torsdag 1. desember 2011

Hmm.... Det gjekk visst ikkje.

Eg hadde tenkt å slutte med å skrive her på bloggen. Det holdt visst berre i litt under ei uke. Snakk om å vere "vinglete" og ubestemt. Eg kan like godt berre innsjå det. Eg likar å skrive og då nyttar det ikkje å la vere. Sånn er det berre.

Kva har eg gått glipp av desse dagane? Eg har ikkje merka så mykje til dei store endringane i samfunnet. Det som har fått mest fokus denne uka, er vel han godeste Breivik. Mange er i harnisk over at han ikkje skal sone i fengsel. Eg har ikkje gjort meg så mange tankane om utfallet, i alle fall ikkje så grundig. Likevel, eg har no mi meining ut ifrå det eg har tenkt og lest......... Er det eigentleg så ille at han slepp å sone i fengsel. For samfunnet sin del har det ikkje noko stor betyding. Han vil jo vere "borte" frå oss uansett og utgjer ingen fare. Han er jo trass alt innesperra. Det stod jo i rapporten at han kom til å vere ein trussel mot riket resten av livet, mest sannsynlegvis, og då kjem han jo heller aldri ut. Hadde han blitt dømt til fengselstraff, ville han jo ha sona straffa si og kanskje vore ein fri mann etter 10 år. Den strengaste straffa er 21 år. Fengselsår er berre ni månadar. Med god oppførsel........? Det var i alle fall det eg leste ein eller annan stad tidlegare i uka. Om det stemmer eller ikkje, veit nok ikkje eg. Eg er i alle høve ikkje mindre trygg av å vite at han er der han er........

Dette er den nye bartebyen. Det er visst Stavanger som har fått denne staselege tittelen. Så då reknar eg med at det er nokre meter med bart som er grodd fast rundt stavangerske munnar. Eg visste ikkje at vi hadde ei kåring slik som dette. Ei lita bisetning bak overskrifta seier ".....og det er ikkje i Trøndelag". Det kan jo tolkast som at det har vore tilfellet tidlegare?! Kanskje......
Bakgrunnen for bartegroinga er å setje fokus på prostatakreft og menns helse. I og for seg ein fin ting det, men om det hjelper så mykje på helsa skal vere usagt. Det blir akkurat som desse "hemmelege" temaene som florerer kvart år på Facebook. Alle kvinnfolka får vite fleire kodar dei kan velgje mellom og så må menna finne ut kva det er kvinnfolka held på med. Målet er alltid at det skal ende opp i media og då blir det sagt at fokuset er retta mot brystkreft. Vel, eg får hverken meir eller mindre brystkreft om eg hiv meg med på bølgja. Ikkje det at eg ikkje har deltatt før......, men det er mest for moro av di eg veit menna skjønner at dei skal prøve å finne ut kva vi snakkar om.
Om eg trur det bur mange "hotte" menn i Stavanger no? Tja, eg veit ikkje om eg syns det er så "hot" med ein meter bart...... No når kåringa er over, kan dei jo la barten falle om dei vil. Det spørs om dei ikkje syns det er litt kult og lar den vere. Jaja.......
- Grunnen til at det lykkes er at alle menn egentlig har et ønske om å se hvordan de ser ut med bart. (Sitat Vg nett). Jau, jau..... Eg håpar verkeleg ikkje det siste stemmer......

Uakseptabelt at kvinner taper. Likestillingsministeren er ute og taler att. Eg mistenker han for at denne setningen er sagt for å tale mannfolka si sak i pappapermisjonsdiskusjonen. Eg har enno ikkje lest artikkelen (men eg skal det), men eg foregrip det heile med å påstå at eg er 99% sikker på at eg har rett. "Barn kan være karrieredemper"...... Ja, det lukter svidd heile vegen, kjære minister. Du er ikkje god til å kamuflere deg. (No skal eg opne saka og eg håpar eg har rett no...... Ellers må eg ned av min høge hest og beklage meg.....Haha. Som om det kjem til å skje?!)
Mange ansatte opplever å komme tilbake fra foreldrepermisjon til dårligere lønnsutvikling og arbeidsvilkår. Idag kommer det ikke tydelig frem av Likestillingsloven hvilke rettigheter man har i en slik situasjon.
Svarten og!!!!!!!!!!!!! Det er faktisk snakk om noko heilt anna. Hmm...... Eg trur eg lar vere å kommentere det og skundar meg til neste sak. Fysj, fysj......... Beathe, eg trur du har mista grepet på desse dagane. Ikkje bra.........

Fotball knuser hjertet ditt hele tiden. Tja, eg treng ikkje gå lenger enn til eit par ungdomar her i bygda før eg skjønner at det faktisk stemmer. Ikkje at eg trur enkelte vaksne er noko betre. Eg veit fleire som får ukene sine påverka i stor grad ut frå resultata til det laget dei heiar på. Joda.....
Akkurat denne overskrifta er henta frå nokre uttalelsar Speed har kome med i eit intervju tidlegare. Speed er ein kjent fotballprofil for dei som ikkje har høyrt om han. Han tok livet sitt i forrige uke. Eg kan ikkje heilt sjå for meg at det er fotballresultat som har ført til at han tok livet sitt. Laget hans har vore inne i ei god tid dei siste månadane, så det utelukkar vel det. Ikkje det at eg sit her og spekulerer på kva som er årsaka til at han tok livet sitt. Langt ifrå. Eg berre kommenterer det i forbifarta. Det er berre det at media brukar "Fotball knuser hjertet ditt hele tiden" i ein artikkel som omhandlar han. Dei brukar den no når han har tatt livet sitt. Skal eg vere heilt ærleg, syns eg det er litt teit å bruke slike "ordspel" som dei gjer. Nok om det.........
Uansett, eg trur nok det stemmer bra det med fotball og hjartesorg. Mange samanliknar fotball med religion. Enkelte her har Ryan Giggs som Gud. For at noko skal kunne reknast for å vere ein religion, er det fem kriterier som må oppfyllast. Fotball har fire av desse. Det einaste dei manglar, er ein reell Gud. Eg trur ikkje Ryan Giggs når heilt opp. Det heile er eigentleg ganske tragisk. Det er snakk om ein fuc..... ball!!!
Eg sjølv er fotballinteressert (var i alle fall det tidlegare), men livet mitt er null styrt av det. Eg kjenner dei som hverken søv eller spis når det er fotball. (...og så kom det eit lite sukk her....).

Her kan det virke som at ei viss jomfru er på hugget i dag.... Det stemmer nok ikkje heilt. I love this day!!!
Kanskje eg skal utfordre sambygdingane mine til å la barten vekse??! Aldri i verda.......

Ha ein strålande ettermiddag og kveld!!

Hasta pronto:=)

LY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar