lørdag 7. februar 2015

Samuel måtte velge mellom sin kone eller sin nyfødte sønn. Det er ikkje berre utanfor dørene her at vinden bles kraftig. Stormen Ole er innom ein snartur før han drar vidare på si ferd. Det stormar på nettet også........ Mange er hissige på ei viss mor som har gjeve sitt ultimatum, og dei som er ueinige gjer sitt for å forsvare ho.

I Armenia er det mykje som ikkje heilt stemmer overeins med korleis vi i Noreg tenker. Dei verdiane og ofte meiningane vi har kjem er i stor grad påverka av kva land vi lev i og kva vi er vant med å forhalde oss til. Blant anna er det mange som har stort fokus på at alle born, uansett skavankar, skal ha livets rett. Slik er det diverre ikkje i Armenia. Der er det slik at majoriteten av dei borna som har downs syndrom blir satt bort på borneheimar o.l. Berre ein liten prosentandel vel å ta seg av bornet sjølv.
Hadde dette gjeldt meg sjølv, ville det ikkje ha vore noko tema.......Her gjer valget seg sjølv. (Sjølv om kanskje ikkje alle er einige.)

Samuel er blitt pappa til ein nydeleg liten gut. (Eg veit han er nydeleg, for eg har sett bilete.) Etter å ha holdt han i armane sine, klarar han ikkje å tenke tanken på å gje han ifrå seg. Kjerringa hans er ikkje heilt der. Ho ber han ta eit valg.....bornet eller ho. Vel han bornet, skillar ho seg frå han. Ho gjer han ikkje eingong sjansen til å drøfte det.
Han vel "sjølvsagt" bornet og no vinn han sympati frå "heile" verda. Folk tar hans parti og fordømmer kjerringa og kallar ho litt av kvart.
Eg tar hans parti, eg også! Forskjellen ligg i at eg vel å ikkje kalle ho noko som helst. Eg berre forstår tankegangen hans og ville ha gjort det same. Det betyr ikkje at denne mora er ei hensynslaus, egoistisk osv.......bitch. For det er mange som meiner det.
Det dei gløymer er at ho er eit resultat av eit samfunn som i liten grad "aksepterer" folk som blir født med denne kromosomfeilen. For alt vi veit, kan det hende at ho fryktar korleis livet vil bli. Økonomisk? Korleis skal dei klare å følgje opp bornet? Kva tilretteleggingar må gjerast? Korleis vil folk rundt dei reagere og oppføre seg i forhold til dei? Alt kan faktisk gøyme seg bak noko så "enkelt" som frykt.
Ikkje det at eg veit at det er tilfelle, men det er difor eg skriv "for alt vi veit" og "kan hende".
Vi fordømmer mora utan å vite kva som ligg bak.
Dessutan......kva om Samuel hadde vore frå Armenia (for han er faktisk frå New Zealand), hadde han då også gjort det same valet? Det er mykje vi ikkje veit.

Enkelte er rett og slett grusomme i kommentarane sine. Enkelte gonger lurer eg på kor dei har fått haldningane sine frå.
Hjerterått av mor. 
Stå på far. Skill deg fra den fitta.
Hun damen der skulle vært sterilisert.
Det æ mene om mora ægne sæ ikkje å skrive hær.
For en kald og hjerteløs mor.
Dama er forskrudd i hodet.
Hun er ingen mor/mamma, men et monster.
Møkkakjerring.
For et nek, den dama, slett ingen mor.

Dette er berre eit lite utvalg. Enkelte av kommentarane var mykje verre, men eg syns sjølv at desse var ille nok.
Eg tar fullstendig avstand frå det mora har gjort og gjer meg mine tankar, men eg kan ikkje klatre opp på hesten og snakke ho ned av den enkle grunn at eg ikkje har nok kunnskap til å kunne gjere det.
Dette er berre ei tragisk sak og eg håpar at bornefaren klarar seg. Eg syns han er tøff, eg.

Stormen Ole sørger for eit "kjedeleg" liv. Det er ikkje særleg gøy å berre måtte vere inne når det bles sånn ute. Kva gjer ein med det??? Det er i alle fall èin som har svaret på det.
Eg var på butikken ein snartur og då eg kom heim, kom eg til dette.


Mange sugerør, teip, papir, dl-mål, vann.....you name it. Eit fint forsøk det! Æ har tenkt på det længe, og no mått æ jo bærre prøv når dåkker var ute. For ellers hadde dåkker sikkert bærre sagt nei. 
Eg trur nesten at det stemmer godt.
Så spørs det........Fekk han vatnet over i dl-målebegeret, eller hamna det meste av vatnet på golvet?
Eg satsar på at uvèret gjer seg straks. Det er allereie mykje rolegare.

Det er laurdag, det er helg, det er avslapping (viss ein ser bort ifrå litt husvask)..........
Ha ein fortsatt fin kveld!

IWALY!!

onsdag 4. februar 2015

Sokkedilla??

Kven har vel ikkje vore så "heldig" at dei har kommet over menn med riktig så elendig kombinasjon av sokker og bukse?! Det fins nemleg koder for slikt også.
Eg hugser godt då eg var yngre (joda, eg er ung enno!!!)........ Det var knallpopulært med kvite tennissokker. I dag er jo det berre sååååå ut! I alle fall i mange samanhenger. Kvite tennissokker blir berre så lett lagt merke til. (Eg snakkar no mest om menn, men kvinner skal i utgongspunktet passe seg like mykje.)
Sjå no berre for deg at din tilkommande mann står der oppe foran alteret. Du har på den lekre kjolen o har brukt eit hav av tid på frisyre, sminke....osv. Så ser du opp og vil smile mot han som står der framme og ventar. I det augeblikket augene dine treff føtene hans og sokkane og du skjønner at han står der i svart dress med kvite tennissokkar på....... Krise!!

Hovudregel 1: Sokkane skal sjølvsagt matche buksa.
No skal imidlertid kler ikkje by på sorger og ein må jo gå i det ein sjølv vil. Dessutan er eg ganske sikker på at majoriteten av menn så absolutt ikkje bekymrer seg for kva sokkar dei står og går i.

2: Gimick-sokker!! For all del...... Det fins dei som elskar dei, men rådet er rett og slett dropp dei.
Du ser dei vel for deg? Raude sokker med store kvite rundingar. Du ser mest ut som ein klovn, og du er garantert at det er blikkfang.

3: Lange eller korte sokker? Lange sjølvsagt. Dei der hårete leggane treng så absolutt ikkje vere eit nydeleg syn ute blant mengden. Eit unntak er sjølvsagt sommaren der ein gjerne bruker ankelsokkar av andre hensyn.

4: Menn i sokker og shorts!! Tyspisk svenske komediar. Hahahaha....... og det er jo nettopp det som er sanninga. Menn i shorts og sokker er faktisk komisk. Eg tenker då sjølvsagt ikkje når dei spring etter ein fotball på bana, eller den der landhockey-pucken. Eg trur du skjønner kor eg vil hen.
Shorts og lange sokker i kassa på Coopen.......YES!!

5: Menn skal heller aldi gå barbeint. Eller...Joda, men ikkje kva tid som helst. Sandaler o.l. bør nok vere på. (Eg skal ikkje kommentere kva som er så herslig om dei lar vere...)

6: At pensko skal ha dressokker treng vel ingen kommentar. For så vidt er den jo tatt lengre opp.

7: Menn med hullete sokker er usexy!! Bruk sokkene, men kast dei etetrkvart som dei byrjer å bli slitt. Det er dei færraste som føler at dei har behov for å sjå ei tånegl dann og vann...
Eg veit ikkje.......Sokker.....så små, men dog så komplisert. Det fins mange verdsproblem, ja!
Eg tippar alle menn som les dette tenker "Jeesez, for eit meiningslaust tema."
You know......I agree!! Det er jo det. Meiningslaust. Likevel heng vi oss faktisk opp i det. Det er berre slik det er.
Om litt over ei uke er det premiere i Narvik på "Fifty shades". Sånn eigentleg hadde eg tenkt å dra på den. Det berre ikkje passar heilt for dei eg tenkte kunne bli med og eg går ikkje på ein sånn film åleine. (Hahaha...)
Denne kvelden kjem kinosalen til å vere proppa full av "gærne" kvinnfolk og nokre sjeler med menn som er tøffe nok til å vise seg. Det spørs om det vil vere så lurt å ta med seg ein mann på ein slik film. Du veit ikkje kva du går i møte med etterpå då! :=)
Bøkene er i og for seg ganske dårleg litteratur, men skriven på ein slik måte at ein berre må lese det. Det spørs om filmen klarer å leve opp til forventningane folk har til den. Det er ikkje til å stikke under ein stol at ein mange gonger blir skuffa over ein film etter å ha lese boka først.

I går stod det Idrettsmilliardær skiller seg. Kona får 100 millioner. I dag står det Derfor går vi fra hverandre. Vi snakkar om same ektepar som i går. Kanskje eg no kan forvente å få lese om dette i alle fall ei uke til?! Som om eg bryr meg om kven som går ifrå kvarandre, eller ikkje...... Eg veit ikkje kven han der milliardæren er heller. Media har ein tendens til å repetere seg sjølv.
Har han eit sterkt behov for å kvitte seg med litt pengar skal eg gladeleg gje han nummeret mitt!

Nei, det har vore ein lang dag. Det er ikkje så lenge sidan eg kom heim, så no skal eg berre slappe litt av før senga ropar meg velkommen. Så ha ein fortsatt fin kveld, ha ei god natt og hasta luego.

IWALY!! 




tirsdag 3. februar 2015

Ja :=)

Det er tysdag og Greys-kveld. Det er enno nokre minuttar att til det startar, noko som gjer meg litt rom for å skrive litt her først. Slitne føter (som eigentleg har sprunge minimalt) er hamna rett ut på sofaen, godt planta under eit pledd. Eg har vore på fotballtrening, men aldri før har eg vel vore så sirompa og ute av stasjon som i dag. (Det fins kanskje ein brytar for slikt?)

Den aller kuleste valentinsgåva! Hahahaha....... Eg ler nesten feil på meg og får litt av nokre bileter på den indre netthinna. Fjernsynet eg er tildelt mellom øyrene slår litt gnister og veit ikkje heilt om det ønsker å vise programmet det er snakk om eller ikkje.
Om natta kan ein vel ikkje heilt styre sjølv kva kanal det skal sende frå, men akkurat no er eg jo ikkje akkurat i djup svevn.......så då kan eg ikkje bortforklare noko som helst.
Kanskje eg skal kome til poenget?!

Eg trur eg var innom temaet valentinsgåve i fjor også. Då var det ei litt meir normal liste, sjølv om den eigentleg var litt sær på enkelte områder. I år er det vel strengt tatt ikkje ei liste. Det er meir sånn der EITT punkt.
Den ultimate valentinsgåva skal vere heit! Megaheit!! Her er det snakk om kroppskontakt på høgt plan, berre med ein litt meir ny vri enn vanleg. Sjå berre for deg sjølv i det som kjem her no......

Først må du skaffe deg "litt" maling og eit lerret. (I og med at eg skreiv kroppskontakt så skjønner du kanskje allereie teikninga?!)
Smør deg sjølv og partnaren inn i maling. Så kan dåke elske på lerretet. Intimiteten blir fanga opp i eit veldig så orginalt bilete. Rammar du det inn, er det eit supert (!?) kunstverk å henge på veggen. Hahhahahahaha...... Genialt, syns kanskje enkelte, andre syns sikkert idèen er teit.

Eg trur ikkje eg skal seie kva eg syns om idèen sjølv. Eg tenker nokon andre kan teste det heile ut og sjekke om resultatet blir bra. (Eg reknar med at det ikkje er lenge før i alle fall eit par venninner av meg, etter å ha lese dette,  hiv seg rundt og tar meg på ordet.)
Ein vil i alle høve få eit maleri ingen andre kan skryte på seg å ha likeeins av. Om nokon skulle spørre kven kunstnaren er......... Tja, det vil vel kanskje virke litt "harry" å berre seie det rett ut som det er, men også litt kult!
(Det er berre litt over ei uke att å planlegge det heile på.)

I følge Nettavisen kan alle som vil skrive eit blogginnlegg om nabolaget sitt og få fem hundre kroner for "jobben". No skal ikkje eg ta den utfordringa, men det kunne jo ha vore gøy å prøve. Det måtte dog ha vore her inne på denne sida. Sånn i all beskjedehet. Hahha......

Å bu i ei gate med tre hus gjer jo ikkje akkurat den største grobotnen for eit heilt innlegg, med mindre ein kan inkludere den megastore katten til naboen. Tru meg......Den er megastor som eit monster. Eg holdt på å engste feil på meg første gongen eg såg han (eg trur det er ein han).
Eg stod i hagen og plukka bær då eg plutseleg stirra rett på eit monster berre ein meter unna meg.
"Kva i alle dagar er det slags dyr?" var det første som slo meg. At det var ei katt var ikkje det første som slo meg, men det var det eg håpa på etterkvart.

Nabolag kan jo bety så mangt. Om eg legg alle husa eg ser rundt meg, stiller eg sterkare. Her er alt frå dyreelskarar til det nett motsette og sosiale til asosiale mennesker. Bassen kan dunke i tidlege morgontimar ein sundags morgon, noko som kan irritere sjølv ein halvgammal frosk, men det er heldigvis ganske sjeldan. :=)
Huset rett over oss er nesten spøkelsesaktig. Eigentleg er det mest i vegen for det meste. Eg reknar med at det er for mykje å be om at det rives. Skulle eg imidlertid plutseleg sjå dansande gjenferd der, så tar eg saka i eigne hender!!
Hus som berre står der og forfell er ikkje akkurat kult. Ergo håper eg dei som har ansvaret for bygget snart gjer noko med det.

Næraste nabo i same gata som eg har ein alt for fin hage! Eller........Det betyr berre noko så enkelt som at eg er urpitelitt miunneleg. Er det noko eg ikkje har så må det vere grøne fingrar. Eg kan aldri få ein slik hage nokon gong, med mindre eg går til "innkjøp" av ein gartnar.
I alle kule seriar på tv så er jo dei i mange tilfeller ganske "hotte", så kanskje det ikkje vil vere så dumt?!
Eg tenker eg står over og klarer meg med den lille bærbuska vi har. Så blir det vel ripsgele i frysaren kvart år.
Uansett.......Det var hagen. Kva då med innvendige? Her er nemleg hus som manglar bileter på veggene. Hallo??!! Ein kan jo ikkje ha eit hus eller ei leiligheit utan eit einaste bilete på veggen? Eller...? Då tenker eg at valentinstipset kan vere ein fin start på det området.
Ingen bilete, ingen tv....... you name it.  Sjølv har eg ei dame liggandes på eit piano på veggen. Når born kommenterer det, seier eg berre at det er meg. Så ser dei på biletet og meg og lurer på om eg er riktig navla. (Dama er ganske brun........men dog lekker).
No kunne det nesten høyres ut som at eg berre har eitt bilete på veggen.

Sånn eigentleg skulle eg ønske at eg budde i eit nabolag som Westeria lane (eller noko i den dur). Ei gate med så mange frustrerte fruer må jo vere ei herleg salig blanding. Livet ville vel aldri bli kjedeleg. Eg tenker at kanskje vi er for "snille". Kanskje vi skulle sprite det heile opp og lage litt action. Det ville forsåvidt ha vore litt kult!

Greys starter opp så då må alt anna vike. Ergo må du berre ha ein fortsatt fin kveld! Sov godt og hasta luego!

IWALY!!


mandag 2. februar 2015

Jau, jau... :=)

Jomfrua har inntatt (no skulle eg skrive horisontalen, men det ville vere å lyge!), eller rett og slett okupert spisebordet. I omnen er det ei pizza som godgjer seg, så då blir det "koseskriving" i dag.
Eg har ikkje løyst nokre verdsproblem i løpet av det siste døgeret, men eg har registrert at enkelte menn har skrive på nettet om kor vanskeleg det er å forstå seg på kvinner! Hahahahaha....... Det er jo slett ikkje noko nytt, det, men når ein ser kva årsaker dei det gjeld ligg til grunn, ja då tenker eg "stakkars menn, dåke er rett og slett ikkje dei skarpaste knivane".
Når årsakene er som følgande:
1) Kvinnfolk elsker å bli glodd på i bikini, men når det kommer til "underwear" så går det i "dont´t look....
2) Kvinnfolk kjøper ting, dog ikkje på grunn av at dei treng det, men at di det er på salg. Til det seiere eg berre jau, jau......Her i huset er nok den rolla totalt motsatt!
3) Kva tid kan ein spørre ei gravid kvinne om ho er gravid? Der er svaret "sjølvsagt" ALDRI!! Eg seier jau, jau på nytt...... Ei lubben dame liker nok ikkje om ho blir spurt om det dersom svaret er nei, men dette er eit argument som blir brukt om alle kvinner. OG..... eg berre nemner det...... Her snakkar vi om LOGISKE årsaker til at det er vanskeleg å forstå seg på oss som tydelegvis berre duger til enkelte ting. :=)
4) Kvinnfolk ber om orsaking for at dei drøymer at mannen er utro!!! Hallo???!! Snakker vi planeten Tellus, eller??
5) Kvinner "dater" heller ein "asshole" enn ein lekker-boy av di dei alltid vil synes dama er lekker. (Eg skal ikkje seie kor eg blir sveitt hen....... Det neste som ryk må vere tolvfingertarmen....)
6) Ingen kvinner vil nokon gong seie "Eg hadde sex med han, men eg kjem ikkje til å fortelje korleis det var å ha det". Bla, bla, bla, bla........ (Sa eg at eg ikkje har løyst nokre verdsproblem enno i dag??)
7) Når menn treng èin dibedutt (du våger ikkje spørre kva det betyr), treng kvinner ørtiførti stykk.
(Eg veit ikkje heilt om det er desse "logiske" utsegna eller om det er pizzaen som gjer at eg plutseleg føler meg så varm....
8) Menn meiner at kvinner bør få ein "plunger" (eit engelsk ord for sånn der sugekopp du bruker om doen som går tett og må opnast att). Det treng dei av di dei heile tida bringer fram så mykje skit. Hahhahaa..... Den beste samanlikninga eg har høyrt i dag!! Sa eg at enkelte ikkje er smartaste kniven i skuffa? (Just asking.....)
9) Enkelte kvinner fiser ikkje. Dei held på fisen og så kjem det ut som drama. (Kvinner er hissige....you know).
10) Vi plukker ut augebryn. (Eg ville heller sagt nappar augebryn...)
 Etterpå maler vi dei på att!!! Hahahahahahah......... (Shit!! Her må eg faktisk innrømme at dei har eit poeng......MEN det kjem eg aldri til å innrømme.)
11) Går to og to ilag på do.
12) "Eg liker ikkje han, men eg vil at han skal like meg".
13) (Finally the last one.......) og den nekter eg så kommentere her. Den var rett og slett berre meir teit enn dei andre.

Skjerp dåke menn....Viss dåke ikkje kan betre enn dette.....Dåke ender opp som einstøingar. Helsigvis veit 68% av den mannlege gruppa betre. Med det meiner eg at dei i alle fall lar vere å seie at det er enige. Ergo lurer dei oss til å tru at dei er så smarte.
Viss desse argumenta er logiske......så repeterer eg meg atter ein gong...jau, jau!
Og berre så det er sagt...Eg skal ikkje kome opp med logise årsaker til at det vanskeleg å forstå seg på menn.

Skoleveska mi koster 9000 kr. Blei eg sveitta av det eg skreiv rett over her??? No blir eg i alle fall det. Vi snakkar vidaregåande skuleelevar. Elevar, ja! 9000! Puh.... I Sandefjord er dei visstnok ekstra rike. Det må dei jo vere når veskene jentene brukar ligg mellom 5-9000 i pris.

Årsaka at nett dette har fått mediefokus kjem av ei heilt anna sak. Ein butikk som ungdommane brukar i spisefri har vore plaga med tjuveri og nektar no elevane å ta veskene sine med inn på butikken. Ergo dukkar det opp eit lite søtt problem. Kven vil vel legge att ei veske til 9000 kroner på utsida av ein butikk?
Dei er nok ikkje så bekymra for sjølve innhaldet.........

Korleis har vi kome dithen at ein tenåring (mange tenåringar) kan bruke så mykje pengar på ei veske (eller eventuelt få det i gåve.)?
Joda, eg meiner sjølvsagt at folk må få prioritere pengane sine sjølv, men eg trur det er direkte skadeleg å ikkje overføre betre haldningar til ungdommen i forhold til pengar enn dette. Med tanke på kva enkelte aldri vil få sjansen til......
Slike luksusproblem........eg seier berre sukk.
Kan dei ikkje gå på butikken utan veska si, ja då får dei kjøpe ei som ikkje kostar skjorta og ræva.
(Er eg ufin no?????)

Ellers ser eg at enkelte stader er dei plaga med at tjuvar stikk av med coop-bongar. Dei er ikkje så smarte når dei legg att framsida. Hadde det ikkje dukka opp noko som helst, hadde vel ingen oppdaga det (for eg tenker i alle fall ikkje over kva tid eg får dei, eller ikkje....).
No trudde eg seriøst at dei var strekkoda. I alle fall må ein ha coop-kortet sitt med for å bruke rabattane. Ergo kjem dei vel ingen veg? Kanskje eg tar feil...
Likevel..... Litt lavmål å gjere seg til tjuv for desse småkronene?!

Slik er lillebror Northug privat. Eg har ikkje VG+, så eg kan ikkje opne saka, men eg kan ærleg innrømme at han har bra overkropp!! Six-pack og greier. Fint å sjå på......
Overskrifta gjer visjonar om å få vite litt om personen "lillebror" Northug, men no veit eg ikkje. Det er visst kroppen som er det viktigaste.......og sidan eg ikkje ser på yngre menn (hahahahaha.....) så er det vel ikkje skiten verdt å lese om han heller i og med at det kan sjå ut som om at det heile er kroppsfiksert. (Som det sikkert ikkje er.......) :=)))))
Å lokke med eit slikt bilete er berre såååå.......

Der månda og det er kveld. Pizzaen er ferdig oppeten og då er jomfrua også ferdigskriven. Noko må jo berre gå hand i hand. Slik er det berre.
Heldigvis kjem det fleire dagar.
Så då attstår det berre å ønske alle ein fortsatt fin kveld og sie "hasta luego". :=)

IWALY!!



søndag 1. februar 2015

Vi har alle meininger.......

I dag vakna eg forholdsvis tidleg, men dei som kjenner meg veit at eg er ganske glad i den varme dyna mi. Ergo passerte ei lita stund av livet mitt medan eg låg der på sengekanten og surfa litt på nettet. Mobilen er fin slik. Liten og nett. Akkurat passe stor til å bruke til slikt.
Så spørs det om det var noko å lese då....

Først såg eg denne saka.

Jeeeeeesez for ein "idiot" ! Ja...det var det første eg tenkte! Han der er ikkje riktg navla! Og sjølvsagt tenkte eg at han var så lite navla at eg ville sjekke det heile ut. .
Ein over fem minuttars videosnupp kjem opp om ein trykk på play-firkanten du ser på biletet. (No håper eg verkeleg at du ikkje testa ut om det gjekk an å trykke på biletet her for å sjå.......for då er du ikkje heilt navla, du heller. Hahaha.......)
Eg såg alle fem minutta eg, og veit du kva?? Eg blei rimeleg skuffa! Joda, det var nokre spektakulære stunt (om eg kan kalle det for det) der, men ikkje ein einaste stad kunne eg sjå det som biletet viser. 
Det var jo nett det biletet som freista meg, så............ Ergo er alt som normalt. Journalistverda fortset akkurat som før. 

Det fins sikkert eit tonn av andre saker ein mann kan gjere for å leike med livet. Eg trur ikkje at eg skal foreslå noko her....i frykt for at nokon tar meg på ordet. 

Så....frå adrenalinkick bar det over til noko mykje meir seriøst. Brann der born døyr. Ei tragisk sak i Danmark. Ei sak som tragisk nok også er knytta opp mot ei sak her i NOreg der ein sjuåring gjekk ute klokka eitt på natta. Den er knytta opp mot denne saka på den måten at mange tenker at brannen gjer oss obs på noko viktig og når andre ting skjer her heime, bruker dei brannen som argument for sine meininger. Men først.........brannen.

Eg kan berre prøve å forestille meg korleis det er for familien som er att etter at brannen tok så mange liv. Eg kan prøve, men mest sannsynleg vil eg ikkje vere i nærleiken av å kunne fatte og ta det skikkeleg innover meg. Det lengste eg kan strekke meg er å tenke på "kva om det var min eigen son?, og så kjenner eg berre at det gjer skikkeleg vondt i brystet og tenker at "nei, dette vil eg ikkje tenke på".  Så eg håper ingen eg kjenner nokon gong kjem til å kome i ein liknande situasjon. 
Få minuttar.......Berre ein røyk rett utanfor huset. Likevel ikkje nært nok til å klare å berge dei som var inne. Ufatteleg trist.

Plutseleg tar media oss med til Fosnavåg. Ei mor har tatt turen over til naboen medan sjuåringen hennar ligg og sover. 
Her er det ikkje snakk om noko brann, men heller kva om?! 
Bornet er plutseleg å finne ute, på eigenhand, klokka eitt og det vil vel kunne klassifiserast som nattestid. Tynnkledd og kald i minusgrader. Ho fann ikkje mora då ho vakna........

Dette er også ei sak som er trist. For kve syns vel det er greit at ei mor forlet bornet sitt åleine heime? Sovande og uvitande....... Dei fleste syns vel eigentleg det, men det fins nok dei som meiner det er heilt greit også. Vi er forskjellige individ, og naturleg nok har vi ulike meininger. 
Eg har gjort meg nokre tankar om det som skjedde. Det eg kan seie er at eg ikkje syns noko om det. Eit heilt ærleg sak,samtidig som eg eigentleg ikkje tråkker nokon på tærne. Eg har rett til å meine kva som helst, men det er no eingong slik at det er ikkje alltid at alt eignar seg på trykk. Spesielt ikkje når det er media som er hovudkjelda eg bruker. Vi veit jo alle kva media kan vere god på.

I dag då eg las om denne saka, kunne eg ikkje unngå å legge merke til at det var eit hav av kommentarar under teksten. Eg valgte å lese dei (dog ikkje alle....for det ville tatt heile dagen). Der og då blei eg rett og slett heilt forferda over kva folk kan lyre ut av seg. Er vi verkeleg så hovmodige og feilfrie at vi kan angripe med nesten kva som helst? For det var nsten skremmande å lese enkelte av kommentarane. 
Her er det verkeleg mange som må komme ned av hesteryggen sin, for det kan virke som at den er ganske så høg.
Eg kan aldri forstå at nokon kan forlate bornet sitt på denne måten, men det betyr ikkje at eg har rett til å bryte ut kva som helst for "gud og kvar mann" på nettet. 
Denne saka er trist for bornet, men også for mora. Eg vil tru at ho ikkje syns det var så kult å kome heim til politi i huset sitt og det at bornevernet er kopla inn. Det siste er forøvrig ein bra ting dersom det blir brukt på rett måte. Bornevernet kan vere med og rettleie denne mora på dette området og på den måten sørge for at dette er noko som ikkje kjem til å skje på ny. For kva om det til dømes ein gong tar fyr? Eller det som faktisk skjedde denne gongen. Jenta gjekk ut åleine på natta. 

Eg forstår mange av reaksjonane, men eg veit null og niks om livet til desse to ellers. For alt eg veit er dette ei super mor på mange måtar. Kan hende det motsatte også, men som sagt.......eg veit ikkje. Så sidan eg er uvitande om det meste er det nok det beste å halde meiningane for meg sjølv. 
Dessutan er det mange som kommenterer at dette kjem jenta til å få varige mèn av. Ja, mest sannsynleg!! Kven vil ikkje det etter å ha fått saka si breitta utover i media og med alle dei kommentarane som kjem? 
Dette er snakk om eit born i skulealder. Ein sjuåring (med mindre ho er født i januar) går i andre klasse. Det betyr at ho skal forhalde seg til mange born framover, born med foresatte som har meininger. Mange av dei har ikkje sperrer for kva borna deira får høyre......og vi er vel ikkje i tvil om kva det kan føre til?! Så det verste i denne saka (som burde vere at mora forlot ho heime åleine) er faktisk all mobbinga som skjer på nettet via media sine kanalar og det denne jenta kan risikere å møte framover blant born og unge. Tru meg......mange kan vere riktig så nådelause. 

Eg kan kritisere denne mora for det ho gjorde, men om eg går inn i meg sjølv, kan eg sikkert finne eit tonn med ting eg gjer feil. Born minner oss til stadigheit på at vi ikkje er feilfrie. Ingen er det!
Joda, dei fleste vil sikkert kunne seie at dei aldri vil lemne eit born åleine heime, og "takk gud" for det. Det skal berre mangle!! 
Med tanke på at fleire diskuterer kva varige mèn denne jenta kjem til å få etter dette, så spør eg då: Kva med dei borna som utsettes for dagleg krangling blant dei vaksne? Det er nok av dei heimane der borna må høyre på høglytt krangling både titt og ofte. Born som blir utrygge..... 
Kva med dei borna som har foresatte som drikker etter at borna har lagt seg? Reaksjonsevna deira blir dårlegare, vurderingsevna.....osv....... Det kan byrje å brenne då også! 
Kva med alle julefeiringane born gruar seg til på grunn av alkohol? Mange julaftenar har blitt øydelagt av same årsak. 
Og ikkje minst....... Dei som drikker dagleg som borna ser på? 

Eg er rimeleg sikker på at dersom eg ønsker det kan eg sitte her og skrive om temaet heilt til i morgon tidleg. Eg treng diverre skjønnleikssvevnen min altfor mykje til det, så difor må eg avgrense meg. Likevel trur eg at du som lesar skjønner kor eg vil hen. 
Eg kjem aldri til å forsvare at eit born ligg heime og sover åleine (til og med utan å vite om det) i fleire timar, men framleis VEIT eg IKKJE noko anna enn det media skriv og eg kjenner ikkje dei det gjeld. 
Eg kan sikkert vedde både armar og bein på at over halvparten av dei som er ekle med kommentarane sine på nettet er blant dei som tar avstand til mobbing. Kvifor ser dei då ikkje at det er nett det dei driv med sjølv? Og korleis skal borna klare å lære seg å la vere om dei vaksne ikkje klarer det? 

Om eg gjer feil, ja då vil eg synes det er flott om eg får hjelp, MEN eg vil for all del ikkje bli bretta ut på nettet til alles skue. Kva skade vil ikkje DET gje? 
Det kjem ei tid etter dette og korleis skal den bli for dei involverte? Korleis skal dei reise seg og kome styrka ut av dette og samtidig ha lært noko? Slik saka har utarta seg vil eg forstå det godt om denne mora ikkje tør vise seg ute på lang tid. Kva godt vil det gjere? Det beste vil vere om ho har lært at dette gjer ein ikkje på nytt. Rett og slett at ho tar lærdom av det heile. 
Eg håper verkeleg denne jenta går på ein skule som er vaken den næraste tida og klarer å skjerme bornet frå ubehagelege hendingar. 

Vi må berre bli flinkare til å legge band på oss sjølve, tenker eg. Det kan sjølvsagt hende at eg tenker slik av di eg sjølv ikkje er feilfri. Kanskje er dei feilfrie alle dei som idag har vore meir enn ekle på nettet. Kva veit vel eg? ............ 

For all del.....Eg har sikkert sagt ting på nettet, eg også...... Eg prøver i det minste å moderere meg. 

Det er sundag og i morgon starter ei ny uke. Før den tid skal eg ein tur på arbeid og så blir det å boltre seg foran skjermen for å sjå Truls karre seg over Grønland. For øvrig syns eg det er sprekt av han! 
Inni mellom kan ein tenke at det blir litt mykje av han, men han er no eingong herleg på sin måte og ein må jo berre le av han (ofte). Artig!

Ha ein fortsatt fin kveld! :=)
Hasta luego!

IWALY!!