tirsdag 28. august 2012

Ein litt stiv og støl kropp har slengt seg ned på sofaen. Kanskje ikkje så lurt, for faren er stor for at ein berre blir meir stiv........
Vi(kollegaene mine og eg) har spelt fotballkamp mot den eldste klassen i dag. Det var veldig gøy, men eg trur nok eindel av ungdommen var/er hakket sprekare enn oss....... Jaja, vi stod han a'.

I dag kan vi lese følgjande: "Forsvunnet kvinne lette etter seg selv (og fann seg!!)"
Hahahaha...... Ganske bra, eller??!!
Menneskeleg svikt kallar vi det.

Kvinna gjekk i bussen og skifta klede. Bussjåføren hadde telt feil opp då han gjekk over antalet passasjerar.
På grunn av klesskiftet,som ingen fekk mwd seg, forstod dei ikkje at ho allereie var i lant dei. Ikkje eingong ho sjølv.
Etter nokre timar med leiting klarte dei å skjønne teikninga.... Då fann ho seg sjølv!!
Joda....

Ikke fradrag for trollete kjerring. Hahahaha........ Dagens beste!! Ein "gluping" frå Troms, nærare bestemt Brødstadbotn, fann ut at han skulle kreve frådrag på skatten sin av di han hadde/har ei trollete kjerring!! Han førte liksågodt opp 8850 kr på dette.
Han meinte sjølvsagt at han hadde hjemmel for det i skatteloven, men likningssjefen måtte diverre skuffe han. Ingen frådrag på han, stakkars.............

Avslaget på dette blei begrunna ganske enkelt. Det er ein grunn til at skatteloven ikkje inneheld bestemmelsar om særskilt frådrag på grunn av samliv med kronisk vanskelege kjerringer/menn. Sannsynlegvis er denne årsaka så enkel som at fenomenet er så vanleg at belastningen er nokonlunde likeleg fordelt i alle ekteskap.
Joda....... Eg trur nok det er mange som har vanskelege kjerringer!! Ingen tvil om det, så stakkars menn. :=) Thihihi.......

 Dette kan du stjele av mannen din. Jaha? Eg skjønnar sjølvsagt at det er snakk om klede! Kva anna skulle det liksom vere??
Kunne jo vere artig å prøve ein barbermaskin under armen (nope.........), etterbarberingsvann til å klaske på nyrenska legger(?), skrujern til å tromme litt på kasserollene(?), "Vi menn" eller "Motor"(?) (skikkeleg bra lesestoff!!! Hahahahaha.............) osv osv....

Skal vi no eingong pensle oss inn på klede, som sannsynlegvis er det som det er sikta til i artikkelen som eg ikkje har lest enno, tippar eg på dressmanntrusene!!! Herlege greier! Det må vere den store draumen..........
Kvifor er det nødvendigvis vi kvinnfolk som skal stjele klede hos mannfolka?? Kan ikkje heller menna gå i garderobehyllene våre og funne seg noko lekkert? Noko med blonder........ Då ville vi fått noko å snakke om!!! :=)

Hmm.....Det er visst tysdag og det er einstydande med "Greys anatomy". Klokka er blitt akkurat det ho skal i forhold til det, så det betyr at eg må slutte av.
Synd....... for det er fleire saker i dag, men dei spring vel ikkje avgarde heller.

Så ha ein fortsatt fin tysdagskveld. Måtte natta bli god:=)

Hasta mañana!

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar