tirsdag 19. juli 2011

Desperado.....

Ikkje at eg så desperat, akkurat, men det er no eingong "Desperado" som kjem ut av høgtalarane til radioen. Inne sit borna (min eigen + eit par hyttenaboar) og speler buzz (hmm.....Det burde eg vel ikkje nemne med tanke på at det er alt anna enn bra å vere inne i dette vèret). Sjølv sit eg her med eit veldig ustabilt nettverk og håpar på at eg får fullført det eg skal før det slår seg heilt vrangt. Sola viser seg som vanleg på ettermiddagen, etter at sjansen for å svi seg litt er borte. Syns eigentleg det byrjer å nærme seg ein typisk sommar her nord no..... Jaja. Eg skal ikkje klage. Ettermiddagssol er fint det også:=)
I stad var vi ein tur nedpom stranda og bada. (Eehh,.... nesten sant). Steffen bada og eg vassa! Eg er eigentleg veldig "hærig" av meg når det kjem til bading, men i dag var det direkte vondt å trø ut i sjøen. Når ikkje sola har varma opp havet, kan Vestfjorden vere kald, vil eg påstå. Med frykt for krampe i alle ledd var det berre å komme seg på land att. Det var verre med Steffen. Ha la seg ned på både magen og ryggen. Han er altså ikkje noko pyse på det området. Jaja.....

Det er tysdag og vi har vore her i ei uke no. I morgon skal eg ein tur til Harstad på musikkforretninga der og håper dei har det eg ønsker. Så blir det vel med to husnesbua på turen attende til hytta. Ein kvæfjording og ei senjavetje kan vel aldri bli ordentlege husnesbua....... (Det er ikkje verre enn mor mi & co).
Så blir det nok heim til staden seinast fredag. Det er jo storhelg heime, og når det først skjer noko, er det viktig å få det med seg. Så kanskje det dukkar opp ei "jente" i lårkort kjole i helga??..... You wait and see!

Eg veit ikkje om det er bra eller ikkje........Det at eg ikkje kjem på noko interessant å skrive... Det forklares vel enkelt på den måten at eg stort sett berre slappar av. Det kan jo slå begge veier det? Ikkje har eg tilgang til tv, eg blar såvidt det er i avisene, på radioen har eg aller helst musikk desse dagane..osv, osv.... Eg koplar rett og slett av frå alt som heiter nyheiter og livet andre stader enn nett her rundt min eigen navle. Eg trives visst godt med det.
Eg burde sikkert oppdatere meg litt, men kvifor det, eigentleg? Verda går jo fint vidare sjølv om ikkje eg veit alt som skjer? Det einaste eg veit eg har fått med meg, er at ein eller annan gut har tatt livet av fostermora i ein eller annan samanheng. Viss det meste eg går glipp av har same innhaldet som det, gjer det absolutt ingenting å gå glipp av det. Då koser eg meg heller med bøkene mine.

Bøkene, ja. Ëit kapittel for seg sjølv det. Eg tok med meg to romanar og tenkte det måtte halde i litt over ei uke. Neida.... Eg måtte i butikken på Storjord og kjøpe meg ei ny bok til desse siste dagane. Utvalget var vel ikkje akkurat eksepsjonelt, men det duga ok. Ein spenningsroman går greit det også sjølv om eg aldri før har høyrt om forfattaren.
Den første eg las (som eg eigentleg byrja på heime), var Flimmer. Ei bok som ein heile tida må halde tunga rett i munnen om ein vil lese den. Parallellhandling er ikkje akkurat ei ny skriveform, men det blir litt mykje når det i tillegg til parallellhandlingar foregår på fleire stader i verda i forskjellige år. Skal ein halde følge med forfattaren, må ein få med seg alle årstala, stadane osv....... Det blei mange ulike stader og år å halde kontroll på etterkvart.
Alt i alt var boka ok, men avsløringa kom så altfor tidleg at det ikkje var så spanande å lese slutten. Akkurat det trekker litt ned.
Så las eg "Flaggermusmannen" av Jo Nesbø. Det er den første boka han skriev om Harry Hole. Etter å ha lest dei bøkene som er mest "up to date", fann eg ut at eg ville byrje med byrjinga no....Heilt normalt å lese den siste før den første. Uansett, eg likte boka. Det meste i ho. Eg ville ikkje leggje ho frå meg. Så dei siste 300 sidene leste eg eine kvelden før eg klarte å leggje meg til å sove. Då var vel klokka sånn høveleg rundt halv tre. Eg var nok  ikkje den første som vakna dagen etterpå:=)
No les eg "Sannhetens pris" av John Grisham. Håper den er ferdiglest til fredag slik at eg kan fortsette med ei av dei andre Jo Nesbø-bøkene eg har kjøpt. Eg har tenkt å lese alle han har skrive når eg først har byrja å lese bøkene hans. Det var det eg gjorde med Elisabeth George sine bøker også. Eg las alle når eg først haldt på, berre at dei lånte eg på biblioteket. Kva forfattar som får meg til lesar etter Jo Nesbø, har eg ikkje heilt bestemt meg for enno. Forslag motas med takk:=) Det bør aller helst vere kriminallitteratur, men sterke, gripande bøker er også bra.

Ellers håpar eg på fleire lettkleddagar på stranda.Det er verkeleg rekreasjon å strekke seg ut i sanda og snuse inn alt naturen byr på her rundtom. Sjøen så stille og ofte er einaste lyden som høyres ferga når ho tuffar forbi langt ute i fjorden. Livet er herleg.......

No skal eg fortsette med å ikkje gjere så mykje. Så er eg sikkert på nett att i løpet av fredagen. Då på eit litt meir oppegåande nett. Før eg lagrar her, må eg gardere meg om at eg faktisk er på nett.

Hasta luego!

I haven't seen you for a long time.
I miss you.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar