onsdag 2. oktober 2013

Kva seier ein til ein son som kjem og seier "Mamma, kom og sjå ka æ har gjort! Æ har brukt en heil time på å ordne det og det blei skikkelig bra!"
Eg tok sjølvsagt turen ned på rommet hans for å sjekke kva det var. "Sjå under senga."
Eg såg og kva anna enn fleire stablar med Donald-pocketer låg der. Sånn rundt rekna 30-40 stykk. Dei som hadde stått så fint i bokhylla, var no under senga, rett under hovudet så det skulle vere lett å nå dei.
"No er dei jo lettare tilgjengelig når du ska læs førr mæ. Smart, hæ?"
Joda........men kven skal fram med alle bøkene og greier når det skal vaskes? Eller når stablane veltar og dei sprer seg utover?

Berre eit blikk på han sørga for at eg blei veldig klar over at dette var noko han var særs nøgd med og han hadde jo hatt ein plan med det. I tillegg hadde han vore veldig nøye når han stabla dei.
Eg kunne jo ikkje seie noko på det........
Stablane står der, dei. Eg har ikkje hjarte til noko anna. Så får eg no berre sjå om eg ikkje klarar å lure bort ei bok i ny og ne til bokhylla att.
(Eller berre sørge for at han må vaske rommet sjølv!)

Dette irriterer oss mest på sosiale medier. Det folk irriterer seg mest over er faktisk fine poseringsbileter og intense treningsøkter.
Sånn eigentleg er ikkje det så overraskande at det er slik, for det er veldig mange som legg ut slike bileter og statusar.

At matbileter er det som eg sjølv heng meg mest opp i, er vel ikkje akkurat så overraskande. Det har eg jo drøfta før og følgene det fekk for meg, var at dagens mattips dukka opp på sida mi både titt og ofte.
(Men det blei jo eigentleg berre noko kult ut av det, då!) :=)

Årsaka til at mange ergrar seg over poseringsbileter og treningsøkter er at det kan virke som om at det er blitt ein kollektiv konkurranse. Mange bruker mykje tid på dette og det meiner dei går ut over både oss sjølve og familien. I og for seg eit greit argument.....

Heile 42% irriterer seg over "selfies, noko som i utgongspunktet er eit høgt tal. Likevel trur eg at "selfies" er komen for å bli. Dei som tar slike bileter kvar dag, kjem nok mest sikkert til å fortsette med det. Dessutan er antalet mennesker som tek slike bilete, ganske høgt (vil eg tru).

I og med at så mange legg ut statusar som vi kan kalle "skrytestatusar" i eininga, har Instagram no nko som heiter "Bak fasaden". Ein skal ta bilete av korleis det faktisk er bak fasaden.
Det er neppe nokon som har eit liv som berre er lykkeleg, konstant. Ørtiførti born som oppfører seg heile tida, null stress, herleg liv, verdas beste gubbe, romantikk.......you name it! Bak fasaden må det jo vere nokre sprekker?!
Det blir akkurat som i Ibsens "Et dukkehjem". Fasaden er det viktige. Kva kan folk sjå? Det er ikkje så nøye med det indre om ein kan framstå som "perfekt" for alle andre.
Idyll........ Få forunt.

No syns ikkje eg at det gjer noko at ein viser at ein trives. Langt ifrå. Eg gjer det jo sjølv. Det er fint å sjå at folk har det bra.
Eg trur likevel dei fleste skjønner kor eg vil hen. Kva det er eg meiner.
Eg snakkar jo om dei ekstreme.

Thomas Wold, stipendiat ved NTNU, har forska på "selfies" og komen fram til at sjølvportretta ikkje handlar om innhald eller prestasjon. Det er rett og slett merksemda dei får berre for merksemda si skuld. (Oppmerksomhet for oppmerksomhetens skyld.)
I tillegg trur han at vi må belage oss på meir av slike bileter i framtida. Det vil nok berre auke i omfang. Så veit vi det!
(Sånn eigentleg tenker eg minimalt på det, men blir det litt bevisst når eg les om det.)

Det einaste som er litt dumt oppe i det heile er at dersom ein har eit behov for å framstå som perfekt, så kan ein bruke så mykje energi på det at ein møter veggen. Då er det ikkje lenger noko bra.

Burde ein bli flinkare å legge ut bileter av den veksande oppvasken, klesvasken eller støvet? Sånn berre for å vise at ein er menneskeleg?
Eg veit ikkje....Det kunne jo sikkert slå an, men eg tvilar på at eg sjølv hiv meg med på den bølgen i så fall. Hybelkaninane mine vil eg faktisk ha i fred. (Ja, dei fins!!!)
Eg kan jo ta bilete av yttergongen når eg kjem heim frå arbeid og det har vore ein liten kar som har hatt det så travelt at det berre var å slenge jakka i skohylla, skulesekken midt på golvet, eventuelle andre rekvisita på veien ellers innover i huset. (For ikkje å nemne den gongen eg nesten ikkje kom meg inn av di han og ein kompis fann ut at det kunne vere lurt å plassere 20 fotballar i yttergongen (som er så grueleg stor at 20 fotballar -  det går heilt greit - liksom.....) Joda......

Eller...... Kanskje eg skulle tatt bilete av ein som sit i sofaen og søv når klokka er passert ti. Menn som søv sittande er alltid "eit nydeleg syn"!
At han i det heile tør å sove så lenge eg er i same rommet....... Han har jo ingen garanti for at han ikkje vaknar opp med både bart og større augebryn, sånn viss eg er i rette slaget.
Ikkje det at eg brukar å gjere det, men eg kan jo lett vere truande til å finne på slikt.

Det er vel ingen som har eit perfekt liv, men det er vel heller ikkje så mange som har lyst å gje uttrykk for at ikkje alt er like lett. Då er det nok lettare å legge ut bileter som er positive. Bileter ein får fine meldinger attende på. Slik er det berre........
Det er eigentleg ikkje noko galt med det. Det er berre vi som menneske som irriterer oss over noko som burde vore ein bagatell, men som ikkje er det.
That´s life.

Eg tenker mest at berre folk ikkje legg ut bileter av "nakne" born, så er det meste greit.
Bileta kan bli missbrukt av andre og då kan ein jo i det minste sørge for at dei "galne" ikkje får tak i avkledte-bileter av dei små engleborna.

Sanninga er nok at dei som har uendeleg mange fjellturar i løpet av eit år lett kan finne på å seie at det berre er å kome heim til dei og sjå oppvasken som står der. For det meste handlar vel om prioriteringar.
Kanskje er kvalitetstid med dei ein er glad i viktigare enn den hersens oppvasken (eller andre hussyslar for den del...)

Aqua-Lene har hatt 40-årsdag. Eg berre seier det......Den bilen ho fekk i gåve av sin betre halvdel, ja den kan eg vel lett sjå for meg at eg også ville ha blitt glad for. (Eg fekk ingen bil.....)
Den er jo berre rålekker! (Sjølv om det nok ikkje er ein heilårsbil her nord i landet.

Ho sa "Oh, my God!" Eg trur eg seier det same! (Og eg er ikkje eingong interessert i bilar......Noko må vere fullstendig galt her!)
Berre ikkje spør meg kva bil det er, for då må eg inn og lese meg opp på det. Eg veit stort sett ikkje korleis ein bil ser ut om eg berre høyrer kva bilmerke det er.
Eg trur nok ikkje eg lyg så veldig om eg påstår at eg veit kva bil vi sjølv har, men spør du meg kva bil naboen har.........eller ein ven o.l............Ja då slit eg! Eg veit ikkje eingong kva bil mi eiga mor køyrer rundt i. Den er i alle fall blå!! (Eg er ikkje fargeblind.)

Nei, alt var så mykje lettare når det kun var den gamle Golfen og kassa-Volvoen. På åttitalet fans det ikkje andre bilar!! Det er eg sikker på! Det er i alle fall dei som har brent seg inn i skolten på meg.
Kunne ikkje Volvo vere Volvo?
I dag veit eg ikkje at det er ein Volvo som passerer.......
Men spør meg om kva cantabile står for! :=)

Klokka er halv tolv og jomfru Knutsen skal stelle seg. (Er no det nødvendig, då?? Bak fasaden, liksom......)
Det er på tide å tusle seg inn til Salander.
Nei, eg er ikkje i mål med ho enno. Hausten har gått med til ein god del anna, så ho har berre vore inkludert i ny og ne. No skal det bli andre boller.
Denne unge knetta har investert i nytt kjøkken og no er det ferdig, endeleg! Så mesteparten av tida har gått med til oppussing.
Å rive eit kjøkken er slett ikkje berre, berre. Spesielt ikkje når ein har vore så lur og plassert nokre speil innimellom flisene.
Det resulterte jo berre at eg plutseleg hadde eit glasskår under augelokket. Herleg..... Eg såg alle notane eg skulle gå glipp av, for meg og klarte dermed å la ver å blinke.
Med god hjelp fekk vi det ut og eg ser framleis med begge augene.
Noko legebesøk vil eg ikkje ha, for er der ei ripe, vil eg helst ikkje vite om ho.
Veggene blei reinska og no er då det flunke nye kjøkkenet komen seg på plass og eg kan konstantere at eg er nøgd med resultatet.
No er eg berre glad for at vi har fått stova attende. Det er ikkje berre, berre å stå å lage middag på ein liten hybelkomfyr i stova. Med andre ord blei det ikkje store variasjonar  kosten medan det stod på.

Den største lykken har faktisk vore at eg i dag kunne få bake brød! Gjett om!! Eg feilberekna kor mykje brød eg måtte bake opp før vi starta med å rive. Det resulterte i at eg har måtta levd på kjøp-brød den siste tida. Kjøpbrød er alt anna enn digg!

Nei, eg var vel eigentleg på tur i seng i stad. (Eg blei lurt av meg sjølv, så her sit eg enno......) Jaja..
Eg prøver på nytt! Det er berre å seie god natt, tvert. For då er det berre å lukke pc´n og gå!

Så hasta luego!

IWALY!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar