fredag 17. august 2012

Hadde alt - untatt lykken.

Kor mange er det ikkje som kan stille seg bak denne overslrifta?? Alt for mange...... Live Stensholt seier at ho hadde tilsynelatande alt. Ho hadde gode vener, familie, mann og god jobb. Det var berre det at Live mangla ein viktig ting - lykken!

Live er coach, sivilingeniør og journalist. Denne uka er ho avbilda og laga reportasje om i KK.
I dag er Live ikkje gift lenger, men ho er lykkeleg.
Som så mange andre, er ho no aktuell med ei bok, "Livet". Så attstår det å sjå om boka fengjer publikumet den er retta mot.......

Kva er eigentleg lykke? Kva tid skal ein eigentleg unne seg lykke? OG har "alle" krav på lykke?
No skal det med ein gong seiast at eg har ikkje svara på spørsmåla! Eg berre stillar dei....
Noko klarar eg vel å tenke sjølv og eit eller anna svar kan nok dukke opp blant dei små grå, men dog ikkje noko fasitsvar.

Det eg kan tørre å påstå, er at mange er sjølv skuld i at dei ikkje er lykkelege. I stor grad...... Mange har moglegheita til å gripe sjansen og ende opp lykkeleg, men lar vere...... Andre er ikkje lykkelege av di dei "veit" kven den rette er, men berre ventar og ventar i det uendelege, forgjeves. I løpet av tida mistar ein mykje, berre av di ein ventar.

Kvifor er det lettare for enkelte å gripe sjansen enn andre?? Gudane skal vite at menneska er ulike som personar og det er stor forskjell på kor høg terskel mange har.

I kva grad skal ein ta hensyn til seg sjølv i forhold til andre?
I går skreiv eg eit ordtak eg hadde lest. "Noen ganger må du gjøre det som er best for deg, ikke alle andre."
Sånn umiddelbart tenker eg at JA, det stemmer så godt. Likevel, livet er nok litt meir finurleg enn det. Det er sikkert lettare å seie det enn å gjere det. For mange.........

Er det verdt å la lykken "fare" i staden for å gripe den med alle fingrar og tær? Kva sit ein att med?
Vitet om at ein i alle fall har prøvd??
Kven vil applaudere det....... Eit forsøk på å vere grei.........

Live, som er intervjua i KK seier at ho bråvakna og opna augene. Viss ho skulle ha ei framtid som gjorde at ho kunne føle at ho levde/lever, måtte ho gjere dei tiltaka som var nædvendig for å få det.
Utan lykken skjønnte ho at ho mangla ro og ein heim "inni seg". Eg vil tru at ein heim "inni seg" finn ein først om ein føler at livet i alle fall har eit snev av lykke i seg. At ein kan vakne om morgonen og tenke at "dette blir ein bra dag". Ikkje det å vakne og ikkje vite kva dagen humørmessig vil bringe med seg og om dagen vil ende bra.

Det fins vel ingem svar på kva som er lykke. Likevel går det an å ha ei formeining om det. Sjølv ser eg for meg kva eg ser på som lykke.
I kva grad eg er lykkeleg eller ikkje, er det kun eg som kan definere ut frå meg sjølv. Eg veit kva som skal til for at eg vil føle meg lykkeleg. Om eg har det eller ikkje, skal vere usagt. Enkelte ting tilhøyrer det private, sjølv om mange stiller opp i blad som blant anna KK. Eg trur ikkje eg ville følt meg så komfortabel viss eg skulle ha vore heilt ærleg om eit sårbart tema i eit blad som distribueres for eit så stort mangfold av folk. Men der igjen er vi jo avhengige av dei som er villige til det viss vi skal få noko blad å lese......

Det er fredag og eg keier meg. Eg sit her heilt åleine med ipad'n og sjølv om eg har stearinlys tent rundt meg og nydeleg ballade i høgtalarane, kan eg ikkje påstå at den store lykkefølelsen er så sterkt representert i dette augeblikk.
Kanskje eit par armar hadde hjulpe på?? :=)

Ha ein fortsatt fin fredagskveld!!

MYLH

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar