mandag 14. oktober 2013

Fange gravde seg ut av cella med smørkniv. Går det an då? Eg trudde det først var ein spøk då ei anna kvinne hadde lagt ut dagens "Donald" på nettet. At det berre var meint som ein.
Så gå eg inn på Vg-nett no og ser at det faktisk stemmer. Galskap!

Todlegare har ein fange gjort det same ved å bruke ein kleshengar. Så det betyr vel kanskje då at lykken må vere å hamne i fengsel på Hamar. I alle fall om ein planlegg å stikke av.

Albansk statsborgar...... Jaja, viss han no rømmer heim, så er det vel liten sjanse for å finne han. Samtidig er landet vårt kvitt eit problem, så då går det vel opp i opp?!
Han har nok sikkert ikkje gjort sitt siste sprell enno.

Eg trudde at det med å rømme frå eit fengsel ved å fire seg ned veggen med eit laken berre var foreholdt filmar. Eg har tydlegvis tatt grundig feil. Det var nett det mannen med kleshengaren gjorde.

Tanja Amanda Høglund Pettersen har for meg stått fram som ein stor person i mine auge. Ho har verkeleg fått smake på det å bli mobba over nettet. Dagens unge, som samtidig er framtidas vaksne, har framstått som grusomme mennesker. Akkurat det er ganske skremmande å tenke på.

Taja er ei søt jente som sliter litt med anoreksia. Eit problem ho ikkje er åleine å kjempe mot. Ved første augekast er det ikkje noko eg tenker over......anoreksia. Eg ser ei heilt vanleg jente, dog utan eit kilo for mykje.

Når ein blir utsatt for grov sjikane, må ein verkeleg vere sterk som person for å klare å halde hovudet over vannet. Eg kan ikkje sjå noko anna enn at denne jenta må vere utroleg sterk.
Med tanke på at utsagn som "Hvorfor i helvete er du født?", "Hvordan kan moren din føde noe så stygt?", "Jævla hore, drep deg sjæl.", "Gjør alle en tjeneste og ta livet av deg selv. Det er til det beste for oss alle." florerer mot Tanja på nettet........... Det er ikkje mykje å seie til det. Ikkje anna enn at det er frykteleg trist at enkelte er i stand til å gjere slikt.

No er det slik at ein kan legge att anonyme kommentarar. Det er nok det første ein må gripe fatt i. Det bør bli slik at du må gjere deg til kjenne om du skal kommentere noko som helst. Personvernet til den som eig sida er mykje viktigare enn ytringsfridomen til dei som kommenterer når det er slik at enkelte ikkje har sperrer for kva dei kan skrive.
Heldigvis er det komen ei lov som forbyr nettmobbing, men det er nok ikkje berre berre å finne ut kven alle dei anonyme kjeldene er. Det er i alle fall kostbart, og så spørs det om det er velvilje blant rette etaten til å ta denne kostnaden med å spore alle kommentarane. Det er jo lov til å håpe.......

Det er fint å sjå at kjempemange rundt om i landet no engasjerer seg i denne saka og det til føremon for Tanja.
Eg vil tru at det er med på å gje ho betre sjølvtillit og at ho i større grad skjønner at det er dei som skriv alt dette forferdelege det er noko gale med.
I tillegg håper eg verkeleg at ingen av desse mobbarane har tenkt å ta seg arbeid i eit omsorgsyrke. (Skule, bornehage, sjukeheim.....osv....you name it.) Det meiner eg av di det er skremmande tendensar og slike haldningar er det skummelt å dra med seg inn i slike yrker. Også andre yrker sjølvsagt, men desse eksempla er vel kanskje av dei viktigaste sådan.

Eg håper inderleg at det roar seg rundt Tanja. At ho får den freden og respekten ho fortener som menneske.
Det bør også opne augene til foreldregenerasjonen. Kva haldningar er det vi ønsker å bringe vidare til borna våre? Det er i alle fall viktig at alle sit seg ned med sine eigne og snakkar om tema som dette. Sette krav til sine eigne om kva følgene vil bli om dei hiv seg med på ei mobbebølge.
Vi har alle eit ansvar for å stoppe det.
Vi må ikkje vere så naive at vi ikkje trur at det skjer rundt oss. Små eller store stader.

No er dette ei sak som nok er litt større i omfang enn dei fleste, men nettmobbing må stoppast. Vi må gjennom haldningsskapande arbeid få fram kva vi meiner om at folk gjer slikt og vi må vere tydelege på at det ikkje vil bli akseptert. Uavhengig av om det er anonymt eller ikkje.
Det er rett og slett ein menneskerett å ikkje få slike kommentarar!

Ha ein fortsatt fin kveld og sov godt til natta!:=)
Hasta luego!

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar