mandag 17. september 2012

Måndag 17.sept.

Grenser.......? Kor går eigentleg grensa for kva ein kan utlevere av seg sjølv? Årsaka til at eg spør, er at eg akkurat såg på framsida til VG frå fredagen. Følgjande står: "Ser fremover etter dramatisk spontanabort".
Det er ikkje så nøye kven det gjeld. Alle skjønner at det er snakk om ei eller anna dame, berre at dei som faktisk har lest avisa også har sett kven det er . Hovudpoenget er at det er Vg si framside og det er snakk spontanabort, ein dramatisk sådan!

No har eg ikkje lest avisa innvendig (når det kjem til akkurat denne saka) og hadde eg det gjort, ville eg kanskje ha fått fleire svar.  Det kan sjølvsagt vere grunnar til at eit menneske vel å vere så personleg som dette og eg skal ikkje seie noko negativt på nett denne saka, rett og slett av di eg ikkje veit.
Likevel, eg kan snakke ut frå eigne meininger om temaet........og eg føler at eit slikt tema er veldig privat.
Om eg hadde hatt ein abort tidlegare i år, ville eg ha følt det som veldig privat og ville så absolutt ikkje ha ønska at "heile verda" skulle få vite det.
Det er mange hendingar i løpet av eit liv og kvar og ein av oss vel sjølv i kor stor grad vi skal utlevere oss. Eg syns det er å utlevere seg for mykje om ein står fram på forsida til ei av hovudstadsavisene.

No er det ikkje berre den som står fram eg reagerer på. Avisa bør jo også ha nokre etiske grenser. Kva vel ein å plassere på forsida??!!
Eg meiner at ei forside bør pregast av stoff som "allmenheten" bør få greie på. I alle fall noko som er offentleg.
At ei kvinne spontanaborterer er ikkje offentleg. Det burde ikkje vere blikkfang for dei som skal kjøpe avisa.
Eg er ganske sikker på at det fins dei menneska som kjøpte nett denne utgåva av avisa av di dei såg dette biletet og teksten under. Vi er skapt ulike og er nysgjerrige på ulike ting. Difor er det ikkje dei store og viktige sakene som fenger enkelte av lesarane. Enkelte bryr seg kun om alt sladderet!

Med enkle ord vil eg påstå at dette er ei dårleg forside av VG. Ikkje den første, for å seie det sånn og heller ikkje den siste. VG er langt ifrå den einaste avisa som gjer dette......Dei fleste gjer det vel.
Kjendis eller ikkje kjendis............Eit privatliv har vel alle krav på.

Klappjakten på Eskil. Eg har akkurat lest eit forsåvidt sterkt innlegg i VG som er skriven av ei mor som var så heldig at ho fekk dattra si heim frå Utøya i live. Det var dog ei anna datter som kom heim enn den ho sendte avgarde, forståeleg nok.
Denne mora skriv no til føremon for Eskil Pedersen og eg må seie eg er heilt einig med det ho skriv. Det treff meg i hjarterota.
At det treff meg i hjarterota, er nok av di at det no kjeppjages rundtom. Det er full leiting etter  syndebukkar som skal tas og etter lekkasje frå ulike hald, er det no fare for at fleire personar kan kome til å bli uthengt i media under den dårlege unnskuldinga at det er av offentleg interesse.

Eg har merka meg for lengst at det er fleire som er ute etter å ta Eskil Pedersen. Det diskuteres "høgt" om han skal få vere representant til Stortinget pga korleis han handterte det som skjedde på Uttøya.
Eg siktar då til det at han reiste derifrå for å kome i sikkerheit.

Mora til denne jenta som kom heim i live meiner at det har vore nok ofre. Å finne fleire vil berre gjere  vondt verre! Det var ikkje Eskil sin feil at "mordmaskinen"" fann ut at han skulle ta liv. Det var ikkje AUF si skuld heller! Det er viktig at vi alle forstår nett det. Det er ingen andre enn gjerningsmannen sjølv som kan skuldast for noko som helst.
Eskil Pedersen er vel ingen forræder? Eg er einig med mora som meiner at det er primært å tenke at Eskil i regi som leiar var eit naturleg mål for handlinga og at det difor var nødvendig å få han i sikkerheit.
Kva skulle han eigentleg ha gjort der ute? Skulle han på noko vis klare å organisere ei form for flukt eller godsnakke mordaren til å forstå at det han gjorde var gale?
Pedersen blei jo også bedt av politiet om å forlate øya.

Massemordaren skapte ein panikk som det ikkje går an for oss som ikkj evar tilstades å sjå for seg. Gløym ikkje det før ein dømer dei som var der og som i dag er skotskiver for andre.
Tenk for eit adrenalinkick som måtte ha oppstått i ly av all angsten og frykten som regjerte. Kun tilfeldigheiter var med på å bestemme utfallet av kven som klarte seg eller ikkje.
Tru meg.......Eg er ganske sikker på at Eskil Pedersen har ein enorm verkebyll han må leve med resten av livet etter det som skjedde. Det er heilt normalt etter å ha overlevd noko slikt.
Difor syns eg det er ganske tåpeleg å angripe han no og prøve å sørge for å bremse hans veg oppover i systemet.
Sinne og frustrasjon!!! Heilt forståeleg at det koker over av sånt! Likevel, eg spør som kvinna bak avisinnlegget: Kvifor må sinnet og frustrasjonen rettast mot dei som sjølv var mål for kuler?"
Eg trur det er ord til ettertanke........ Berre så synd at dei som kjeppjagar Pedersen sannsynlegvis ikkje les denne sida og ser at vi er fleire som støttar det denne mora seier!!
Ikkje gløym at 22.juli 2011 var vi alle AUF'ere. Alle nordmenn blei angripen denne dagen!

Når eg no først sit her og skriv om mord og triste greier, så fekk eg ein trist beskjed inn på øyret akkurat no........ Det har jo vore i media i helga om to stykk som er blitt funnen i omkommen i Bardu. Det viser seg at den eine mannen er søskenbornet til mor mi.
Så difor trur eg rett og slett eg skal slutte av her no og heller forsette i morgon.

Uansett.... Ha ein fortsatt fin måndagskveld!!
Hasta mañana! :=)

IWALY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar