lørdag 15. februar 2014

Det var hardt å stå opp i dag! Slett ikkje noko digg, men det gjekk sjølvsagt bra. Eit par minuttar i lyset, så var ein på stasjon. (I alle fall nesten……)
Minstemann var på diskotek i går kveld og rimeleg seint i seng, noko som alltid straffar seg om ein skal tidleg opp og spele fotball heile dagen.
Han var sjuk då han stod opp, men eg trudde sjølvsagt at det kom av at han ikkje var kvil. Sjølv var han klar på at på tur skulle han. Stakkars han….Eg skulle ønske eg hadde hatt vit til å nekte han å dra. Han var faktisk sjuk……….

Kor kult er det eigentleg å vere "likbleik" i andletet og ikkje evne noko anna enn å ligge i ro på ei madrass heile dagen? (I ein hall med fleire hundre menneske rundt seg…)For så å karre seg på beina og bite tenna saman av di lysta til å spele er så innmari stor……… Ikkje ein matbit eller drikke i løpet av heile dagen, men fire kampar blei likevel spelt. Då kan ein trygt seie at på ein skala frå 1-10 på kor viktig det er å få spelt fotball, så hamnar han på 10. 
"Mamma, æ  sku nok ha vorr heime i dag", kom det så ydmykt frå han i bilen på tur heim. Då var han nok rimeleg sliten av å kaste opp heile dagen utan å ha noko å få opp. 

Eg har inntrykk av at det er mange som er plaga for tida, så eg håpar verkeleg ikkje det er meint at eg også skal bli smitta…….. Han sa det så fint då han la seg……. "Mamma, du treng ikkje å hold rundt mæ viss det e sånn at du kan bli smitta av det, for æ vil ikkje at du også skal bli sjuk." Åååh, det var ikkje vanskeleg å svare han på det! "Eg er nok først og fremst mamma, skjønne deg! Og mødre bryr seg ikkje om at dei kan bli sjuk, berre dei kan gjere noko for å "hjelpe" ungane sine." 

Hahahaha…….Minner frå farne tider!


Eg brukar jo å surfe litt på nettsidene til avisene rundt om i landet. Mest for å halde seg oppdatert, sjølvsagt. 
I og med at eg er "vestlending", er eg jo interessert i å følgje med på kva som skjer på heimplassen min. Plassen eg vaks opp på, Husnes. I dag sjekka eg ut forholda nett der, og kva anna enn dette biletet var det siste innslaget som var lagt inn på nett den nettsida?! 
Det er faktisk ein kompis av meg som har tatt biletet, og det gjorde han allereie i februar 1994. 20 år sidan!!! Hjelpes………. Eg kvaltes nesten då eg såg biletet. (Av latter sjølvsagt.)

Det verste er at bilete som dette blir lagt ut under overskrifta "Minner frå farne tider" og gjett kven som føler seg GAMMAL når ho får ei slik overskrift over seg?! Farne tider, liksom…..
Eg er då for farsken megaung enno!!! Akkurat det er udiskuterbart. Farne tider…….Blæh!!!!
Fotografen veit garantert at eg tenker akkurat slik, og akkurat no sit han sikkert der nede (trygt og godt 150 mil unna) og godtar seg med tanken "YES!! 1-0 til meg". (Han..) 
Han sit sikkert og ventar på at eg skal sende ei melding til han på telefonen og kommentere det, men eg skal såvisst ikkje gje han den gleden. (Eg håper eg klarar å la vere, for ellers blir det 2-0 til han.)
Det er heller ikkje så lenge sidan han la ut eit songbilete av meg som også var frå "farne tider". 
Så jomfrua held på med å bygge om ein megahemn. Ver du sikker! Hehehe……..

Eg seier berre takk og lov for at verda går framover. Å sjå på det biletet ga meg ein støkk som sa "Jeeeezes……såg eg sånn ut?". 
Sjå no berre på dei kvite tennissokkane…….Hallo? Jaujau……..

Nei, no startar ein EddieMurphy-film på tv´n, så denne UNGE knetta skal legge føtene opp i sofaen, legge seg godt til rette og få ei hyggeleg stund på denne laurdagskvelden. 
Så ha ein fortsatt fin kveld, den er trass alt ganske ung enno (den som eg!). Sov godt når den tid kjem!

Hasta mañana!

IWALY!! 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar