tirsdag 2. august 2011

Fjærmakk er fasinerande!!

Det er måndag og ei ny uke er i gong for fullt. Vel, alt er relativt. For fullt kan i mange samanhengar tolkast som litt stressande...... Det er alt anna enn det eg legg i det i dag. Vi drog heim i går ettermiddag av di det er ein som måtte opp klokka seks og kome seg på arbeid i dag. Stakkars! Hehe.... Det betyr ikkje at eg må sitje heime og la det gro mose på kroppen min av den grunn. Nei. då er det betre å finne på noko på eigenhand. Eg er godt igong:=)
I dag pakka eg bilen og drog attende hit på hytta. Det er betre mose her enn heime, så om det gror mose på meg her, ja, då overleve eg vel det!
Det har vore upåklageleg og deileg i ettermiddag. I dette vèret er det ikkje heilt lovleg å sløve på sofaen. Difor har eg tusla rundt i fjæra (langfjæra!!!) og sett på fjærmakk! Jepp, det var faktisk ganske gjevande...... Tru det eller ei. Eg har fått meg ny hobby. Fins det studier som omhandlar fjærmakken?
Eg lurte valdsamt på ein ting medan eg gjekk der og spankulerte. Har fjærmakken ei eller annan form for vit? Dei lagar jo slike haugar som liknar på alt i denne verda. I dag såg eg fjærmakk som var hjarteforma, sol med stråler, blekksprut, hus (nesten), tre osv.....berre for å nemne noko. Sjølv om vi har bekka over til august, er ikkje alt heilt på stasjon enno, så det er dei eksempla eg hugsar blant mange.
Stakkars små fjærmakkar som blei trampa sønder og saman der eg hoppa frå "tue" til "tue" av di egoismen min var større enn omtanken for dei søte små makkane. Eg kunne jo ikkje bli våt på føtene mine.
Nei, nei, nei........eg skal ikkje overdrive. Fjærmakk er ikkje søte og små skapningar i mitt hovud. Det tok berre litt av her. Sorry!! Thihihihi...... Eg må no le litt av meg sjølv. Du kan tru eg har evna til å ha det gøy sjølv om eg sit her heilt åleine. Om det er normalt er ei heilt anna sak:=)

Først fjærmakkstudie og så Harry Hole, ein myggspiral og flott veranda. Oh, my God, hundre gonger betre enn å sitje foran tv-skjermen heime. Eg trur eg held meg her ute denne uka. Opp og avgjort i dette sekund:=)
Akkurat no nyt eg berre det at det er heilt stille. Ingen kakofoni frå hverken bilar eller andre rare dyr. Rett og slett heilt stille.
Harry Hole har fått seg ein liten pause, men han blir nok med meg i senga ein tur etterkvart. Håper berre det ikkje blir slik som natt til sundag. Plutseleg var klokka nærare fem. Eg får styre tida med streng hand. Maks ein time med han Harry.

Hmm.......Kakofoni og kakofoni....... Om eg ikkje tar heilt feil no, høyrer eg duren av eit helikopter. Kven er det no som treng hjelp? Dei siste dagane har ambulansehelikopter flydd rett over oss her ute. Då meiner eg også rett over oss. Det har nesten vore sånn at tretoppane har vaia i vinden av helikoteret. Eg må ærleg innrømma at eg blir litt nervøs av slikt. Og så er det så lett å byrje med å spekulere i kvar det er på veg hen. Sist gong tippa vi Tysnes og det er veldig nært her. Om det stemte veit vi ingenting om. Ikkje har eg så lyst å vite det heller.
Eg tar ikkje turen i vindauget no, så får eg håpe at det ikkje er eit slikt helikopter som er ute i kveld.

At det nærmar seg haust er lett å sjå. Heile sommaren har det vore lyst ute. I kveld (no) er det ikkje akkurat lyst ute. Det er ikkje problem å sjå trærne eller anna ute, men det er merkbart mørkare. I tillegg høyres det godt om det er eit eller anna dyr som går og dultar borti hytteveggen. Akkurat som det nett gjorde. Det er lett og tru det er andre lyder ein høyrer når hovudet er fylt opp med kriminalroman. Eg har ikkje tenkt å gå i den fella.=) Det beste er å vere realistisk. Spesielt når det ikkje er andre vaksne her akkurat no.

Jaja...... Klokka er halv to og sidan eg kanskje innvilgar meg ein time saman med Harry Hole, så er det kanskje på tide å ta til vitet og krype under dyna. Ei vinterdyne, vel og merke!! Superteit. Vi har flust med dyner her på hytta og likevel presterer eg å liggje med ei vinterdyne heile sommaren. Som sagt manglar det av og til noko der oppi skrotten. Det er berre slik det er. Det blir vel heller ikkje noko betring med åra!?!
Som sagt, det er på tide å ta kveld. Så no førebur eg meg sakte men sikkert på at han Jon Blund kjem på besøk snart og gjer augelokka tunge. Det er rart med det. Han blir aldri lei av det, og kjem kveld etter kveld. For ein triveleg jobb han har. Han har vel sett mange gufsne andlet i si tid. Får håpe at mitt ikkje er av dei verste:=)
Natta!! Sov godt:=)

Hasta luego!

You're still the one......

fredag 29. juli 2011

Fredag 29.juli og olsok.

Harry Hole er ein horbukk!! I ordets rette forstand! I alle høve om vi tar vekk det faktum at ingen av kvinnfolka det er snakk om er horer........ Jaja, så er han ingen horbukk, men i mangel på betre ord. I løpet av dei fire siste månadane (frå påske og fram til no) har han Harry nedlagt fleire kvinnfolk i antall enn eg har SETT på mannfolk. (Og eg har sett på mange!!). Ein melankolsk og alkoholisert etterforskar....Korleis i alle dagar klarar han det?? Han har oppfunne eit nytt begrep: pule av seg melankolien! Slå den..... Eg er litt usikker på om det begrepet bør gjes som eit råd til dei som slit med melankoli.
Av ein eller annan grunn hamnar han til sengs til alle kvinnfolka han treff (vel.....nesten alle). Begrepet er vel ikkje akkurat så poetisk, men kanskje eg tar feil der........ Poesi kan jo vere så mangt.
Forhåpentlegvis er det ikkje lystene til herr Nesbø som får satt sitt preg i bøkene. Ikkje at eg på noko tidspunkt har sagt at slike lyster er unormale:=)

Ja, eg veit..... Tenk å gruble på slikt. Det var eigentleg i mangel på noko betre å skrive..... Det verste er at eg har sansen for mannen. Får håpe han ikkje ville ha hatt same verknaden på meg om eg hadde møtt han.

Det er fredag og vi er på tur inn i ei ny helg. Gårdagen var rett og slett fantastisk. Eg bretta meg ut på stranda og der blei eg, berre avbrutt av litt grilling og andre nødvendige saker. Skuffelsen var difor stor då eg vakna til skyar i dag. Jaja...... Vi får sjå kva helga bring med seg av godsaker.
Uansett vèr, så fungerer kortspel godt. Olsen, vri åtter eller kva folk no enn kallar det, er blitt flittig spelt kvar einaste kveld. Her er det slik at den som står att som vinnar etter x antal rundar, får bestemme kva den andre skal gjere. La meg seie det enkelt: Denne uka her har EG rett og slett vunne kvar einaste kveld. Så, som seg hør og bør, har "straffa" stått i riktig Knutsen-stil. Kvar dag høyrer eg ord som revansj o.l.. Eg lurar på kva som er så viktig med denne revansjen!??! Det blir jo berre ny kveld med nytt tap....... Eg koser meg, eg, så eg seier ikkje nei til ein real sjanse til på ny og på ny få gleden av å vere storsjef. Eg er stygt redd for at om eg fortsetter med å vinne, vil kortspelinga bli dratt langt inn i haustmånadane. Kva eg er i stand til å forlange når eg vinn., ja, det får dåke berre tenke dåke til sjølv:=)

Det er olsok i kveld. Eg veit det er ei form for feiring inne på Korsnes, men eg gadd ikkje ta turen inn dit. Det blei heller litt "kubb" på sletta og ein roleg kveld her på hytta. Det blir vel litt tid til han Harry Hole også. Han er ikkje store frelsaren, men du dækelen han er smart:=)
Den lille trompeten min ligg og sleng borti sofaen i håp om at den skal bli løfta opp og spelt litt på. Eg burde verkeleg gjere det...... Trikset mitt om at dersom den ligg synleg, vil den bli nytta meir, fungerer visst ikkje heilt. Eg veit eg må skjerpe meg. Ikkje det faktum at den er raud og difor meir synleg betyr noko heller.

Klokka er ni og langt over leggetid for ein sjuåring (sjølv om han mest sannsynleg ikkje har vore i seng før det heile sommaren). Så no skal eg hive meg rundt og leite opp litt lesestoff til å ha på sengekanten og sørge for at kvelden får seg nokre timar utan born. Så med tankane på Harry Hole og hans evinnelege forbruk av kvinnfolk, seier eg godt natt og på gjensyn:=)
Med andre ord: Hasta luego!! <3

When will we meet again?

tirsdag 26. juli 2011

Tysdag 26.juli.

Ein ting er sikkert. Den norske fjellheimen er vakker! Vi treng ikkje å reise til viddene sørpå for å få oppleve ein herleg dag i fjellet. Vi har den rett utanfor døra.
I dag har vi trødd i fjellet. Dog ikkje så fantastisk mange meter over havet, men meir enn nok til at det er fjell. Eg trudde at det skulle vere fritt for multer, men vi fann bra mykje likevel. (Eg "hær" ikkje multebær, men det er jo "gøy" å plukke). Berre det å gå der og nyte dagen til det fulle...... Det fins ikkje ord.
Når ungane er så lett til beins, er det ikkje noko problem å ha dei med på tur. Dei spring langt foran, så det er vel aller helst dei som må vente.
Sjølvsagt har eg lagt kameraet heime, så noko forevigelse kan eg berre sjå langt etter. Ikkje det at eg ikkje har mange bilete av stort sett same motivet heime. Det er ikkje akkurat første gong eg tar turen oppherifrå. Det er fint å gå opp i Herøyvika, men neste gong trur eg kanskje at eg vil prøve å kome ned att på Tysnes-sida. Det kan ikkje vere anna enn fint.

I dag har temperaturen vore kjempefin, trass i at det ikkje har vore mykje sol. Den har vel gløtta litt ned til oss i løpet av dagen, men ikkje nok til å skryte av ho. Kanskje ho vil velsigne oss med litt meir varme snart. Det er jo lov til å håpe.
Det er rart at vi alle skal bruke så mykje tid på å prate vèr. Eg gjer det, dei fleste andre også. Eg har ikkje talet på kor mange gonger eg har nemnt vèret her inne, og kven syns det er så ufatteleg skøy å lese det om att og om att?? Likevel fortset ein å skrive om det. Er ein eit fe, så er ein eit fe.......:=)

Det er fint å ha fri lenge, men det betyr også at ein får tid til å sakne enkelte. I alle høve gjer eg det. Enkelte meir enn andre og både med og utan x-faktor. Kanskje dukkar det plutseleg opp ei melding på mobilen din der det står "Eg saknar deg!" Det hadde vel vore fint? :=)  Joda.....men det skjer vel ikkje.
Det skal bli godt å få kvardagen attende om litt. Neste uke blir eg plutseleg "åleine", og gudane skal vite kva eg då vel å gjere. Kanskje eg berre skal ta stand her på hytta og ta alt som det kjem på sparket? Ein Bodø-tur ville heller ikkje vore å forakte....... Mest av alt vil eg berre vere heime og øve og prøve nyopptakaren min, men det har ein jo sjansen til heile året. Og så er det ikkje så motiverande å øve åleine for tida......
Forresten har eg for nokre få timar sidan sotte og trompetert litt her på verandaen. Eg har med meg min lille raude trompet og stakkars småfuglane og dei andre småkrypa som er rundt om her. Det er nok ikkje daglegdags med slike lydar her omkring. Skal eg ha god amasjør til spaniaturen i oktober, må eg vel starte med haustsesongen allereie no. Eg kan ikkje leve i den trua at eg berre skal liggje å late med på stranda for det meste der nede. (Sjølv om det er akkurat det eg kjem til å gjere......). Dei altfor store sprella skal eg i alle høve ikkje gjere. Det blir deileg med ein slik tur før vinteren kjem for fullt. I tillegg slipper eg å gå rundt som ein bleikfis:=) Eg er ikkje akkurat den store solariumbrukaren. Det får andre ta seg av. Huden min skal ikkje vere øydelagt lenge før eg rekker å bli 45. Det er nettopp det mange har blitt. Det er lett å sjå kven som har overforbruk av solarium og ikkje. Det er uansett ikkje min "buissness" å ha ei meining om kva andre gjer og ikkje gjer, så eg skal la vere å drøfte akkurat det meir inngåande.

Akkurat no nett kom "Øppna din dørr" ut av høgtalarane her. Stemningen er difor no heilt avslappa. Eg datt litt bort i mine eigne draumar (utan at det trengs noko utdyping der) og solarium får difor vere solarium. Eigentleg var det vel Calella som var utgongspunktet. Jaja......
Neste song er Tir na noir...... Sukk! Eg håpar ikkje det er meininga at det kun skal kome rolege ballader resten av kvelden. Då er det nok ikkje vits i at eg sit her og skriv, for då vil eg berre bli hilt oppslukt i songane og skrivinga vil bli hakkete. Eg har ein tendens til å leve meg litt vel mykje inn i songane.
Eg burde få utvida mp3-spelarlista mi, men eg er tom for idèar til passande songar. Hovudet er rett og slett i feriemodus og då er det ikkje mykje som fungerer.
Akkurat no er det Mr.Big med "To be with you" (eller noko sånt) som er her i bakgrunnen. Det er ei låt det er lenge sidan eg har høyrt. I tenåra var det songen vi verkeleg drøymde oss bort i. Sukk....Den er fin."Deep inside I hope you feel it too". Ååååhhh......

Myggspiralen har ikkje lange levetida att. Den er komen til innerste ring og eg har ingen planar om å la mygga få dele det deilege blodet mitt. Dei der små byllane vi får på kroppen vår, er alt anna enn deileg. Ikkje er det særleg gøy å gå rundt å klø seg sjølv heile tida heller. Eg veit eg fekk eit par stikk på fjellet, men det må ein rekne med når ein ikkje dekkar til kroppen sin. Fjellmygga klør likevel ikkje så mykje som den her hersens kveldsmygga som eglar seg innpå.
Korleis eg har kome fram til den konklusjonen?? Det er mykje eg veit.........

"Liggja mjukt i ei eng som gjer nytta si som seng..........." Joda, no tar songane seg opp her:=) Hehe...... Hmm, kven ville eg ha delt tida med på ei eng?? Sei det........ Svaret er vel opplagt:=)

Eg er ferdig med boka eg har holdt på med dei siste dagane. No passar det perfekt å gå inn og starte på ei ny. Det får bli han "Harry Hole" att. Harry Hole og eg har ein grei dialog! Denne gongen trur eg det får bli boka "Frelseren". Eg er ikkje heilt på den kronologiske rekkefølgjen, men kva gjer vel det?
Eg får seie meg einig med han der trønderfyren som heiter Midjo til etternamn. Boka "Sannhetens pris" funker. Eg klarte å leggje den ifrå meg, sjølv om han påstå at det ikkje går an. Likevel, den var bra. Heilt grei og ikkje bortkasta tid å lese. Så får eg håpe at han Harry Hole ikkje skuffar meg no heller.

Hasta luego:=)

What's wrong with me? I can't think of anything else but you..........

mandag 25. juli 2011

Sundag (eigentleg ikkje etter klokka) 24.juli.

Det er nokre dagar sidan eg sist skreiv. Eigentleg hadde eg planar om å fundere litt fredagen, men det var berre å gløyme. Eg har bevisst ikkje skrive noko desse siste dagane av ein enkel grunn. Om eg sat meg ned og skreiv, ville eg ikkje klart å skrive om anna enn det ufatteleg triste som hende på fredag ettermiddag. Det er nok av fokus på temaet og mitt innlegg ville berre blitt eitt av fleire tusen. Eg tenkte difor at eg heller skulle la vere å skrive noko som helst. Så tenkte eg at det kanskje var nokon som "forventa" at det ville kome drøftingar om det som skjedde. Eg valgte å la vere......
Då eg logga meg på for få minuttar sidan, var eg klar i èi sak. Eg skal ikkje nemne det som er skjedd med eit einaste ord. Eg skal berre ha fokus på andre ting og tema. Likevel....... Eg burde skjønt det. Eg klarar uansett ikkje å halde meg trufast til mine eigne avgjerdsler. I alle høve ikkje denne. Eit tema som opptar så mange, og i stor grad meg sjølv, vil uansett ligge å vake i bakhovudet til det er komen ut. Så det er berre å gjere det først som sist.

Eg har vore ei heil evigheit på hytta. Eg har vore langt unna nyheiter og verda ellers. Som eg har sagt før, så har eg ikkje sakna det så mykje. Difor var overgangen til røyndomen ganske brutal då eg kom heim utpå fredagen. Det var ei som kviskra meg i øyret at ho hadde lest noko om bombe i Oslo på nettet. Eg var snar med å få på tv'n og nyheitskanalen. Joda, det stemte! Kunne eg ikkje berre ha vore på hytta??......
Ufatteleg. Eg håpa lenge på at det var gass som var årsaka. Eg tenkte også at det godt kunne vere ein nordmann. Då Utøya kom inn i biletet, var eg ganske sikker. Det stemte jo også då!

Heile Noreg står no samla. Solidaritet og nasjonalisme står sterkt. Ingen skal få kome her og øydeleggje demokratiet. Ein forskrudd tulling (etter mi meining) skal ikkje få kjenne noko som helst form for makt. Tenk på all den publisiteten han no får.
Han blir publisert i heile verda. Det er klart han også har tilhengjarar. Vi får be om at ingen av ekstremistane på det området blir påverka til å følge opp det han har starta. All den publisiteten han får....... Det er no vel akkurat det han ønsker. Han får blest om det han står for. Det er jo ikkje akkurat ein angrande syndar som er tatt. "Grusomt men nødvedig". Korleis kan han utrykkje noko slik? Ein sjuk djevel, men likevel kjempesmart og oppegåande. Det er ikkje berre, berre å stelle i stand dette levenet han har starta. Det skal vere sikkert og visst.
At ein har både slekt og vener i Oslo og fleire vener tilknytta AUF, gjorde sitt at eg blei rimeleg kvalm av det heile. Enno er ikkje namneliste av dei omkomne frigjeven.....Eg ber til høgare makter om at eg ikkje kjenner nokon som helst av dei. Mest redd blei eg av tanken på at eit yngre søskenborn av meg skulle vere innblanda. Eg er litt usikker på om ho har kontor i området katastrofen skjedde. Heldigvis fekk eg beskjed om at ho var utanlands på ferie.

Ein kan stille seg mange spørsmål etter ein så stor tragedie. Kva i all verda er det som får eit menneske så sterk i trua på noko at han henrettar så mange uskuldige? I morgon skal han uttale seg om det han har gjort offentleg. Det er ingenting han kan seie som vil gje noko som helst form for meining. Det einaste som kan skje er at han får den pr'n han ønsker. På facebook er det oppretta hatgrupper mot han. Eg veit det er tilhengjarar som også har oppretta sider i hans favør. Så ikkje alle avskyr han.... Eg gjer det!!
Eg har ikkje vore på facebook på ei stund, men i stad var eg innom ein tur. Eg såg nesten ikkje ein einaste kommentar der som ikkje gjekk på dette temaet. Støtteerklæringar og så vidare. Det virker som at "alle" viser respekt for dei som er ramma ved å ikkje bruke facebook som vanleg, men som ei side der dei vis at dei bryr seg. Eg heiv meg på bølgjen og tok det norske flagget med i profilen min, slik dei fleste andre også har gjort.

Ei slik hending kan ha fleire utfall. Det er ikkje tvil om at det skremmer mange. Så spørs det kor mange av dei som blei ramma det er som tør å kome attende i det politiske liv (utan frykt for at noko slikt skal skje på ny). Dei seier at Utøya skal bestå som festivaløy for AUF. Eg syns det er veldig viktig og riktig. Det vil nok bli tøft neste år, men eg trur det er viktig for å prove at terror ikkje skal styre landet vårt.
Som Siv Jensen sa fredagskvelden: "I dag er heile det norske folk AUF'ere". Det trur eg også. Samtidig syns eg synd på ho som får det slengt i trynet at han var tidlegare Frp-medlem. Det er jo ikkje Frp som står bak dette. Det har ganske sikkert ingen som helst tilknytning til noko som helst som har med det partiet å gjere. Difor syns eg det blir heilt feil av media å ha det som undertekst i store delar av sendingane gjennom heile helga. (I tillegg til at journalistane spør ho om det).
Frp har utroleg mange negative sider ved seg (mi personlege meining vel og merke). Det er veldig mykje av det dei står for eg tar laaaang avstand frå. Likevel, vi bur i eit demokratisk land og Frp-tlhengjarane har lov å ha sine eigne meininger dei også. Sjølv om dei er ganske ytterleggåande i enkelte saker, er det ingen som skal kome her og påstå at Frp står for slike hendingar som var fredagen. Ergo burde dei bli spart for ydmykelsen media no gjer dei. Dei bør skilje mellom enkeltperson og parti.

I dag, då forsvararen hans blei intervjua, tenkte eg "Korleis kan ein seie ja til å forsvare noko slikt?" Når hovudpersonen sjølv har utpeikt han, byrjer eg å lure på kvifor. Korleis kjenner han til nett denne forsvararen? Er han kjent for å ta slike spekulære saker og det å forsvare dei verste? Eg veit ikkje svaret, eg berre spør..... Han sa sjølv at han først var usikker på kva han skulle svare. Han hadde tenkt seg godt om før han sa ja.
Klart det er rett at han skal ha ein forsvarar. Det er ingen tvil om det. Det er likevel så vanskeleg å fatte at det fins mennesker som seier ja til å forsvare ein mann som har begått slike handlinger. Han har trass alt sagt ja heilt frivillig. Han blei ikkje oppnevnt av di det ikkje var andre som ville. Kva skal han eigentleg forsvare? Kva er hovudmålet hans i rettsaka? Vil det vere å få han frikjent? Vil det vere å få redusert straffa mest mogleg?
Eg skjønnar ikkje heilt kva svar som kan bli gjeven på desse spørsmåla. Ein forsvarar skal jo alltid gjere det slik at klienten skal kome best mogleg ut av ein situasjon. Denne situasjonen er ikkje slik at det manglar prov på at det er rett mann dei har teke. Han prøver heller ikkje å benekte det heile. Så sånn sett er saka grei. Sjølv om det er slik, skal det likevel vere ei rettsak. Ei rettsak som skal munne ut i noko. Det skal sikkert koplast inn fleire medisinskkyndige personar som skal vurdere han opp og i mente. Psykologar osv...... Var han tilregneleg? Akkurat det er det vel ingen tvil om. Det er jo noko som er blitt planlagt over lang tid. Svaret seier seg vel sjølv!??!
Noko anna straff enn livstid vil vere utenkeleg. Livstid her til lans er berre 21¨år. Eg vil tru at han får livstid og at han blir sikra på ein eller annan måte resten av sitt liv. Ein slik mann må aldri få kome ut i fri luft att!
Nei........å prøve å starte ein revolusjon på ein slik måte..... Eg veit ikkje heilt kva eg skal seie.

Den næraste tida vil det kome til å prege landet. Litt etter litt vil det bli mindre og mindre fokus på det og vi vil vere attende i vårt daglege virke utan at tankane våre i stor grad vil omhandle det grufulle som skjedde. Eg vil berømme både statsministeren og alle dei andre for måten dei har "takla" det heile på. Dei må vere utslitte!
Sjølv kjenner eg at det er på tide å gjere anna enn å ha nesen foran skjermen heile tida for å få med seg alt som blir sagt. Det er ganske demotiverande og det skapar fleire gråe hår.
I morgon, klokka tolv, skal det vere stille eit minutt. Eg skal vise min respekt ved å følgje det opp, men så trur eg at eg skal skru av og fokusere på andre ting. Jaja.......

Sjølv om det har vore trasige dagar, har det vore liv i bygda her og vi har vore invadert av mange menneske. Vèret har ikkje vore på bygda si side, men det har likevel gått bra. Det er alltid fint når det er noko som set farge på vår lille tettstad. Det har vore mykje bra musikk. Festivalen her har også vist respekt for det som er skjedd fleire gonger i løpet av helga.
Ein slik festival gjer at ein møter på ulike folk. Enkelte sørpe full, andre berre brisen og enkelte heilt edruelege. Mange vider ulike sider ved seg sjølv og fulle mannfolk er ikkje alltid så digg!! Enkelte kan vere direkte vanskelege. Sånn er det berre og sånn vil det vel alltid vere. (Ikkje det at eg skal glorifisere kvinnfolka så veldig......).
Laurdagskvelden tok vi med mamma og hennes "kaill" og dro på bluesaften. Det blei veldig triveleg med mykje fliring. Teltet var bra fullt og stemningen var kjempegod. Folk var heilt med. Sjølv om vi ikkje dansa heile tida, trur eg nok foten køyrde sitt eiga løp under bordet når vi sat.
Ellers trur eg kanskje eg blei medlem av ei heller tvilsam bedrift i løpet av kvelden. Det attstår å sjå:=)
Etter å ha lagt seg midt på natta etter å ha vore vakt i teltet, for så å sjølv gå ut kvelden etter........ Ikkje skjønnar eg at eg er i stand til å halde augene opne akkurat no. Klokka er faktisk halv to på natta. Eg er eigentleg stuptrøytt. Det beste ville vore å få seg ei skikkeleg natts svevn, men ein er vel aller helst skuldig i dette sjølv.
Det er stille i huset, besøket har dratt og vi er heilt åleine. Ute er himmelen lyseraud og eg er spent på kva eg vaknar til i morgon. Det er vel slik at ein skal ta livet som det kjem. Så like så greit at ein ikkje har dei store planane.

Hasta luego:=))

I wanna feel your heartbeat!

tirsdag 19. juli 2011

Desperado.....

Ikkje at eg så desperat, akkurat, men det er no eingong "Desperado" som kjem ut av høgtalarane til radioen. Inne sit borna (min eigen + eit par hyttenaboar) og speler buzz (hmm.....Det burde eg vel ikkje nemne med tanke på at det er alt anna enn bra å vere inne i dette vèret). Sjølv sit eg her med eit veldig ustabilt nettverk og håpar på at eg får fullført det eg skal før det slår seg heilt vrangt. Sola viser seg som vanleg på ettermiddagen, etter at sjansen for å svi seg litt er borte. Syns eigentleg det byrjer å nærme seg ein typisk sommar her nord no..... Jaja. Eg skal ikkje klage. Ettermiddagssol er fint det også:=)
I stad var vi ein tur nedpom stranda og bada. (Eehh,.... nesten sant). Steffen bada og eg vassa! Eg er eigentleg veldig "hærig" av meg når det kjem til bading, men i dag var det direkte vondt å trø ut i sjøen. Når ikkje sola har varma opp havet, kan Vestfjorden vere kald, vil eg påstå. Med frykt for krampe i alle ledd var det berre å komme seg på land att. Det var verre med Steffen. Ha la seg ned på både magen og ryggen. Han er altså ikkje noko pyse på det området. Jaja.....

Det er tysdag og vi har vore her i ei uke no. I morgon skal eg ein tur til Harstad på musikkforretninga der og håper dei har det eg ønsker. Så blir det vel med to husnesbua på turen attende til hytta. Ein kvæfjording og ei senjavetje kan vel aldri bli ordentlege husnesbua....... (Det er ikkje verre enn mor mi & co).
Så blir det nok heim til staden seinast fredag. Det er jo storhelg heime, og når det først skjer noko, er det viktig å få det med seg. Så kanskje det dukkar opp ei "jente" i lårkort kjole i helga??..... You wait and see!

Eg veit ikkje om det er bra eller ikkje........Det at eg ikkje kjem på noko interessant å skrive... Det forklares vel enkelt på den måten at eg stort sett berre slappar av. Det kan jo slå begge veier det? Ikkje har eg tilgang til tv, eg blar såvidt det er i avisene, på radioen har eg aller helst musikk desse dagane..osv, osv.... Eg koplar rett og slett av frå alt som heiter nyheiter og livet andre stader enn nett her rundt min eigen navle. Eg trives visst godt med det.
Eg burde sikkert oppdatere meg litt, men kvifor det, eigentleg? Verda går jo fint vidare sjølv om ikkje eg veit alt som skjer? Det einaste eg veit eg har fått med meg, er at ein eller annan gut har tatt livet av fostermora i ein eller annan samanheng. Viss det meste eg går glipp av har same innhaldet som det, gjer det absolutt ingenting å gå glipp av det. Då koser eg meg heller med bøkene mine.

Bøkene, ja. Ëit kapittel for seg sjølv det. Eg tok med meg to romanar og tenkte det måtte halde i litt over ei uke. Neida.... Eg måtte i butikken på Storjord og kjøpe meg ei ny bok til desse siste dagane. Utvalget var vel ikkje akkurat eksepsjonelt, men det duga ok. Ein spenningsroman går greit det også sjølv om eg aldri før har høyrt om forfattaren.
Den første eg las (som eg eigentleg byrja på heime), var Flimmer. Ei bok som ein heile tida må halde tunga rett i munnen om ein vil lese den. Parallellhandling er ikkje akkurat ei ny skriveform, men det blir litt mykje når det i tillegg til parallellhandlingar foregår på fleire stader i verda i forskjellige år. Skal ein halde følge med forfattaren, må ein få med seg alle årstala, stadane osv....... Det blei mange ulike stader og år å halde kontroll på etterkvart.
Alt i alt var boka ok, men avsløringa kom så altfor tidleg at det ikkje var så spanande å lese slutten. Akkurat det trekker litt ned.
Så las eg "Flaggermusmannen" av Jo Nesbø. Det er den første boka han skriev om Harry Hole. Etter å ha lest dei bøkene som er mest "up to date", fann eg ut at eg ville byrje med byrjinga no....Heilt normalt å lese den siste før den første. Uansett, eg likte boka. Det meste i ho. Eg ville ikkje leggje ho frå meg. Så dei siste 300 sidene leste eg eine kvelden før eg klarte å leggje meg til å sove. Då var vel klokka sånn høveleg rundt halv tre. Eg var nok  ikkje den første som vakna dagen etterpå:=)
No les eg "Sannhetens pris" av John Grisham. Håper den er ferdiglest til fredag slik at eg kan fortsette med ei av dei andre Jo Nesbø-bøkene eg har kjøpt. Eg har tenkt å lese alle han har skrive når eg først har byrja å lese bøkene hans. Det var det eg gjorde med Elisabeth George sine bøker også. Eg las alle når eg først haldt på, berre at dei lånte eg på biblioteket. Kva forfattar som får meg til lesar etter Jo Nesbø, har eg ikkje heilt bestemt meg for enno. Forslag motas med takk:=) Det bør aller helst vere kriminallitteratur, men sterke, gripande bøker er også bra.

Ellers håpar eg på fleire lettkleddagar på stranda.Det er verkeleg rekreasjon å strekke seg ut i sanda og snuse inn alt naturen byr på her rundtom. Sjøen så stille og ofte er einaste lyden som høyres ferga når ho tuffar forbi langt ute i fjorden. Livet er herleg.......

No skal eg fortsette med å ikkje gjere så mykje. Så er eg sikkert på nett att i løpet av fredagen. Då på eit litt meir oppegåande nett. Før eg lagrar her, må eg gardere meg om at eg faktisk er på nett.

Hasta luego!

I haven't seen you for a long time.
I miss you.

onsdag 13. juli 2011

Toback at home:=) Inglish is better than sverdfish.

Jada, jada....... I'm back at home! Ei heil miniuke har eg no gått og tenkt "Ja, det må eg hugse å skrive om." Du kan tru eg har gleda meg til å kome heim til min eiga kåk så eg får skrive alle desse tinga eg har lagra i hjernen. (Vel, no har eg ikkje gleda meg til å dra heim. Eg ville jo aller helst vere der eg var, men det var berre ein talemåte). Når denne hjernen eg snakkar om som vanleg er på sin eiga stasjon, skaper det litt småproblem for meg. Eiga stasjon OG sommarferie. Dårleg kombinasjon......men slik er det berre.
"Ka e det ho NO vrøvlar om???" Vrøvle, vrøvle...... Ein heilt vanleg tilstand her i heimen:=)
Denne hjernekapasiteten som skulle hugse så mykje bra å skrive, har visst ein av-og på-knapp, med lagringskapasitet om ein hugsar å trykke lagre. Eg trur kanskje eg har bomma eindel på denne knappen. Det er meste er sila ut av hovudet og eg står att med nokre få ting. Suuuupert!!!!
(No sit det ein borti Luleå og seier "Fjotthau!"......... Eg høyrer det nok:=)

Eg har altså vore på rek ei lita uke. Ro i ræva eksisterer visst ikkje her. (At yr.no berre viser skyar med regn i, har ikkje vore delaktig i denne uroen. Den kjem heilt naturleg av seg sjølv..........).
Vi køyrde torsdags ettermiddag og satsa på å køyre heilt fram. (Det tok berre sju timar, så det skulle vel berre mangle). Torsdag og til no når det har bekka over til onsdag utan internett. Det har eigentleg vore deileg!! (Sjølv om det ikkje tok lange tida etter kom heim til dataen kom på).
Likevel, ingen aviser, ikkje internett, tv'n konstant av...........Snakk om å kople heilt av frå "det norske". Her har det berre gått på "takk så mycket, ursjekta, nei tyverr, snella du"....bla. bla, bla..... Dei er litt meir høflege der på den andre sida av fjellet. Trur det heiter Sverige der. "Jettebra tenkt!"

Eg er litt usikker på kva Einar har meint kvar gong han har sagt "Du e et råskinn tell å kjør bil!" Det var eg som køyrte heile ruta ned til Luleå. Eg trur eg skal spørre han. Kanskje det vart tempoet han hadde i bakhovudet. Tja, ikkje var eg klar over at campingvogner ikkje har lov til å køyre i over 80 km i timen. Så då var det jo lett å irritere seg over desse sinkene. Det blei nokre forbikøyringer...... (Berre safe, sjølvsagt). Vi kom i alle høve fram i kjempegod tid til å få utnytta store delar av kvelden.
Vegane i Sverige er nok litt betre enn her heime (mange stader). No er terrenget eingong bygd slik at det er litt lettare å lage veg i Sverige. Det var likevel ikkje alle stader at det var så bra, men så lenge fartsgrensene var høge, var eg nøgd.
Nokre reinsdyr ville sjølvsagt seie hei til oss innimellom, men vi var ikkje så snakkesalege, så vi måtte skuffe fleire av dei. Eg fekk forresten eit kjempeflott bilete av ein i dag på heimturen. Det er berre at når eg ser på biletet som blei tatt, finne eg EIN feil. Mon tru kva det kan vere? Kanskje eg skal utlyse ein konkurranse for å sjå kor smarte folk rundt meg eigentleg er?? Hahaha.....Det ville gjort seg!! Sidan eg no er så grei, skal eg heller avsløre svaret. Feiler er: REINEN MANGLAR! Slå den. Ta bilete av eit reinsdyr utan at reinsdyret er med på biletet. Fjottfotograf!! Vi var tre stykk ibilen og eg skal la vere å seie kven som tok biletet. (I frykt for at alle vil skjøne at det var eg sjølv!). Sånn går no dagane.

Vage minner om ein fiskemann, sit sterkt i bakhovudet. Han plaga meg faktisk litt på dagtid eine dagen. Det var ho Dagros borti camingvogna som sørga for at han tok initiativet fleire kveldar. Hemnen er søøøøøt! Ho skal no få hyle litt på verandaen når ho kjem heim!
Fiskemann til trass, eg fekk opphalde meg på eit spahotell fleire timar den dagen har var mest plagsom. Nokre kjenningar av meg fra Bardufoss kom til Haparanda laurdagskvelden. Vi møttes der og dei budde på spahotell som kunne by på fleire ting eg fort kunne bli vant med. Eg trur eg kunne vore god på bestillingar ein slik plass.
Om det var Enigma som kom ut av høgtalarane skal vere usagt, men den veldig avslappande musikken som kom, var eit par hakk for høg. Likevel trur eg at eg kunne like å ligge der på ei herleg god solseng og sjå på alle mannerompene som gjekk forbi mellom meg og baren.......Eeeeehh......Det var ikkje så mangen av dei akkurat då eg låg der, men i løpet av ei heil helg? Tja, det ser eg heilt klart for meg! (For å tru at eg ikkje ser på slikt.......JA, det er å tru på nissen).

Haparanda! Vi måtte jo sjølvsagt køyre over grensa for å fylle diese. Mest for å skryte av at vi har vore i Finland i sommar. Uansett, det var vel aller helst Ikea vi såg for oss då vi var der.
Eg har vore på Ikea ein gong tidlegare (i Trondheim). Då hadde eg gleda meg i laaaaaang tid til endeleg å gå (i alle høve litt) beserk i butikken. Den gongen kom eg ut av butikken med varer for såvidt over 2000 kr. Hallo??? Ikea og 2000 kr?? Alle den ventinga og gleden for skarve 2000? Jaja.... Så difor trudde eg at denne gongen skulle bli betre. No måtte eg vel klare å fylle handlevogna med noko fornuftig til heimen. Neida...... 1700 norske kroner ser eg av utskrifta mi at eg har brukt. Lite teit, då!! Så såååååååååååååå supert syns eg det var på Ikea. Det var jo bra, men det blei så altfor stort OG det er vel ikkje det smartaste ein gjer når ein drassar med seg eit born i ein så stor butikk. Nei, det er nok meininga at vi kvinnfolk skal komme dit heilt åleine!! Då ville nok glatt ein heil dag ha forsvunne med eit heilt anna resultat enn denne gongen. Så eg har funne ut det geniale i at vi samles 5-6 kvinnfolk på spahotell i Haparanda og tar Ikea i same slengen. (Langhelg vel og merke). Mykje raudvin........ og så kan ho Dagros få lov til å ta telefonen frå meg ei heil helg.
Ei helg helg med meg og raudvin.......Huff, eg trur telefonrekninga ville bli stor! (Eg har eit ganske ferskt helgeminne lagra........Men det skylder vi på Torunn!!)

Jaja......Det var fullt på campingen og vi fekk ikkje vere lengre enn til i dag. Eg skulle ønske eg kunne seie det var avdi vi blei kasta ut på grunn av bråk, men så heldig var eg ikkje. Neida.....eg tulla no berre. (I tilfelle ikkje alle såg ironien).
Ingen biltur heim utan shopping først. Halv tre kom vi oss avgarde. Eg hadde eitt mål. Kiruna før kl seks. Eller eigentleg Abisko før kl sju. Ergo måtte eg vere sjåfør sjølv. Eg måtte jo vere sikker på å nå fram i tide. (Nei........eg er ikkje eit fartsvin sjølv om det kan høyres slik ut. Sorry). Eg rakk det og eg kom meg heim på rettsida av døgeret. Det spørs om eg er ute av senga før ti i morgon tidleg. Viss eg tippar på nei, men vaken, så kanskje. Eg treng seriøst å få snudd døgeret attende! Tru kan flytte fjell, men i dette tilfelle trur eg at eg har tapt før eg har fått vedda mot meg sjølv.
Det verste er at eg har lova Steffen at vi skal spele sjakk når vi står opp. Enno godt at han har snudd døgeret han også. Som sagt......Hverken han eller eg er oppe før tidlegast ti.

Eg skal køye no, men kjem snart sterkt attende. Kven veit, kanskje den venstre hjernehalvdelen er i drift att i morgon og slepp fram desse bortgøymte eller fortrengte minnane frå ei alt anna enn hektisk uke i sola.
Så for denne gong: God natt! Sov godt.........

Hasta luego:=)

Long time, no see.............

onsdag 6. juli 2011

Onsdag 6.juli totusenogelleve.

Så var kveldens trim unnagjort. Eg kom heim i kveld og har vel ikkje hatt dei store fysiske utfordringane den siste tida, så det var godt å få rørt seg litt. Med musikken i øyrene, gjekk eg der i mi eiga verd heilt fram til eg møtte på dei halvgalne måkene langs sjøen. For eit spetakkel nokre få fuglar klarar å lage. Eg skjønnar godt at dei ikkje likar meg der eg kjem gåande, men det får vere grenser. Nytt opplegg har dei også på gong. Eg veit ikkje heilt kva eg skal kalle det, men det verka som om dei gjekk kappgong med meg bortover vegen. I staden for å angripe meg frå lufta, gjekk dei no på sida av meg som for å kontrollere kva eg skulle foreta meg. Til slutt fauk den eine opp og dreit rett på sida av meg. Eg seier det berre.....den skal vere riktig så rask til å fly høyt den måsen som tør skite på meg. Det ville blitt stakkars måse!! Jaja....Det gjekk jo bra:=)

Eg skreiv tidlegare eingong at eg skulle skrive litt om Amalie Skram når det høver seg. No er det slik at det fatisk høver godt i kveld. Eg slapper berre av og tar livet med knusande ro. Ikkje det at ho Amalie har tatt så stor plass i hovudet mitt i kveld, men eg kom liksom berre på det i farta. Så spørs det kva ein hugsar om ho. Ho er jo rimeleg kjent, då........ Sjølv om ho eigentleg ikkje heiter Amalie Skram, er det nok det dei fleste kjenner ho som. Eg reknar med at det er mange som ikkje veit at det eigentlege namnet hennar er (var) Berthe Amalie Alver.
Det er vel med ho, som så mange andre forfattarar.......Dei får si annerkjenning etter dei er daud. At ho er segla opp som ein av dei største (eller faktisk den største) av alle naturalistane var ho ikkje forunt å få vite medan ho levde. Synd for ho, men slik er det berre. Amalies mor fekk ni born i løpet av tretten år, der fire av dei døydde. Ikkje veit eg, men kanskje ho henta deler av inspirasjonen til Hellemyrsfolket frå familien sin?! Ikkje det at sjølv storyen er så lik, men eg tenker meir på antal born og den hyppige bortgongen til borna. Det har seg slik at eg trur dei døydde av sjukdom og nettopp sjukdom er eit av hovudtemaene i det ho skreiv.

Amalie Skram gifta seg heile to gonger. Eg skriv det som om det er mange gonger med tanke på at det sikkert ikkje var så vanleg på den tida med skilsmisser som det er i dag. Eg hugser godt det som seies om Ibsen og "Et dukkehjem", der Ibsen måtte lage ein alternativ slutt pga opptøyene som kom i kjølvannet av dramaet. (Kvinna forlot mannen.....). Fasaden var viktigare enn alt anna. (Det er det vel mange som syns den dag i dag...........)Amalie Skram har faktisk skrive ein bokanmeldelse på nettopp dette stykket.
Det første ekteskapet til Amalie sørga vel, såvidt eg veit, for at ho fekk nervesamanbrot og hamna på Gausdal asyl. Eit slikt ekteskap er nok ikkje å trakte etter.

Når det gjeld forfattarskapet hennar, henta ho som regel stoff frå Bergen og området rundt der. Det gjeld også Hellemyrsfolket som er eit verk på fire bøker. Eg har ikkje lest alle fire, men eg har høveleg god kjennskap til den eine som heiter "Sjur Gabriel". I norsk litteraturhistorie er nok Hellemyrsfolket det mest naturalistiske verket som er laga. Det handlar om ei slekt i forfall, fattigdom og klasseforskjell. Sjur Gabriel handlar om ein småbrukar- og fiskefamilie i Hellen. Akkurat det området er rett utanfor Bergen og ein er nødt å ta seg dit med båt. Sjur og kjerringa, Oline, har ni born på tolv år. Av desse døydde fire. Det er ikkje vanskeleg å sjå kva det gjer med eit menneske å overleve sit eiga born, og her er det faktisk snakk om fire. Klart Oline bekkar under. Det ville eg også gjort. Berre ikkje på same måten som ho. Eg er ikkje akkurat skapt for å ty til alkohol som middel for å døyve smerter. Det er nettopp brennevin ho finn trøyst i.

Sjur Gabriel kjempar fortvilt etter eit betre liv. Kjerringa si livsførsel hjelper ikkje så veldig på den biten. I bakhovudet er han klar over at han er skuld i at eit anna born døydde attende i tid. Han er tynga av skuld, og då han mistar "favorittsonen" sin, er han sikker på at det er straffa hans for det som skjedde tidlegare. Sjur Gabriel hamnar på kjøret han også. Brennevinet øydelegg han............

Eg skreiv at det var eit naturalistisk verk. Det kjem spesielt tydeleg fram då familien treng lege til sonen (før han døyr). Det er nesten håplaust å få ein lege til å bli med til Hellemyren. Her er klasseskiljet framtredande. Sjur Gabriel er ikkje rik nok!
Akkurat den problemstillinga ville ikkje gjort seg gjeldande i dag. I alle høve ikkje på Hellemyren. Så lenge det er norske menneske det er snakk om, så har vi samme rettigheiter alle saman. Sonen til Sjur Gabriel ville nok døydd likevel, men bekymringane til familien var vel store nokom dei ikkje måtte tenke på om det var mogleg å få lege. Det å vite at sin eiga son ikkje er verdt noko for dei som er rikare......Nei, i dag ville vi kalla slikt for fordommar! Sånn sett er det fingt at Amalie Skram tar opp fattigdommens problem og dei fattiges kamp for tilværelsen. Ved å lese om det, blir vi klar over kor godt vi eigentleg har det. Det er viktig at vi aldri gløymer det. (Eg trur nemleg vi alle og einkvar gjer det innimellom. I alle høve gjer eg det).

Realistane meinte at menneska sjølv hadde ansvar for sine handlingar. Naturalistane skulda på samfunnet. Det pessimistiske menneskesynet som var, sa at ein hadde liten sjanse til å endre på livsvilkåra sine. Var ein først født under usle kår, så sat ein alltid fast der.
Eg trur nok eg hamnar litt i mellom desse to sjangrane. Eg er vel aller mest einig med realistane. Eg meiner vi har sjølv ansvar for livet vi lev. Dei fleste er der dei er pga vala dei har gjort. (Men dog ikkje alle). Sjølv om eg meiner det, er eg samtidig fullt klar over at vi har eit samfunn som påverkar oss. Kven vi veks opp med, kven vi får til vener, kven vi skaper familie med osv osv....... Det er mange moment som er med og påverkar kvardagen til dei fleste. Sjølv den beste kan trå feil.
Er du født inn i ein familie som ikkje har midlar eller gode evner til å følgje deg opp, så stemmer det vel at sjansen for å ikkje hamne i øverste sjiktet er rimeleg godt tilstades. Eg meiner absolutt ikkje å trå nokon som helst på tærne her, så eg beklagar verkeleg om enkelte av lesarane mine føler seg truffen av det eg skriv. Eg har stor respekt for alle, uavhegig om dei er rik eller fattig, så forstå meg rett når eg skriv kva mi personlege meining er. Som eit ordtak seier: "Ingen regel utan unntak". Det blir litt sånn i denne samanhengen også. Eg vil berre fram til at det i mange tilfeller er slik.

Jaja......Nok om det. Sidan Amalie Skram er blitt skriven om her, burde eg kanskje ta for meg Arne Garborg også??! Thihi..... .... Eg ler litt. Einaste årsaka til at eg skreiv det, er avdi Garborg har seksualitet som tema. Eit tabubelagt tema som førte til ein usunn seksualmoral og ei utnytting av kvinner. Det kunne jo vore gøy å drøfta det, eller....... Kanskje eg berre skal la vere? Eg trur nok det, ja:=)

Så fekk eg skrive litt i dag også. Så bra!
Det er snart (ikkje heilt enno) tid for Anne Holt og godsenga. Jada!!! Anne Holt og eg trives godt ilag vi. Grepa jente, det:=) Sukk.....Så gøy eg har det. Anne Holt får ta seg av skrivinga, så skal eg ta for meg lesinga av det ho skriv, I SENGA!! Beklagar viss eg lot deg fare i veg med tankane dine.....Anne Holt og eg i senga. Fysj..........

Hasta luego!
<3

I open my heart and let you in
to live there forever.

If you only knew what I feel for you.