mandag 7. mars 2011

Måndag 7.mars.

Steffen har den snillaste mammaen i verda!!! Stakkars lille guten som ikkje følte seg i slag i morges....... "Mamma, æ har så ondt i magen, og så e æ litt kvalm". Nesjda, det prella av på meg..... "Så, så...det går over. Ut og få litt luft, så skal du sjå det går bra. Skolen next!"
"Mamma, kan du bær mæ?? Æ klar ikkje å gå sjøll"...... "Nei, det går så bra, så. Kom igjen!"
Det var berre for han å lystre!

Kva skjer? Joda...... Før det var gått ein time på skulen, spydde han! Hurra for mammaen som ikkje brydde seg meir i dei tidlege morgontimane. (Spyinga var nok heldigvis eit eingongstilfelle. Det er nok meir vondt i magen og hovudet). Så no sit eg her i eine sofaen og skriv medan han ligg i den andre (kvit i andletet) og ser borne-tv. Takk til den som fann opp teikneseriar på tv!! Ingenting er så kjedeleg i denne verda som å vere heime med ein sjuk unge. Så no er eg låst fast her i huset dei neste ørtiførti timane, med tanke på at eg er åleine heime heilt til onsdag,. Hurra!! Med fare for å virke litt ufølsom........ Er jo ikkje det, då:=)

VM er over, Noreg gjorde det bra og skal no attende til det normale. Like greit.... Trur ikkje VM er heilt sunt alltid. I alle fall ikkje på fredag som var. Mildt sagt!
Klassen og eg såg på stafetten (nett-tv over storskjerm). Det blei jo ein spanande stafett..... Med kvart kjente eg at eg fekk vondt i magen og adrenalinet steig fleire hakk ofte. Vi kunne aldri vere sikker. Etter tre spanande rundar, ringte det ut og elevane fekk ta helg. Sjølv valgte eg å sitte foran skjermen og sjå stafetten ferdig.

Når ein i utgangspunktet er veldig spent og oppgira, bør det ikkje skje så mykje feil...... Akkurat DET skjedde fredagen. Nortug gjekk storgodt.........400 m att å gå. Det var så spanande!! Trur nok eg "prata" eindel med meg sjølv på slutten. Ikkje brukar eg å bannes i min daglege tale, men eg kan ikkje garantere at eg ikkje gjorde det dei siste metrane. Kva skjedde?? Joda........Plutseleg stod skjermbiletet heilt stille! What?? Heldigvis fortsatte kommentatorane å prate. Skulle eg ikkje få sjå sluttspurten? My God!! Så forsvann lyden...... NEI!!!! Skjermen blir svart. ÅÅhhhh....eg får ikkje vite resultatet. Det går ikkje an!! Hallo!??! Adrenalinet pumta for harde livet.
20 meter att til mållinja og skjermen er oppe og går att..... TAKK!! Noreg vann og eg fekk sjå det. Så fins det ein der oppe likevel:=) Det er slikt vi kallar nervepirrande og kan umogleg vere sunt!
No er det over........

Den siste tida er det mange som har klaga over den høge bensinprisen. Det har fått meg til å lure på om den eigentleg er så dyr.... Kva kosta den før?? (I forhold til kor mykje ein tener). Prisen må jo knyttast opp mot lønnsveksten dei siste åra. Det er vel naturleg?? Eg får sikkert mange på nakken om eg påstår at prisen ikkje er dyr....... Det skal eg heller ikkje gjere. Likevel, eg kan tenke meg å drøfte temaet forbruk litt. Drivstoff vil då sjølvsagt falle naturleg inn under temaet i og med drivstoffer noko vi brukar mykje pengar på. Kva er ulikskapane mellom før og no? Eg gjev det eit forsøk.

Eg bør vel aller helst starte med å definere kva ein legg i begrepet forbruk. Forbrk er pengar vi brukar på bolig, bil, transport, mat, drikke, energi, telefoni, fjernsyn, kino og andre kultur-og fritidstilbod eller andre varer og tenester vi kjøper. Puh........ Lang setning! Kunne vel eigentleg ha sagt det så enkelt som at forbruk er summen av alle pengane vi brukar.
Sanninga er at vi nordmenn, i løpet av dei siste 50 åra, har tredobla forbruket sitt. Det er mykje! Det er sjølsagt av di vi har fått det romslegare økonomisk. (Sjølv om forskjellane er blitt større. Rikaste rikare, fattigste får minst). Kva er det vi brukar pengane på idag?

Mesteparten av pengane går nok til bolig og transport. I tillegg er det nok slik at vi brukar meir pengar på kultur og fritidsaktivitetar enn på mat og drikke. (Det kjem sjølvsagt an på kvar ein bur også). I 1958 var mat og drikke den største utgiftsposten, medan det i dag berre utjer 11% (40% i 1958).
Vi har fleire endringar i forbruksmønsteret vårt. I tillegg er det viktig å peike på at det osgå fins naturlege forklaringar på eindel av endringane. I fleire tilfeller endrer prisen seg på det vi kjøper. Enkelte varer blir billigare eller dyrare. Pga konkurranse mellom bedrifter, kan vi ofte kjøpe varer og tenester til ein rimeleg penge. Ta kjøttdeigen f.eks. Eg meiner eg leste i fjor at kjøttdeigen kosta ca 50 kr for eit halvt kilo i 1980. Kva kostar kjøttdeigen i dag?? Enkelte stader er vel prisen nede i rundt 20 kr. Med tanke på at lønningane har stege vil dette seie at kjøttdeigen er veldig masse billigare enn før. Det er med på å gje oss ein romslegare økonomi. (Kjøttdeig er berre EITT eksempel).
Det er heller ingen tvil om at vi kjøper mykje unødvendig når vi får litt ekstra å rutte med.....

Ofte kan vi få inntrykk av at alt var billegare før. Det er langt frå sanninga. For å kunne sjå om ein vare er blitt dyrare, må ein samanlikne prisstiginga med den generelle lønsveksten. Kor mykje var ei krone verdt i 2004 i forhold til kva ei krone er verdt no? Lønsveksten kjem jo også til dei som selger varer og tenester. Kor skal dei hente inn tapet av lønsveksten om varane skal ha same pris heile tida??

Det er faktisk slik at bensin er billig i Noreg! Tru det eller ei........ Det stemmer faktisk. Noreg er eit av dei landa som har den billigaste bensinen. Det blir som å seie at det er så mykje billigare for alt i Sverige. Det er det ikkje!! Joda....Det er billig for oss i Sverige, men for den generelle svensken er det ikkje billigare enn for den generelle nordmann i Noreg. Vi må sjå prisane opp mot lønningane som er i det aktuelle landet. Ikkje kva vi som turistar betaler. Eg trur det er mange som ikkje klarar å tenke slikt.
I 1980 kosta ein billett på trikken i Oslo og 1 liter bensin det same. I 2008 kosta ein liter bensin 12 kr, medan ein trikkebillett kosta 30 kr. Så skal vi legge konsumprisindeks til grunn, er bensinen relativt billegare.
Om vi samanlikner bensinprisane i heile Vest-Europa med inntektsnivået i dei ulike landa, ser vi at Noreg har den nest billigaste bensinen i heile Vest-Europa! Ut frå det kan ein påstå at bensinen vår er billig i europeisk samanheng. I tillegg er den blitt billigare enn i 1950 med tanke på den generelle prisveksten.

Forbruksmønsteret vårt har endra seg i stor grad. Vi drikker mykje mindre melk. No går det i brus og mineralvann. Vi spiser mindre fisk og forbruket av poteter er halvert.
Mindre del av inntekta går til klær. (Av di klær er blitt mykje billigare). Vi brukar meir på teletenester. Til tross for at tenestene på det området er blitt mykje billigare. Det indikerer t forbruket på det området har stege mykje.
Vi handler meir på nett. Ikkje alle er like flinke til å vere aktsom der. Det kan vere lett å bli lurt.

Forbrukermakt. Gjennom forbruket vårt seier vi litt om kven vi er eller ønsker å vere. Dyre merkeklede eller billige produkter? Nekter vi å bruke dyre merkeklede? Eindel er ubevisst, medan andre ting er nøye gjennomtenkt. Vi som forbrukarar er med på å bestemme kva varer og tenester som skal tilbys. Er det ingen som kjøper eit produkt, forsvinn det raskt frå hyllene. Det gjer at vi får ein slags forbrukermakt.

I dag tener vi såpass bra at vi har større krav enn før. Mykje vil ha meir er eit ordtak som stemmer bra. Det er fleire og fleire som klagar sjølv om dei har meir enn nok til å klare seg. I dag kan det virke som om at "alle" trur dei har krav på å bli millionærar. Det er blitt eit mykje større fokus på pengar. Eg trur at mange av dei som veks opp i dag får eit unaturleg forhold til pengar og kva eigentleg pengar har å seie for livet. Vi gløymer at det ikkje er SÅ lenge sidan at det norske folk måtte vere flinke til å prioritere pengane sine. Vi er ikkje ganrantert mot at det ikkje kan komme nye slike tider. Vi er eit rikt land, men det i seg sjølv er ikkje sikkerheit nok.
Vi har auka forbruket enormt. Det kan i mange tilfeller vere positivt, men det lurer farer bak det meste! Forbruket skaper både forureining og tapping av ressurser. Vi prøver ikkje hardt nok å få ei bærekraftig utvikling!! I alle høve gjer ikkje eg det...... Eg er langt frå flink nok, og JA, gjett om eg kjøper mykje unødvendig. Ingenting å seie til mitt forsvar der!

You should know.....everywhere I go.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar