tirsdag 5. juli 2011

Eg er god på å gjere ingenting!

Er det noko eg er god til, ja, då må det vere å ikkje gjere noko som helst. Akkurat det har eg fått prøve meg på i dag. Eg stod med glans!! Eg vuderer rett og slett å prøve meg på det fleire gonger. Kanskje allereie i morgon!??! Godt forslag, spør du meg:=)

I dag vakna eg til skyfri himmel etter å ha sove i bortimot 13 timar. Jepp, det stemmer bra det. Eg la meg nedpå for å kvile litt etter grillinga i går og plutseleg så var klokka over ni i dag. Merkeleg.......men veldig deileg. At sola då stod så flott på himmelen utan ei sky rundt seg, gjorde det veldig lett å "dra" seg ut av senga. Frokosten rakk ikkje eingong å kome på bordet før verandaen fekk seg ei madrass på dekket. Sukk.....dette kan eg lett bli vant til.
I Evas drakt fekk sola fritt leide til kroppen og forhåpentlegvis la den att litt farge. Det var vel eit nydeleg syn for hyttenboane om dei la litt innsats i å stirre:=) Thihi.......

Medan eg lå der og solte meg, kom eg på at eg hadde nemnt noko om våte draumar i går (ikkje slike du som lesar tenker............). Problemet er at eg starta på det, og akkurat no er eg viss på at eg gløymte å avslutte den biten. Eg blei for opptatt av Jarle og hans syn på likestilling, at eg gløymte at eg hadde nemnt draumane hans. Kanskje eg fekk solstikk dei ti timane eg i går planla å ikkje gjere noko som helst. No har eg ikkje bladet med meg på hytta, og i og med at dei små grå for lengst har tatt ferie, er det lite eg kan gjere med det no. Eg hugsar ikkje nok av artikkelen til å rememoere det heile. Så sånn er det! (Sjølv om eg veit med sikkerheit at det kommer til å ergre meg meir enn grønn).

Det håplause med slike feriar er at dei yngste også snur døgeret. Dei yngste?? Eg har ikkje plutseleg erverva fleire born, så det er sagt...... Det blir vel heller rett og seie den yngste! Kravet frå meg er at frå i kveld skal den trenden snus, og det til gangs. Gjett om det er ein som er lite glad for det?! Det blir stor forskjell frå å vere oppe til 02.00, som i helga (det grensar vel nesten til omsorgssvikt at born sjølv ber om å få legge seg) til å plutseleg skal måtte legge seg mellom sju og åtte. That's real life!

I helga lærte vi at Lyngsalpene er i Noreg og at det same gjeld Tromsø. Ergo treng ein ikkje pass for å kome til denne byen. No skal det seiast at EG allereie sat med den informasjonen og ikkje trengte å lære det, men det var verre med andre. Er det rart vi sat oppe i stua til langt på natt og flirte?? Nope, ganske sikkert ikkje. Kven dei var dei som ikkje heilt hadde fått med seg alle detaljane, skal vere usagt. (Jada, eg kan vere grei eg også, eingong iblant i alle høve. Nyt det medan dåke kan).
Nattestimane blei brukt på å fortelje om djevelskap som hadde skjedd opp gjennom åra. Eg holdt litt att, men likevel.........eg trur det var nokon som overgjekk meg. Akkurat det er ganske bra!! Eg bøyer meg i støvet:=) Hehehe.....

Her på hytta kryr det av mygg. Store monstermygg som spiser oss opp. Vi tør nesten ikkje vise oss ute på kvelden......... Det var det der solstikket frå i går som slo til. Vi er ikkje plaga med mygg:=) Det vil seie at vi har mygg, men ikkje så mange. Ikkje meir enn at om vi tenner ein myggspiral, så held dei seg unna. Det er megaheldig for ei av mitt kaliber som ikkje kan la vere å klø når det klør. Plukke, plukke.... Det dumme er at Steffen laga fuglebur her tidlegare i vår. Det samla seg mange flogesnapparar der, til stor glede for oss. (Dei et jo mygga). Så slo den enormt smarte hjernen min til og hengte ut fuglemat der. NEI!!! Ikkje smart. Sidan den gong har vi ikkje sett ein einaste flogesnappar. Typisk meg!! Det er til å ergre seg fargerik av. Eg skjønna jo ikkje den biten om at det sannsynlegvis lokka til seg andre fuglar og at dei vi trengte då ville fordufte. Jaja.....Det skjer ikkje neste år. Ein kan ikkje vere glup heile tida, og spesielt ikkje om sommaren.

Det er tid for å vere litt sosial av seg. Vi har fått besøk på trappa og då er det vel vanleg folkeskikk å legge frå seg utøy som dette. Det betyr at mygga må frykte det verste, for vi er ikkje interessert i å ha ho der no. Det er ikkje noko alternativ å sitte inne etter ein sånn dag. Det ville vore skamfullt, det. Så difor attstår det berre å ønske alle ein fortsatt fin tysdagskveld og hasta luego!

I wish I could fly to you right now..........

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar