tirsdag 5. mars 2013

Hva gjør du når gutten din bare vil være jente? Eit ganske seriøst problem ukas KK tar opp. Det er vel ikkje noko som er meir viktig for eit menneske enn sin eigen identitet. Kva tenker eit born som får tredt den biologiske legningen sin over hovudet når det eigentleg er heilt feil i forhold til kva dei sjølv tenker og ikkje minst føler?

I dagens samfunn tenker vi så ulikt, på mange måtar. Enkelte har eit ganske avslappa forhold til det meste, medan andre friker heilt ut berre ved tanken på det heile.
Så har vi dei midt imellom...........
Kva er det eigentleg som gjer at vi tenker så ulikt om ting?

Eg sit ikkje med nokon som helst svar på det spørsmålet. Langt ifrå. Eg kan berre plassere med sjølv der eg trur at eg sjølv hamnar om eg hadde vore i same situasjon.
Sjølv trur eg at eg har eit ganske avslappa forhold til dt heile, men heilt sikker kan eg vel ikkje vere eller bli om eg ikkje hamnar i ein slik situasjon der eg må ta stilling til det.

I dagens samfunn er det så mykje som er blitt vanleg og difor trur eg dei yngre har lettare aksept for "ting" enn det dei eldre har.
Det er ikkje fleire enn 500 som har gjennomgått kjønnskorrigerande behandling sidan 1963. Hadde nokon bedt meg om å tippe på antalet, trur eg at eg ville foreslått eit tal som er bra mykje høgare enn 500. Så eg må seie at eg blei litt overraska over nett det.
500.......... No må det jo presiserast at det er dei menneska som har valgt å gjere noko med det. Det er nok eit mykje høgare tal med menneske som går rundt og har "that feeling" og mange held det sikkert skjult av di det er flaut eller dei rett og slett er redde for å fortelje om det.

Sånn eigentleg vil eg tru at dei fleste finn ut av det sjølv medan dei enno er små born.
I KK er det ein "gut" som visste det allereie då han var to år gamal. Han ville ikkje leike med anna enn barbie og ville berre gå i kjoler og rosa.
Sjølv sa han at han var jente og hadde det ikkje så bra når han fekk guttestempelet tredt nedover hovudet.
Først når han prøvde å skjære av seg tisseluren som fire-femåring med ein ostehøvel, skjønte mora at det var alor. Først då tok ho kontakt med fagfolk.

Det beste ho nokon gong har gjort! Aldri har vel guten vore blidare enn den tida som kom etterpå og fram til no. No får han vere jente. Han er blitt ho!
No er det kjoler og rosa som gjeld og bornehagen støttar mora fullt ut.
Mora har til og med byrja å spare pengar dersom ungen hennar ønsker å la seg operere når ho blir vaksen.

Dette bornet er heldig av den enkle grunn at mora ikkje frika ut og tvinga ho til å vere ein person ho ikkje er.
Det som er så synd oppi det heile, er at faren ikkje har reagert på same måten. Den delen av saka er berre trist.
Faren nektar å godta at bornet hans er jente og ikkje gut. Så det som skjer når ho er hos faren, er at han kastar alle kjolene hennar og alt som er rosa.
Faktisk er det så ille at ho ikkje har fått vere der på ei stund no. DET kaller eg trist. Då kjem trangsynheita fram og viser at det er langt mellom menneska sine haldningar og at det er ein lang veg å gå før vi vil få full aksept for at slikt finnes.

Eit born som endrar seg frå å vere mutt og lei seg til å bli glad og full av livslyst........Korleis kan det vere galt? Kven av oss har rett til å ta akkurat det ifrå eit born?
Eit born har ktav på eit verdig liv og det er ikkje alltid at det er vi vaksne som veit best.
Vi kan ikkje tvinge eit born til å vere noko det ikkje er.

Eg syns det er bra at KK tar opp eit slikt problem som dette. Eg vil tru at det er fleire av lesarane av bladet som har born dei går rundt og lurar på.
Ikkje det at eg trur at nokon får ei aha-oppleving om dei les artikkelen, men det er i alle høve satt fokus på det og ofte er det berre det som skal til for at enkelte faktisk gjer noko med det.

"Sex-dager": Enkelt og greit, og litt kleint. Hahahaha....... Denne overskrifta kunne vel ikkje passa betre. Eg er inne på nettsidene til VG. Det er der eg har overskrifta ifrå.
Overskrifta som viser til det programmet eg faktisk gløttar med eit halvt auge på medan eg ligg her på sofaen og skriv.
To par som ikkje har hatt sex på "evigheiter" og no skal få hjelp til å finne romantikken attende.
Dei er småbornsforeldre og det er difor dei har mista "piffen".

Joda, det er nok litt kleint!! Eg trur ikkje at eg hadde villa stilt opp på tv og fortalt om at eg ikkje har hatt sex dei siste 16 månadane og at "kanskje i kveld". I tillegg til at dersom det faktisk "skjer i kveld" så får heile det norske folk vite det om dei ser på skjermen. Seks dagar til ende.......seks sjansar for å ha sex og seks sjansar for at alle får vite det. Kleint!!!

MEN......Det har faktisk fungert for begge para som har deltatt. Sex fekk dei begge og det eine paret som ikkje var gift, fullførte det heile med eit frieri frå han til ho. Så vips så blei det eit brullaup å planlegge!

Eg tippar naboane sin spøk framover, når dei går forbi, blir å rope ut "blir det no sex i kveld, da?" Hahaha.........

Neste uke er det to nye par......

Kva er det vi bruker mest på kjøkkenet? I alle fall ein av tinga som oftest er i bruk.....Nemleg rista i steikeomnen.
Eg vil tru at det er mange fleire enn eg som har ergra seg grøn av alle fastbrente matrestar (om ein kan kalle alle dei svarte flekkane for det...).  Kor mange er det som til eikvar tid har ei heilt blank rist? (Eg ser bort ifrå dei som har høveleg nye steikeomnar.......men er ikkje rista heilt ny.....)

Eg veit om mange som i eviglang tid står og brukar stålull på rista for å få ho rein. Andre brukar mykje ulike kjemikaliar, noko som slettes ikkje er bra.

No skal eg kome med eit lite tips som eg kom over på nettet. Eit kjerringråd, med andre ord!
Kjøp litt hard grønsåpe og smør rista med den. Etterpå legg du den i ein søppelpose, knyter att og går og legg deg! Med andre ord skal rista reingjere seg sjølv medan du søv. (Herleg!!)
Når du står opp, er det berre å skylle av alt saman og vips du har ei rein rist.
(Eg likar idéen!)

Den eneste måten å oppnå frihet på, er ved å være naken. Vi vil vise at kroppene våre ikke er mannens eiendel. Vi snakkar iranske feministaktivistar og at dei viste avsky mot hijab og kvinneundertrykking i Stockholm.
Det vil seie hijab og undertrykking generelt, ikkje berre i Stockholm, men du veit.......dårlege journalistar uttrykker seg av og til litt ukorrekt.
Nakne kvinneaktivistar....... i alle fall på overkroppen. Så med andre ord er det mykje pupp på nettet i dag!!

Dei har demostrasjon mot desse to "tinga" og viser det med å viser pupper. Likevel er ikkje alle like tøff og viser andleta. Enkelte av dei som deltar har dekka til andletet sitt.
Eg skjønner at dei kanskje kan vere litt redd for kva som kan skje dei om det kjem ut at dei har vore med på slikt, men då burde dei vitterleg ikkje stille opp toppalaus med teksten "no to hijab" på brystet.

No er det "Greys-tid" så då er det berre å slå av dataen. Først vil eg berre seie ha ein fortsatt fin kveld og sov godt!!

Hasta luego!

IWALY!!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar