mandag 23. desember 2013

Lillejulaften og julefred. Det er vel akkurat slik det skal vere. Treet er akkurat pynta, maten fortært, biljardrundane unnagjort og no sit vi benkra rundt stovebordet med litt snacks og ventar på kveldens film, Alene hjemme. Ein film vi har sett x antal gonger før, men som er like artig kvar gong. Og kva er vel betre enn ein god latter på kvelden?

Minstemann er spent på om nissen kjem i natt. Han seier berre at nissen ikkje finst, og at det er eg som er den som fyller sokken. (Noko eg sjølvsagt benektar.) Likevel trur eg nok han har eit lite ønske om at nissen faktisk fins og han er nok spent på om det er noko i sokken i morgon tidleg. Sokken er i alle høve komen opp på dørhanka, klar til fylling.

For å skryte litt, har eg baka nokre julebrød i ettermiddag. Det er kanskje ikkje noko å skryte av, men eg kan ikkje påstå at det er noko eg har gjort i alle år. Det har vore lett å kjøpe……. I år blei det ikkje slik. I år har målet vore at det meste skal vere "from the bottom". Ergo har vi ein pepparkakelandsby med hus, stall, kyrkje osv……som er rimeleg skakke, altså "up to date" for den tida den representerer! Når ein tar det på øyemål, ja då blir det slik. Men eg syns no berre det er sjarmerande.


Hahahhaha…….. "Lille Johanes" har skrive ønskeliste til julenissen og avsluttar heile brevet på ein heilt fantastisk herleg måte. Berre høyr her…: PS. Beklager hvis jeg er litt slem, det er ikke så lett å være snill som det høres ut. 
Sukk, der smelta i alle fall eg. Så hadde eg vore nisse, ville Johannes garantert(!) fått julegåve frå meg. 

No har eg ikkje lest ønskelista hans, men i følge nettavisa så er det eindel ting som står øverst påønskelista til folk. Blant anna står det tenner! Kva med elleve tennisballer? HAhah…. Akkurat elleve, liksom. 
Det står også at det kvart år strøymer inn over 20 000 brev til julenissens fetter i Drøbak. Julenissens fetter! Thihihii……. Kanskje eg skal skolere meg i niseefamilien og bli nissens niese? Det spørs om eg har stor nok postkasse….. 

Ein eller annan Raymond skreiv at dersom han ikkje fekk det han ønska seg, skulle han sende hodelus til julenissen (i ein konvolutt). Kanskje ikkje så smart ein kar, i og med at lusa døyr lenge før den når fram. Eg reknar med at denne furtne karen ikkje fekk det han ville…. 

Kjære nissen, du trenger ikke anstrenge deg for at mamma skal bli gravid. Hahahaha……. Fantastiske born!!! 

Nei. no startar filmen. Dåer det berre å flytte augene frå denne skjermen og over til ein litt større. Så ha ein fantastisk fin avsluttning på denne kvelden og ha ei god jul og julefeiring i morgon. 
Har du vore snill i år, kan du risikere at skjeggmannen dukkar opp i løpet av det neste døgeret. 
Sjølv forventar eg det, for eg har vore supersnill heile året!!! Jupp!

Hasta luego!

IWALY!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar