onsdag 14. mai 2014

Tøffingen min fyller 10 år i morgon, onsdag, og difor har eg vore i bakemodus heile kvelden. Han veit kva han vil ha, og då er det berre å hive seg rundt. Lyse megamuffins, sjokolademuffins, sjokoladekake, oreokake……you name it. Det er ikkje småtteri han ønsker seg. Så då har no kvelden gått med til det.
No er eg ferdig og skal berre slappe av litt før eg legg meg.

No er det lenge sidan eg sjølv var tiåring, så eg klarer ikkje heilt å hugse i kva grad eg gleda meg til feiring. Eg gledde meg sjølvsagt, med det er forskjell på å glede seg og det å glede seg! Her i huset er det ein som gleder seg. Han har knapt nok klart å vente på at det skal bli onsdag. Han er skikkeleg spent. (Det er han kvart år.) Så det betyr vel at eg blir vekt grueleg tidleg i morgon, for det er jo klart at han vil ha gåva allereie når han står opp.
Tar eg ikkje mykje feil, kjem han vel til å drøyme om kva som er i pakken store deler av natta. Og ja, han får det han ønsker seg, så då blir det vel full jubel! :=)

Russere med skjeggprotest mot Eurovision-vinneren. Først leste eg feil og trudde at det var Russland som hadde levert inn protest. Følgeleg antok eg at dei mest sannsynleg påstår at det er snakk om sympatistemmer som avgjorde det heile, men det var ikkje nett det som var saka.
Det gjeld russere generelt. Mannfolk! Mannfolk med skjegg som barberer seg i protest mot vinnaren. Jaja, at dei verkeleg orker å la det gå sånn inn på dei. Har dei ikkje noko betre å ta seg til, liksom? Kva oppnår dei med denne oppførselen?
Joda……. Dei får eindel merksemd, men om litt er det heile gløymt. Det einaste dei då har oppnådd, er å bli mindre mandig dersom skjegget gjorde dei nett det. Det kan jo hende at det er bra for enkelte å få det fjerna. Det er slett ikkje alle menn som kler skjegg!! (Berre så det er sagt.)

I dagens samfunn er det eigentleg ikkje så mykje som sjokkerer lenger. Hadde denne "skjegg-dama", som dei kallar vokalisten, opptredd for 20 år sidan…..kanskje eg hadde reagert. I dag tenker eg ikkje over det. Eg har sett bilete og nokre opptak med ho (eller han???), og syns det ser litt rart ut med kjole og skjegg, men det stopper med det.
Vi er no merkelege på kvar vår måte, alle saman som lever i denne verda. Eg er mindre bekymra for Eurovision-vinnaren enn visse andre. Jaujau……

Slik har vi endret oss fra 1814 til 2014.  Hahahaha…..Det er jo og noko dei vågar seg ut på isen for å drøfte?! No er vel ikkje dei to tidene akkurat så samanliknbare, men la gå…..
Vi får liksom før og etter industrien sitt inntog. Berre der ligg det eit tonn av ulikskapar.

Ola og Kari Nordmann…….. Kor lenge har vi heitt det, mon tru? I alle fall så lenge eg kan hugse. Ola og Kari…… I 2014 bør vi kanskje endre dette? (Berre ein tanke..) Så lenge det ikkje blir snakk om Linus og slike namn. (Eg kjem liksom ikkje på eit like bra jentenamn som står i stil med Linus.)

Dei skal kartlegge litt av kvart. Også kor mange gonger folk gifta seg. Eg som trudde at ein før i tida berre gifta seg ein einaste gong. At dette med skilsmisser og nye ektemaker er noko som høyrer 1900- og 2000-talet til. I don´t know.
Det eg derimot veit, er at Ibsen måtte skrive om eit dramastykke av di den endte med at kjerringa forlot mann og born. Det var ikkje "up to date" (samfiunnsnært), så ergo måtte han endre slutten for å berge "rævo si". Kven er det som vil ha misnøgde tilhøyrarar når ein vil opp og fram?
(Ikkeje det at nordmenn var så smart at det gjorde noko…… Han måtte jo trass alt reise til Italia i 27 år for at vi skulle få augene opp for han.
Uansett…… Viss detvar slik som Ibsen skreiv, var vel ikkje skilsmisse det mest vanlege og ergo har ein vel allereie funne svaret på kartlegginga av ektemaker. (Det kan jo hende det var snakk om mange "lausungar" - ungar laga av andre enn eigen mann+ Kven veit?)

I Vest-Agder sleit dei med å bli eldre enn 18 år. Ganske ungt, spør du meg. Norlendingane var visst litt meir hardfør. (Er dei ikkje det enno, mon tru?? HAhahaha….)
Ei av årsakene var at mange fraus ihel. (Som om det nokon gong har vore eit problem at det var kaldare der enn nord i landet. Vel….det kan jo hende..)
Drukning og brann….. Tja det vitnar om at dei var meir uforsiktige enn andre. Eller?
Med tanke på at dei fraus ihel, er vel ikkje tørke det som står bak alle brannane.

I dag spis og drikk vi heilt annleis enn "gammeldagan". Levealderen er mykje høgare…….. Vel, vel…. Eg trur ikkje heilt at maten åleine er skuld i det. Majoriteten i Noreg kan vel ikkje akkurat skryte på seg at dei er så grueleg sunn?! Kan dei? Eg tvilar…….
Men det er jo klart ein forskjell på om ein drikk øl av di vannet er ureinsa og det å kunne reint vatn frå springen. Så ut frå den opplysninga, kan eg vel trekke konklusjonen at dei var meir "snytt" før. (Oftare.)
I tillegg var vel menn meir lykkeleg når dei kunne drikke øl utan at kjerringa klaga på at dei konsumerte  for mykje. Kva anna kunne dei gjere? Det var jo ikkje menna sin feil at dei måtte ty til øl.

Eg trur kanskje eg må svelgje det med mange ektemakar. Pga av høg audelegheit, blei det jo mange enker og enkemenn. Ergo kunne dei rekke å gifte seg ein god del gonger om dei var "heldig". Jaja, årsaka til alle giftarmåla var i alle fall anna enn i dag.
Stakkars 25-åringar som ikkje var odelsgutar. Dei måtte ut på markedet for å finne seg ei "tjei" for å få seg ein gard. Ofte blei det då snakk om kvinner på 50 år. For når dei "gamle" kvinnene døydde, kunne menna finne seg yngre kvinnfolk. (Eit snev av lykke….) :=)

Jaja, dei gjekk i alle fall ikkje med nisselue i 1814?!

Nei, no er det visst runda midnatt…. Ikkje bra. Her er det berre å skunde seg så skjønnheitssvevnen får slå til.
Så ha ei god natt og sov godt! Kanskje russerne har fått skjegg att i morgon…. Kven veit? I couldn´t care less……
Natta :=)

Hasta luego!

IWALY!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar