lørdag 18. august 2012

Hahahaha........ Har seriøst eit problem!!!

Det har faktisk gått opp for meg..... Enkelte ting kan då ikkje vere normalt?? Eg veit ikkje heilt, men etter å ha samtala med meg sjølv, no nettopp, har eg konkludert med at eg seriøst må finne på noko anna enn å sitje inne og slappe av når eg er åleine.
Her er saka....... I går var eg på butikken ein tur for å handle litt. Vel heime, set eg på litt musikk, berre at eg samtidig trykte på "repeat-knappen". Eg sat meg ned med litt skulearbeid etterfulgt av KK, kryssord og anna småting.
Det heile starta rundt halv fem. Åtte timar seinare var ting ganske identisk med slik dei var klokka halv fem.
Åtte timar er det same som 480 minutt. Songen som blei avspelt varar i fire og eit halvt minutt. Sukk......... Det vil med andre ord seie at eg høyrde på ein og same songen heile 107 gongar i går. "Tell me we will always be together. Let us stay in love like this forever." heilt oppslukt av teksten sjølvsagt...... Så konklusjonen må jo berre vere at eg ikkje er heilt god. "Take me where I've never been. I'll follow you whereever you go. Be the man thats mine."
Likevel........ Det er ikkje det verste. Det verste er at eg faktisk sit og lyttar til den no også!! Eg har berre sååååå tapt.....
Håpet får vere at eg ikkje blir sitjande inne heile dagen med den i bakgrunnen. Så sånn eigentleg burde eg hive meg rundt og trø meg ein tur i fjellet. Berre så synd at skodda er her. Det freista ikkje så altfor mykje å gå i dette veret. Kanskje det letnar opp etterkvart.
Jaja, livet er skikkeleg innhaldsrikt denne helga!! Not......, men livet er no eingong slik at det blir etter kva vi gjer det til sjølv, og dette er vel berre ei slik helg.

Eitthundreogsju gonger!!! Say no more.......... Det er no heldigvis berre fire gonger til no, idag. Kanskje det fins håp??
Faren er vel stor for at eg gror fast her eg sit i sofaen og så går dagen forbi meg. Eg kjenner eigentleg ikkje heilt at eg bryr meg så hardt. "Loose myself in someone someday......"
"I will run to you", "find a love that lasts forever...."
Nei, eg er altfor djupt inni teksten til at det fins håp. "The one that beats for me....."
Sukk..... Eg trur eg "døyr".

Er det no eg skal seie at livet er herleg??

Etter å ha tråla litt på nyheitsnettet, kjem eg fram til at hverken VG eller Dagbladet har tenkt å hjelpe meg med å finne inspirasjon. Då eg las overskrifta "Det er noe galt med Amanda", gadd eg ikkje meir. Viss Amandautdelinga er det mest spanade å lese om, så seier det litt. Ikkje såg eg utdelinga, så eg er vel ikkje eigna til å uttale meg om saka heller....

Denne unge jomfrua er visst ikkje seg sjølv i dag. Eg syns eigentleg Superman eller Batman skulle komen meg til unsetning i dag. Tatt meg med i armane sine og flydd avgarde med meg . Tatt meg med storm med andre ord. Hahahaha...... Joda.

"Be the man tbat's mine".
Jaja, eg får skjule meg bak det at Whitney Houston er daud og at det betyr at Celine Dion er den som har verdas beste songstemme.

Ha ein flott dag!,


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar