torsdag 10. april 2014

Denne ettermiddagen har blitt brukt til å sette ut båten for sesongen vi no går inn i. Ferdig vaska og botnsmurt fekk den årets første saltvannsdråpar på seg.
Det må vere eitt eller anna som ikkje er heilt som det skal i dag. For då vi skulle køyre båten ned til fjæra, var det ikkje førarsetet i bilen som blei okkupert først. Det var visst meininga at det var denne knetta som skulle køyre med båthengaren og båt på. Jaujau…… Det har eg aldri gjort før, så det var jo ei ny oppleving. Spesielt når ein måtte rygge heile "skiten" ned den siste biten. Men, men………Det gjekk berre "krute godt". (Eg trur eg er den fødte ryggar!!! Hahahaha…….)
Så………. Kva er det som ikkje er heilt som det skal i dag?
Joda, det er så enkelt som at ein mann lar ikkje kjerringa styre "skipet" sånn heilt utan vidare. Menn trur dei taklar slikt så mykje betre enn kvinner.
Då vi skulle opp for å hente sjekta, skjedde det same. Han blei visst ikkje skremt av første runde.

Her er båten kommen seg litt utpå og nymotoren kan testast. Motoren som var på i fjor, gjekk "gaiken" i haust, så då var det berre å investere i ny motor. Den gjekk som berre juling. Berre synd at det er noko som heiter at dei skal køyrast inn så så lenge først. 
Normalt brukar vi 14 minuttar til Grunnvoll, men før den er ferdig innkøyrt må vi vel berre belage oss på nokre ekstra minuttar. 

Sjekta som er bak båten er ikkje heilt til å stole på. Den har lege på land i hagen i fleire år, så den lekker rett og slett. Akkurat det blei prova i dag. Den rakk jo ikkje ver borti vatnet før det "fossa" inn. Så i morgon er vel mesteparten av sjekta under vatn. Kanskje like greit, for då trutnar den nok raskare. Det spørs kven som får oppdraget med å ause den………. Er eg heldig, (men sikkert ikkje) er det ein som tenker slik han ikkje tenkte då båten skulle fraktast. "Dette er ikkje noko for kvinnfolk.
Sann mine ord……Eg har ikkje tenkt å krangle på den biten. 
(Normalt toler eg ikkje høyre at kvinnfolk ikkje kan, men akkurat denne biten skal eg teie stilt om.) 

Er du i slekt med ein eidsvollsmann? Hahahha…… Eg måtte jo berre prøve! 
Ein kan skrive inn namnet sitt og fødestad/år. Om det viser seg at du "er" i slekt med ein eidsvollsmann, vil du få det opp på skjermen. 
Eg har prøvd med både meg sjølv, mor mi, far min…..osv….og kan trygt konstatere at eg nok ikkje er i nærleiken av å dei rette genene. 
Det er mykje teit ein hiv seg med på! Jadda!! 

Får 50 orgasmer hver dag - kan ikke ha sex. OI! Det høyrtes rett og slett slitsamt ut! Tvilar på at nokon vil vere i hennar sko. (Sjølv om enkelte menn vil hevde at det må vere lykke…………)
Når ein er 22 år, er ein sjukdom som kalles "vedvarande seksuell opphisselse" ikkje det ein ønsker å ha.  Spesielt når legen gjer sexnekt. I alle fall til dei får kontroll på det heile. (Det kan jo ta si tid med tanke på at ho har hatt sidan seksårsalderen.) Så det er heldig for ho at ho har ein forståelsesfull kjæraste. 
Det spørs berre kor lenge han aksepterer at det er slik…….. 
For hennar del håper eg det går berre bra, men det er ikkje alle som ville blitt i ein slik setting. Sånn er det berre……
Men gud betre…….. 50 stykk i døgeret. Det er 350 gonger i uka, det! Ein januarmånad vil ho då ha rundt rekna 1550 orgasmar. 
Jaja…… Det er visst mykje folk skal slite med. 

Jeg tatoverte meg selv i fylla.  Eit godt eksempel på kva du ikkje skal gjere i fylla. Som han sjølv seier……Det ser heilt rævva ut." At han gjort det på eigenhand, taler ikkje akkurat til hans føremon. 
Han burde kanskje ikkje drikke om han får sånne lyster i prosentlivets fest. 
Sjølv kjenner eg ein som vakna og hadde fått ei tatovering han ikkje visste om. Den var ei heller særleg vellykka. 
Hadde den i det minste sett bra ut, men å forklare ein tatovør i fylla kva du vil ha……. Resultatet kan lett bli anna enn det som var planen. Sånn kan det gå!

"Paradise"-Mats har ikke hatt sex på halvannet år. Hmm…..så det er det som skal til for å hamne i media?! Dei har verkeleg mykje å skrive om. 

Vel, eg har visst ikkje så mykje å skrive om eg heller. Ikkje har eg tatovert meg i fylla, ikkje har eg deltatt i "Oaradise Hotel", ikkje har eg vore gift med ein kjendis…………..osv osv…….Så med andre ord ikkje noko spanande. 
Kvelden har gått med til musisering i kjellaren, gitar og song. Det  gjekk stort sett i "Just give me a reason" og "Hello". 
"Hello" er jo eigentleg ein kjempefin song, men det er liksom ikkje ein song ein går og nynnar på til stadigheit. 
No skal eg straks ta kveld (og der laug eg……..for eg veit eg ikkje kjem meg i seng på lenge enno. Jaja, målet er der!!) 
Ha ein fortsatt fin torsdags kveld og ha ei god natt!

Le hitra´ot!

IWALY!!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar