tirsdag 3. februar 2015

Ja :=)

Det er tysdag og Greys-kveld. Det er enno nokre minuttar att til det startar, noko som gjer meg litt rom for å skrive litt her først. Slitne føter (som eigentleg har sprunge minimalt) er hamna rett ut på sofaen, godt planta under eit pledd. Eg har vore på fotballtrening, men aldri før har eg vel vore så sirompa og ute av stasjon som i dag. (Det fins kanskje ein brytar for slikt?)

Den aller kuleste valentinsgåva! Hahahaha....... Eg ler nesten feil på meg og får litt av nokre bileter på den indre netthinna. Fjernsynet eg er tildelt mellom øyrene slår litt gnister og veit ikkje heilt om det ønsker å vise programmet det er snakk om eller ikkje.
Om natta kan ein vel ikkje heilt styre sjølv kva kanal det skal sende frå, men akkurat no er eg jo ikkje akkurat i djup svevn.......så då kan eg ikkje bortforklare noko som helst.
Kanskje eg skal kome til poenget?!

Eg trur eg var innom temaet valentinsgåve i fjor også. Då var det ei litt meir normal liste, sjølv om den eigentleg var litt sær på enkelte områder. I år er det vel strengt tatt ikkje ei liste. Det er meir sånn der EITT punkt.
Den ultimate valentinsgåva skal vere heit! Megaheit!! Her er det snakk om kroppskontakt på høgt plan, berre med ein litt meir ny vri enn vanleg. Sjå berre for deg sjølv i det som kjem her no......

Først må du skaffe deg "litt" maling og eit lerret. (I og med at eg skreiv kroppskontakt så skjønner du kanskje allereie teikninga?!)
Smør deg sjølv og partnaren inn i maling. Så kan dåke elske på lerretet. Intimiteten blir fanga opp i eit veldig så orginalt bilete. Rammar du det inn, er det eit supert (!?) kunstverk å henge på veggen. Hahhahahahaha...... Genialt, syns kanskje enkelte, andre syns sikkert idèen er teit.

Eg trur ikkje eg skal seie kva eg syns om idèen sjølv. Eg tenker nokon andre kan teste det heile ut og sjekke om resultatet blir bra. (Eg reknar med at det ikkje er lenge før i alle fall eit par venninner av meg, etter å ha lese dette,  hiv seg rundt og tar meg på ordet.)
Ein vil i alle høve få eit maleri ingen andre kan skryte på seg å ha likeeins av. Om nokon skulle spørre kven kunstnaren er......... Tja, det vil vel kanskje virke litt "harry" å berre seie det rett ut som det er, men også litt kult!
(Det er berre litt over ei uke att å planlegge det heile på.)

I følge Nettavisen kan alle som vil skrive eit blogginnlegg om nabolaget sitt og få fem hundre kroner for "jobben". No skal ikkje eg ta den utfordringa, men det kunne jo ha vore gøy å prøve. Det måtte dog ha vore her inne på denne sida. Sånn i all beskjedehet. Hahha......

Å bu i ei gate med tre hus gjer jo ikkje akkurat den største grobotnen for eit heilt innlegg, med mindre ein kan inkludere den megastore katten til naboen. Tru meg......Den er megastor som eit monster. Eg holdt på å engste feil på meg første gongen eg såg han (eg trur det er ein han).
Eg stod i hagen og plukka bær då eg plutseleg stirra rett på eit monster berre ein meter unna meg.
"Kva i alle dagar er det slags dyr?" var det første som slo meg. At det var ei katt var ikkje det første som slo meg, men det var det eg håpa på etterkvart.

Nabolag kan jo bety så mangt. Om eg legg alle husa eg ser rundt meg, stiller eg sterkare. Her er alt frå dyreelskarar til det nett motsette og sosiale til asosiale mennesker. Bassen kan dunke i tidlege morgontimar ein sundags morgon, noko som kan irritere sjølv ein halvgammal frosk, men det er heldigvis ganske sjeldan. :=)
Huset rett over oss er nesten spøkelsesaktig. Eigentleg er det mest i vegen for det meste. Eg reknar med at det er for mykje å be om at det rives. Skulle eg imidlertid plutseleg sjå dansande gjenferd der, så tar eg saka i eigne hender!!
Hus som berre står der og forfell er ikkje akkurat kult. Ergo håper eg dei som har ansvaret for bygget snart gjer noko med det.

Næraste nabo i same gata som eg har ein alt for fin hage! Eller........Det betyr berre noko så enkelt som at eg er urpitelitt miunneleg. Er det noko eg ikkje har så må det vere grøne fingrar. Eg kan aldri få ein slik hage nokon gong, med mindre eg går til "innkjøp" av ein gartnar.
I alle kule seriar på tv så er jo dei i mange tilfeller ganske "hotte", så kanskje det ikkje vil vere så dumt?!
Eg tenker eg står over og klarer meg med den lille bærbuska vi har. Så blir det vel ripsgele i frysaren kvart år.
Uansett.......Det var hagen. Kva då med innvendige? Her er nemleg hus som manglar bileter på veggene. Hallo??!! Ein kan jo ikkje ha eit hus eller ei leiligheit utan eit einaste bilete på veggen? Eller...? Då tenker eg at valentinstipset kan vere ein fin start på det området.
Ingen bilete, ingen tv....... you name it.  Sjølv har eg ei dame liggandes på eit piano på veggen. Når born kommenterer det, seier eg berre at det er meg. Så ser dei på biletet og meg og lurer på om eg er riktig navla. (Dama er ganske brun........men dog lekker).
No kunne det nesten høyres ut som at eg berre har eitt bilete på veggen.

Sånn eigentleg skulle eg ønske at eg budde i eit nabolag som Westeria lane (eller noko i den dur). Ei gate med så mange frustrerte fruer må jo vere ei herleg salig blanding. Livet ville vel aldri bli kjedeleg. Eg tenker at kanskje vi er for "snille". Kanskje vi skulle sprite det heile opp og lage litt action. Det ville forsåvidt ha vore litt kult!

Greys starter opp så då må alt anna vike. Ergo må du berre ha ein fortsatt fin kveld! Sov godt og hasta luego!

IWALY!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar