mandag 28. januar 2013

Eg trur eg kunneskrive ei heil bok med "ord frå bornemunn" om eg hadde gidda!! Berre så synd at eg "gløymer" å skrive ned dei sitata eg syns er så artige at eg nesten flirer med ihel....... Det har vore nokre av dei i helga. Herleg!! :=)

Ikkje lett å vite kva ein skal seie når det sit eit born rett bak deg og spør det andre bornet på sida av seg "Ka e fetthållet ditt?"
To gutar sat med kvar si flaske brus, ei "cola zero" og ei "cola light". Lykken var då eg oppdaga at dei sat og las bakpå flaskene og diskuterte kva innhold det var på flaskene. Spørsmålet frå denne guten var nok ikkje meint slik det kom ut. Det skulle vere "Ka e fettinnholdet ditt?" (Dei var så opptekne med kor mykje sukker som var i brusflaskene og det hjalp ikkje at eg sa at begge var sukkerfrie).
Så då endte det med at eg kunne le litt for meg sjølv. (For eg blei først litt "satt ut").

Tv-premiere: Kjedelige magaplask. Ja, eg må nok seie meg einig der!
Vel......Ikkje det at eg sat og nistirra så grusomt mykje på tv'n då programmet gjekk, men litt fekk eg vel med meg. Eit stupeprogram skal liksom underhalde oss dei neste sundagane........ Jaja, skikkeleg interessant å sjå på at kjendisar stuper. Nope......... Det var nok ikkje det. Det kan virke litt desperat av tv2 når dei kjem eit slikt program. Det er liksom berre om å finne opp noko nytt heile tida. Vel, då trur eg ikkje dette stupeprogrammet vil slå så godt an, men kva veit vel eg...... Det kan jo hende at det norske folk likar noko heilt anna enn det eg gjer.

Kjendisene dropper undertøyet (på den røde løperen). Då får vi satse på at det ikkje er snakk om så altfor lårkorte plagg desse kjendisane.

Samejenta kastrerte reinen med bare tennene. Det var vel slik før i tida at dette var metoden for å få kastrert dyra. Kanskje vi burde prøve dette på menna også? For å få dei kastrert?
Eit kjapt tygg og vips så er kastreringa gjennomført.
I dagens samfunn er vi jo ikkje så heilt avhengig av desse menna, med mindre vi ikkje er heilt ferdig med den der forplantningsdelen.......... Vi kan jo lage oss ein regel på at slikt må vere fullendt innan fylte 35 år, eller noko i det høvet?? Hahahahahahahahhahahaha..........
Denne avisartikkelen kan eg like!! :=)

Sjekk dette før du skal pusse opp badet. Hmmm.......Eg har jo då eit nyoppussa bad.......... Spørs om eg gjer så lurt i å opne denne saka?! (Nysgjerrig som eg er , klarar eg sjølvsagt ikkje å la vere).

OG SÅÅÅÅ blei jomfrua skuffa (eller aller helst letta!)....... Eg som trudde at det var snakk om heftige saker. Kva som kunne skjule seg bak platene på veggen, nedi røyra osv osv.........
Neida, det var slett ikkje det dei sikta til.
Det handla om at du må hugse å finne rett røyrleggjar. Dersom du ikkje sjekkar at det er ein brukbar røyrleggjar du brukar, kan du vere så uheldig at resultatet ikkje blir så bra. Det er mykje som kan gå galt.....

Jaja....Då kan jo eg informere om at eg sjølv er meir enn nøgd med arbeidet som er gjort utan å be om referansar! Snakk om gode odds, hæ? Hahaha......... (Han hadde kanskje vist litt andre referansar tidlegare????.........)

10 000 krokodiller kan vere på rømmen. Jaja, eg får håpe eg ikkje møter på ein av dei.
10 000? Tja, dei kan vel rekke å gjere litt ugagn då før dei blir fanga inn att (om dei blir funnen).

Nei, klokka er visst ikkje heilt på mi side i dag, så det er vel berre å "kaste inn handkledet" og krype under dyna. Ha ei kjempegod natt og draum søtt!!

Hasta lego! :=)

IWALY

1 kommentar:

  1. Hei jomfru Beathe! Du må fikse deg ei lita bok som du kan fylle med gullkorn. Bedre seint enn aldri. Gleden over å få høre dette til konfirmasjonen kan bli skikkelig saftig-hehe. Jeg kom over noe jeg hadde skrevet da ungene var små, og det gjorde stor lykke, kan jeg si det.Du må sjekke opp den lenka over hva som skjer når mobilen tar over styringa. Himmel, jeg har ledd masse i dag mens jeg fikk med meg hva folk som har auto korreksjon sliter med. Der kan man få problemer med sine barn og mødre og kjære..uff. Ikke lett å få noen til å tru at du ikke mente det du nettopp sendte. Ha en herlig dag. Hilsen meg og han Clooney ;)

    SvarSlett