tirsdag 25. februar 2014

I koma i Thailand i sju måneder - UD vil ikke dekke hjemtransport. Ei klassisk sak som provoserer mange, medan andre har full forståing for det heile. Ei sak der det moralske står i sentrum. Kva har vi ansvar for sjølv og kva kan vi forvente av den norske stat. Det som er sikkert, er at det fins mange betrevitarar rundtomkring. (Kanskje ikkje noko nytt, det??)

Det er ein nordmann som har råka ut for ei ulykke i Thailand. Han har no vore i koma i sju månadar og sjukehuset ønsker at den norske stat skal ta ansvaret for mannen. Det er ikkje gratis å ligge på sjukehus, og sjukehuset er ikkje interessert i at mannen skal bli liggande der lenger.
Poenget er at det er ingen som tar dette ansvaret.
Så kan ein spørre seg…..Har denne mannen rett på hjelp frå Noreg?

Kva er det vi alle saman er "forplikta" til å ha når vi skal ut og reise? Jo, ha ei reiseforsikring. Akkurat på dette området er det mange som "sviktar". Forplikta og sviktar er kanskje to ord som ikkje er heilt korrekte, men om eg set det litt på spissen, er det vel slik det er. I alle fall bør ein stå registrert i den norske folketrygden.
Når vi då får ei slik sak, der ein mann flyttar til Thailand for å bu der, ikkje vel å stå i folketrygden, ikkje har noko form for forsikring…….. Kva er rett og gale då?

Det er skremmande mange nordmenn som er ganske så likegyldige når det kjem til reiseforsikring. Viss du råker ut for noko, er det ei billig forsikring. Viss ingen hadde hatt reiseforsikring, ville det blitt enormt dyrt for den norske stat å få alle som trenger det heim.
Det er klart det er trist at denne mannen ikkje får hjelp, men viss han får hjelp, betyr det at alle kan gje blaffen i å ha ei slik forsikring (dersom det å halde seg i live, eller frykta for å bli sjuk utanlands er det som ligg til grunn for forsikringa). Er det frykta for tap av av mobilen eller liknande, ja……..

No kan det heile virke litt kynisk frå mi side, men det er i såfall ikkje meininga. Eg syns det heile er tragisk og på ein eller annan måte burde "vi" kanskje få han heim. Det er berre det at ein eller annan stad å det gå ei grense. Vi har sjølv eindel ansvar i livet vårt. Blant anna gjorde mannen eit dårleg valg då han entra motorsykkelen utan hjelm.
Når han vel å ikkje vere forsikra, ikkje stå i den norkse folketrygda, har han forsåvidt tatt eit valg på eigenhand. Og ja, mange tenker ikkje nøye nok gjennoom ting og mange tar dårlege/uheldige valg. Likevel, dette er noko vi alle må tenke gjennom, og vi veit faktisk om det. Vi veit at vi må vere forsikra.

Mannen har ingen nære slektningar her i Noreg og han valgte å flytte til Thailand. Utan å ta sine forholdsreglar har han satt seg i ei slik stilling at han faktisk ikkje har krav på noko hjelp……..
Kynisk? Ja……, men……..

Sånn litt på sida, såg eg at fleire har samanlikna det heile med dei to i Kongo og at Noreg har pøsa på med pengar i den saka. Joda, eg ser poenget……., men dei to har heile tida stått i folketrygda, den gjenlevande kan enno kome heim i live (noko mannen i Thailand ikkje kan - det er ein respirator som held han igong). Saka i Kongo har heilt klart preg av korrupsjon, lite er prova når det gjeld skuld. Eg vil påstå at dette er to saker som ikkje er samaliknbare. (Vel vitande om at mange vil vere ueinige med meg der.)

Så det medmenneskelge ved meg meiner at vi bør hjelpe, men viss eg set tilsides alt som har med medmenneskelegheit å gjere og kun ser kynisk på rettigheiter og val mannen sjølv har gjort, stiller saka seg annleis. Trist, men realiteten…..

Opplagsras for avisene. Jaujau….Er det så rart då? I helga las eg papirutgåva til VG og det første som slo meg medan eg las i ho, var at dette er ikkje kva eg kallar vis, men rett og slett eit sladreblad. Det var så "Se og hør"-prega at det var skummelt.
No var det VG eg lasi, men dette er nok istor grad treffande for bra mange aviser. Aftenposten klarer enno å produsere stoff på ein slik måte at ein kan seie at det er ei seriøs avis…….Resten slit i stor grad.
Berre la meg få poengtere at eg snakkar om dei største avisene. Det fins sikkert mange lokalaviser som er bra, men eg har nok ikkje lest alle av dei, på langt nær.

Det er kanskje frekt å seie det, men eg gjer det likevel. Det kan virke som om at dagens unge ikkje evnar å lage avis. Dei veit ikkje kva dei skal "sjå" etter (les skrive om). Det blir for teit når majoriteten av ei avis ein dag kan omhandle temaet sex, samliv, mote og kjendisstoff. Enkelte tema er rett og slett utdebbatert. "Slik blir du ein betre elskar"…… Eg kjøp då vitterleg ikkje ei avis for å finne ut av nett det. Det er vel ingen andre enn ein eventuell partnar som kan fortelle kva ein gjer feil eller ikkje. Fasitsvar fins ikkje blant utanforståande.
"Difor går det galt i ekteskapet"……. Der skal dei jaggu meg ta æra for at dei veit svaret på det også. Eit ekteskap fungerer på same måte for alle, kan det virke som. Gjer slik og slik og du får det perfekte liv.
"Terningkast 5"….. Oi, så gøy! Det er skikkeleg kult å lese kva terningkast Jan Thomas har gjeve Mia Gundersen, Jennifer Aniston eller Sandra Bullock.
For ikkje å snakke om at det ikkje er noko seksuelt bak det å amme!! Fantastisk! Avisa blir jo komplett når ein legg alle desse temaene ilag.
Ser du poenget? E snakkar AVIS. Ei avis som i utgongspunktet skal spreie nyheiter i inn-og utland. Gjerne då av eit anna kaliber enn kva stjernene har funne på i dag. Saker som kanskje gjer litt meining.
At kjendisane fyller kinna, leppene og deler av panna med botox, ja det får andre ta seg av. Det blir for useriøst av hovudstadsavisene å bruke tid på det.
Som sagt……Eg trur det er dagens unge journalistar som har vore med på å legge bana i den retninga. Kanskje tar eg feil, men det er no uansett det eg trur.
Så då kan ein stille spørsmålet….. Er det rart at opplagstala rasar?
Viss eg kan lese mykje av det same i Se og hør som i VG (eller andre aviser), ja då held det vel at eg kjøper ei av dei. Eg gidd ikkje betale dobbelt opp for same "kunnskapen".
(No skal det seiast at Se og hør ikkje gjer seg rik på denne knetta. Eg kjøper bladet om eg skal ut og fly, eller for å få programoversikta til jul og påske.)

Nei, få eit betre begrep på kva nyheiter og aviser har til felles, så kanskje…………
Berre for å gni det litt meir inn…….. Du kan jo lese nettutgåver også. For å få tilgong til dei "beste" sakene, må du abonnere på VG+ (for å ta eit døme. Når "Dette savner vi i sexlivet" er ei av sakene dei lokkar med for å få folk til å abonnere på VG+, tja………Treng eg å seie meir??? Avis?!

Det er tysdag og jomfrua har vore for mykje i ro dei siste dagane at det gjer seg utslag i at ho blir litt kverulant. Sånn kan det gå…….
Uansett, ha ein fortsatt fin tysdag. Denne knetta skal no halde seg i ro litt til før ho kan finne på nye sprell.
God ettermiddag/kveld!

Hasta luego!

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar