onsdag 9. mai 2012

Kupper historisk modelljobb. Vel, der han står med skjegget sitt, Brad Pitt, så ser han ikkje så dyrisk deileg ut i mine auge. I følge ingressen er han den første mannen som får oppdraget. Sidan det er ei historisk hending, får eg vel lese og sjå kva det dreiar seg om.
Dah!!!! Han skal berre fronte ein parfyme. Wow!! Løp og kjøp!! Eg har uansett sikkert gløymt namnet på parfymen før eg rekk å lukke artikkelen. Eg som trudde det skulle vere noko spanande. Nytt!! Jaja.....litt nytt er det jo i og med at det før berre har vore damer. Likevel...........
Chanels parfyme nr.5. Eg har aldri prøvd Chanel før, så eg skal ikkje uttale meg om noko duft. Eg klarar meg no godt med "Roma", eg.

I tenåra var det litt digg med "menn" med langt hår, men no...? Spesielt ikkje på halvgamle menn som Brad'n. Han ser eigentleg berre mest slesk ut! Jaja.......Han er ikkje interessert i meg og eg ikkje interessert i han. Hans tap!! Hahahahahahaha........:=)

Obama presses om ekteskapslov. Kva kan det vere? Sånn umiddelbart er det første eg tenker at det må dreie seg om til dømes homofili eller liknande. Kva som ligg i "eller liknande" skal vere usagt, men eg ser ikkje heilt for meg at det er så mange rare ekteskapslover "over there". Kanskje eg tar feil?

Hahaha......I'm good!! Det var det! Han må svare på spørsmål som "Hva synes du om homofilt ekteskap?". Dette er eigentleg eit tema han ikkje er så fortroleg med og aller helst vil unngå å prate om. No vil dei ha han i tale og han er lagt under press ved at visepresident Joe Biden har komen med eit utspel i saka.
Han som er som eit vepsebol, sørger for at Obama no må stå fram med sine meiniger om temaet. Obama er ikkje for at likekjønna skal kunne gifte seg, men at likekjønna par skal ha like rettigheiter som heteroseksuelle par. Så spørs det kva velgjerane syns!
Vi lev i 2012 og haldningane til temaet har endra seg ganske mykje. Difor vil nok fleire og fleire etterkvart helle mot at det bør bli lov. Vi får vente å sjå:=)

Den familievennlige byen er kåret til pornohovedstad. Kanskje ikkje så familievannleg likevel?? Viss ikkje ein vil ta med familien på ei shabby sjappe i stadenfor Disneyworld? Kva lokkar mest, liksom??
Det første som møter blikket mitt er ei halvnaken "dame" på scena i Orlando. Sjølvsagt med ræva rett i mot..........og ræva på eit kvinnfolk er vel ikkje akkurat det eg har mest interesse av å sjå på! Kunne dei ikkje ha valgt eit litt betre bilete sjølv om det er snakk om pornohovustaden? Pupper er jo ganske uskuldig då??
Orlando, California, har jo tidlegare blitt klassifisert som den lykkelegaste staden på jorda....... Vel, det er den nok sikkert fortsatt........? Berre at målgruppa har endra seg ganske radikalt! Eg vil gjerne påstå at det er langt mellom Mikke Mus og Donald til porno!!
Kunne jo kanskje vere artig å sende to stykk Pedersen "over there" og sjå kven av dei som er mest lykkeleg når dei kjem attende. Gammel eller ung?? Ikkje sikkert begge hadde komen attende??!! Hahaha...........
Minstemann er nok avhengig av mora, men han der andre artigkaren?! Tja......Who knows:=)

Hvor renslig er du? Ta testen. Hahaha........ Som at ein skulle gidde det, liksom?!! Eg vil tru dei fleste veit kva normal hygiene er........... Det fins sjølvsagt unntak!! Det har vi vel alle sett ein eller annan gong, men eg trur ikkje vi treng noko test for å definere om vi er under- eller overreinslege.
Det hend seg at eg seier frå til ungdomen at dei må vaske seg til neste dag og ta på seg ei rein skjorte om eit klasserom kjennest ille ut, men det er meir pubertetsmessig "stank".

Nei. klokka er sju og då er det på tide å få ein liten kar til å tenke seng!! Håper alle saman har ein triveleg onsdagskveld!! :=)

Hasta luego!

SDM!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar