mandag 17. februar 2014

Ti ting ingen menn bør ha i garderoben. Her snakkes det kleskriser på høgt plan!! I´m just saying it…. Ørsmå badetruser (!), t-skjorte med djup utringning og ikkje minst "bling"-øyredobber. Tre av ti, men kanskje dei tre verste

Badetruser…… Kven likar å sjå menn i urpittesmå badebukser, sånn eigentleg? Trur menn verkeleg at det er sexy? I´m just asking…. Eg veit mykje, men eg har aldri vore inni ein mannehjerne før, så spørsmålet er reelt.
Berre så det er sagt, så har jo alle rett til å ha sin eigen stil. Det er nok ingenting å seie på det. Likevel, enkelte ting er ikkje til unngå debatt rundt. Dukkar du opp foran augene mine med ei slik "bukse", får du ikkje akkurat imponerande blikk attende. I promise!

Bling-øyredobbar!!! (For dei som lurar på kva det er….) OG hallo?? Det er då vel ingen menn som har dette i "klesskapet" sitt? DET er i såfall creepy!! (Unnskyld viss eg treff deg på tåa om du er så uheldig å vere blant dei menna som faktisk har slike fancye dobbar.)
Kvifor denne eigentleg er representert på lista, er for meg ganske uforståeleg. Slik er det berre.

T-skjorte med djup utringning treng vel strengt tatt ikkje kommenterast?! Eller…..? I alle fall kan ikkje menn med hår på brystet bruke slike skjorter. Akkurat det er udiskuterbart! 
Sjølv om dei er verst på "hår-menn", er det ikkje særleg hot på glattbrysta menn heller. Det er heller litt meir sånn der kleint. (I alle fall om du spør meg.) Så noko sjekketriks er det neppe. 

Eller så er jo tre av ti litt lite, så her må ein finne litt fleire ting å putte ved. Superspisse sko tronar jo då høgt på lista. Superspisse sko var verkeleg populært ei stund. Eg hugsar godt at enkelte menn gjekk og trava rundt i dei der spisse cowboyskorne sine…….Ikkje særleg fine, men dog populære. 
I dag ser vi sjeldan menn i slike, og det er nok det beste. 

Sko med borrelås!! Say no more!! I 2014 går ikkje menn med det?! Borrelås er for born, ikkje menn. (Eg er stygt redd for at det kan vere eindel vaksne og "mandige" menn der ute med borrelås.) 
Nei, borrelås seier liksom litt sånn der "Hei, du! Æ e nu ennu litt avhengig av ho mamma!! Ho har ikkje tid tell å knyte skoan mine, så æ kjøre heller det lette alternativet. Ho mamma må jo få kvile litt også"!

Dressvest! Hahahaha……..Det er no ikkje så altfor lenge sidan det var in å ha ein vest? Det hugser eg godt. (Eg veit at eg har ein kollega med "mann og vest", men eg trur ho har gøymt vesten hans langt bak i skapet!)
Dressvest var no vel eigentleg litt populært blant kvinnfolka også, om eg ikkje hugser så alt for feil. Det kan jo vere at nett dei små grå som har ansvaret for dressvestar har tatt ferie, men eg trur ikkje det. 
Dressvest er ikkje det verste ein mann kan ha, men det ins definitivt betre alternativ. (Stakkars, det kan sjå ut som det er mange menn som må ut og fornye garderoben sin totalt.) 

Plagg med sjekkereplikk er berre kleint. Ei t-skjorte til dømes……"I´m not a gynecologist, but I´ll take a look". 
Dei fins, dei menna, som faktisk trur at kvinnfolk faller for ei slik skjorte, men sanninga er at det er berre menn som syns den er kul. Hadde ein viss kar her i huset kommen med ei slik skjorte, trur eg han hadde vore snar med å få den av. Eg trur neppe eg hadde trengt å sagt noko som helst. Augene ville talt for seg. 

Boot cut-jeans. Snekkarbukse for dei som ikkje er så internasjonal at dei skjønnar språket her. Menn i snekkarbukse…… Eg klarar eingong ikkje å kommentere det. Eg får slik ei sperre av å lese ordet…..
"boot cut". 
Eg trur eg skal foreslå for menna på arbeid i morgon at dei må dukke opp med ei slik bukse ein dag. Då får eg eit reelt bilete oppi hovudet mitt. Eit biletet som kanskje (og berre kanskje) er hakket betre enn det eg ser for meg no….. Nei, vent…..Eg veit ikkje om eg vil utsetje meg sjølv for det. Eg deler trass alt kontor med ein mann som garantert ikkje kjem til å sjå så ufatteleg kul ut i ei slik bukse. (Med mindre det er snakk om karneval…)

Det var åtte av ti. Då manglar det berre to. Lang skinnfrakk og sporty fleirbruksbukser. Tja, eg syns vel eigentleg at dei to siste alternativa ikkje er så ille. 
Joda, ille, men langt frå uspiseleg. Lang frakk er jo stilig, emen i skinn blir det nok ikkje heilt på rett stasjon. (Kven veit? Det kan jo faktisk hende at den mannen som passar ein slik frakk faktisk fins.)
Då er eg meir usikker på kva eg syns om fleirbruksbukser. Eg får ingen umiddelbar reaksjon som seier nei eller ja, men i og med at eg er inne i ein god steam her, så burde eg gå for at menn ikkje skal ha ei slik bukse………MEN eg ser ikkje eingong for meg korleis ei slik bukse ser ut. 
Jaja, noko må menna få ha i fred Vi blandar oss jo inn i alt, så ein stad må det vel gå ei grense, sjølv om vi ikkje ønsker å sjå den. 

No er det kveld for meg, så ha ein fortsatt fin kveld og god natt! :=)
Sov godt!

Hasta luego!

IWALY!!!


søndag 16. februar 2014

Så er helga over for denne gong. Vi er allereie komen så langt at vi er på tur inn i uke 9 i det nye året. Med andre ord går tida jaggu meg fort.
Det er OL, og i den norske leiren er det smøreteamet som får det største peset. Sjølv engasjerer eg meg ikkje noko særleg, men eg legg sjølvsagt merke til at det er mange ekspertar i dette landet. Til og med dei som knapt har hatt ski på føtene har ekstremt god peiling. Eg har ikkje talet på kor mange statusoppdateringar som dei siste dagane har omhandla at det er teit å skulde på smøringaav skia. Det er løparane det er noko galt med. Jaja……..Det kan jo hende det, men det er kanskje urpittelitt rart at det skjer med så mange på ein og same gong. Likevel…Kva veit vel eg?

Det eg veit, er at dei gongene det faktisk har vore løparane som har hatt skulda tidlegare, ja då har løparane faktisk sagt ting som "at i dag var jeg ikke god nok". Dei har sjeldan klaga på skia.
Så kan ein spørre seg om kvifor Northug sa at han hadde greie ski idag………… Skia hans blei ikkje slipa av det norske smøreteamet. Så alle dei som fekk skia slipa av troppen klaga, medan den einaste som ikkje hadde same førebuingar av sine ski som dei andre, gjekk bra.

Eg sa at eg ikkje har engasjert meg så mykje i det heile, og det stemmer. Det betyr ikkje at eg ikkje gjer meg nokre tankar om det. Det er imidlertid ikkje gjer, er å gå ut på nettet og tru at eg har så mykje peiling at eg kan be skigåarane slutte med å klage og heller innsjå at dei må skjerpe seg.
Så veit eg også at skia har mykje å seie for korleis det går. Det veit alle som har prøvd seg litt på ski.
Det er forskjell på kor mykje du kan slappe av innimellom om du har god glid eller mykje.
Vi såg sjølv at ein nordmann måtte stake i nedoverbakke. Då krever det veldig mykje meir av han for å vinne enn ein som har god glid. Punktum finale.

Menn og forhud. Dersom du ikkje er klar over det, eller om du faktisk lurar på det, så er det ei årsak til at gutar blir født med forhud. Guds skaparverk er nok ikkje tilfeldig, så det er nok ein grunn til at du ikkje skal kødde med det du har fått.

I dag er det slik at menn i hopetal, rundt om i verda, kvittar seg med denne huda som ligg folda rundt glansen på "hovudet" til guten/mannen. Huden som skal beskytte både mannen og kvinna. Ikkje minst kvinna………..(Det trur eg ikkje det er så mange som tenker over.) For kva har vel forhud med kvinnfolk å gjere? Svaret er enkelt. Eg kjem attende til det straks.

Forhuden har faktisk mange funksjonar. Det som er sjølvsagt, er at den beskytter penishovudet. Inga overrasking altså.
Fjernar du forhuden, fjerner du også følsomheita. Akkurat det er vel ikkje å trakte etter?
No er ikkje eg mann og difor ikkje uttale meg korleis menn har det under samleie, men mistar ein følsomheita, tja……….det seier no i alle fall litt.
Glansen er eit indre orga og indre organ "messer" ein ikkje med! Så å fjerne noko som skal dekke over det er vel det same som å gamble liitt. (Sjølv om det faktisk går bra med dei fleste.)
Stimulasjonen som framkalles under samleie uteblir utan fohud, og menn generelt ønsker å få orgasme. Ergo er det nett her kvinnfolket kjem inn i biletet. For det nett ho som må ta støyten for det heile.
Mannen må støte mykje hardare for å kjenne noko stimulans, noko som fører til smerte for kvinnene og dei blir i større grad fratatt sjansen til å få orgasme, dei også.

Hadde det vore meininga at menn ikkje skulle ha hatt forhud, hadde ei bore fødd utan. Dessutan har dei fleste andre pattedyra også forhud. (Som om menn er pattedyr. Thihihihihi……….)

Ha ein fortsatt fin kveld. Det er ikkje så mykje att av den, men so what? Det er vel berre å finne senga. Det blir nok ikkje så vanskeleg å finne den.
Sov godt!!

Hasta luego!

IWALY!!!

lørdag 15. februar 2014

Det var hardt å stå opp i dag! Slett ikkje noko digg, men det gjekk sjølvsagt bra. Eit par minuttar i lyset, så var ein på stasjon. (I alle fall nesten……)
Minstemann var på diskotek i går kveld og rimeleg seint i seng, noko som alltid straffar seg om ein skal tidleg opp og spele fotball heile dagen.
Han var sjuk då han stod opp, men eg trudde sjølvsagt at det kom av at han ikkje var kvil. Sjølv var han klar på at på tur skulle han. Stakkars han….Eg skulle ønske eg hadde hatt vit til å nekte han å dra. Han var faktisk sjuk……….

Kor kult er det eigentleg å vere "likbleik" i andletet og ikkje evne noko anna enn å ligge i ro på ei madrass heile dagen? (I ein hall med fleire hundre menneske rundt seg…)For så å karre seg på beina og bite tenna saman av di lysta til å spele er så innmari stor……… Ikkje ein matbit eller drikke i løpet av heile dagen, men fire kampar blei likevel spelt. Då kan ein trygt seie at på ein skala frå 1-10 på kor viktig det er å få spelt fotball, så hamnar han på 10. 
"Mamma, æ  sku nok ha vorr heime i dag", kom det så ydmykt frå han i bilen på tur heim. Då var han nok rimeleg sliten av å kaste opp heile dagen utan å ha noko å få opp. 

Eg har inntrykk av at det er mange som er plaga for tida, så eg håpar verkeleg ikkje det er meint at eg også skal bli smitta…….. Han sa det så fint då han la seg……. "Mamma, du treng ikkje å hold rundt mæ viss det e sånn at du kan bli smitta av det, for æ vil ikkje at du også skal bli sjuk." Åååh, det var ikkje vanskeleg å svare han på det! "Eg er nok først og fremst mamma, skjønne deg! Og mødre bryr seg ikkje om at dei kan bli sjuk, berre dei kan gjere noko for å "hjelpe" ungane sine." 

Hahahaha…….Minner frå farne tider!


Eg brukar jo å surfe litt på nettsidene til avisene rundt om i landet. Mest for å halde seg oppdatert, sjølvsagt. 
I og med at eg er "vestlending", er eg jo interessert i å følgje med på kva som skjer på heimplassen min. Plassen eg vaks opp på, Husnes. I dag sjekka eg ut forholda nett der, og kva anna enn dette biletet var det siste innslaget som var lagt inn på nett den nettsida?! 
Det er faktisk ein kompis av meg som har tatt biletet, og det gjorde han allereie i februar 1994. 20 år sidan!!! Hjelpes………. Eg kvaltes nesten då eg såg biletet. (Av latter sjølvsagt.)

Det verste er at bilete som dette blir lagt ut under overskrifta "Minner frå farne tider" og gjett kven som føler seg GAMMAL når ho får ei slik overskrift over seg?! Farne tider, liksom…..
Eg er då for farsken megaung enno!!! Akkurat det er udiskuterbart. Farne tider…….Blæh!!!!
Fotografen veit garantert at eg tenker akkurat slik, og akkurat no sit han sikkert der nede (trygt og godt 150 mil unna) og godtar seg med tanken "YES!! 1-0 til meg". (Han..) 
Han sit sikkert og ventar på at eg skal sende ei melding til han på telefonen og kommentere det, men eg skal såvisst ikkje gje han den gleden. (Eg håper eg klarar å la vere, for ellers blir det 2-0 til han.)
Det er heller ikkje så lenge sidan han la ut eit songbilete av meg som også var frå "farne tider". 
Så jomfrua held på med å bygge om ein megahemn. Ver du sikker! Hehehe……..

Eg seier berre takk og lov for at verda går framover. Å sjå på det biletet ga meg ein støkk som sa "Jeeeezes……såg eg sånn ut?". 
Sjå no berre på dei kvite tennissokkane…….Hallo? Jaujau……..

Nei, no startar ein EddieMurphy-film på tv´n, så denne UNGE knetta skal legge føtene opp i sofaen, legge seg godt til rette og få ei hyggeleg stund på denne laurdagskvelden. 
Så ha ein fortsatt fin kveld, den er trass alt ganske ung enno (den som eg!). Sov godt når den tid kjem!

Hasta mañana!

IWALY!! 


fredag 14. februar 2014



Kjøkkenet mitt idag. :=)

Det er vel ikkje vanskeleg å skjønne kva som tar stor plass på nettsidene til avisene denne fredagen. Det veit ein utan å opne nettsidene. Det er sikkert 78 % med kjærleik og atter kjærleik. Let´s give it a try. 

"Godt vi har hverandre", Fire date-antrekk til valentinsdagen", "13 gode råd for et bedre kjærlighetsliv" (hahaha……..13!!!), "Han får meg til å føle meg vakker og verdifull", "Rørt til tårer", "Se Craigs utrolige frieri", "Kjæresten din vil elske deg for dette", "Utrolig frieri på T-banen", "20 romantiske gavetips til valentinsdagen", "Kjærlighetsgaver til spillere"………..osv osv osv i det uendelege. (Kanskje eg må revurdere det med 78 %? Det er meir sånn der 79 %!
Og dette er berre øvredelen av EI nettside. Då har eg ikkje eingong vore innom andre aviser og sjekka. 

Kva betyr eigentleg dette? Jo……Det betyr at i dag blir det ikkje noko særleg mykje avislesing på denne knetta. Det fins då vitterleg grenser for kor romantisk ein er….. Greit med litt romantikk, men å vie heile livet, denne dagen, til det…….Tja, det er nok ikkje førsteprioritet her.
(Vel, det kan hende det er ein liten kar som kjem til å protestere nett der, for han skal på valentinsdiskotek og då er det dusjing, hårvoks og finklede som gjeld. For ikkje å snakke om rolegdansen som arrangeres utpå kvelden!!)

Hjelpes…….. Berre i løpet av dei få sekunda eg ikkje var inne på nettsida ti VG, har det ploppa opp ein drøss med andre artiklar……"Folk kjøper buketter til 2000 kr", "138 par sa ja samtidig" (Hallo??? Er det kult? Kven vil vel dele ein sånn happening med mange andre? Jaja….), "Romantisk bamsemumskake"(!! Og så bamsemums!!) og så viser dei sjølvsagt eit "naken overkroppsbilete" av hockeygutta som er i OL (sånn berre for å få dei single til å ha noko å sjå på.) 
Det er mange fleire sakerom temaet, men ……….

Blir det feil å seie at det er vår i februar?? Finn ein feil, liksom…….. Det er visst ikkje noko å seie på det om enkelte plutseleg skulle finne på og føle seg litt sånn der våryr. (Dessutan er jo det urpittelitt sunt også!)
Eg sit her i vindaugssofaen og gløttar litt mot Nestinden. Joda, eit par snøflak ser eg nok, men det er jaggu meg lite. Nordland, februar, høyden………snømangel……. That´s our life this year. 
Synd for dei som er glad i å stå på ski og bra for dei som hatar snøen. 

Sjølv syns eg det er trasig med så lite snø. Det er noko som ikkje stemmer. Ikkje det at eg ikkje er vant med lite snø, for eg er jo trass alt vakse opp på Vestlandet, men assosiasjonane til desse to vidt forskjellige landssdelane nord og sør er jo alt anna enn like. Eg bur jo i vinterland. (Trudde eg i alle fall ein eller annan gong.) 
Eg har ein gut her som skal gå minst 200 km på ski denne sesongen. Er det rart han er rimeleg utolmodig og masar og lurar på kor det blir av snøen? 

Vår i februar…….Det føles slik. I dag er det bra mange plussgrader og lite som vitnat på at det er snø i sikte. Jaja….Berre det ikkje går ut over sommaren. (At "varmen" blir brukt opp før vi treng han mest….) 
Vår, vår, vår…… 

Kvifor blir vi eigentleg våryr? Det er jo ikkje berre vi menneske som blir det. Dyra også! Sjå berre dette biletet……Her er det snakk om å vere våryr. 
Foto: Colourbox

Å vere våryr er relatert til det å få betre humør, meir energi og auka sexlyst. Alt saman kan klassfiserast som biologi. Med andre ord hormonar!! Enkelt og greitt hormonar!
Lyset som kjem med våren set følelsane (hormonane) i sving. Serotoninivået i kroppen blir stimulert, og då blir det lykke på jord. Hahaha……
Serotonin (håper eg skriv det riktig!) er det som regulerer blant anna kroppstemperaturen, humøret, svevnen, seksualiteten og apetitten. Så ei god blanding av alt dette må jo berre bli digg.
(Får vi for lite av stoffet, blir vi deprimerte……..)

Sollyset aukar testosteronnivået. (Det blir vel som ei ny forelskelse?! Stakkars menn…..må dei gjennom det kvart år? Hahahaa……. Bli våryr og ikkje få slippe til, er neppe særleg kult. )
Sanninga er at kvinner blir kåte om våren, så om kjerringa di seier noko anna, ja då lyg ho!! (For all del…. Ikkje avslør at eg har påstått det, for då risikerer eg å få mange kvinnfolk på nakken, og akkurat det er jo ikkje å trakte etter. Crazy women!!)

Nei, det er ikkje greit når ein blir årstidsforvirra. Ikkje heilt lett å skjønne om ein skal vere yr eller ikkje. Thihihi………MEN det er i alle fall lett å forstå at det er fredags kveld og no skulle eg skrive at då kan eg legge meg i kveld og vite at det er leeeenge til eg treng å stå opp att………Så feil kan eg ta. 
Det er ikkje kult å bli itt for ivrig, for så plutseleg kome på at ein har vore nett det. 
Ikkje snakk om at det blir noko langsoving på meg. Seinast sju må eg opp att. Eg skal jo på turnering i måro. Jaja, det blir no skøy. :=)
Kvelden skal uansett nytast. Litt baking og god mat…..Ikkje lov til å klage då. 
Så då attstår det berre å seie "ha ein fin fredags kveld". 

Hasta mañana! 

IWALY!!









torsdag 13. februar 2014

No trur eg rett og slett VG prøver å overgå seg sjølv! Ei av dei øverste sakene i dag er "Slik smaker årets matnyheter" og trur du ikkje det er den nye "Grandisen" og "brunost på tube" som er hovudfokuset?! Det har dei jo køyrt ei stor sak på for fleire uker sidan. (Det veit eg av di eg kommenterte det den gongen også - at eg ikkje likar tanken på at brunosten skal på tube. Prim…..liksom.) Jaja……. No når det er OL, er det vel ikkje så mykje anna som skjer i denne verda, for alle ser vel på skjermen døgeret rundt. Alle unntatt meg.

Noen bruker grøn te, andre prøver hemoroidekrem. Og der seier jomfrua ÆSJ! Det er snak om under augene og der har vel ikkje ein slik krem rett til å kreve sin plass?! Eller……?
Hovene auge og mørke ringer, liksom…….Joda, det gjer nok at du ser både eldre og trøyttare ut. Likevel…….
Ei eg kjenner, brukte å legge ei spiseskjei i kjøleskapet som ho pjåta under augene når det var behøveleg. Om det fungerte eller ikkje, veit eg ei, men det høyrtes mykje meir digg ut enn ein hemoroidekrem. Definitivt.
Då skal eg heller gå rundt med trøytte auge……..

Ei av årsakene til at mange ser hovne eller mørke ut under augene, er at dei får for mykje salt i seg når dei et på kvelden. Så ergo betyr det at ein bør ungå det.
Og ja, eg veit at hovedtyngda av årsakene ligg i det at ein legg seg for seint…….men det kan jo vere greit å ha noko anna å skulde på, så slepp ein å ha så dårleg samvit for at ein sit så lenge oppe på kveldane.
(Eg gløymte visst å nemne sukker. Det er vel inga tvil om at det er mange som goflar i seg litt av kvart innan kategorien snacks og anna godterier.)

Den der rumpesalva skal liksom få huden til å trekke seg saman. (Er det eit mål i seg sjølv og få samantrekt hud under augene? Blir ikkje det skrukkete?)

Ellers kan ein bruke dei følgande alternativa: hestekastanje-ekstrakt, ascophyyum og aspargopsis, hyaluronsyre, corallina officinalis, fraxinus, palmitoyl tetyrapeptide-7, dipeptid og lupinproteiner. 
Herregud og jessu fader!! Eg har dotte ut for lenge sidan. Kan dei ikkje norsk, dei som kjem med desse råda? Kva i alle dagar er corallina officinalis? Er det slik at ein berre går på eit apotek og ber om dette, eller selges det på coop´en, liksom?
Egsysn eg ser "trynet" på dei som jobbar der om eg spør etter akkurat det. For ikkje å snakke om fraxinus…….. (Eg trur nesten eg må teste det ut!)

Rumpekrem blir det i alle fall ikkje snakk om å ha under mine auge. Bom basta! OG er det no tilfeldigvis nokon av kjenningane mine som gjer seg nytte av dette rådet om å bruke denne kremen, ja då vil eg vitterleg ikkje vite om det.

Nei, hjernen heng ikkje heilt med i kveld, så det er på tide å la den få kvile. Dagen starta med ein brann som ikkje var brann og blei avslutta med musisering. Så først "ein god latter" og så hobby……. Skal ikkje klage der!
I morgon er det valentinesdag, fredag, helg osv……… Før den tid….sov godt!

Hasta luego!

IWALY!!





onsdag 12. februar 2014

Dagens komiske!! Hahahhaa….. ….Eller det er jo eigentleg ikkje komisk, men trasig. Det er dumt, farleg og ein heil haug med andre adjektiv som passar inn. Likevel…..om ein klarar å sjå forbi alt det der. Forbi det moralske osv osv………så er det faktisk litt komisk.
Eg snakkar om tiåringen som stakk av med bilen til foreldra. Ei sak sikkert dei fleste har fått med seg.

Det er sikkert ikkje greit å vere forelder til ein som står opp nattestid og gjer ulike ting. Hadde det vore meg, hadde eg engsta meg ihel. (Noko sikkert dei også gjer.)
Når ein går til dei skritta at ein låser av store delar av huset, slik at ein berre kan røre seg mellom soveromma og toalettet, er det nok bra ille. Så ergo er dette ei sak ein eigentleg ikkje bør "spøke" med. Likevel, det er komen eindel utsagn i denne samanhengen, og dei er berre så "herleg" at det ikkje går an å la vere å kommentere det. Slik er det berre.

Å vakne om morgonen og faktisk tru at borna dine er kidnappa…….. Kva er vel verre enn det? Neppe så mykje……
Når du då får beskjed om at borna dine er funnen like heil som før, er det ikkje så nøye kva dei har gjort…..for dei er trass alt i live. Det er det som gjeld og det er den tanken ein gjerne får når ein har vore så redd som blant anna dette foreldreparet må ha vore. Tanken på at borna er kidnappa………
Å tru at gutungen har tatt lillesøstra med seg på ein køyretur er nok det siste ein trur. Kanskje ikkje så rart?

Det som er så "herleg" komisk med denne saka, er at sjølv då han blei stoppa, var han kok roleg. Å tru at du kan klare å overbevise ein vaksen mann om at du er vaksen (i ein alder av 10 år) og finne på å seie at du er dverg…….?! Hahahaha……. Han er nok smart, ja definitivt, men likevel ikkje smart nok til å skjønne at ei slik setning som det vil rett og slett bli avslørt.
Han prøvde aldri å skjule handlinga. Han stod ved bilen og vinka og ba om hjelp til å få bilen som han hadde køyrt av veien med opp att. For så å skyulde på at han var på tur til besteforeldra og at førarkortet låg att heime. Hahahahaha……..snartenkt gut, med andre ord.

Å kome på at det fins noko som heiter dverg…………og samtidig spele "skodespelet" sitt så bra at han blei sint då han ikkje fekk den hjelpa han ønskte…….say no more. It made my day!

Joda, ein må jo seie det same som politiet……"galskap og farleg", men akkurat no - sånn litt på sida- også litt komisk!

Skal mannfolk ta oppvasken eller skifte dekk?  Hahahaha………Skifte dekk!! I alle fall om ein skal legge dei ulike undersøkingane som er på markedet til grunn. Då er svaret definitivt skifte dekk.

No er det ikkje så lenge sidan dette var ei stor sak i ei av hovudstadsavisene. No er den attende, berre at det er andre som står bak same "saka". (Temaet.) Det er eigentleg berre ei forkledning av eit anna tema. Temaet som har versert i størst grad av dei alle dei siste månadane, nemleg sex. Så kamuflasjen dei prøver på er nok ikkje særleg god. (Det er sikkert fleire enn denne jomfrua som har gjennomskoda dei!)

Kvinner tenner på maskulinitet. Tja, det kan nok sikkert stemme det……..Eg skal i alle fall ikkje protestere på det.
Uansett…….tidlegare har det vore forska på at ein får meir sex ved å skille menn og kvinner litt ifrå kvarandre når det gjeld kva syslar dei skal ha. No er det ei undersøking som seier noko anna. Den er overraskande på mange områder, og den seier at ein får betre sex om ein er meir likestilt. Altså………bør mannen både ta oppvasken og skifte dekk, og det same må jo då gjelde kvinna.
Hahahahahaha……… Då flirer eg!! Eg brukte å hjelpe mor mi med det då eg var tenåring, men det er nok slettes ingen som kjem til å sjå at eg skiftat dekk, nei. Då får dei i såfall oppleve noko som er særs unikt i dette livet, for det er så enkelt og greitt at det kjem ikkje til å skje! (Med mindre det er duka for konkurranse med stoooooor premie. Då slår jo konkurranseinstinktet inn….og det kan eg rett og slett ikkje hjelpe for. Det er ikkje eg som har sørga for dei her genene som ikkje er så glad i å tape…..)

Så kjem det beste! Vi nordmenn skil oss ut. Hahahah…….Som om eg ikkje har skjønna det for lenge sidan. Vi er og blir nokre rare dyr. Vi er ikkje som resten av verda. Slik er det berre, og vi lever godt med det.
Vi har visst eit meir liberalt og tolerant syn på seksualitet. Enkelte vil faktisk påstå at kvinners ønske om  å bli tilfredsstilt går hand i hand med ektefellen si vilje til å gjere husarbeid.
Korleis det igjen kan forklare kvifor menn som vasker oftare blir skilt, veit eg ikkje. Eller………tjoda, det seier seg vel sjølv?! Viss det ikkje er ei klar fordeling mellom kjønna når det gjeld husarbeid, vil det nok føre til eindel kranglar……….Så viss menn hadde holdt seg til desse dekka og kvinna til oppvasken, så hadde det kanskje vore håp?!
Seinast i dag var det ei som sa at ho saknar at ein mann er mann! Mandig!!!

Nei, det er vel på tide å finne seg sjølv. Etter på ha øva ein god del i dag, kjenner eg at det skal bli godt å få legge seg og sove. Så ha ei god natt!

Hasta mañana!

IWALY!!

tirsdag 11. februar 2014

Overrasket forloveden med veske til 30 000. Jaja, hadde eg plutseleg fått ei veske til 30 000 i gåve, så trur eg faktisk at eg hadde blitt litt sur.
No har vi jo alle ulik smak her i livet, og dyre og ekslusive vesker er ikkje akkurat det eg ivrar mest etter. Dessutan…….Tenk på alt musikkutstyret eg kunne kjøpt for same summen?! Det ville garantert gjeve mykje større lykke i livet enn eit "plagg" som berre brukes for å sjå kul ut.
Å kjøpe ei veske til 30 000 er nesten det same som å "kjøpe seg kjærleik".
For dei som ikkje skjønner kva eg meiner med det uttrykket, meiner eg at det går an å la seg villeie og forelske seg i all merksemda ein får. Bli blenda av den lykken pengar kan gje……
Skulle eg plutseleg få ei veske til 30 000, blir eg sikkert så sur for unyttig bruk av pengar at kjevla vil bli brukt.

Det er J-A Riise som har gjeve denne gåva……..utan at eg skal kommentere "his lovelife", for det trur eg dei fleste har meining om ifrå før av.

Hhahahahaa……Enkelte har dårlege dagar innimellom. Det er ikkje lett å vere på topp til eikvar tid. Høyr (les) berre denne: Slutt å dele bilder av gummi-babyer, folkens. Tolv ukers gamle fostre ser ut som romvesener laget av en blanding av gele og cottage cheese, og de er ikke særlig søte.
Hhehehe……Kva seier ein til det, liksom?

Det er ei som sjølv har tatt abort som har kommet med denne kommentaren. Berre det at ho sørga for å gjere det medan det enno kunne forsvarast med at det ikkje såg ut som noko baby. Det såg heller meir ut som om nokon hadde sløydd ein fisk. Hahaha…… For ei samanlikning.
Jaja, vi har jo alle ein eller annan gong vore ein kladeis! (Klump….)

Sånn eigentleg handlar heile innlegget hennar om reservasjonsretten. At ein som lege ikkje burde få reservere seg. Kor setningen on "bornets" utsjånad passar inn, veit eg ikkje. Setningen var berre så "sær".
Eigentleg er eg litt einig med ho…….Ein treng jo ikkje absolutt legge ut ultralydbileter av born, men likevel kan ein skjønne at mange syns det er stas av di dei gler seg sånn til å bli foreldre. Det er jo ikkje til å stikke under ein stol at vi blir meir og meir offentlege etterkvart som tida går.
Sjølv har eg kjempefine ultralydbliete av min eigen gut, kjempetydelege og eg kan sjp at han ser "på meg". Likevel kunne det ikkje falle meg inn å legge dei ut på nett, men det er strengt tatt opp til kvar enkelt om kva ein syns om slikt.
Er det no slik at det ser ut som ei blanding av gele og cottage cheese, ja då trur eg dei fleste avstår frå å vise bileta, så det er vel aller helst skivebom. Romvesener, derimot……..Hahaha……Ikkje så dumt forslag.

Malin (18) lå og sov. Plutselig stod Jehovas vitner i soverommet. Toppen på det å vere frekk? At Jehovas vitner til tider kan vere ganske "innpåslitne", er vel noko dei fleste veit.
Det er ikkje akkurat informasjon av nyare dato som seier at dei gjer sitt ytterste for å oppnå den kontakten dei ønsker. Smile stort når dei ser eit menneske dei ønsker å stoppe……….Du skjønner ikkje at du er lurt før det er for seint. Spesielt når smilet er så stort og fint at du er sikker på at det er nokon du kjenner, men berre ikkje klarar å plassere. (Sjølvopplevd!!)
Ellers så er jo historier om det at dei plasserer foten sin i dørkarmen om du prøver å lukke dei ute, noko "alle" kjenner til.
Likevel………..Malin må jo ha opplevd toppen av kransekaka, eller noko i den dur. Dessutan er det berre latterleg å gå rundt og spreie "eit ord" og samtidig gjere det på ein måte som gjer deg skuldig i noko ulovleg. For det er nett det. Det er forbode å ta seg inn i andre sitt hus utan samtykke av dei som bur der. (Viss no ikkje eg er fødd på ein heilt anna planet og ikkje evnar å tenke logisk her…..)
Vanleg høflegheit er å ringe på og vente på at ein bebuar skal kome ut i døra. Det er ikkje alle forunt å berre gå rett inn til andre. Det er ein tillit som må skapast mellom relasjonane først.

Nei, god natt! Denne knetta har i alle fall låst ytterdøra, så skulle det dukke opp nokre vitner i løpet av natta, vil dei måtte fryse i nokre timar før dei får svar hos meg.
Ha ein fortsatt fin kvel og sov godt til natta!

Hasta luego! @@@@

IWALY!!