fredag 23. november 2012

Seint ute......

Hahahaha.........Så spørs det kva eg er seint ute til! Thihi......... Forhåpentlegvis trur du no at eg skal informere deg om at anten er eg stressa av di eg har noko eg skal nå, eller så trur du eg berre skal nemne noko eg er ute i siste liten til. (Hmmmm....... Kva som utgjer forskjellen på dei to alternativa, tja, det får du finne ut av sjølv). Juhuu.......
Eg er faktisk ikkje for seint ute til noko som helst. Eg har akkurat inntatt eit betre måltid (tilreidd av meg sjølv, sjølvsagt!!) og ligg henslengt på sofaen med eit lite "raudt" glas på sida av!
Neida............ Seint ute betyr rett og slett berre at eg er litt seint ute med å skrive dagens innlegg. Klokka er jo i nærleiken av elleve (litt over faktisk) og då er det ikkje mykje att av døgeret.
Jomfru Knutsen har sine årsaker. :=)

Då eg kom heim frå arbeid i ettermiddag, fann eg ut at vi (my son and I) måtte fullføreprosjektet vi starta på i går. Pepperkakehuset!! Så då blei det pyntinga av huset til den store gullmedaljen. Eg er sikker på at 75% av nonstopen hamna i magen til denne "utspekulerte" guten!! Eg kan ikkje hugse at eg sjølv var så "godtegalen". Hahahahahahaha......... (Håper ikkje mor mi ser den setningen!! )

Etter at vi fekk eit riktig så flott produkt, bar det på arbeid for å rekne litt med ivrige elevar. Tre og ein halv time med matematikk ein fredagskveld er eigentleg berre hyggeleg. Spesielt med så lærevillige ungdomar.
Det einaste aberet er middagen! Ein fredagsmiddag er ikkje klokka midt på ettermiddagen. Vel, klokka ti om kvelden er vel heller ikkje heilt normalt, så då kan eg informere at det føles heilt greit å ikkje vere normal!! Hahaha.........Det har ein vel aldri vore.
Så etter å ha vore "fornuftig " i fleire timar, var det å hive seg over grytene.
Om eg sjølv skal seie det, så blei resultatet veldig bra. Alle "mann" blei nøgd med det dei blei servert og då skal jomfrua vere nøgd også!! :=)

Av og til hender det seg at ein anten blir litt sentimental, eller rett og slett berre har ein nysgjerrig unge. Kva som lot seg gjeldande i kveld, skal vere usagt, men i sluttfasen av måltidet kom vi sjølvsagt inn på eit tema som betyr "verda" for meg.
Kanskje ikkje så vanskeleg å skjønne at det då er snakk om han Walter..............
Sjølv om det er passert fire år sidan han døydde, går det ikkje ein einaste dag utan at han er sakna. Djupt sakna!
Enno snakkar eg til han som om han er fullt i live. Han "veit" om det meste som skjer i livet mitt og det er slett ikkje alltid at eg forlet grava utan at augekrokane er litt fuktige. (Det er vel meir regelen enn unntaket). Vel.........Han var jo ikkje kven som helst. Alle som kjente han, veit han var ein snill mann. Då kan ein berre tenke seg til kor snill han var mpt sine næraste. Eg var definitivt ein av dei!!

Eg veit ikkje heilt kor samtalen starta, men det blei i alle fall ein del artige "historiar" av det. Blant anna snakka Steffen og eg om dagen han blei født.
Vi var einige om at det i alle fall tar ein time og eit kvarter å køyre i normal fart til Narvik.
Vel......Då Steffen blei født gjorde Walter følgande: Han var på kroa då eg sjølv ringte og fortalte den gledelege hendinga som hadde funne stad. Frå han la på røyret tok det akkurat ein time før han stod i døra hos meg.
No er ikkje ein time noko særleg å "skryte" av, for det er sikkert mange som har klart det. Det er berre det at i løpet av denne timen var han først innom Coopen for å rope ut at det blei "ein glunt"....... Så bar det ned til Smilneslia for å informere dei andre der i tillegg til at han skulle hente med deg seg det eldste bornebornet. I Narvik stoppa han ved ein blomsterbutikk og henta eit par skor med blomster til Steffen. Så frå han la på røyret, tok det EIN time før han stod på terskelen inn til rommet mitt og sa "Hei, gulldokka mi!".
Ein time............ Eg tør ikkje eingong så mykje som å tenke på kva speedometeret må ha vist.

Ei anna historie som for meg er litt artig, er den siste vinterferien han var i livet. Påska var veldig tidleg og difor blei vinterferie faktisk lagt til uka etter påskeferien.
Eg skjønte då at eg mest sannsynleg ikkje ville ha far min så veldig lenge lenger, og difor spurte eg om han ikkje kunne vere med Steffen og meg på hytta i vinterferien. Heldigvis sa han ja!!
Ein av dei mest herlege filmane eg har av han, er nett frå denne turen.

Steffen var så heldig at han fekk sitje i framsetet med han "Beste". Eg har teke bilete av det og må verkeleg seie at det er det beste biletet eg nokon gong har tatt "ever". Det var berre heilt herleg.
Vi tok ferga til Drag og køyrde så vidare derifrå.
I løpet av turen, spurte den snart fire år gamle guten ei rekke med spørsmål. Eg kan vel trygt seie at rekka med spørsmål var så lang at alle kan sjå for seg kor "lei" vi vaksne blei av å svare. Med andre ord var det uendeleg mange spørsmål.
Så er det no eingong slik at born trur at vi vaksne veit ALT!! Så då vi passerte Ulvsvåg, spurte han så fint: "Beste, kæm e det som ei de der båtan som ligg der på havet?" Etter å ha svart på 462 andre spørsmål................ Svaret blei rett og slett: Det e nok han Knut og han Jakob!!" Hahahaha....... I stadenfor å berre seie at han ikkje visste kven det var sine fortøyninger med båtar, dikta han opp eit par namn.
Jaja........... Det er jo ikkje i utgongspunktet så artig det. Det er eg einig i!! MEN.........Når guten fleire månadar etterpå klarar å prestere å seie "Sjå, dær e båten tell han Knut og han Jakob", då vi køyrde forbi same området....... Då blei det plutseleg litt herleg artig.
Han hadde berre blitt stilt eit tilfeldig spørsmål og fått eit ytterst tilfeldig svar. Fire år gamal...........
Eg sa jo at eg kanskje hadde vore litt sentimental i kveld!!

Eg er så heldig at eg har ein son som hugsar bestefaren sin. Det betyr ufatteleg mykje for meg!
Pappa og eg hadde eit utroleg nært forhold og då han blei sjuk, ba eg om at han måtte få leve lenge nok til å brenne seg fast i hardisken til sonen min. (For han er verkeleg verdt å hugse!!)
Han rakk å setje djupe spor i bornebornet sitt. Så den dag i dag kan han finne på å seie at han saknar "han beste".
Så var vel han Walter han som introdusert han for sjokolade og anna godterier!!
Eg hugsar godt den gongen eg ferska dei på kjøkkenet. Pappa og Steffen......... Dei sat der bak veggen og gomla på melkesjokolade. Eg høyrte berre sånn heilt svakt "Husk, du må ikkje førtell for mor di at han Beste bruka å gje dæ sjokolade. Då kjæm ho tell å bli bisk. Å det vil vi vel ikkje??" Han var knapt halvanna-to år og mora sverga til at han ikkje skulle få bli kjent med godteri på mange år..........
Er det ikkje no ein skal seie "Og sånn går nu dagan...."?

Det var han Walter................

No er visst ikkje klokka sånn litt over elleve likevel. Ho nærmar seg visst meir eller mindre tolv. Kva i alle dagar er det jomfrua har brukt tida på??? Jaja....... Det er ikkje min feil at klokka går litt for fort her eg sit. Det føles ikkje som meir enn fem minutt, men litt meir må det nok vere!!

Ææææsj!!!! Plutseleg er det ein som slår på tv'n her............. Den første setningen som kjem opp er "Skal ei truse lukte?" Svaret?? Vel, det som stod var "Tja, dersom ein ikkje vaskar seg!" Fisj for eit tema....... Det er rett og slett obligatorisk å vaske sjura kvar einaste dag, Noko anna vil vere heslig! Ferdig diskutert, liksom!!!
(Eg trur dei kallar det for hygiene!!)
Med mindre ein er høgt oppe på fjellet utan tilgong til vatn.............Say no more!!
Kvifor i alle dagar stiller dei eit slikt spørsmål på tv??? Føler di at det norske folk ikkje skjønnar noko så elementært? Jaja........

Steike ta......... Mannfolk kan til tider vere treig!! For få sekundar spurte eg "Kan du vere så snill og skaffe meg litt salt? Det hastar!!" Trur du ikkje at det fluksens står ei skål med "bacongull" foran meg?? Hallo?? Potetgull?? Eg ba liksom om salt??
Jeeeeezes!! Salt er salt. Potetgull er potetgull!! Ferdig med den saka.

Nei, unge jomfru Knutsen følerr at tendensane til å bli litt frekk er tilstades. Det kan ein vel ikkje ha noko av?? Best å slutte av medan leiken er god, som dei vettuge seier!
Så difor ønsker eg alle ein fortreffeleg fin kveld!
Når natta kjem, håpar eg den blir fyllt med god svevn osv osv osv.......

Satsar på at det kan vere riktig å seie "Hasta luego eller hasta mañana!"
Natta:=)

IWALY
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar