søndag 9. februar 2014

Ei triveleg helg er over. Ei helg med mykje musisering, og det var ikkje fritt for at ein følte seg litt "sliten" då vi slutta av i to-tida i dag. Då var det godt å kome heim og legge seg nokre minuttar på sofaen.
Det er no eingong slik at sjølv om det er morsdag, så er det enkelte ting som ikkje gjer seg sjølv. For å ta eit eksempel, så er sying av gardinar ein slik ting. Ergo har eg gjort nett det i dag. Vil ein ha nye gardiner, må ein berre hive seg rundt og sørge for at det blir gjort.
Eg rakk heldigvis akkurat å bli ferdig før masinnåla knakk. Då ville den rett og slett ikkje meir, og med ei jomfru som eigentleg var passe lei av heile syinga, var "timinga" heilt perfekt………..Enkelt og greitt av di eg ikkje gadd å skifte nål. (Det skjer vel kanskje i løpet av det neste halvåret, med tanke på kor ofte det er at eg gidd å sy. Hahaha……)

Eg kjem ikkje heilt på settinga, men idag var det ein "fugl" som kviskra meg i øyret at i England er det fleire som et morkaka!
Heldigvis var det ikkje rett før middagen i dag, for då trureg at eg hadde latt vere å spise.
Noko så ekkel tanke som det å spise morkake, skal ein leite lenge etter. Fysj og fy!
Eg er sjølvsagt klar over at morkaka liknar ein stor rundbiff (som vi brukar å skjære opp i mange biffar). Eg har då vitterleg sett mi eiga "kake"………For av ein eller annan grunn var det ein som trudde at eg hadde interesse av å sjå den, så då blei den foreviga på heile 20 bilete (sånn bortimot i alle fall).
For å seie det enkelt……. Fpr å sleppe å miste lysta på biff for resten av mi tid……hamna bileta glatt i vedomnen. Jaggu skal eg seie at dei brann godt!

Eg tenkte (berre nokre få sekund før eg fann meg sjølv att) at eg skulle google det heile for å finne ut kva som eigentleg har stått på nett om dette i dag. Så fann eg ut at det blir for ekkelt og fornuften sa la vere! Og fornuften køddar ein ikkje med!

Hvis man vil leve fredelig, bør man uttale seg om sex og ikke sport. Fabian Sang har den siste uka vore ute i hardt vèr. Bakgrunnen er ikkje noko verre enn at han har uttalt seg om noko innanfor pmrådet sport. Sport……….er visst helligare enn mykje anna her i verda.
Så kan ein spørre seg…..Kva er det med sport som gjer at folk nesten blir gal? (For gudane skal vite at enkelte blir det.) Kva er det med sport som gjer den så inn i hampen attraktiv å sjå på?

Fabian Stang ville berre kome osloenserane i forkjøpet og advare mot at alle skal sette seg ned og bruke arbeidstida si på OL. Ganske forståeleg om ein tenker seg litt om.
Dersom alle skulle satt seg ned og sjå på tv heile dagen, er det ikkje tvil om at det vil koste dyrt for Oslo som arbeidsgjevar.
Så var det dette me at OL er livsnødvendig for enkelte. Ergo er det mange som har heva stemmen til harnisk og ønsker han dit pepparen gror. (Kor no enn det er…….)

OL er OL……… Eg trur at dersom ein er litt oppegåande, så blir ikkje dette noko stort problem.
Problemet ligg i om du sit deg ned i fleire timar i strekk for å sjå OL når det er haugevis med arbeid som ligg der og ventar på deg.
Litt smidigheit, så kan ein sørge for å legge pausane sine til tidspunkt som er "viktige". (Dei som har sjansen til det.) Ein kan ha radioen på medan ein arbeider………osv…… Det fins nok ei lang rekke moglegheiter om ein berre tenker etter.

Fotball, handball og vintersport i form av OL/VM……….Enkelte tar heilt av. Den neste døgeret er øydelagt om det ikkje går den vegen ein ønsker. Leppene er nesten nede på knerne (surleppa - vel å merke), augene går nesten i fistel og er riktig så fargerike når det raude nesten tenner på resten av kroppen, alle andre er idiotar og for all del……Er det nokon som er så toskåt at dei fleipar med det…….Tja, "om blikk kunne drepe".
Enkelte går i borndomen att og blir rett og slett uleveleg med på slike dagar.
Dette siste er vel kanskej mest spesielt for fotball. Skientusiasmen er nok størst medan rennet pågår. Det er ikkje såååååå mange år sidan eg høyrte at kommentatoren som kommenterte Marit Bjørgen sitt gulløp på radioen, nesten fekk ein svær orgasme av at ho gjorde det så spanande på slutten. Ja, nei, ja, nei…… om einannan i delvis pustebesvær og sjølvsagt med eit avsluttande brøl som ikkje likna grisen på nokon som helst område.
Slik er det nok i enkelte stover også rundt om i dette lange landet vårt. (Noko anna vil vere rart.)
Så lenge det ikkje smadres tv-skjermar, så går det nok stort sett greit. Det ville i så fall bli ei dyr sending for dei som har så lite sjølvkontroll at dei lar slikt hende. (Joda, det skjer….)

Som eg skreiv aller først, har det vore ei musierande helg. Musiserande til trass for skidamene, brettmannen og dagnes menn…… Menna i korpset overlevde det (sjølvsagt av di dei kunne sjekke resultat og liknande underveis, i og med at vi har noko som kalles Internett). Kvinnene var litt rastlause, dei også, men hakket mindre enn menna.
Uansett…….Desse menna er nok leveleg med i desse OL-tider. Ellers hadde dei ikkje møtt opp på øving. EG kjenner likevel andre som har eit heilt anna kaliber og DET er ikkje bra.
Så spørs det……..Kva er mest verdt? Å leike seg med ass-ar, ess-ar, fiss-ar ………….. eller sjå Northug kives med Cologna og Hellner……..(når ein sjølvsagt ikkje er klar over resultatet)…….
Eg vil påstå "fiss-ane & co", men det er vel aller helst tvilsamt at den vanlege mann i gata syns den prioriteringa er så rett.

Hmmmm……Kva var det eigentleg eg starta med? Var det ikkje noko om fred på jord og sex? (Kanskje ikkje heilt slik, men nesten…..)
I alle fall var det at sex var meir fredeleg enn sport. Jada, Fabian Stang, det har du heilt rett i. (I alle fall i stor grad…….unntak finnes alltid.)
Så er det no eingong slik at sex er eit tema mange faktisk kranglar om, året rundt, medan OL-sporten berre varar i to uker. Så spørs det……..(igjen!) kva du foretrekker……. Heile året eller dei stakkars to ukene……..

No er det straks kveld for jomfru Knutsen. Rettare vil det vel vere å seie natt, men jaja…..du skjønner.
Ei ny uke står klar og ventar og eg trur det kan bli ei spanande ei.
Så sov godt til natta og tell geitebukkar om nødvendig! Eg trur ikkje det gjer det lettare å sove, men kan vere eit irriterande moment, så verdt å prøve. Kan jo hende eg tar feil!
God natt!

Hasta luego!

IWALY!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar