onsdag 12. august 2015

Onsdag 12.august

Eg må berre innsjå at mødre ikkje er det viktigaste i livet til 11-åringar...... Då tenker eg sjølvsagt på kva ein ønsker å gjere på fritida.
Det har jo vore sommar og plenty av kvalitetstid, og når ein først er i den tralten, er det jo lett å tru at dette er det som gjeld. Den gong ei.

I dag, som i går, har eg vore "flink" og trimma. I dag var det ikkje så veldig mykje kvalrospust (noko eg kunne konstantere av di eg hadde musikken litt lågare i dag, sånn i tilfelle...). I dag var det berre tungt for stive føter.
Eg satte ny deig og tenkte at eg kunne gjere det til ein vane å løpe i hevingstida. Enn så lenge....
Etter å ha dusja køyrde eg opp til bana for å prøve å lokke med meg minstemann heim. "Mamma har baka og det står i omnen no. Kjem du snart?" Overbevist om at han kom til å løpe mot meg med ein gong, høyrde eg berre "Nei, beklager. Æ ska vær hær på bana og spell."
????? What? Nedtur. Med halen mellom beina var det berre å køyre heim att. Jaja.......

EIgentleg baka eg mest av di det ikkje blei heilt vellukka i går. Joda.... Det blei bra, men det var berre det at når alt var avkjølt og stasjet skulle på, ja då hadde eg jo ikkje eingong sjekka om eg hadde alt vi trengte. Ergo var det berre å fryse det til seinare. I stadenfor å ta det opp til tining no, er det jo eit mykje betre alternativ å lage nye. Ferskt er alltid best!

I dag var ikkje kjøpsviksvingen så tung. Eg lurte ei stund på om det hadde noko med musikken å gjere. Det kan jo hende at ulike musikkartar påvirker ulikt på mange områder. I dag var det i alle fall "La meg få drømma" av Matti Røssland som var online og det fungerte heilt supert. Matti Røssland har faktisk mange fine songar.
Eigentleg er spelelista mi ei salig blanding av ulik musikk. Eg har funne ut at det er lettare å løpe når det er variert musikk. Med fare for at dei fleste på min alder vil synes at eg har ei liste som ikkje vil fungert på dei, syns eg den er heilt grei. The Eagles, Toni Child, Whitney Houston, Matti, Bruce Springsteen, CCR, Kindbergs, DDE og Billy Ray Cyrus. Så då er alle livsstemninger representert. Toni Child med sin avdrukne mann ho vil forlate, Whitney Houston med kjærleiksorgen sin, Matti som er realist, Kindberg med sin "I dina ögon", Billy og CCR som gjer deg lyst til å danse, Bruce med romantikken sin og The Eagles syng no for det meste om livet. Av ein eller annan grunn forelska eg meg i "The last resort" for 20 år sidan.  Den er jo eigentleg ikkje noko stor song, musikalsk sett,men noko er det i alle fall med den.

I sommar har eg fått sett litt ulike dyr på nært hald. Det som er så synd er at ein ikkje har kamera med seg til eikvar tid. Det hadde jo berre vore så kult om ein kunne dokumentert alt ein såg.
No er ikkje denne augestikkaren som er avbilda under her noko særleg til syn. (Eg liker ikkje slike kryp.) Det er likevel litt interessant å studere den når den ikkje fyk forbi deg i rasande fart.
Her ser eg jo faktisk at den har eigne auge (logisk nok).



I mitt eige lille paradis dukkar det opp dyr titt og ofte. Ein dag medan eg stod og vaska nokre fiskekrokar, var det plutseleg ein røyskattunge som stod der og dansa og showa rett foran augene mine. Sjølvsagt henta eg kameraet mitt, vel vitande om at min type (u)flask sikkert ville bety at det var bortkasta. 
Det stemte jo fint det. Den var borte då eg kom attende. Likevel..... Eg trur den leika litt med meg. I alle fall var den veldig nysgjerrig. Etter ei lita stund titta den fram akkurat som om at den sa "titt tei, her er eg" og stakk rett før eg fekk knipsa. Om og om att. Med kameraet klart heile tida, fekk eg til slutt knipsa dette biletet. Eg kunne ikkje bruke tid på å få røyskatta "større", for her måtte det gå kjapt. 


Av og til tar eg meg i å ønske at det fans ei lov som sa at dersom ein eig eit hus er ein forplikta til å halde det vedlike. Det er trist å sjå at hus forfell (som det gjer mange stader) og det skjemmer jo ut områda som er rundt. Alle burde sjekke husa sine i alle fall kvart år og få klippa rundt det. Viss ikkje blir det så spøkelsesaktig og fælt. Når hus berre står der og råtnar........

Eg held på med å lage meg ein liten bålplass i hagen min. Foreløpig har eg berre fått laga èin benk, men eg har starta på nummer to også. I botnen har eg ei steinhelle, og så har eg litt steinar oppå den for å sørge for luft underfra. Det fungerer kjempefint! 

Det er no eingong slik at det i "gamle daga" var mykje dyr rundt om i fjorden. No har eg ikkje heilt den same moglegheita til å drive med husdyrhald som dei hadde før, så då får desse småkrypa (blant fleire) sørge for den biten. Dei er i alle fall lettstelte og masar aldri om mat.
Heilårsblomster fungerer også heilt utmerket!! Dei er så lettstelte at det er ein fryd! :=)))

I skrivande stund trur eg bakaremna mine er ferdig avkjølte og sonen har faktisk kommen heim, så då skal vi hive oss rundt og få det pynta. MMmmmmm.....:=)
Ha ein fortsatt fin kvel og sov godt til natta! 

Hasta luego!

IWALY!!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar