lørdag 22. oktober 2011

Laurdag og overgjett......

Eg er overgjett, men det er ikkje noko som har skjedd her på denne fronten. Eg har ein god dag, eg:=) Det er berre det at eg var ein tur på Storjorda for å kjøpe dagens aviser. Eg har ikkje bladd i dei før no, og det er i same samanhengen eg er blitt overjett. At vaksne folk mange gonger kan oppføre seg som born (i negativ betydning), er ikkje noko nytt. Det kan sikkert eg også gjere ein gong i blant...... Likevel, enkelte ting tar jo heilt av. Dersom ikkje bilete lyg, er det ei sak i Vg som berre blir så teit som det går an å bli. Overkrifta er "Denne granen koster 256 000 kroner!" Vi er hamna i Sandefjord (der folk visstnok ikkje er så tolerante).

Eg har studert biletet og det ser ut for at kvinna, som er forulempa av eit grantre, har god utsikt over store deler v området. Grana som ho meiner skuggar for deler av utsikta står ganske langt unna og den kan umogleg hindre hverken sola eller anna.......
Ein klassisk nabotvist som det fins mange av i dette landet. Uansett, det blir litt teit å ta saka langt opp i systemet for dette. Hadde treet stått mykje nærare enn det gjør, kunne eg sett problemstillinga, men ikkje slik det er no.
Høgsterett nektar å ta opp saka til handsaming av di det ikkje er element i saka som vil fungere som presedens for framtida. Han som eig grana, meiner at saken er feil handsama i første omgang og at Grannelova ikkje er brukt etter lovas intensjonar. Ikkje veit eg kva som står i den lova. Jaja....Så blei eit tre eit viktig element i ei sak som opptar både tid og pengar i samfunnet vårt. Ei tid som kunne blitt brukt på noko mykje viktigare.

Sidan Høgsterett nektar å handsame saka, blir ho no avslutta og eigaren av grana må ut med 256 000 i omkostnadar både for seg sjølv og naboen. Det blei ei dyr gra, vil eg påstå!! Eg håpar ikkje dei må selgje huset for å klare å finasiere dette.

No er det ikkje slik at eg syns at folk ikkje skal ta hensyn til naboane. Langt ifrå! Det er berre at det kan virke som at akkurat denne saka verkeleg gjekk for langt i staheit. I alle høve om eg skal la biletet liggje til grunn. Jaja....Godt det ikkje er eg.
Ikkje har eg vanskelege naboar heller. Dei trærne som er høge rundt oss, skjemmer oss ikkje. Likevel har eigerane sagt at vi berre må seie ifrå om vi ønsker dei fjerna. Det er berre bra med litt trær som stoppar litt av vinden innimellom:=)

Ellers blir Gaddafis lik oppbevart på eit kjølerom som brukes av matbutikkar og restaurantar. Æsj..... Det blir med den lille kommentaren der.

Eg var hos hyttenaboen i stad ein tur. Vi er god til å skravle, men det blei no litt tid til å bla i magasiner også. Eg fann eit KK frå sommaren 2010..... Noko av det første eg såg då eg opna bladet, var tre nakne menn, og eg hugsa plutseleg at eg faktisk har skrive om nett desse tre menna tidlegare. KK sine tre (som alltid). Det var om kva menn synest om sin eigen kropp. Desse tre var jo ganske realistiske. Terningkast fire på dei alle tre. (Sikkert av di dei ikkje turte å gje seg sjølv meir av frykt for å virke blærete. Blærete menn likar vi ikkje!)
Det stod fleire interessante ting i bladet (andre artiklar vel og merke), men eg trur synet av dei tre menna har sørga for at det meste falt bort frå begge sider av hjernen rimeleg kjapt. Hahaha....

Denne ukas KK kom i går. Eg rakk aldri å opne det i går kveld (som planlagt). No har eg gjort det. "Hvor ble det av g-strengen?" Er det nokon av oss som saknar den? Ikkje eg i alle fall!
Det er ikkje så lenge sidan eg rydda i trusehylla og i same slengen kvitta meg med samtlege g-strengar. Det har vel aldri vore særleg behageleg med ei truse som er ein tråd inni "u know where...." Eigentleg er det litt rart at så mange syntes at det var sexy med trusekanten langt over bukselinningen. Det var nok ikkje særleg stilig, men dog trendy.
Eg hugser då det var på sitt mest populære. Elevar langt ned i klassane brukte det. Samtidig las ein om at det var alt anna enn bra å bruke slike truser av di dei blei for "tette". Dette nytta ikkje å messe for borna at soppnfeksjon kunne risikeres om dei berre brukte slike truser, nei. Er det populært, så er det populært.

I dag er det vel mest vanleg med "hipster". Det er mykje meir sexy enn string-trusene nokon gong kan kome til å bli. I tillegg er det jo hundre gonger meir behageleg!! "Hipster er kult, medan string er liksomsexy".
Så takk til dei som gjekk foran og sørga for at string ikkje var så "in" lenger:=)
(Berre ein slepp å sjå menn i string.......)

Grillen er visst ferdig med innhaldet som ligg på den. Det betyr middag! Difor seier eg berre raskt "Ha ein fantastisk fin laurdagskveld!"
Det er mørkt ute og lys i lyktene. Det gjer ro i kropp og sjel:=)

Hasta luego!

Ei dyne med deg.....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar