torsdag 7. februar 2013

Eg trur eg skal ta meg ein Oslo-tur den næraste framtida så eg kan få ta meg ein tur innom MacDonald for å få meg ein saftig og god burger. Aller helst skal den inntas ved eit av borda der. Eller.........?? Var det ikkje slik at det eigna seg betre å innta den inne på "dass"?? Hahahaha....... No way...... Eg trur heller egblir heime og steiker meg ein indrefilèt!!

No trur eg kanskje det vil vere ekstra reint hos MacDonald den næraste tida og i tillegg kan det hende at det ikkje er så overbefolka der heller.
Det er vel eingong slik at det aldri er så trygt som rett etter at noko har skjedd. Vel, skjedd og skjedd..... Det har vel ikkje hendt så ufatteleg mykje der, ikkje anna enn at det har vore inspeksjon og dei har måla bakteriefloraen. (Til stor gullmedalje). Kanskje ikkje så herleg å få vite at det er reinare på toalettet deira enn på bordet. Spesielt ikkje om du er fast kunde hos dei og et der fleire gonger i uka.
Tippar det er enkelte som har "brekt" seg i dag!!
Jaja....Korttidshukommelsen er vel ikkje av det lengste slaget, så om fire dagar er sikkert alt gløymt. :=)

Får beskjed om at mine meninger skyldes at jeg er premenstruell, hore eller trenger et ligg. Tja, det er no eg skal lure dåke alle ei lita stund og late som om det er meg sjølv det er snakk om. DET ville vore snadder. Det kunne i alle høve blitt ganske så oppheita rundt øyrene mine når svara skulle ha flagre attende.
Det er no snakk om offentlege debattar. Det er er fleire profilerte mediekvinner som mottar litt av kvart. Blant anna hatmeldinger. Trusler om at ein berre har eit par uker att å leve. Sjuke menneske som sender superteite meldinger. Dei har visst ikkje betre å gjere............eller veit ikkje betre.
Du er en kreftsvulst. Hvorfor kan du ikke bare drepe deg selv og spare oss andre for ditt evneveike og destruktive vesen? Hallelujah........... For ein ting å seie!!
Det er i alle fall ein person som verkeleg burde be om hjelp når han sender slike meldinger.

Kvifor er det eigentleg slik at fleire menn trakaserer kvinnfolk? Eg kjenner fleire menn som har eit negativt kvinnesyn og berre overser kvinner når det er fleire menn med i samtalen.
Det er fleire som seier at den og den verkeleg ikkje veit å verdsetje kvinnfolk. Slike fins overalt, også her.
Heldigvis er dette personer som eg stort sett aldri har omgang med, men eg høyrer via andre kor rysta dei til tider er.
Så då lurer eg på kor dei har lært at kvinner er "mindre verdt" enn menn?!

At menn kan påstå at kvinner er premenstruelle, er vel ikkje akkurat noko nytt. Det er ord som ein stor andel av manneflokken bruker og då ikkje av di dei er kvinnefiendtlege. Som regel gjeld det mellom mann og kjerring når dei blir iriiterte påkvarandre. Akkurat det er noko heilt anna enn når ein blir kalla det under ein offentleg debatt og seier noko ikkje alle er einig i.
Då vil eg påstå at det er nokon som har misoppfatta kva ordet betyr.

No er nok mange kvinnfolk akkurat det, premenstruell og sånn sett syns eg til tider litt synd i mannfolka som då nesten blir som det svake menneske. I ein premenstruell kamp har ikkje mannen ein sjanse. Han har tapt før kampen er igong og mest sannsynleg er det han som endar opp med å be om orsaking.
Hos kvinna sit den for langt inne.
Så er det rart at menn fortvilar innimellom?? Neppe....... :=)

Vurderer onanist på nytt etter blotting i retten. Oida! Heftig at nokon tør å gjere slik i retten. Det må eg seie.......... Hmm!
Vi snakkar Noreg og nærare bestemt Larvik. Ein overgrepstiltalt klarte tydlegvis ikkje å oppføre seg i rettsalen og dro fram tisseluren og faktisk berre byrja å onanere i salen.
Ein kan jo lure på kvifor........? Det sørger i alle fall for at det vil bli ei vanskeleg sak. Er mannen frisk eller sjuk? Eit spørsmål dei må ta stilling til. Det er jo ikkje akkurat normalt å gjere slikt.
Så spørs det om han gjorde det av di han ville prøve å få dei til å tru at han ikkje er frisk?! (Sjølv om det kan virke vanskeleg å tru det. For kven er i stand til å kome på slikt?? Hmm......Eg har mine tvil.)

Den rettspsykiatriske erklæringa seier at han var tilregneleg då han forgreip seg på ei fire år gamal jente i fjor. Advokaten meiner noko anna.
Kven er eigentleg ved sine fulle fem om dei gjer eit slikt overgrep? Ingen..........men heldigvis kan dei straffast likevel.
Så spørs det kven som vinn fram. I alle fall må vi håpe at han ikkje slepp unna med at han ikkje kan noko for at han gjorde det og bli ein fri mann.
Kven veit når det gjeld rettssystemet vårt?? Det skal jo i utgongspunktet fungere bra, men det har nok sine smutthol.

Jaja....... Den var i alle høve ny. Blotting i rettsal!!!

Nei, eg får vel slutte av før eg finn andre saker av menn som ikkje er heilt god.
Beklager så mykje menn....... Ikkje vondt meint! Er du ein heilt vanleg og oppegåande mann kan du ta det heilt med ro. Då er du berre digg!! :=) Andre, derimot............
Likevel er vi så sinnsjukt avhengige av kvarandre. Forstå det den som kan........... (Det gjer vel alle....).

Ha ei fortreffeleg fin natt!! Sov godt og så er det helg i morgon.
Hasta mañana!

IWALY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar