torsdag 24. april 2014

I dag har det rett og slett vore ein strålande dag. Sol og stille på havet…….. Det første eg gjorde etter at eg var ferdig på arbeid for dagen, var at eg dro rett ned i båten og tok turen innover fjorden.
Som du kan sjå på biletet under, var det fantastisk fint på havet i dag!








Då vi skulle ut att, hadde eg ikkje mykje lyst til det, men det er trass alt berre ein heilt vanleg torsdag. Det blir nok ikkje lenge til eg drar inn att for å ta graset.

Eg sat akkurat og las litt på VG sine nettsider.  Eg skulle eigentleg ikkje skrive noko frå den verda der, men så såg eg plutseleg dette biletet og fekk "dyrisk" vondt inni meg. Dette biletet dukka opp med teksten: Hunder angrep ettåring for ett år siden. Han har fortsatt vondt i hodet og sover dårlig om natten. 

                                                                                     Foto: Erik Hagen.
Om du ser på biletet, skjønner du fort kvifor eg fekk den kjensla som eg umiddelbart fekk. Sjå berre på det bakhovudet!! Sukk……….. Det vrir seg i magen. 
At det i det heile tatt kunne skje, er rett og slett uverkeleg. Det fins klare reglar i Noreg for hundeeigarar når det kjem til å halde dei forsvarleg. Viss ein hundeeigar held seg til reglane, vil slikt som dette ikkje skje. Å la rotweilere gå laus i hagen sin er ikkje forsvarleg. Sjølv om dei er innanfor gjerdet, er det ikkje forsvarleg om gjerdet ikkje er høgare enn at dei klarar å hoppe over det. (Noko som var tilfelle i denne saka.) 

Viss eg hadde hatt ein eittåring og to svære hundar hadde kasta han opp i lufta som ei filledukke……… 
Sjå hovudet!! Viss ikkje han får varige mén etter det, på eitt eller anna vis, skjønner ikkje eg.
Det verste er at slikt kan skje og dei skuldige får ei ussel lita straff som seier litt pengar og nokre få dagar i fengsel. 
Kva skal guten med dei 163.000 kronene som erstatninga var på? Joda, det er flott at han får pengane, men kva beløp er det snakk om etter ein sånn skade? Er ikkje det han taper på handlinga verdt meir enn det? 

Brot på hovudskallen…….. Det er alvorlege greier, det. Det verste er at dei to hundane har kvar sin eigar. Den eine tar ansvaret, medan den andre berre fråskriv seg det heile. Han nektar å få skulda for noko hunden hans har gjort. At han ikkje har holdt dei forsvarleg nok, bryr han seg visstnok døyten om. 
Då seier eg at han ikkje burde få lov til å vere hundeeigar. 

Berre eit par uker før dette skjedde, beit dei også ein niåring. Såvidt eg veit, skal alle hundar som skader menneske ved å bite avlivast. Likevel fekk dei sjansen på ny etter to uker. Denne gongen var dei heldig at det ikkje blei snakk om rovmord! Hadde det ikkje vore for at mora og vennen hennar kjempa mot hundane for å få fatt i gutungen, hadde han garantert ikkje levd i dag. 
Triste greier………

No skal denne knetta ta kveld. Eg skal opp tidleg i morgon, og då kan det vere greit å vere kvil. (Tidleg og tidleg………….I alle fall tidleg i mitt hovud!! HAhaha….) 
Så ha ei strålande natt! Sov godt! 

Hasta luego!

IWALY!!






Ormeeksplosjon!! Det har vore fint vèr sørafor og følgeleg er det eit eldorado for ormar i desse dagar! Kanskje det er eit tydeleg teikn på at ein ikkje skal legge ferien dit i sommar? I alle fall………Eg hatar slangar! At ein som unge gjekk og bar på dei der heslege stålormane (som forresten eigentleg er øgler), betyr ikkje at ein i dag syns at ormar er så vanvittig kult.
Sjølv om den hersens huggormen har fått eit ufortent dårleg rykte, blir eg ikkje meir venleg innstilt til "han". Det hjelper ikkje om dei seier at han ikkje biter om han ikkje føler seg trua.

Eg har nett sett eit bilete av ei klynge med fem buormar. Buormar som lev i beste velgåande den dag i dag. Biletet er tatt i påska, så det er rimeleg ferskt. Det er sjølvsagt ikkje noko "fint" bilete å studere, for ein får meir ei sånn der "æsj-kjennsle" når ein ser på det.

I skrivande stund, når eg først sit her og tenker på ormar, så ser eg plutseleg for meg at dei kryp opp etter føtene på meg. At dei er der og sirklar rundt meg i tide og utide. Tankane kan nok ha ein tendens til å løpe litt løpsk innimellom…….. Ei stakkars jomfru i naud…….
Viss eg nokon gong møter på ein huggorm åleine, ja, då trur eg at eg døyr av at hjartet kjem til å stanse. Ellers kan det jo hende at det er mangel på pust som gjer utslaget, for eg kjem garantert til å gløyme å puste om det skulle skje.
Sjølv om eg aldri før har møtt ein huggorm, enno så mykje eg har sprunge i vestlandsskogane, så trur eg det er fleire ormar der no enn tidlegare. Det verste er jo at ein ikkje kan gå trygt i eigen hage.
Huff……. Det må eg ikkje tenke…. for no ser eg for meg at den kjem opp på verandaen, og då er vegen inn i stova lett……. (Hmmm….Eg trur eg må ringe "heim" og seie at dei må sørge for å ha døra att til eikvar tid!!!!)

Nei, eg trur jomfrua må ta seg ei pille. Eg skulle aldri ha studert det der hersens biletet av dei fem buormane. No kjem eg vel til å drøyme om slangar i natt. Æsj!! Eg håper verkeleg at ikkje det stemmer.
Heldigvis er ikkje Nord-Noreg kjent for å vere så ormevenleg, men vi veit jo at ormane trivst heilt nord til Bodø.
I år er det slik at det har vore snømangel, men eg håper verkeleg at det har vore kaldt nok til at dei ikkje har lagt inn ein ekstra trimtur retning nord. Måtte telen vare heilt til i juni, neste år!
(Og kvifor er det slik at ormane er freda??????? Joda, e skjønner kvifor, men vil ikkje skjønne det likevel.)

Mer enn 120 har tent på seg selv i protest. Ja, der kan ein sjå for ei rar verd vi lever i!
Det er greit at ein vil gjere noko som blir lagt merke til om ein er djupt ueinig i noko, men eg er ganske sikker på at eg ville ha valgt ei anna form enn å tenne på meg sjølv for å få bodskapen fram.
Å påføre seg sjølv smerte fører ikkje noko godt med seg.

Det er sjølvsagt i desse dagar når herr Lama skal til Noreg at dette temaet dukkar opp. Dei som har tent på seg sjølv, har gjort det i protest mot den politikken Kina har overfor Tibet.
Dei ublide augene til Kina gjer det vanskeleg å møte han her til lands, men no har dei vel funne ei løysing på det.
Kina har fryst alle politiske forbindelser med Noreg, og Lama sitt besøk her gjer ikkje akkurat "saken" så mykje betre.
Eg meiner det er viktig å møte han av den enkle grunn at Kina ikkje skal få bestemme kva vi skal gjere eller ikkje. Det er ikkje dei som skal styre heile verda.
Kina "går" nok berre rundt og ventar på at Lama skal døy, for då får dei eitt problem mindre å forhalde seg til.

Jaja, uansett….. Å tenne på seg sjølv har vel inga hensikt? Eller er det eg som er alt for korttenkt? Å døy for noko ein trur på er ikkje eit nytt fenomen, men det betyr ikkje at det gjer det meir rett.
Eg trur nok eg aldri kjem til å forstå meg på desse sjølvpinerane. Eg kjem aldri tilå skjønne kvifor dei ikkje finn andre metodar for å vise sin protest. Kina bryr seg ikkje om det livet som går tapt, eller brannskadane som oppstår. Og så lenge dei ikkje bryr seg om det, kva er då hensikten? Kva er målet?

Nei, plutseleg er klokka passert midnatt. Då kan ikkje eg sitte her og komle med daten. Då må eg nok berre pakke saman og sove.
I morgon er det forhåpentlegvis ein ny fin dag, og då skal eg ta meg ein tur på havet etter arbeid. Det blir fint, så det er berre om at vèret blir sånn høveleg bra.
Ha ei god natt!

Hasta luego!

IWALY!!

tirsdag 22. april 2014

Landssvikarkiv kan bli åpnet…… Jaja, eg går sterkt ut ifrå at dei ikkje finn namnet mitt der. Hahaha….. Det ville ha vore noko! Ikkje det at det ville ha vore litt kult, men det ville ha vore litt kult. (Beste setningsoppbygginga "ever"!!)

No levde ikkje eg rett etter andre verdskrig, men det er nok av andre som gjorde det. Titusener blei rettsforfulgt, men pga av taushetsplikt, er ikkje namna "offentlege".
No er det gått 70 år, og sjølvsagt er det enkelte som er over middels nysgjerrige her i samfunnet og ønsker at dei skal offentleggjerast. Ikkje alle er einige i det.

Dette temaet er nok i klassen for vanskelege saker å snakke om. Det er nok det som gjer at det er fleire som har bedt om at når 70 år er gått, bør dei forlengje taushetsplikta. Det er kanskje noko i det. Dessutan…..kva er vitsen med å grave i gammal skit? (Og ja, eg er fullstendig klar over at nett det spørsmålet gjer ild til enkelte sitt bål……)

90 000 landssvikarsaker er mykje! Mange av dei blei henlagte. Dei som meiner at vi burde få innsyn, lurer nok sikkert på kvifor det skal vere så hemmeleg. Kven eller kva er det dei skal beskytte no så lenge etter?

Holocaust blir nemnt i denne saka. Eller……..I alle fall at Guri Hjeltnes, leiar ved Senter for studier av Holocaust…… Ho er med i ei nemnd som jobbar for full offentleggjering.
Er Holocaust ein del av dette, kan eg nesten skjønne at enkelte ikkje ønsker at arkivet skal opnast. Holocaust, ei "sak" som enno fleire påstår aldri skjedde. Det til trass for all kunnskapen vi sit med om det i dag. Kvifor fins det då enno enkelte som benektar det heile?
Heile verda "stod stille og såg på" uretten.
Eg vil tru at dersom dette arkivet blir opna og Holocaust er ein del av det……..Ja, då vil det bli mange bølgjer……på godt og vondt.
Eg vil tru at fleire av etterkommarane til landssvikarane lever enno, så av hensyn til dei kan det vere greit å vente med innsyn.
Eg trur eg ville fått problem om eg plutseleg skulle få vite at mine foreldre eller besteforeldre hadde vore med på å behandle andre menneske som dyr.

Vi skal ikkje fornekte historien. Den er for viktig for det, men det er unekteleg noko i det at ein kanskje bør vente litt til. 70 år er faktisk ikkje så lenge når det kjem til historie.

Eg byrja det heile med ein spøk…..Ein spøk om at mitt namn ikkje vil vere å finne i arkivet. Det var før eg eigentleg byrja å tenke på kva landssvika på den tida gjekk ut på. Før eg i det heile tenkte på krigen.

Dette koster bornet ditt. VG har faktisk ei sak om det. Kva kostar det å ha ein gut kontra det å ha ei jente?
Eg har ikkle lest heile saka, men eg såg sånn aller hurtigst på det i papirutgåva i går og så såg eg nettopp at VG + har det som ei av hovudsakene sine akkurat no.

Spør du meg, blir det ei heilt teit sak. Sette ein prislapp på borna? Eg syns vitterleg eg hugser at då var ikkje utgifter til bornehage tatt med. Det var faktisk ei heil liste med utgifter om ikkje låg til grunn for utrekninga. Ergo er ikkje tala dei viser til så veldig relevante.
Eg trur det var snakk om 1,32 millionar for ein son og 1,3 millionar for ei jente. Då er det snakk om frå bornet er født og fram til han/ho er 18 år.
Det er då eg seier "jeeeeeezes" og enno meir "jeeeeezes"!!! Kva for tal er dette? Og ikkje minst…….Kva for forskjell er det snakk om? For matematikkfaget er dei ikkje god i. Der er det store manglar hos dei som har jobba med dette.
Kva er forskjellen på 1,32 millionar og 1, 3 millionar? Ein million tre hundre og tjue tusen…….. Ein million tre hundre tusen……. I mitt hovud tilsvarar det 20 000 kr. Tja, 20 000 kr fordelt utover 18 år, kva blir det i året liksom? Er det ein sum å snakke om? Slik eg ser det, er det berre tal som viser at det koster sånn høveleg det same for begge kjønn.
I alle fall er ikkje dei 20 000 nok til at eg skulle finne på  å tenke tanken at eg håpar det blir ei jente om eg skulle bli gravid. (Sjansen for det er null…..men reint hypotetisk…)

Boutgifter og straum er ikkje tatt med. Geburtsdager og andre feiringer som bl a konfirmasjon er ikkje tatt med. Ferier og restaurantbesøk………You name it.
Korleis i alle dagar kan dei vite kva sluttbeløpet blir på om dei tar med desse momenta og korleis kan dei anslå om foreldre med døtre eller soner er dei som går oftast på restaurant, drar på dei dyraste feriane osv osv i det lange.
Så, så tåpeleg kan dei altså lage ei sak. Lage ei sak som er så uferdig som det går an å bli. Så tåpeleg at dei innleiar heile saka med at ein bør tenke seg om før ein hoppar til køys om spreier beina. Det kan fort bli dyrt!

Jaujau…. Det er godt det er kveld og leggetid, så kanskje denne knetta får sove av seg dei kritiske haldningane sine.
Eg har sotte med augene og hovudet over ein bunke engelskstilar heile kvelden, så det er fare for at dei små grå har tatt kvelden utan at eg har lagt merke til det. Det skjer, det også!
Uansett….. Ha ei fortreffeleg god natt! Straks er mitt hovud på favorittputa mi, og då er eg borte til i morgon. Natta….. :=)

Hasta luego!

IWALY!!!


mandag 21. april 2014

Påska mi!

Tysdag kveld entra vi dørstokken på hytta. I og med at det var såpass seint, blei det ikkje tid til anna enn å få "prekevert" alt "stasjet". Minstemann for sjølvsagt rett til nabohytta. Han syns ikkje at det å pakke ut er så altfor viktig, så det måtte no vel dei vaksne klare. Joda……..
Pakke ut og pynte litt.

Sjølv om det eigentleg er kvit og lilla som er påskefargane, er det nok gult dei fleste pyntar med. Eg var visst ikkje noko unntak der i år.


Desse tulipanane holdt seg utroleg flott heile påska. Dei er like fin i dag som for ei uke sidan. 


Påskeduk høyrer jo også med. Denne er laga av ei venninne av meg for eit par år sidan. Eg syns den er litt "artig" og fin. Sjølv er eg ikkje så flink med lappeteknikk, så denne er eg forsiktig med. Så kan ein heller behandle dei andre dukane sånn der "så som så". :=)    Det er rart med det når små og store samles………. 
     
Med born "i hus", dukkar det til tider opp litt påskepynt. Det er klart ein tar vare på slikt etterkvart som tida går. Her er eit lite utvalg av kva minstemann har laga anten på skule eller bornehage. (Han der store  og lyse er nok ikkje med i den klubben.) 
Så lenge dei ikkje på eitt eller anna vis vaknar til liv, får dei no stå der i fred gjennom denne høgtida. 

Då eg var på Grunnvoll sist helg, kom eg med eit lite "hjartesukk"……… Eg såg på nettet at det var enkelte av dei eg kjenner som hadde fått påskeegg (allereie då!!!), og då sa eg "Alle andre får påskeegg, berre ikkje eg……….". (Med påfølgande dådyrauge.) Alle kjenner vel til uttrykket "alle andre". 
Tysdagen kom og eg skulle legge meg. Sjølvsagt hadde eg gløymt av heile ytringa mi om påskeegg….. Eg åt kvelds, stella meg og gjekk på soverommet fo å legge meg. I halvørska dro eg dyna til sides, og kva anna enn eit egg låg der og venta på meg????!!!!! Hahahaha……. Lykke på jord! Eg fekk egg, eg også! Flaxlodd, truser, mini-Baileys, 4 sjokoladar, to pakkar tyggis og eit blad. (Bladet har visst sneke seg litt unna, ser eg……….) 
Flaxloddet vann eg ingenting på, men eg hadde jo håpet heilt fram til at eg skrapa det. 
(Eg trur eg skal byrje å seie at "alle andre får………" ofte frå no av. For visst påskeharen fekk det med seg, fins det sikkert andre harar resten av året!!


                             

Det fins ikkje dårleg vær, berre dårlege klær. (God blanding av målformene for å få det til å rime..) 
Så då var det berre å kle seg då! Hyttenaboen og eg tok oss ein tur utover mot Tysnes. Det regna, så det var alt anna enn optimalt, men det skeit så rett i. 
Det er så utroleg mange flotte strender utover (eller innover…….alt etter som). Den eine finare enn den andre……Her har vi funne oss ein stein på strand nummer fire. Bølgjane slår mot land, men det er ikkje akkurat surfe-djubde her, så vi traff ikkje på nokre surfarar. Så heldige var vi nok ikkje……. 
Ikkje det at eg trur at eventuelle surfarar hadde surfa i bar overkropp i denne temperaturen. 


Vi trimma oss ferdig og tusla oss heim att. Då vi såg at menna arbeidde med vegen, sneik vi oss berre stille forbi…….og håpa at dei ikkje skulle legge merke til oss og sette oss også i arbeid. (Likestilling bryr i oss ikkje om i slike situajonar.) 

Etter å ha vore "flink" og trimma…..kunne ein jo grille deileg god mat med godt samvit. Det som blei gått av, kom raskt attende……. 

Sjølv om det regna onsdagen, betyr det jo ikkje at det var slik heile tida. (Eller……joda, i alle fall mesteparten av tida.) 
Så torsdagen såg vi vårt snitt til å grille på sletta. Pølser på bål. Pølser og marsmalllows! Ein må jo lade opp til hovudretten. Denne dagen var det lammelår. 

Det blei med den eine båldagen. Pølser hadde vi nok av, men når ein aldri kunne vite kva årstid det faktisk var utfor dørene…………
Fredagen opplevde vi faktisk alle fire årstidene i løpet av fem minuttar. (Og det er ikkje tull eingong!)

Det blei trim fredagen også. Då var det Herøyfjellet som stod for tur. Det er ikkje så langt å gå til gapahuken der, men det er likevel fin trim. Det var berre så synd at det blåste og snødde sånn der oppe at vi kun var der eit lite kvarter. 

Såååååå……..kom sola. Sånn litt, i alle høve. Nok til at blomar kunne settast fram utan frykt for at dei ikkje skulle vere der om ein tok seg ein tur inn i/på sofaen. Det var berre å leite fram godstolen og sette seg i sola og lese krim. (Eg er straks ferdig med tredje boka i Wallander-serien………så der er nok fleire att enn det eg har lest til no.) Om eg ikkje tar heilt feil, heiter boka"Silkeridderne". 
Wallander er heilt greit å lese, men Wallander blir nok aldri like kjekk som Harry Hole. Det til trass for at det er mange like trekk ved dei begge to. Begge er politi, begge er glad i sorten (både kvinner og alkohol) ……….jaja………. 


Eg har sjølv vore born eingong, og såvidt eg hugser (og har blitt fortalt), var eg veldig glad i å klatre i tre. Det er det ein som har arva. Her er han i "hyttetreet" sitt. 



Det har vore mykje kos heile påska og litt arbeid. Det var eindel prøvar som måtte rettast, men det har blitt tatt litt etter litt. Noko av det har nok blitt utsatt til i dag, då motivasjonen for å gjere det sjølve påskedagane ikkje var heilt tilstades. Eg leita etter den, men den var visst betre enn eg i gøymsel. 

Neste gong eg kjem på hytta, kjem eg til ei rein og fin hytte. Ein bør vel ikkje bruke 1.påskedag til å arbeide, men med meg er det slik at dersom eg kjenner eg vil gjere noko, ja då må eg berre gjere det der og då. Eg har ikkje tolmod til å vente til seinare. Ergo blei det vaska både tak og vegger. Det er lite som slår lukta av nyvaska "hus". I tillegg er det supert å kome til ei strøken hytte. 

Noko av det beste med å vere på hytta, er at ein er fri for internett. Ein går ikkje og sjekkar mobilen for å sjå om nokon har skrive til deg. Ein tar pause frå resten av verda og berre slappar av. Einaste kommunikasjon med omverda er og anna sjeldan telefonsamtale…….men det er ganske sjeldan, det også. 

Vi var ikkje så heldig at vi såg nokre dyr denne påska. Som regel ser vi eitt eller anna dyr. Ekorn, hare, elg, rev osv…… No når det ikkje er snø, kan vi heller ikkje sjå spor som vanleg. 
Når det gjeld snø, skulle faktisk gutungen gå skirenn i går, men det blei nok avlyst. Den snøen som var for ei uke sidan, var nok borte lenge før gårdagen. 

Laurdags ettermiddag/kveld hadde vi den årlege påskequizen. I år var det vår hytte som vann, så det var lykke for ei stakket lita stund. 15 stykk samla på hytta. (Er det ikkje slik at der det er hjarterom er det husrom?? Hahahaha……. Så lende det er sitteplass til alle så går det meste bra.) 
Borna hadde sin eigen skattejakt like før hovudquizen. Der er det sjølvsagt premie til alle. (Viss dei finn skatten, vel å merke….) Det beste med det er at alle borna får fin trim. Dei blir så ivrige at dei spring mesteparten av vegen for å finne neste post. Æ veit kor det e!!!! Æ veit kor det e!!! Det er ingenting å seie på iveren. 

No er det måndag og eg skal straks på musikkøving. Eg håper dåke alle har hatt ei fin påskefeiring. Eg har i alle fall kosa meg. 
Ha ein fortsatt fin kveld! 

Hasta luego! 

IWALY!!


mandag 14. april 2014

Der var ein heime att etter ei langhelg i "Walters paradis". Det var deileg, som alltid, og eg satsar på at det ikkje er lenge til neste gong. No er båten sjøsatt for sesongen og då er det ikkje noko grunn til å ikkje dra inn både titt og ofte.

Her har vi akkurat kommen oss til og tatt turen ut for å få frisk luft. Ein kan ikkje sitte inne når det er så fint ute. Som du ser er det ikkje så ille på havet heller. 
Fleire sa i forkant at det kom til å vere "hardt" på havet, men eg svarte berre at han Walter kjem til å sørge for at det er stille på havet når eg skal inn. Så alle bølgene som var i forkant av turen inn, tja….dei var der i all efall ikkje då vi dro inn. 


Sundagen var det verkeleg fint!! Då var det sol mesteparten av dagen (eigentleg heile) og det var skikkeleg fint å vere i fjæra på kvelden. Temperaturmessig var det ganske bra, så med eit par ekstra lag jumprar, kunne vi la dei tjukke jakkene vere att inne. 
Så er det eingong slik at det er mykje rart å finne i fjæra, og denne turen var ikkje noko unntak. Berre så synd at mobilen gjekk tom for straum like etterpå at dette biletet blei tatt. Ergo blei det ikkje tatt bilete av noko fjærafunn………, men sjå kor fine fargar som er i fjæra…..

Tidlegare på dagen blei kake og brus inntatt på kaia. Det var rett og slett herleg avslappande. Stille på havet, sol og godsaker……..Det fins ikkje noko betre. 

Når ein først bur rett ved matfatet, kan ein ikkje la vere å fiske. Steik seifilèet blei servert, fiska av ein super gutunge som ikkje hadde noko imot å gjere mora det ærendet og fiske ho mat då ho ba om det. 
No skal det innrømmast at hverken mora eller sonen er dei som er mest glad i å ta fisken av kroken, men……… 
Å sløye fisk då eg var ti år, gjorde meg slett ingenting, men no…….


Her er det berre eg som har kommandert minstemann slik at eg kunne få meg eit fint motiv. Når vi har så fine omgjevnadar rundt oss……..

Å rydde høyrer jo også ofte til i dette livet. Denne helga var ikkje noko unntak på det området. Det brenn i alle høve veldig godt!! 

Å kome inn i fjorden er verkeleg bra for sjela. Eg får rett og slett slik ei ro i kroppen og det gagnar sikkert alle rundt meg. Det blir nesten som om at sjølv om ein arbeider eindel der inne, så føles det som ein berre har slappa av. Det er medisin i det arbeidet ein gjer også. 

Om kveldane gjekk det gjerne i kortspeling. Korspeling er faktisk gøy!! Vri åtter, femkamp og gris (og så skal eg slett ikkje nemne at eg blei gris minst èin gong). Heiter det ikkje "tap og vinn med same sinn"?! :=)

Så er det såklart ein som trur at mora er kjempesprek (det er ho jo sjølvsagt, men……….) "Mamma, kan ikkje du vær med og hopp strekk ilamme mæ?" Sukk……..Strikkhopping var kjempedigg, det, den gongen ein var tolv år og kunne hoppe høgare enn høgast. No er motivasjonen heller laber. Joda….. Eg var no med sånn urpitelitt, men det var andre enn eg som måtte stille opp meir enn eg. (Zikk zakk solo sukk……var slett ikkje overkommeleg, men der trengte ein heller ikkje vere så altfor spretten.) JAja…….

No er det straks midnatt og denne frøkena har tenkt å tilte seg under dyna. Kan jo vere greit å vakne kvil i morgon. Eg har tenkt å gjere litt rettearbeid og då kan det vere greit å ha hovudet med seg. 
Så då attstår det berre å seie god natt og sov godt! 

Hasta luego! 

IWALY!!



torsdag 10. april 2014

Denne ettermiddagen har blitt brukt til å sette ut båten for sesongen vi no går inn i. Ferdig vaska og botnsmurt fekk den årets første saltvannsdråpar på seg.
Det må vere eitt eller anna som ikkje er heilt som det skal i dag. For då vi skulle køyre båten ned til fjæra, var det ikkje førarsetet i bilen som blei okkupert først. Det var visst meininga at det var denne knetta som skulle køyre med båthengaren og båt på. Jaujau…… Det har eg aldri gjort før, så det var jo ei ny oppleving. Spesielt når ein måtte rygge heile "skiten" ned den siste biten. Men, men………Det gjekk berre "krute godt". (Eg trur eg er den fødte ryggar!!! Hahahaha…….)
Så………. Kva er det som ikkje er heilt som det skal i dag?
Joda, det er så enkelt som at ein mann lar ikkje kjerringa styre "skipet" sånn heilt utan vidare. Menn trur dei taklar slikt så mykje betre enn kvinner.
Då vi skulle opp for å hente sjekta, skjedde det same. Han blei visst ikkje skremt av første runde.

Her er båten kommen seg litt utpå og nymotoren kan testast. Motoren som var på i fjor, gjekk "gaiken" i haust, så då var det berre å investere i ny motor. Den gjekk som berre juling. Berre synd at det er noko som heiter at dei skal køyrast inn så så lenge først. 
Normalt brukar vi 14 minuttar til Grunnvoll, men før den er ferdig innkøyrt må vi vel berre belage oss på nokre ekstra minuttar. 

Sjekta som er bak båten er ikkje heilt til å stole på. Den har lege på land i hagen i fleire år, så den lekker rett og slett. Akkurat det blei prova i dag. Den rakk jo ikkje ver borti vatnet før det "fossa" inn. Så i morgon er vel mesteparten av sjekta under vatn. Kanskje like greit, for då trutnar den nok raskare. Det spørs kven som får oppdraget med å ause den………. Er eg heldig, (men sikkert ikkje) er det ein som tenker slik han ikkje tenkte då båten skulle fraktast. "Dette er ikkje noko for kvinnfolk." 
Sann mine ord……Eg har ikkje tenkt å krangle på den biten. 
(Normalt toler eg ikkje høyre at kvinnfolk ikkje kan, men akkurat denne biten skal eg teie stilt om.) 

Er du i slekt med ein eidsvollsmann? Hahahha…… Eg måtte jo berre prøve! 
Ein kan skrive inn namnet sitt og fødestad/år. Om det viser seg at du "er" i slekt med ein eidsvollsmann, vil du få det opp på skjermen. 
Eg har prøvd med både meg sjølv, mor mi, far min…..osv….og kan trygt konstatere at eg nok ikkje er i nærleiken av å dei rette genene. 
Det er mykje teit ein hiv seg med på! Jadda!! 

Får 50 orgasmer hver dag - kan ikke ha sex. OI! Det høyrtes rett og slett slitsamt ut! Tvilar på at nokon vil vere i hennar sko. (Sjølv om enkelte menn vil hevde at det må vere lykke…………)
Når ein er 22 år, er ein sjukdom som kalles "vedvarande seksuell opphisselse" ikkje det ein ønsker å ha.  Spesielt når legen gjer sexnekt. I alle fall til dei får kontroll på det heile. (Det kan jo ta si tid med tanke på at ho har hatt sidan seksårsalderen.) Så det er heldig for ho at ho har ein forståelsesfull kjæraste. 
Det spørs berre kor lenge han aksepterer at det er slik…….. 
For hennar del håper eg det går berre bra, men det er ikkje alle som ville blitt i ein slik setting. Sånn er det berre……
Men gud betre…….. 50 stykk i døgeret. Det er 350 gonger i uka, det! Ein januarmånad vil ho då ha rundt rekna 1550 orgasmar. 
Jaja…… Det er visst mykje folk skal slite med. 

Jeg tatoverte meg selv i fylla.  Eit godt eksempel på kva du ikkje skal gjere i fylla. Som han sjølv seier……Det ser heilt rævva ut." At han gjort det på eigenhand, taler ikkje akkurat til hans føremon. 
Han burde kanskje ikkje drikke om han får sånne lyster i prosentlivets fest. 
Sjølv kjenner eg ein som vakna og hadde fått ei tatovering han ikkje visste om. Den var ei heller særleg vellykka. 
Hadde den i det minste sett bra ut, men å forklare ein tatovør i fylla kva du vil ha……. Resultatet kan lett bli anna enn det som var planen. Sånn kan det gå!

"Paradise"-Mats har ikke hatt sex på halvannet år. Hmm…..så det er det som skal til for å hamne i media?! Dei har verkeleg mykje å skrive om. 

Vel, eg har visst ikkje så mykje å skrive om eg heller. Ikkje har eg tatovert meg i fylla, ikkje har eg deltatt i "Oaradise Hotel", ikkje har eg vore gift med ein kjendis…………..osv osv…….Så med andre ord ikkje noko spanande. 
Kvelden har gått med til musisering i kjellaren, gitar og song. Det  gjekk stort sett i "Just give me a reason" og "Hello". 
"Hello" er jo eigentleg ein kjempefin song, men det er liksom ikkje ein song ein går og nynnar på til stadigheit. 
No skal eg straks ta kveld (og der laug eg……..for eg veit eg ikkje kjem meg i seng på lenge enno. Jaja, målet er der!!) 
Ha ein fortsatt fin torsdags kveld og ha ei god natt!

Le hitra´ot!

IWALY!!




onsdag 9. april 2014

Jaja, det er mykje ein skal lese……. Mazda må faktisk tilbakekalle 42 000 bilar av di det er fare for edderkoppar! Hydrokarbonane som er i bensinen er visst digg for edderkoppar og av ein eller annan grunn klarer dei lett å ta seg inn i "dunken" på Mazda 6, Sedan. Sedan faktisk…….. Eg kan ikkje i min villaste fantasi sjå for meg korleis denne bilen ser ut, men eg har no i alle høve ikkje Mazda sjølv, så då treng eg vel berre å forhalde meg roleg i dette tilfellet.

Kven er det som ønsker ein bil der edderkoppar lev sitt glade liv og spinner og legg egg til den store gullmedaljen? Det skal visstnokblokkere luftstraumen, og for dei som er litt smartar enår det kjem til bilar enn det eg er, ja så betyr det at det er brannfare. (Eller noko i den dur.)

Kva er ein god og verdig omsorg? Eit spørsmål som eigentleg er lett å svare på……. Eg snakkar då om born med spesielle behov, og kanskje då born med ei eller anna form for autisme.
God og verdig omsorg for desse borna er rett og slett så enkelt som at dei får det dei har krav på! Det er ikkje verre enn det.
Kvifor er det då slik i dagens samfunn at alt skal avhenge av kor i landet du bur? Det burde ikkje ha noko å seie om du bur i Oslo, Bergen, Tromsø eller "you name it…".
Det er slett ikkje slik at alle som treng ekstra midlar/hjelp får det dei har krav på.

Enkelte bydelar i Oslo (for å ta eit døme) har sakshandsamarar som ber speialisthelsetenesten om å ikkje  anbelfale tenester som er dyre. Dersom dei likevel vel å gjere det, skjer det at dei ser bort i frå desse anbefalingane. Trist, men sant.
I det augeblikket den kommunikasjonen skjer om at dei bør prøve å unngå slike anbefalingar, ja då har dei faktisk satt ein pris på dei borna det gjeld. Uverdig…….

Det er noko som heiter "Lov om pasientrettigheiter". Der står det klart og tydeleg kva dei har krav på. Då er vel saka grei?
Så heldig er "vi" ikkje. Ikkje så lenge det er noko som heiter økonomi og at det fins enkelte som ikkje har samvitskvaler i forhold til slikt. Eit born er berre eit tal for dei og så lenge ikkje dei må vere eindel av bornets kvardag, ja så går det heller ikkje inn på dei.

Desse borna fortener kvalitet! Dei fortener å ha pedagogar med seg i bornehagen og skulen. Dei fortener ein støttekontakt. Dei fortener at familien får avlastning i dei heimane det faktisk er nødvendig. Born med autisme må følgjast opp i meir grad enn ein som ikkje har autisme. Det krevst meir (veldig ofte, men sjølvsagt ikkje i alle tilfella).
Og det er heilt klart at jo større "innsats" kommunane legg i det å følgje opp eit born med autisme, jo betre vil bornet klare seg på eigenhand når det blir eldre. Misforstå meg rett når eg seier "eigenhand". Det er sjølvsagt mange som må ha oppfølging heile livet, men enkelte vil klare seg fint sjølv også dersom dei blir fulgt opp frå starten av.
Å få noko ein har krav på, burde ikkje vere ein kamp. Systemet skulle vore enklare. Heldigvis fins det kommunar som faktisk er flink på dette området, men det er likevel mange i andre enden også.

Sanninga er at born med autisme har mykje meir potensiale i seg enn det vi trur. Det er det mange internasjonale undersøkingar som bakkar opp under.
Dessutan, viss økonomi ligg til grunn, så er det jo mykje pengar å spare på å følgje opp eit born. Då blir han eller ho mykje billegare i drift som vaksen. Men å tenke langsiktig har vel ikkje alltid vore den sterkaste sida overalt. Forebyggande arbeid kalles det.

Personleg synest eg at "staten" skulle hatt ansvaret for at det var midlar til alle born med ein diagnose. Det skulle ikkje ha vore opp til kvar enkelt kommune å bestemme om dei skal følgje lova eller ei. Alle borna skulle ha hatt lik sjanse til "verdig omsorg", uavhengig kor bornet bur.

Det er ikkje lov til å sette ein prislapp på eit born! Det er borna som er framtida vår. Det må vi ikkje gløyme.

Det er onsdag og eg kjenner at eg skal ta og finne dyna mi. (Det kan nesten virke som om at ho har gøymt seg ein annan stad enn i senga….. :=) Men det er vel nett der eg finn ho.)
Eg kjenner at eg er litt trøyttare enn normalt, så då er det vel ei vèrendring i sikte. (For det hadde jo vore for mykje forlangt å få det vèret vi har hatt dei siste dagane i påska……)Jaja….
Ha ei god natt!!

Hasta mañana!

IWALY!!!