lørdag 2. januar 2016

Nytt år!


Så har vi entra eit nytt år. 2016! Så attstår det å sjå om det blir det beste året "ever". Det er jo det mange skriv i statusane sine......."Må det nye året bli det beste ever", eller "2015 har vore det beste året til no, må 2016 toppe det!" Om 2015 har vore det beste året i livet mitt, veit eg ikkje. Eg er ikkje smart nok til å hugse alle åra og korleis dei forløp til å samanlikne dei. Det eg veit, er imidlertid at 2015 har vore heilt greit. Eg har ikkje mangla noko nevneverdig og eg har fått opplevd mykje.
MEN..... Det eg også veit er at til tross for at eg har opplevd mykje, er det ikkje slik at det går så veldig inn på meg. Det er akkurat som om at ting skjer med den største nuturlegdom og sjølvsagtheit.
Eg har vore på fleire lengre reiser. Eg har investert i fleire ting. Det siste er for øvrig ei sekkepipe! Jepp! Eg har kjøpt meg ei sekkepipe. Det er det neste eg skal lære meg å spele. Satsar på at det eigentleg går fort. Eg veit ikkje kva som gjer det, men musikk er berre logikk.....(for meg).
Så då har eg saksofon, fiolin, sekkepipe og ein haug med andre instrumenter.

No kan ein jo lure på kvifor eg gidd å nemne at eg har så mykje og at eg får oppleve mykje...... Det er i alle fall ikkje for å framheve meg sjølv! Først kan det kanskje virke slik, men eg er sikker på at du forstår når eg herunder drar tråden dit eg vil.
Svaret mitt ligg i at eg ikkje er nok takknammeleg. (Joda, eg er grueleg glad for alt eg har og kan gjere,  men eg evnar ikkje vise nok takksemd likevel.) Eg må verkeleg ta meg saman og skjønne kor heldig eg eigentleg er.
Kvar einaste dag kan ein lese på nettet om dei som har flykta over havet. Dei som har kryssa grensene våre og om at vi må vere vakne. No går det nedover med oss så det dundrar. Viss vi ikkje følgjer med i timen så har vi tapt. Alle flyktningane utgjer ein stor trussel for oss. Dei kan sørge for at vi plutseleg ikkje kan kjøpe det neste instrumentet vi ønkser, eller så kan legetimen koste litt meir osv osv..... Alle pengane som går til å hjelpe flyktningane som kjem må jo hentast inn ein stad og då vil det sjølvsagt gå ut over oss som allereie er her.
For ein tragedie det må vere om eg ikkje kan utvide indtrumentparken min. Eg gløymte kanskje å seie at eg investerte i ein trombone rett før sommaren? Eller kanskje det var fødselsgåve på forskudd? Det speler vel inga rolle.....Den er uansett nede i kjellaren min.

Det at mange (også rike) mennesker kan holde på og rakke sånn ned på dei som rømmer frå krig og elende er for meg heilt uforståeleg. Eg tvilar på at ein ungdom som har det heilt greit der "han" er forlater både famile og landet sitt berre for å finne ut om det fins ei anna framtid for han. Ein som har det ok der  ein er, forlater ikkje det trygge for å reise til eit kanskje. Reiser i uvisse om korleis ting vil bli. Nei, han reiser av di han ikkje har eit ønske om å bli verva til krig, eller rett og slett slippe unna krig i det heile.
At nokon flyt på bølgen for å lure oss.........Tja, det skjer sikkert. Eg tvilar likevel på at det gjeld mange.

Moralen er at eg kunne fint klart meg utan alle desse instrumenta mine. Eg ville ha hatt mindre å spele på, men eg hadde likevel ikkje lidd noko naud.
Nettopp det at eg har "overflod" av musikk i heimen min, plasserer meg på ein stokk der eg faktisk ikkje kan klage. Eg kan ikkje klage på at vi må hjelpe andre. For vi må det. OG vi må hjelpe våre eigne også. Vi har fattige blant oss "fastbuande" også... Vi har faktisk råd til å hjelpe både dei fattige her til lands og dei som kjem rømmande frå sine land og hit til oss. For eg nektar å tru at eg er den einaste som er så heldig stilt at eg har mykje. (Mykje kan også bety dei som brukar penger på helgeturar osv...... Umatrielle ting som kalles "kos".)

I løpet av eit år har eg ganske mykje smerter. Akkurat det er ganske slitsomt å forholde seg til. Likevel faller det i skuggen av det vi står over nå for tida. Det betyr ingenting sett opp mot kva enkelte rømmer frå. Eg bur i eitt av verdas rikaste land. Eg får den hjelpa eg treng. OG foreløpig treng eg ikkje gå rundt å frykte for at det skal lande ei bombe i hovudet mitt. Kven veit kva framtida bringer?  Ingen....., men i dag anser eg det som trygt å bu her eg bur. Eg burde bli meir takksam for nett det. Eg burde vere meir takksam for at eg no får eit nytt instrument i hus og dei framtidige instrumenta eg kjem til å skaffe meg (for eg elsker instrumenter), rett og slett av di det ikkje er ein sjølvsagtheit å ha råd til dei.


I mine auge er dette den finaste guten som eksisterer på jord. Dette er på fjorårets siste dag (eller årets første.....). I alle fall er det i rakettida. Vi var ute og sjekka himmelen for flotte lys og ønska kvarandre eit godt nytt år. Klokka 00.00 denne kvelden er det nesten obligatorisk å vere glad (sjølv om det ikkje nødvendigvis er slik at alle er det). Ein kan ikkje vere pottesur når ein ønsker alt det gode for andre. Det blir i så fall full krasj oppi hovudet mitt. 
Er ein ikkje heilt i humør, bør ein på det tidspunktet sette seg sjølv til sides og ha andre i sentrum. Det må vere kjipt å vere årsak til at andre ikkje fekk ein fin overgong til det nye året pga surmuling. 
Den her guten surmula ikkje!! :=))) <3 p="">
Eg skaffa ikkje så mykje fyrverkeri, men litt måtte vi jo ha. Eg hadde nok klart meg fint utan, men med born i hus er tradisjonar viktige. 

Kva skal ein finne på på årets siste dag? Å stå på ski var slett ikkje noko dårleg forslag. Då slepp ein også å få dårleg samvit for alt ein puttar i kjeften i løpet av kvelden. (Ein har jo trimma på forskot!)

Minstemann har fått seg nye skisko og ville sjølvsagt teste ut at dei fungerer godt til skøyting. Ballangen har glimrande skiforhold til slikt, så vi heiv oss i bilen og dro avgarde. Så her er mor og sønn på skitrening i fantastiske løyper. Eg holdt meg for det meste til klassisk i spora på smørefrie ski. 
Berre så det er sagt. Har du planar om å skaffe deg smørefrie ski?? Forget it! Det er den største mannskiten som fins på jord. Dei sørger berre for dårlegare fart og at du må bruke dobbelt så mykje energi på å prøve å halde følge med andre. Eg skal såvisst investere i smøreski snarast. 


Dei siste åra har vi prøvd oss på litt ulike variantar når det kjem til pepperkakehus og slikt. I fjor laga vi ein landsby som blei ganske skeiv og greier. Det hadde sjølvsagt sin sjarm, men vi valgte å ikkje gjenta prosjektet. I år laga vi heller ei lita grend. To hus inngjerda med masse smånissar i hagen. (Og eit pepperkakejuletre.) 
Vi syntest sjølvsagt at det blei litt lite, så då vi såg at ein borndomskompis av meg hadde planar om å lage eifeltårnet av pepperkakedeig, heiv vi oss med på same idèen. Vi satte oss ned og teikna dei ulike delane og resultatet ser du under her. Heilt greit, vil eg påstå. :=)




Årets førjustur blei lagt til Narvik og bowlinghallen der. DET var skøy! Bowling og pizzatur anbefales på det sterkaste. 


Dette er Edvardas hus på Tranøy. I slutten av november var eg i lag med fem andre der. Fem høner og ein hane. Stakkars hane............ Eigarane der ytte veldig bra service. Vi fekk ikkje eingog bestemme kva vi ville ete. Det gjorde dei. Til gjengjeld fekk vi førsteklasses mat der kvar minste detalj var forseggjort. 
Så er det nokon som går med planar om ei helg på Tranøy, er det berre å hive seg rundt. Det er vèl verdt det!


Dette biletet kom eg over på nettet. Hmmmm...... Lurer på om eg kjenner nokre av dei som er avbilda? :=))
Dette er frå årets tur til Calella. Fotografen  er spansk, så det får vere mitt bidrag til andsverkslova. 


Ein tur til Calella innebærer sjølvsagt ein tur til Barcelona. Det blei ikkje så enormt mykje shopping av den enkle grunn at eg "melder meg litt ut" viss det blir for mykje å velge i. Då klarer eg ikkje å områ meg og skjønne kva eg har lyst på eller ikkje. Så ender ein opp med ein haug av gåver til gutungen istadenfor. (Vel, akkurat det blir han ikkje så lei seg for.) 

Å fylle 40 år er faktisk ikkje så ille.  I alle fall ikkje når det er det som skal til for at George Clooney skal legge merke til deg. Å kome på arbeid om morgonen med ei helsing frå Clooney..... Ja, då er jo dagen berga uansett kva som måtte kome. 


















På seinsommaren var vi på ein fjelltur vi aldri før har tatt. Hatten er namnet på toppen og vi kom oss heilt opp. Utsikta derifrå er utroleg fin. Vi kunne sjå alle kommunane rundt oss, og vi har verkeleg mykje fint å vere stolt av. (No burde det kanskje ha vore eit utsiktsbilete her....., men eg syns no han her også er ei fin utsikt! <3 nbsp="" p="">Turen blei kombinert med overnatting på sletta i lavvo, noko som burde vore ein aktivitet av hyppigare frekvens.


På hytta trengte eg ein bod, så det er komen på plass. Sjølv syns eg den passa fint inn. Til høgre i biletet står det heimsnekra fotballmålet eg laga i vår. Så spørs det kor snill vinteren og vindfulle dagar har vore mot det. 

Eg syns det er heilt greit å fiske, men eg kan spare meg for etterrykningane dei får. I alle fall når det kjem ein stor fisk som denne. Dette må vere den einaste fisken som nokon gong har fått meg til å hyle! For det gjorde eg........ Eg bøyde meg over fisken for å studere den då den plutseleg heiv seg rundt. (Den hadde då vore daud ei viss tid.) Jeeeeeezes........Det var ei som fekk hjartet i halsen då. ("Stugg" fisk.)

Vi er ikkje akkurat vane med å få slikt eit stort besøk til kais kvart år. Det første eg tenkte var "dette skulle pappa ha sett". Vi som berre er vant til storbåtane som ligg ved kaia i Kjøpsvik..... Denne var litt større! 

Krabbane i fjorden kan berre halde seg der dei er. Eg er ikkje glad i slike krypdyr og ikkje et eg dei heller, så eg treng faktisk ikkje vite om at det fins så store kryp i havet. Eg har vel anna å tenke på når eg hoppar uti det kalde enn at nokon skal bite meg i ræva. 

Hadde det vore mørkt ute, stjerneklart og kanskje litt kvitt på marka, ja då hadde dette vore ubetaleleg. Bobler, varme sådan, under stjerneklar himmel må vere noko av det beste som fins. 
Uansett er dette den beste utsiktposten i fjorden. Ingenting slår å vere rett ved havet og berre nyte livet. 

Eg prøvde å lage ein liten bålplass. Det blei ikkje så aller verst. Eg gravde hull i marka som eg har kledd med stein. Eg har laga litt "møblar", men har enno litt arbeid att før eg er ferdig. Det er kjempefint med ein bålplass på kvelden kor ein kan grille litt pølser og berre nyte varmen og lyset frå flammane. 

Dette er berre frå siste halvdel av året som gjekk. Skulle eg gått laus på heile året ville det vel tatt resten av kvelden. 
No ser eg berre fram til at det skal bli litt lysare slik at ein kan byrje å bruke båten på ny. 
Må vèret framover halde seg stabilt (og aller helst med kvit mark). Då skal eg stå mykje på ski. 

Godt nytt år, alle saman! Ta vare på livet og kvarandre. Dersom vi alle etterstreber med å hjelpe medmenneske urpittelitt, vil verda bli ein betre stad å vere. Mange bekkar små, gjer ein stor å. 

Hasta luego! 
IWALY! 
POM



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar