søndag 1. mars 2015

Tjohei....


Ei flott uke er over. Eg har vore så heldig at eg har hatt ei uke der eg har kunna snudd litt på døgeret. Ei uke der eg kunne kose meg på ski og anna om dagen, og ikkje tenke arbeid før på ettermiddagen og kvelden. Det har difor vore ei uke berika med mykje kvalitetstid. 



Målselv fjellandsby er bygd opp i eit flott fjellområde. Her er det supre forhold for både store og små. Her kan du stå slalom i eit utvalg bakker, gå på langrennski, bruke hangglider, ake, leike i snø, gå på kafè, eller rett og slett berre slappe av i ein gapahuk eller lavvo. 
Her er min kar med ein kompis før dei skal sette nedover fjellsida. Utsikta dei har er upåklageleg.

                                              Vèret var greit og forholda bra i bakken.

Når svolten meldte seg, var det berre å trekke inn i lavvoen og varme seg mat på bålet der. Varm toast og pølser med brød er god mat på tur. Varm saft og kakao er også eit must.

Det er viktig å ha utstyret i orden. Spesielt viktig er det med hjelm, noko ein viss kar lura på kvifor vi vaksne ikkje hadde...... Her må vi nok skjerpe oss og investere i sikkerheit. (Spesielt eg burde vere såpass smart, for eg har jo allereie smerteleg erfart kor farleg det er utan hjelm i fart. Eg kan vere glad eg er i live i dag, så her må eg vel hugse attende i tid og gå foran som eit godt eksempel.)

Enkelte hadde lyst til å ha det luftigare enn andre. Minstemann i huset her byrja å spekulere på kor han kunne melde seg på for å få flyge slik......Tankar mora fekk satt ein rask stoppar for. "Det kan du få bestemme sjølv når du blir 25  år." Her nyter han akkurat det synet på tur opp heisen. 

Om ettermiddagane og kvelden blei det god tid for langrenn. Det var fine forhold for det også, berre det at ungane syns dei tok lyset litt for tidleg. Kven vil slutta av før dei har gått lei, liksom? Har ein det gøy, vil ein jo sjølvsagt fortsette.......

Vi såg no kvarandre litt innimellom i løpet av dagen. Det er ikkje berre når ein flaksar hit og dit. Sjølvhar eg alltid min lyseblåe fleecejakke på meg slik at eg skal vere lett synleg. Til no har det "funka" kvart einaste år. 

Jomfrua sjølv i full fart nedover. Slalom er knallskøy!! Eg er glad i fart og nett det får ein når ein setter ned slike bakkar. 




  
Dette tok eg no mest med avdi det er bilete av yndlingsobjektet mitt. "Mammas hjarte"!! 
Når dagane i fjellheimen var over (for vi var der døgera rundt), var det tid for eit par dagar nede i sivilisasjonen. Bardufoss og Andselv er koselege områder, det også. Forutan gode vener, er det også fint å shoppe der. Dette som vises på biletet er berre eit lite utvalg av kva eg kjøpte på den koselege butikken som er forholdsvis ny der og heiter P.Y.N.T. Så om du er i området, eller rett føler for ein liten kaffistopp på tur til Tromsø..........Ta no turen innom det lille senteret der og denne butikken. Du finn garantert noko du likar. Menn bør iallefall titte innom om dei ønsker ei lita overraskingsgåve til den dei har kjær. (Og kva kvinne likar ikkje å få ei gåve sånn heilt utan anna grunn enn at ho skal føle seg spesiell?) 
Det er kanskje ikkje så lurt å dukke opp med "medisin for gretne gubber" eller "medisin for sure kjerringer" som du ser øverst til venstre på biletet her, men utvalget er nok mykje større enn det eg har knipsa her. 

Dessertgenerasjon.......besteforeldre..... I går las eg ein artikkel der ein firebornsfar skreiv sine meininger om kva han syns besteforldre er til for. Bakgrunnen for det, er hans eigne erfaringer på området som firebornsfar og det at hans foreldre og svigerforeldre ikkje er heime 24/7 året rundt. Dei er faktisk ikkje heime kvar einaste uke heller. 
Ein dag borte går bra, men når det plutseleg blir snakk om fleire uker....... Tenk at han ikkje kunne gå i operaen av di svigerforeldra prioriterte å spele golf i Spania. Foreldra hans var reiselystne og var ikkje i heimlandet heller, og ergo kunne dei ikkje sitte bornevakt slik at han kunne gå i operaen. Jaujau, seier eg berre......
Han meinte dei prioriterte heilt feil og dei har faktisk hatt familieråd om nett dette. For å kome han i møte, har besteforeldra inngått ein avtale om å ha alle borneborna på middag kvar einaste onsdag når dei ikkje er utanlands og så kjem dei på besøk kvar einaste tysdag.  
Denne mannen syns begge besteforeldrepara er egoistiske som prioriterer seg sjølv i perioder. 

Så då kjem spørmålet mitt. Er det slik at ein besteforelders oppgåve er å vere konstant tilgjengeleg for å passe borneborn? Er det slik at ein berre kan produsere born etter born for så å forvente at det er besteforeldra som skal ta dei kvar gong du ønsker å gjere noko du likar? 
Ja, det er viktig å få gode relasjonar mellom born og besteforeldra deira, men det må no vel finnes ei grense for kva som kan forventes og ikkje. 
Sjølv er eg oppvaksen med besteforeldre som budde i ein heilt anna landsdel enn eg. Likevel blei det oppretta kjempegode bånd mellom oss. Eg var hos dei i feriar.....Ikkje av di nokon måtte passe på meg, men av di eg ville besøke dei fordi eg var glad i dei og dei i meg. Fordi det var fint å få komme på besøk til dei. 
I kvardagen måtte mine foreldre trå til "normale" bornevakter, akkurat som eg sjølv gjer i dag med minstemann. Det er ikkje noko unormalt i det. 
Det er no eingong slik at ikkje alle har besteforeldre tilgjengeleg rundt seg på grunn av buavstandar. Det betyr ikkje at dei får noko dårlegare bpnd enn andre. Andre igjen er så heldige at dei kan sjå kvarandre kvar einaste uke. Sånn er det berre..... 
Og JA, sjølvsagt bør besteforeldre stille opp. Heilt klart! Dei fleste ønsker det også. Det er berre det at det skurrar dersom det forventes at dei skal vere der for deg heile tida og dersom dei eingong seier at det ikkje passar, ja då er dei egoistiske.
Dei har jo arbeidd eit heilt liv og sett fram til pensjonisttilveringa og det at dei skal få oppleve blant anna å reise og gjere ting dei har hatt lyst til i mange år, men ikkje hatt høve til. Så får ein heller gå glipp av den operaen dersom ein ikkje er villig til å betale ein ungdom eller annan kjenning for å få fri eit par-tre timar. 

For tida er det mange som snakkar om bygdedyret. Bygdedyret eksisterer nok i dei fleste bygder, av og til meir enn andre gonger, men det er der heile tida. 
Det verste er at mange av dei som klagar på bygdedyret, er ein del av det sjølv. Om dei føler at noko blir feil i forhold til dei sjølve, ja då klagar dei på bygdedyret. Ellers er dei eindel av dyret sjølv utan at dei tenker over det.
I det siste er det spesielt EI sak som har oppteke mykje tid og energi av enkelte. Eg har aldri kommentert ho på nett, og eg tenker eg lar vere å seie kva sak det gjeld her også. Mange vil nok uansett skjønne kva sak det gjeld. Difor vil eg poengtere at ikkje noko av det eg skriv her kan tolkast på eine eller andre måten i forhold til kva eg meiner om saka. 
MEN det eg vil seie er at eg lurar på korleis enkelte kan påberope seg retten til å seie at fleirtalet meiner....... og at det berre er mindretalet som er blitt høyrt. Kven er så smarte/synske at dei veit kva kvar og ein av oss meiner? Fleire trur at dei veit og går krasst ut. 
Enkelte klagar på at enkeltpersonar blir hengt ut på nett. Ved å publisere bileter og omtale saka på Facebook, held dei berre liv i saka og skaper meir negativitet rundt dei det gjeld. 
Å påberope seg retten til å vere allvitar på bakgrunn av ei positiv oppleving sjølv......... 

Det er mange saker som er triste i samfunnet vårt. Vi kan meine kva vi vil om dei, men vi kan rett og slett ikkje berre kaste meinigane rundt oss på nettet som om at vi veit. Akkurat det skadar meir enn det hjelper. OG sist, men ikkje minst....Det blir rimeleg flaut for dei det gjeld om dei får ting slengt rett attende i fleisen. Då er det bedre å kunne seie "eg er glad eg valgte å vere føre var". Eit flott prinsipp å bruke når det er snakk om sosiale medier. 

Det blir for dumt å klage på bygdedyret når ein sjølv er ein av føtene til dyret. Så moralen er rett og slett så enkel at når ein snakkar på nettet, ja så bør ein halde enkelte ting for seg sjølv. Vit kva du snakkar om og ikkje berre anta. Og for all del......bland ikkje inn fleirtal og mindretal før du veit at du snakkar deira sak.
Heldigvis kan eg seie at eg har ryggen min rak i denne saka, nett fordi eg aldri har kommentert på ho når folk har publisert den på bl.a Facebook. 
Ikkje har eg tenkt å bruke energien min på å ta stilling til ho heller. Eg reknar med at dei det gjeld veit kva og kvifor, og då er det ikkje opp til meg å hverken dømme eller anta. Eg veit for lite til å uttale meg, og ergo lar eg vere. 

Ellers vil eg no berre nytte høvet til å seie fortsatt god kveld og god natt for dei som legg seg (dei fleste gjer vel det eingong...). 
Hasta luego!! :)))

IWALY!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar