onsdag 23. januar 2013

Har betalt èn milliard i skatt. Olav Thon er rik med andre ord!! No er ikkje eg så nysgjerrig på kva andre tener at eg leitar dei opp på nettet for å finne ut av det. Det er berre det at når du har eit namn som Olav Thon, så hjelper det ikkje om du sjekkar eller ikkje. Andre gjer det for deg.........og publiserer det. så er du på nett, får du vite det uansett.
I dagens nettutgåve av Vg er nett denne saka slått veldig stort opp. Større enn størst, liksom.
Joda, klart det er av betydning når det er snakk om eit slikt betydeleg beløp. Og det viser jo også at folk som han faktisk bidrar til fellesskapet. Ikkje berre gjennom arbeidsplassar.......

Harryalarm. Vil ha svensk kjøttskatt. Begrepet "Harry" når nye høgder når journalistane tar det inn i hovudoverskriftene sine!
Det har jo lenge vore brukt som eit begrep overalt. "Du e jo heilt Harry"......osv..... No har det altså nådd avisene.
Først trudde eg det var snakk om at norske kjøttbedrifter ønskar seg svenskpriser på kjøtt. Så feil kan ein ta!
Det er jo motsatt!! Det er i Sverige det heile skjer. At Vg slår det opp som sak, er av di det vil gjere det kjipare for nordmenn å vere norsk i Sverige.  Hahahaha.......stakkars oss!

Det er snakk om at det skal innførast skatt på kjøtt. Svenskane er heilt i toppen når det gjeld kven som et mest storfekjøtt. Dette forbruket må ned og difor må dei finne metodar for at dette skal la seg gjere. Dyrare mat er eit alternativ.
Skal mengden klimagasser frå næringsmiddelindustrien ned, må vi alle ta ansvar.

På eitt år handla nordmenn varer for 11,9 milliardar kroner på sine dagsturar. Så det vil vel bety at det er mykje å hente på det området.
Så no blir det dyrare for oss nordmenn å dra til Sverige for å hamstre mat.
Spørs om ikkje USA og Australia konsumerer hakket over når det gjeld kjøttinntak per person. Skikkeleg Harry!!!  :=)

Femåring utvist for "terrortrussel" med såpeboblepistol. Ja, det tyder vel på at vi held på å la frykten ta ov erhand. Snart fins det vel ingenting som er ufarleg i denne verda. Hallo?? Såpeboblepistol, enno uutpakka frå emballasjen og den er rosa! Korleis går det an å tru at ein femåring bærer på noko anna enn det faktisk er?
Det er faktisk ein skole det er snakk om. Det må vel vere ein megaskole der dei ikkje kjenner elevane sine, vil eg tru.Eg ser for meg hysteriet her ved skulen om ein førstekassing skulle finne på å ta med seg såpebobler på skulen. Det blir vel full evakuering av alle.
Legge bornet i bakken og rope som galningar "Få dei andre i sikkerheit"....... Utvist resten av skuleåret, minst!!

Nei, då må dei heller forby borna å ha med seg noko som helst! Kven veit kva som gøymer seg inne i den lysebrune kosebamsen? Ein kjempedynamitt?
Det blir litt for dumt.

Han er kåret til verdens kjekkeste mann. Mann og mann......18-åring og enno berre ungdom (i mine auge). Joda, søt er han, men verdas kekkaste?? Auget som ser.
Viss du lurar på kven i all verda eg snakkar om, så er det OL-stuparen Tom Daley. Eit stikk i sida til David Beckham som hadde tittelen. Men bevares...... Han er jo blitt ein gamling! Heile 37 år!!! Hahahaha.......

SAS-ledere får bonus. Alle ser vel logikken i det? Klart dei skal ha bonus! Aller helst ein saftig ein!! Så kan dei bruke pengane på flybillettar..............

Jaja, det er mindre enn to månadar sidan folk ikkje visste om dei kom seg heim til jul eller ikkje. Alt var avhengig av om SAS kom til å bli slått konkurs eller ikkje.
Gleda var difor stor då det viste seg at det fortsatt skulle vere eit SAS-selskap å fly med.
No får altså leiarane i dette selskaper som nett måtte ha harde forhandlingar når det kom til dei som jobbar "på bakken" i selskapet. (Ikkje bokstaveleg talt på bakken......Eg tenker meir på ordtaket!)

At leiarane i det heile vurderer å ta imot.... Eg ville ha syntes at det hadde vore flaut å ta imot så mykje og det rett etter ei krise! Her er det verkeleg snakk om å vere lojal........

På Stordalens nye luksushotell risikerer du å bli tatt på fersken. Frå klokka 21.30 kvar dag, låser dei ansatte ved hotellet seg inn på rommene.

Stordalen har som mål at han skal overgå alle forventningane gjestane hans har. Det er jo snakk om eit luksushotell!!
Eit luksushotell har såklart mange fasiliteter og mykje fint å sjå på i korridorar, heis og elles på hotellet. Det er ikkje det som eg tenker å ha fokus på akkurat i denne saka.
Som du allereie har oppdaga i overskrifta, kan det hende du verkeleg får deg ei overrasking på kvelden.
Roomservice kalles det!!
Som sagt, klokka halv ti om kvelden låser ein ansatt seg inn på rommet ditt. Ærendet er for å servere te, kjeks og vann. Dette er ein kveldsrutine som er fast på alle rom. Altså får du ei overrasking av dei store utan at du er klar over det på førehand.
Så om du har deg ei lita hyrdestund, kan det hende at du får selskap av ein ubuden "kikkar".
Sånn sett kan det jo vere riktig så gjevande å arbeide der!
Berre om at ikkje dei ansatte blir så påverka av det at dei etterpå må gjere det på "Greys anatomys" vis..........hamne to og to på bøttekottet!
Stordalen risikerer kanskje at miljøet blant dei ansatte blir litt for godt!! Hahahahahaha.............

Nei, om ein ikkje kan slappe av og gjere det ein vil,  utan at du risikerer å bli forstyrra under det aller heilagaste........Tja, då veit eg ikkje om eg vil klassifisere det som eit luksushotell.

Ha ein fortsatt fin kveld :=)
Hasta luego!

IWALY


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar