tirsdag 27. mai 2014

Roma - tysdag 27.mai 2014.

Vi vakna til sol og varme. Innimellom var det litt overskya, men det gjorde ingenting. Når ein skal vandre i gatene, er det greit at det ikkje blir for intens sol.
Ergo var det heilt perfekt.
Alle var til frukost før halv ti og etter det var det berre å gjere seg klar for Spansketrappa




Spansketrappa…… Tja, kva skal ein seie om den? Vi kom inn frå toppen av trappa, og først blei eg ikkje så ”imponert”. Akkurat det endra seg etter at ein hadde gått ned heile trappa og fekk skue litt frå den vinkelen også.
Etterkvart blei det berre meir og meir folk der, så det blei bra folksomt.
Etterkvart som trappa fyltes med mennesker, fyltes den også med selgarar. Vesker og solbriller i fleng. Salget blei heller dårleg då dei skulle ha oss til å kjøpe noko.

Frå midtplatået i trappa var det ei som klarte å lese eit skilt kor det stod ”PRADA” på. Då kan du jo tenke deg til kor første shoppingrunde i dag starta.
Ikkje det at det blei lagt att så mange pengar der, for kven har vel råd til å kjøpe noko hos ”PRADA”? Men……Berre det å ha vore der og sett på klede…….
Det er jenter med sans for kvalitet.


Etter eit lunsj-måltid, splitta vi oss litt opp. Det var ulike interesser ute og gjekk og difor avtalte vi å møtes til eit gitt tidspunkt.
No skal det seies at det er usikkert om gutta gjorde det dei gjorde av rein interesse, eller om dei berre fulgte med……men dei har i alle fall fått trimma i dag. Vi har gått og gått i fleire timar! Mykje trim og mykje fliring.
Eg må jo berre sitere ein av dei. ”Gamle kailla og gammel mainnskit. Det e det som e Roma!”  Vi andre holdt på å knekke i hop. Den gamle mannskiten var jo då sikta til alle ruinane osv. Så sei slikt til ein italienar og du blir sikkert banka opp. (Hahhahaa…….)

Det gjekk ei lita stund og så kom følgande setning. ”Sjå ka med fluer det er:”  Det komiske med det var jo at det forskjell på fluer og fjær!!! Og så kan du jo sjølv tenke deg til kva det var han såg. I alle fall ikkje fluer.
Oppfølgingsspørsmålet var det beste av alle. Då berre bobla det i magen. Ein ny setning som berre sørga for at dette har vore ein toppers dag.
”Ka han heite han dær kongen som e på bildan dær?”
Jeeeezes!! Det var verkeleg dagens beste. Om du lurar på kvifor?! Sjå på biletet under. Fine kongen, hæ?????? Thiihihihihihihihihi……… Er det rart vi har flira mykje i dag? (Eg fekk lov til å sitere vedkommande her…) :=)



Medan vi tok oss ein liten ”rast i bakken”, oppdaga vi plutseleg ein svær måse (svær!!!!) som tok alt han hadde ut over ei due. Stakkars due, for det var ikkje akkurat mykje att av den etter at måsen var ferdigspist.


Sliten i føtene fekk vi oss ein mini-time på romma før middag. Vi gjekk litt i gatene for å finne ein triveleg plass og det syns eg vi klarte bra. Det handlar om å ta litt på sparket også. Vi endte opp på ein ”fin” restaurant og fekk god mat og drikke. I og med at dei tener godt på oss sidan vi er så mange, fekk vi gratis dessert. Kake……… Eg trur det var godt at vi hadde ein gå-bite for å kome oss attende hit til hotellet.

Vi er berre komen til kveld nummer to, men allereie kan ein skimte at det er enkelte som har lagt oss på minne og vi glir lett inn i mengden. De er som dei har kjent oss ei bra stund. (Litt kult eigentleg.)

No er det litt avslapping på hotellet. Sjølv syns eg det er deileg etter å ha vore utanomhus sidan i føremiddag. Mykje ”frisk” luft, med andre ord, i den grad ein kan kalle Roma for ein by med ”frisk” luft.
Det er i alle fall ein by med trafikk!! Og då er det ikkje snakk om køyring etter norske reglar og skikkar. Det skal vere visst. Her er det ikkje grøn mann overalt som seier at det er greit å kome over, sjølv ikkje på svært traffikkerte vegar.
Enkelte stader er det nok det, men det er like ofte at det ikkje er det. Det er berre om å snike seg ut i vegen og ”tvinge” dei som kjem køyrande til å stoppe. Eg føler vi er blitt ganske god på det allereie.


Historie, severdigheiter, shopping, mat, trim……..you name it…….. Vi kosar oss i alle fall og det er vel det viktigaste.
Gutta på tur. 

I Roma er det like lett å gå fem på som alle andre stader i verda. Det var ein artigkar som skulle lage armbånd til oss. Eg forstod jo straks at han skulle ha noko for det, men han gjorde jo på ein jæ…….smart måte slik at det ikkej berre var å seie nei. Så sa han at vi kunne betale det vi sjølv ønska. 
Eg leita fram fem euro, men då steila han. Han skulle ha ti. Så over åtti kroner for nokretrådbitar som ikkje blei fint eingong. Sjå berre sjølv på kor ujamnt. Snakk om å gå i fella. :=))) Ergo er alt akkurat som det bør vere!! 

Tamburinlys er kult!! Ei slik lampe skulle eg hatt heime.

På turen vår kom vi sjølvsagt over ein altmogleg-sykkel. DET var mat for gutta!!! Den hadde alt……slipestein, horn, mykje lys og verktøykasse, vannkanne for slipesteinen osv……. Akkurat nok masse til at dei såg for seg at den vil dei ha med heim. Einsykkel som var som ein verkstad. Mobil arbeidsplass. Kult!!









Shopping! Sminke! Fine jenter! Her skal vi attende og kjøpe meir!!! 
Som du ser….Vi storkoser oss og ser fram til fleire dagar her nede! 

Hasta luego!! 

IWALY!!!

mandag 26. mai 2014

Mandag 26.mai

Roma! No er vi endeleg her. Reisemålet vi har gleda oss lenge til å få dra til. Vi måtte  tidleg opp, men viss vi får ein fin tur, ja då er det så visst verdt det.
I eittida (i natt) hadde eg enno ikkje sovna, vel vitande om at klokka kom til å ringe 03.30. Og ja, eg var stuptrøytt då ho ringte.

Sjølve turen til Evenes gjekkheilt greit.  Båtturen inneholdt litt meir bølgjer enn strengt tatt nødvendig, men vi tok alle nett det med latter. Enkelte holdt fast i kvarandre og v kjente det all ei magen.
På flyplassen gjekk innsjekkinga heilt greit……Joda den gjorde jo det, sånn bortsett frå at då bagasjen var fordufta frå skranken, er det jaggu meg ein som har lagt passet i bagasjen og bagasjen ville vi jo ikkje få sjå att før i Roma. Innan den tid var det reisestopp i både Oslo og København.  Heldigvis klarte dama i skranken (på håret) å få stoppa utkøyringa så passet kunne få kome i rett lomme.
Ein tur som startr slik blir alltid bra!!! Hahaha……..
Vel framme i Roma (og ut av flyplassen)……….Passet var ikkje framme ein einaste gong Jaja…..

Flyplassen er rimeleg stor, og mykje større enn det vi er vant til heime. Likevel,  ein vil tru at det likevel skal gå greit å få bagasjen sin i høveleg rimeleg tid?!
EIN time stod vi før alle hadde den i handa. (Då var vi lei av å vente.) Noko hurtiglevering var det ikkje.

Så var det å følge skiltveileiingane for å finne busshaldeplass som passa med målet vårt. Vi fann omsider billettskranka og vi klarte å stile oss ved rett avgangsstad.
Bussen kom og frakta oss til Stazione Termini. Derifrå skulle vi ta drosje, men då vi kom dit, bestemte vi oss for å ta føtene fatt. I følge bykartet eg har så er det ikkje så uendeleg langt å gå. Så då fekk vi sjå litt også. Interessant!!

No er vi innkvartert på romma og vi har oss ein velfortjent pause før vi skal ut oss spise middag. Det skal bli godt. Tidspunktet er satt til sju. Fram til då får dei styre seg litt sjølv.
Romma er heilt grei. Ikkje  av dei største, men med gode senger og wifi så er alt berre velstand.

Så langt har vi det toppers, så eg håper verkeleg det fortset slik. Borna koser seg og er i skrivande stund ute og gjer seg kjent rundt hotellet og kjøper seg drikke.
Vèret er supert og følgeleg har også litt lettare klede kommen på kroppane deira.

Eg må vel kanskje nemne at det er ikkje alltid like ille å gå på flydo!! Hahaha…..Det er heilt sant! I dag har vi sett noko vi aldri har sett før.  (Det er SAS som flyg oss.)
Framme i flyet var dolokalet ikkje så lite som ein før har vore vant med. I tillegg var det heile TO vindauge der inne. I dei kunne du sitte og stirre ut og nyte  utsikta som måtte vere medan det fornødne skjer. I dagens vèr var jo det berre ypperleg.
Tenk om alle flydo var slik……! :=))

Jaja, no er det ikkje lenge til vi skal smalast,heile hurven, så det er vel tid for å stelle seg litt. Det kan vere greit å ”freshe” seg opp litt etter ei lang reise.  Så er det middagstid!!

Ha ein fortsatt fin kveld!
Hasta luego!

IWALY!!


søndag 25. mai 2014

25.mai 2014 :=)

Så er helga straks over og eg er straks på tur i seng. Med tanke på at klokka ikkje er over halv ni enno, så må eg kanskje fortsette med "Ja, det stemmer…. eg er på tur i seng snart".  
Eg skal opp midt i natta, nærmare bestemt halv fire. Eg skal ut på reis. Roma står for tur, så det er jo litt å glede seg til, det.
Eg var lenge vaken i går kveld. Eg såg film til klokka bekka tre på natta før eg la meg. Så sørga eg for å stå opp i rimeleg tid i morges……noko eg er glad for no, for eg er ganske trøytt i skrivande stund. Då er jo håpet om å få blunda augene tilstades.

Meininga var at det skulle vere hyttehelg. "Norske talenter" sørga for at det ikkje blei slik, så vi benkra oss alle foran skjermen fredags kveld. Ho som vann er eit lite talent, så det var greit at det var ho som vann. Dessutan var dei vel alle vinnarar akkurat i det programmet. Nivået var ganske høgt.

Då eg vakna laurdagsmorgonen, tenkte eg på pappa og kor lyst eg hadde til å dra i fjorden. Så såg eg rett på eit bilete eg har av han…….
Det her biletet er tatt i påska 2006. Det er rett før Steffen fylte to år. Vi står rett overfor Nisgamneset og eg hugser kor imponert eg var av at minstemann gjekk på eigne føter mesteparten av vegen. Ei bestefars hand var god å halde i! Minner………. 
Eg dro ikkje inn i fjorden, den dagen, men det blei no ein fin dag likevel. 

Laurdagen var ganske fin, vèrmessig, så då fann eg ut at eg ville grille. Så årets første grilling her heime er herved unnagjort. (Vi griller heile året på hytta.)
Vi sit litt til skue i den enden av verandaen, så for å skjerme litt var eg nedom trelasten og kjøpte eit par "veggar". Ikkje svære greiene, men likevel nok til at det hjelper. Etterkvart skal det vel kome eit lite "utbygg" der, og då blir det betre. 
Benken er nok ikkje den som er tiltenkt å stå akkurat der den står. Det skal vere litt meir stil, men til gårdagen fungerte den heilt fint. 

Sjølv sneik eg meg unna heile grillinga. Eg foreslo at menna kunne stå for grillinga og så kunne eg få ta meg ein joggetur. Det sa dei ja til, så då blei det slik. 
Eg jogga og då eg kom heim, kunne eg gå i dusjen og rett til dekka bord. Akkurat det var berre heilt herleg!! Kokkane hadde vore kjempeflinke, så maten smakte heilt supert. 

Kvelden gjekk med til fotball…. Det var visst Champions league-finale og DET var superviktik. Gjesp……… Var det noko eg ikkje fulgte med på, var det kampen. Ein annan liten kar var og misnøgd med at laurdagskvelden gjekk til kamp, så han sat seg midt i mellom tv´n og faren med ipod´n sin og spelte musikk. (Thihihihihi………) Faren såg på meg for at eg skulle seie at han måtte sette seg ein annan stad, men her var det inga trøyst å hente. Her var det snakk om team-spel. Eg ville mest berre flire, men det kunne eg jo ikkje gjere. Det ville kanskje blitt gjeve ut litt feile signalar til gutungen. 

Det er ikkje ofte eg kuttar meg, men det klarte eg sjølvsagt i går. Ikkje store såret, men blod var det lell. 
(Eg er god på å fokusere når eg tar bilete!) 
Det var på morgonkvisten eg var uheldig, men sjølve biletet er tatt på kvelden. Normalt er det nok med eit lite plaster ei stund og så er det "that´s it". Difor tok eg berre av meg plasterbiten då eg skulle ut for å jogge. 
I den samanhengen trur eg at eg må gjere eitt eller anna rart med hendene medan eg springer. For då eg kom heim att såg eg slik ut. Så om det er slik at eg gnir fingarne mot kvarandre utan eg kjenner det, skal  vere usagt. Pinglefingrar!! 

I tretida, i natt, tok eg dette biletet gjennom vindauget. Hadde eg vore "heime" så ville det vor mørkt ute. DIfor er det ikkje rart at enkelte som kjem nordover på besøk blir litt lettare forvirra når dei skal legge seg. For dei er det jo ikkje akkurat normalt at det ser slik ut når du tittargjennom glaset. 
Eg hugsar i 2005 då eit vennepar av meg var her. Dei to borna deira vakna jo midt på natta og det var håplaust å få dei til å forstå at det faktisk var natt. 

Det blei ikkje fjorden i går, men idag……..ja då blei det! Det var så fint eit vèr ute at det var ikkje noko anna alternativ. Difor blei det maling av veranda-balustrane i dag. Det blei no ganske fint. :=)

Veranda og hage!! Prosjekt hage er jo starta opp for sesongen. Denne gongen har eg ikkje lagt på knerne og saga tuer. Heldigvis! Akkurat det er ufatteleg kjedeleg. 
Eg har fått klipt ein god del, så no byrjer det å bli bra. 

Det har vore ein herleg dag å arbeide ute på. Uheldigvis kunne eg ikkje vrenge av meg klerne, for det var litt vind og eg ville ikkje utsette meg for faren til å bli forkjøla no når eg skal ut på tur. 
Fire-fem timar i fjorden gjer underverker. Det er verkeleg deileg. 

No er det natta for min del. Den neste uka skal eg legge ut litt bileter og ord frå Roma. Det er nok inga tvil om at det er ein by med "innhald". Vi er framme i to-tida i morgon, så det blir tid for å gjere seg litt kjent allereie då. Så er det berre å håpe på at italienarane er hyggelege og opne folk. Eg gler meg!!
Ha ein fortsatt fin kveld! Sov godt til natta, 

Hasta luego!

IWALY!!!





fredag 23. mai 2014

I dag kom det meg for øre at det er snakk om at vegsjefen jobbar for å få klassifisert kjøpsvikvegen frå riksveg til fylkesveg. Kva vil då det seie (dersom det stemmer)? Rykter er ein ting, sanninga noko heilt anna, men det kjem no frå ganske sikre kjelder.
Det betyr at det blir billigare for "vegsjefen". Det brukes mindre pengar på ein fylkeseg. Den er liksom ikkje like viktig som ein riksveg. Og det er klart at det no etter brannen kostar eindel å få den opprusta.
Kan det då vere slik at ein tenker at ei omklassifisering av vegen skal sørge for at dei skal slippe billigare unna?

Det signaliseres også at tungtrafikken skal styres andre vegen, E6 over skaret. (Noko ikkje tungtransporten ønsker vinterstid. Men kva betyr no det????)
Vegsjefen burde verkeleg heller jobbe for å utbetre vegen. Det var ein visjon bak sjølve "bygginga" av vegen i si tid, men det virker som om mange har gløymt det. Difor skulle eg ønske vi hadde nokon som kjempa for oss på det området.

Spør du meg, er dette eit politisk spel. Det er andre kommunar som jobbar i bakgrunnen. Vi veit jo også kven som var med på å bestemme at vegen skulle bli smalare enn først tenkt i si tid. Vi veit i kva kommune det representerer.
Eg skal vere forsiktig med å påstå noko…………, men i mitt hovud tenker dei små grå at det er logisk at dette må vere eit politisk spel frå nabopolitikararar (eller folk med interesser der). Vi veit jo at det har vore kjempa ein offentleg kamp om kor E6 skal gå i framtida.

Eg håper verkeleg at det er nokon som er vakne i denne prosessen, for ellers risikerer vi alle å bli "tatt på senga".
Vi irriterer oss allereie over at dei ikkje proriterer å ordne opp etter brannen som snart et halvanna år sidan. Det er for gale.
Vegen som var tenkt som framtidig E6 frå høgt hald skal kanskje plutseleg vere fylkesveg. Hallo? Galskapen lenge leve.

Då eg var yngre (mykje yngre - sjølv om eg absolutt ikkje er så gammal no!!!!), lurte eg mange gonger på korleis det var/er å vere tvilling. Enkelte er einegga, andre ikkje. Uansett……som regel var dei tvillingpara eg blei kjent med ganske "nære". Det var på ein måte ingenting som kunne kome i mellom dei.
Enkelte gonger høyrde vi at det fantes tvillingpar som skreiv same stilinnhald, hjalp kvarandre på prøvar (telepati) osv osv……….Lista kan vere lang……

Når tvillingpar veks opp ilag, er det vel gansle naturleg at dei "heng" mykje ilag. Det er dei som leikar ilag osv. Dei har alltid nokon å vere med. På godt og vondt.
På godt av di dei veit dei har nokon å leike med, vondt (på ein måte) på grunn av at dei kanskje då ikkje blir så integrert med andre born. Sjølvsagt ikkje i alle tilfelle. Eg skal heller ikkje anslå noko prosent, men det skjer no i alle fall.
I alle fall…. Eg brukte å lure på korleis det er å vere tvilling. Spesielt då med tanke på dei som er nært knytta kvarandre og som kanskje også er blitt vaksne, eller er på tur til å bli det.

Det som no satte "tvillingtankane" mine igong, var rett og slett at eg plutseleg kom over eit tvillingpar som deler ganske mykje. Og då meiner eg mykje!
Det er greit å dele tankar og vere der for kvarandre, men når ein i løpet av, rundt rekna, 15 år og aldri har vore ifrå kvarandre meir enn 30 minuttar til samans……. Då kan ein fort byrje å spekulere.
Dei gjer morgonstellet ilag. Dei deler Facebookprofil. Sist men ikkje minst - dei har delt kjærest.
Eg trur ikkje heilt at eg vil vite korleis det arter seg. Eg lurar no mest på om det er meininga at dei har tenkt å gjere det same når dei blir eldre…….
Den heldige guten som fekk dele dei, ja han må jo ha vore i lykkerus. Tenk å ha to kjærastar samtidig, der begge veit om kvarandre og synast det er heilt greitt!! Det må vere toppen av lykke for ein tenåring.
Litt verre blir det vel når di blir eldre og skal få seg livsledsager?!
Kva veit vel eg?? Eg berre ser ikkje heilt for meg at det skal vere tre tilstades i alle hyrdestundane.
Jaja……..

Ellers har ein jo også høyrt om dei som får smerter når den andre tvillingen skadar seg. Akkurat det fins det mange eksemplar på.
Ikkje det at eg veit at nokon av dei eg kjenner har det slik. Likevel….Det har alltid vore tvillingar tilstades (rundt meg) sidan eg var 12-13 år gammal. Det byrja då vi starta i ungdomsskulen. Då kom eg i klasse med to jenter som ikkje var einegga.
På vidaregåande var det to andre jenter. Dei er heilt klart einegga, sjølv om eg aldri spurte dei direkte om det. Det var liksom ikkje noko vi tenkte på då. Dei er prikk lik den dag i dag, så einegga er dei nok.
Ingen av desse deler partnar, såvidt eg veit…..! I følge Facebook lever dei i beste velgåande med kvar sine familiar. (Det er eigentleg ganske flott med Facebook. Det er koseleg å sjå korleis det står til med alle dei ein vaks opp og gjekk på skule med.)

Det som er litt artig, akkurat no, er at medan eg sit her og skriv om tvillngpar, ja då dukkar det jaggu meg opp eit tvillingpar her i stova. Det er ikkje tull eingong!! Snakk om timing! :=)
Det er sjølvsagt ikkje eg, men minstemann som får besøk av klassekompisar, men artig at det er akkurat dei som kjem når eg skriv om nett dette.
Så eg måtte jo sjølvsagt spørre dei om det hender dei tenker det same, eller om dei trur dei kan klare å "jukse" på ein prøve om det blir nødvendig. (Litt anna formulering, men dei skjønna kva eg meinte…..)
Kva dei svara forblir hemmeleg! :=)))

Det er enno tidleg, denne fredagen. Eg har ikkje eingong starta med middagen. (Kanskje ein idè å gjere det?!!) Så blir det vel foran tv-skjermen klokka halv åtte. Det er jo finale i "Norske talenter" i kveld, som forøvrig er årsaka til at det ikkje blei noko hytte tur denne helga.
Sånn sett er det kanskje like greit, for eg har jo litt pakking foran meg i helga. Eg gler meg til måndag!!

Ha ein fortsatt fin kveld!! Kos deg og nyt det kvelden må bringe med seg av herlegdomar!!! Jada, jada, jada……..Eg veit det høyres teit ut, men det er jo lov til å ønske ein fin kveld i alle fall!! Om den blir herleg eller ikkje………blir vel opp til kvar enkelt! :=)

Hasta luego!!

IWALY!!!

torsdag 22. mai 2014

I dag prøvde eg meg på å spele ei ung jomfru (men ikkje med særleg hell……). Vi var tre som skulle med ferga og då vi skulle attende, var det ein "unggut" som var billettør. Eg sa at ei ung jomfru som eg burde få reise på halv pris, og då såg han berre dumt på meg. (Hadde han kunna gjort det, hadde han sikkert gjeve meg dobbel pris!!) HAhaha…….Han trudde hverken eg var ung eller jomfru. Forstå det den som kan!!! :=)))

Halvparten av oss tror på løgner når de spres på nettet. Det er mykje tull som spreies på nettet. Akkurat det trur eg at alle kan vere einige i.
Det blir som då det stod : Det italienske senatet gav seg selv 134 milliarder euro i sluttpakke. Det spreiar seg med kanonfart på Facebook. "Bakmenna" kalles trollgrupper. Den falske informasjonen lages med hensikt.
Slike "fantasifoster" fins det mange av. Enkelte meir morosame enn andre, mange berre teite. Spesielt saka om at ei vaksine forårsaker autisme. Kven er det som tenker at det berre er det vi kallar på godt norsk for "pølsevev"? Ein slik artikkel vil for dei fleste virke ganske så troverdig. Så det betyr at enkelte skyr inga grenser for kva dei kan skrive om. Spøkefuglar, seier enkelte….eg trur eg ville kalla dei for noko anna.
Når dei "fleiper" med slikt, vil ein del foresatte ikkje vaksinere borna sine, og følgene då kan vere utbrot av farlege sjukdommar og daude born. Så nei….. EIn fleipar ikkje med slikt.

Når "faktabitar" blir lagt ut på Facebook (til dømes), er det mange som hiv seg rundt og kommenterer. Enkelte saker sørger for at tastatura rundt om går varm. Veldig varm. Sterke meininger og til dels kjem det angrip på andre personar som ikkje meiner det same som dei….osv……så har ein det gåande heilt til nokon er så fornuftig og seier ifra om at dette berre er tull.
Det er klart dei vel saker dei veit vil engasjere mest mogleg menneske. Og folk går laaaaangt i yrtringane sine.
Desse faktabitane blir lagt ut nesten dagleg.

Så spørs det……Er det vi som er alt for naive? Eller…? Det  er jo ikkje berre, berre å skjønne at det er tull når saka er laga på ein slik måte at det nesten ser ut som ein avisartikkel.
Likevel….Det viser berre kor viktig det er å vere kjeldekritisk. Det er det vi seier til borna……. Ha med ei kjeldeliste så vi veit kor dåke har henta informasjonen frå. Dei må lære å vere kritiske!
Dei er berre tenåringar, men til og med vi vaksne går fem på så det suser med kvart.
Heldigvis har eg såpass mykje folkeskikk at eg lar vere å hive meg med i diskusjonar under desse såkalla artiklane. For det er ein uting at enkelte blir så usaklege at det er heilt sjukt.
Det hender ein tenker sitt om ulike haldningar som blir presentert gjennom slike ytringar.
Ein skal vere tolerant osv……..men det går jo ei grense ein eller annan stad.

Eg tok nett turen inn på Facebook for å finne eit døme på ei sak som berre er oppspinn. Heilt overbevist om at det ville gå "no time" på å finne det, skrolla eg ned på sida. Joda……. Plutseleg var det håplaust å finne ei einaste sak! Er ikkje det typisk? Når ein treng det, er det ikkje der……..Poff, poff…..
Jaja,

Har funnet våpenet mot brunsneglene. Den setningen lyder som musikk i mine auge. Kva er vel hersligare enn desse brunsneglane? Ekle kryp som forstyrrar oss så til dei grader. (Ikkje her nord då, vel å merke.)
Kvart år er det det same. Sneglejakt!! Kanskje det no kan bli betre så ein slepp det?! Det ville vore lykken. For slik det er no, veit eg ikkje om eg hadde hertest å sove i telt i sommarvarmen.

Jaja, denne klokka var så på hugget i kveld. (Eller så kan det vere at eg starta litt seint……) Ho er straks midnatt no, så det er vel på tide å mekke seg inn under dyna. Vil du verer ein som slenger med leppa og berre skriver skitkommentarar under ulike saker, "be my guest", men det viser seg at det likaste er å vere litt kjeldekritisk. Med andre ord betyr det at ein skal bli flnikare på å ikkje la seg provosere, av den enkle grunn at informasjonen er feil.

Det som i alle fall er sikkert, er at dei fleste sikkert har tenkt seg i seng, så innan eg står opp att i morgon tidleg er det vel dei færraste som har brukt energi på slike saker. (Sjølv om det fins dei som er oppe halve natta også….)
EG er ikkje vaken til alle døgerets tider, så  det så……….
No gjespar eg for meg sjølv……hurra….. Ha ein fortsatt fin kveld!

Hasta luego!

IWALY!!!!


onsdag 21. mai 2014

Hannes sønn (4.mnd) begravet uten hjerne. Ble aldri varslet. Det er som Hanne sjølv seier.....brutalt!
Veldig mange av oss har meininger om organdonasjon. Enkelte er svært opptatt av at flest mogleg skal registrere seg som donorar dersom ulykka skulle vere ute, medan andre tar avstand frå det. Utgongspunktet frå meiningene deira er veldig ulike og ein må sjølvsagt ha respekt for kva enkeltindividet meiner, også om det går på akkord med dine eigne  meininger.

I dag er det slik at ein kan teikne seg som organdonor. Likevel, det er til sjuande og sist dei attlevande som tek avgjerdsla. Næraste pårørande.......
Kor går eigentleg grensa mellom for kva tid systemet spør om aksept for å gjere det og til det å faktisk berre gjere det utan at næraste pårørande har sagt ja? Eg veit ikkje om det er eit spørsmål som er vanskeleg å svare på, men reglane bør jo i utgongspunktet vere ganske så klar på det området. Det bør ikkje vere rom for tvil i nokon grad.

I denne saka om den 4 månadar gamle guten som døydde i krybbedaud, har dei fjerna hjernen til gutungen for å bruke den til vidare forskning. Kanskje ei grei og viktig sak at dei kan gjere det....MEN kor er det medmenneskelege oppi det heile? Og ikkje minst...Er det lovleg å berre gjere det sånn heilt utan vidare? Når ikkje eingong mor blir varsla om det....Då blir det som ho sjølv seier, brutalt.
Hadde dei tenkt å berre gjere det i håp om at ho ikkje skulle oppdage det? Det vil i så fall vere heilt idiotisk.

No er det gått tolv år sidan han døydde, og det er først no at ho er klar over kva som skjedde. Ho er klar over det av di VG har leita i grumset og funne svaret. Og skal vi tru det som dei er komen fram til, er det snakk om at forskarar har brukt heile 700 born til å få organar av utan at foresatte har samtykka.
Har ikkje små born dei same rettigheitene som andre? Eg kan for lite om regelverket til at eg sjølv kan svare på det. Eg veit berre at oppe i MITT hovud, ja då høyres det heilt forkasteleg ut.
Hadde eg mista eit born og tolv år etterpå fått vite at hjernen ligg der i ein frysar enno....... Det ville gått sterkt inn på meg, garantert. Eg trur eg ville slitt med det.
Det er noko med det mentale.......... Om ein godkjenner det frå starten av, får ein bearbeidd det. Denne sjansen hadde ikkje desse foreldra og andre med. Den sjansen blei dei bevisst frarøva.

Joda, forskning er viktig og det er bra at organa kan vere med å hjelpe "framtida". Så er det vel heller ikkje det som er problemstillinga i denne saka. Det kan godt vere at nett denne familien ville sagt ja. Forskjellen ligg berre i at då var valget deira.
Å finne løysinga på krybbedaud må kunne gjerast på ein annan måte enn å gå bak ryggen på folk.

Det kan hende at det er eg som er rar.......men akkurat dette har eg sterke meininger om. Viss nokon tar noko frå min kropp utan at mine næraste har godkjent det....Tja, då kjem denne jomfrua til å "gå igjen" og stakkars dei det då gjeld!!! (For snill blir eg ikkje.)

Jaja, sånn går no dagane…… Eg har akkurat vore på musikkøving. No er det kvelds og avslappingstid. I morgon håper eg på "greit" vèr, for då skal eg ta meg ein liten malartur i fjorden. Det er lov til å håpe.

Uansett… Ha ein fortsatt fin kveld og sov godt til natta.
Kveldens musikktips (som mest sannsynleg ikkje vil slå godt an hos dei fleste) er Toni Childs. Meget spesiell stemme!! Ho må høyres på fleire gonger fir å venne seg til musikken. Favoritten min er "I´ve got to go now". Den har eg ofte på øyret når eg er ute og springer.

Hasta luego!

IWALY!!!


tirsdag 20. mai 2014

Hahahaha……Denne erlitt artig. Sjå for deg at dette hadde stått i ei av dagens aviser. Tru kor mange kommentarar som ville ha blitt skrivne under annonsen? Eg er ikkje i tvil om det ville blitt ei liste lengre enn lengst. Både humoristiske attendemeldingar og dei som klarar å irritere seg over eit slikt innhald. Eg trur vi ville ha fått svar som dekker heile "linja".

Som du ser…..Det er lenge sidan denne notisen blei skriven. 1896……… Herleg!! 

Farmen…… Farmen skulle eigentleg leggast til Kvinnherad i år. Uskedalen. Eg var ikkje klar over det før i dag då eg las om at det ikkje var komen i orden noko avtale med den eine grunneigaren og at det difor blei flytta til Tangen. 
Spør du meg, syns eg det er litt synd, men det er sjølvsagt av di eg sjølv er ifrå Kvinnherad og syns det vill evore kult om Farnen blei spelt inn der. 
Kvinnherad får klare seg med at det er ein deltakar i "Jakten på kjærligheten" i år. 

Telefonsalg og andre rarieteter. Det er fleire år sidan eg registrerte meg mot telefonsalg i Brønnøysundsregisteret. Stort sett har det fungert greit. Nokre få telefonar har det vore, men ikkje så ofte at det irriterer meg. 
Så er det eingong slik at det er forskjell på salg og gallup. Om du reserverer deg mot salg, er det ikkje det same som at du ikkje får telefonar frå mennesker som utfører undersøkingar for ulike firma. 
I kveld fekk eg ein slik telefon…….
Vel, eg visste ikkje at det var det, men eg har sjekka opp nummeret i etterkant, berre for å vere sikker. Eg har tidlegare ungått å svare når det har ringt i telefonen og det har vore frå Afghanistan, men via eit norsk nummer.(Slekt i millitærteneste.) Så difor sjekka eg for å vere sikker på at det ikkje var nokon som faktisk trengte å få tak i meg.  
Eg hadde rett, det var eit nummer frå Bergen……..ein som skulle spørre meg om eitt eller anna.
Så spørs det då…… Kva er det som er så morosamt med det, liksom? Hahaha……. Joda……
Då eg svara på samtalen, sa eg følgjande: Snusmumrikens teleteneste, vær så god. Det blei først heilt stille før ein mann stotra usikkert fram at han trudde at han må ha ringt feil. Eg blei ikkje oppringt på nytt!! Hahaha….. Det blei litt fliring rundt bordet der eg var då det ringte. 
Han hadde vel ikkje forventa å hamne hos ei eller anna form for teleteneste då han ringte meg. (Eg håpar han lever i trua på at det må ha kosta han litt……Thihihih….) 

Hvorfor piser vi så lite hest? Tja, spørsmålet er stilla og då forventar dei vel eit svar på det også. Mitt svar er enkelt. Det er berre å høyre på ordet, det. Hest! Kven spiser hest? Det høyres berre ekkelt ut. Det er jo berre å tenke på ein ponni, så gjer jo svaret seg sjølv! 
Kven spiser katter, til dømes?? Katt, ponni………whatever. 
Kanskje det er hest som kjem til å bli den nye trenden innanfor matvegen? Kven veit? 
Det er sikkert godt, men smaken er allereie øydelagt i det ein nemner ordet hest. Men så spiste jo eg kanin i forfjor. Det er jo like ille (og nesten verre). 

Må betale kona 26 779 943 901.- Hmmm…..Eg vil anta at det er snakk om ein riking, ja. Eg veit rett og slett ikkje om eg ville ha hatt sååååå mange pengar som det her er snakk om. 
Joda, det hadde sikkert vore fint å berre ha ubegrensa med pengar, men likevel…….Det blir veldig "harry" når det kjem opp i slike beløp. 
Ho visste vel kva ho gjorde då ho gifta seg med han. Dei kan gjerne stille spørsmålet om det er tidenes dyraste skilsmisse?! 
Uthaldande er ho i alle fall. Først seks år i retten før ho no kan juble. Eg hadde ikkje gidda……. Berre ef fekk instrumenta, så er det no greit. (No er dei strengt tatt mine, uansett, men eg ville no aller helst sette det litt på spissen.)

Eg trur kanskje eg trygt kan seie at eg aldri ville falt for ein mann med så mykje pengar som dette. Aldri i verda om eg hadde villa meg sjølv så vondt. Heller jordnær enn rik!! Basta! (Men eg skulle sjølvsagt klart å bruke eindel av pengene,  og veit på kva!! Ikkje biff!) 

Nesten 27 milliardar…… Det er berre kleint å tenke på. Korleis skulle eg då klare å gå opp og ned Karl Johan for å ta eit døme?! Med 27 milliardar på konto ville det vore "creepy" å sjå dei fattige som tigger i augene. Ikkje det at eg stirrar dei i senk i dag, men eg ville slitt meir med det om eg var styrtrik. 
Eg trur neppe at eg ville ha sove så godt heller. For viss eg hadde vore så rik som dette, ville det nok vere mange nok som kjente til det til at det ville kunne kallast offentleg informasjon. Då måtte eg vel ha hatt mine eigne "bodyguards". Ikkje at det hadde vor å forakte (viss eg fekk plukke dei ut sjølv), men eg meiner likevel det berre ville ha vore slitsamt. 
Eg er alt for open som person til at eg skal måtte skjule meg for vakter for å "trives". (Så kan du jo sjølv velge kva du legg i ordet trives.) 

Pengar……I couldn´t care less. Uansett….. Hadde ein slik riking lagt augene sine på denne knetta….. Ja, då trur eg at eg ville bedt han om å gå til legen for å ta seg ein sjekk! 

Det er tysdag og det er leggetid for rike og dei mindre rike. I alle fall er dette vesenet på tur i seng. Eg er ikkej i tvil om at natta blir god, så då får eg vel ønske det for alle andre også. Sov godt når du er ferdig med å telle sauer. 

Hasta luego!

IWALY!!