fredag 28. oktober 2011

Fredag og helg:=)

For ein nedtur!!! Her kom eg heim frå arbeid i tretida og var glad for at det no er helg. På bordet såg eg at det låg eit nytt KK og i hovudet mitt såg eg for meg sofaen, KK og eit pledd i tilfelle eg slukna. (Det skjer berre ein eller to gonger i året, men det kunne jo likesågodt vere i dag som alle andre dager.
Joda..... Eg benkra meg i sofaen og la meg vel tilrette. Då kom nedturen. Kva i alle dagar skal eg gidde å lese denne ukas utgåve for?? Eg fann ikkje ein einaste artikkel som var noko særleg. Det mest interessante var ei side kor dei fortel korleis ein får mjuke hender og sterke negler. Juhuu......Kjempeinteressant!! I tillegg kan eg lese meg til den perfekte hårfargen. Jaja, eg trur eg droppar heile lesinga og legg bladet rett i bladhaugen. Så er det berre å vente spent til neste fredag. I mellomtida får anna lesestoff gjere seg gjeldande.

I morgon er det halloween-diskotek, sundagen halloween-party hos klassevenn og måndag er det halloween på ordentleg. Joda, handelstaden har verkeleg skapt iver hos borna. Eg har ikkje hjarte til å nekte Steffen hverken diskotek eller party. Så får ein sjå om den her gåinga på mandag blir aktuelt. Ein blir svett av mindre.
Det er reine lykken for han, på lik line med dei andre borna. Halloween er stooort, noko ein gler seg til heile året. Det er nok komen for å bli, uavhengig om vi er tihengjarar av det eller ikkje. (Eg likar det eigentleg ikkje.....). Berre han ikkje no kjem og ber meg om å sy noko nytt kostyme. Eg har ingen planar om å vere kreativ denne helga. Då er han nok for seint ute.

Det er fredag og eg ser fram til kvelden. Det er enno berre ettermiddag her i huset, så her skal der slappast av. Minstemann er i full aktivitet på si lille fotballbane her utfor. Det er stort sett det som gjeld. Ball, ball, ball. Det er i alle høve ein sunn aktivitet, så då skal ein ikkje klage over at det er liten interesse for biler og maskinar her i garden. Snart blir det vel ballen bytta ut med ski.
Så då har eg huset 100% for meg sjølv. Ikkje ein einaste lyd rundt øyrene. Rett og slett herleg!

Hvis eg skal slappe av, kan eg vel ikkje bruke tida her på dataen. Eg skal skunde meg å slå av med ein gong. Så ha ein fantastisk fin fredagskveld, for det har eg tenkt å ha:=)

Hasta luego:=)

Just a look at you, and.....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar