre saker der dei faktisk er eininge i dei reglane som gjeld.
Det er berre at moralen møter seg sjølv i døra. For kven er det som kan bestemme kva saker som skal gjere seg gjeldande når det kjem til reglar? Arrogansen lenge leve.

I helga har eg vore to gonger på ski i fjellet. Her er mykje natur rundt oss, men på denne sida er det faktisk slik at det ikkje er så mange områder som egner seg til å legge ut på ski i. Det er på ein måte traseet opp mot skihytta og vidare oppover som gjer seg gjeldande.

No skal ikkje eg påberope meg det at eg veit med sikkerheit kva scooterreglane i det området er. Då tenker eg ikkje på scooterbruken til idrettslaget, for det er meint som ei hjelp til oss turgåarar. Dei køyrer opp løyper til oss i organisert form.
Det er den private bruken eg tenker på! Folk som køyrer som galne og øydelegger for oss som ønsker å bruke naturområdet til blant anna å stå på ski.

I løpet av helga og no etter helga også, er det komen mange reaksjoner på at det er køyrt med scooter, blant anna innerst i huken på Storbotnvannet og oppover fjellsida der.
Det er rett og slett nokon som har leika tulling med scooter der. Det ser ikkje ut. Farleg er det også, med tanke på ras (sjølv om det akkurat no ikkje er for mykje snø der inne).
Eg tok ikkje bilete av det, men det skulle eg gjort, så kunne eg lagt det ut her så folk fatisk får sjå galskapen.

No veit ikkje eg kva regelen seier om dette, men eg er ganske sikker på at det fins ein uskriven regel som seier at dette gjer ein ikkje.
Storbotnvannet er drikkevannet vårt! Kva om det oppstår ein lekkasje på scooteren og det kjem olje eller liknande og legg seg på snøen som etterkvart smeltar.

Det er sikkert fleire som syns at det er heilt greit at nokon leiker seg tulling på scooter der oppe, at dei ikkje heilt ser problemet. Eg tvilar at dei som faktisk brukar naturen syns det same. Dei fleste er vel berre rysta.
I alle fall er det nett det inntrykket eg sit att med etter å ha prata med andre turfolk som har observert det same som eg.

Ei typisk sak som vil skape diskusjonar.
Kven skal ein ta mest hensyn til? Stakkaren som har scooter og sjølvsagt må få lov til å få ut litt adrenalin ved å leike seg i turområdet til andre, eller tutgåaraene som er i høgste grad i fleirtall i forhold til scooterkøyrarar her?? That's the question.

Nei, eg måtta ha visst kven det er som viser så lite hensyn............ For vekommande burde verkeleg få beskjed.
Uskrivne reglar.............. Eg lurar no mest berre på om det ikkje faktisk fins ein regel for denne køyringa med tanke på at det er drikkevannet vårt!