mandag 25. februar 2013

Gjør skinnende rent hjemme for bare tre kroner. Skinnende (!) rent!! Ein sitron smaker surt. Det veit eg alt om. Enkelt og greit av di eg som born brukte å be mor mi kjøpre meg sitron som eg kunne spise på lik linje som andre åt appelsin. (Sitron var rett og slett megagodt!!)

No viser det seg at sitronen er meir enn berre sur. Den hjelper økonomien din, den sparar deg for farlege giftstoffar, den luktar forholdsvis godt (i alle høve friskt) og den fungerer sikkert til mykje meir enn det vi kan sjå for oss.
EG har i alle fall aldri sett på ein sitron som ein potensiell husvaskar. Eller......... Det er kanskje meir korrrekt å seie vaskemiddel. Husvaskaren må vi vel sjølv vere enno ei stund. (Til vi får robotar til det også!)

Ein sitron kostar berre 3 kroner. Ergo er det eit billig vaskemiddel. Frukt overtar for kjemi. Det kan jo aldri vere feil?
1) Vask vindauge og speil. Vindaugene og speila vil garantert bli skinnande reine.
2) Bruk som luftfriskar. Det er berre å koke litt sitronskall og all "ekkel" duft er borte. (Vi veit jo ifrå før av at det er mange produkt som er tilsatt sitron. Det er ikkje utan grunn.
3) Gni kopperpanner med ein halv sitron. Den vil garantert skinne att.
4) Fjern såpeflekkar og kalk. Litt sitronjuice..........
5) Maur!! Har huset ditt fått besøk av maur?? Maur hatar sitronskall som er kokt i litt vann. Hell det på ei tue og tua blir fri for maur.
6) Søppelbøtta. Innimellom høyrer eg no at enkelte seier at det luktar så ille av søppelbøtta. Jaja....Kvifor ikkje ty til vidundermiddelet sitron?
7) Møbelpuss? Bland litt sitron og olivenolje.
8) Blekkflekker:  Sitronjuice på flekken og hiv i gong vaskemaskinen med kaldt program.
Andre ting som kan reingjerast med sitron er mikrobølgjeomn, grillrist, plastboks, oppvasken, kjøleskapet, toalettet.......... You name it!!

Så viss ein ikkje etter dette kan konstantere at sitron er eit vidundermiddel, så veit ikkje eg! Det einaste eg veit, er at eg aldri vil få vite om det stemmer eller ei. Før den dagen kjem at eg rekk å prøve det ut, er eg sikkert hamna under jorda.
Ikkje det at eg har tenkt meg dit enno på ei stund, men eg reknar med at heile sitronen er gløymt innan i morgon. Ute av syne, ute av sinn............. :=)
Derimot burde alle andre teste det ut! Så kan dei etterkvart dele sine erfaringar med denne knetta.
Skulle det vere nokon som verkeleg går inn for å vise jomfru Knutsen at sitron fungerer, er det berre å stille opp i stova her og ta ein rundvask for meg slik at eg ser resultatet.
Er det mange nok som ønsker det, kan eg lage ei lita oversikt over ukene og så kan alle fordele seg utover. Berre ligg unna tagentane mine, så er alt heilt supert!! :=)

Er du klar for å kle deg som ei dronning? Det vil Dolce og Gabbana at du skal. "Herlege London!" Har dei endeleg fatta at det sit ei vassekte dronning i Bakkanvegen og berre ventar på å bli oppdaga? Jaja, viss D&G meiner at eg bør kle meg som ei dronning, så bør dei vel sende over litt dronningklede til meg. Så skal vel alltids eg klare å presse dei på meg. (NB! Husk å sende ein stylist og sminkør også!!)

Dette er Oscars verst kledde. Jaja........ Med kropper og kjoler som gjer dei fleste misunnelege, skjlnner eg eigentleg ikkje kva dei skal med den der "verst kledd" kåringa. Det er snakk om kjoler vi vanlege "dødelege" kan sjå langt etter. (Resten av våres liv!!)
Når vi veit at enkelte byrjer å planlegge neste års kjole allereie eit år i førevegen..................Då kan det vere ille å bli bretta ut i media som den verst kledde.

Ellers så står det riktig bra ille til med den norske mediaverda når det at Aksel og Tone har brote med kvarandre er det som har fått mest merksemd på denne dag!! I just say it........ Det er forståeleg at det blir nemnt i media, ja, men det tar litt av (mildt sagt). I stad avslutta dei nyheitssendinga med å seie at det vil kome meir om brotet deira i neste sending!
For ein ting å seie............ "Meir" om brotet. Er det verkeleg så viktig å fokusere på eit samlivsbrot som dette? Er det ikkje nok at det har stått i dagens aviser i tillegg til nettavisene og at det er nemnt i fleire samanhengar på tv? Det får då vere måte på.
Medaljens bakside..........

Jomfru Knutsen har inntatt horisontalen for litt sidan. Etter eit forsøk på å gå tur i regnvèret, var det berre å konstantere at sofaen lokka litt meir.
No skal det seiast at forsøket dreide seg om meir enn å berre prøve å kome seg ut døra heime...... Eg gjekk tur. Det er berre det at den blei ikkje så langvarig som ønskeleg.
I augekroken får ho med seg at Petter Northug blir massert på låra sine (og jomfrua prøver sjølvsagt å ikkje la seg påverke av dei muskuløse låra!!!).
Neida......... Petter ligg ikkje i den andre sofaen her, eller noko liknande. Beklagelegvis! Så viss han skal få besøk av denne knetta, må ho få seg evner som tilsvarer dei som dei har i "Narnia"......... Kanskje det er mogleg å klatre inn i tv´n??
Det går jo an å prøve.............
Eg trur nesten at eg foreslår det same som med sitronen. Andre kan prøve først og så kan dei dele erfaringane sine med meg! Hahahaha....... Eg ser det for meg!

Nei, no blei det så mykje naken overkropp herforan augene mine at det blei vanskeleg å konsentrere seg. Kanskje på tide å slutte av?!

Ha ein fortsatt fin kveld og ei god natt! :=)
Hasta mañana!

IWALY


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar