onsdag 16. november 2011

Onsdag 16.nov.

Det er onsdag og ein fin ein sådan. I ein skuletime i dag, medan elevane sat og arbeidde så fint, var det plutseleg ein elev som såg sånn på meg. Plutseleg sa ho "Du smila bestandig, du. Åsså søng du heile tida i gangan!" Eg måtte jo sjølvsagt smile av kommentaren...... Så fulgte ho opp med "Æ skjønna ikkje at du klara å vær så blid heile tida." Det var jo ein fin kommentar å få og eg må ærleg innrømme at det gjorde dagen min eit hakk betre. Eg blei "betterleg" glad:=)  Ikkje det at eg trur at det er like kult å treffe på meg når eg syng, for det varierer sikkert frå "Jeg snører min sekk", "Joy to the world" og til heilt rocka melodiar. Ganske sære songar innimellom, vil eg tru..........

Steffen var nett ute og leika med eit par vener. Plutseleg stod han i døra og ropa. "E ho xxxx en gutt eller ei jenta?" Eg måtte jo flire litt for meg sjølv. Han sa jo HO....... Eg svarte sjølvsagt at ho var ei jente og så høyrte eg berre "HA! Ho e ei jente!" Det er snakk om ei venninne av han. Han har då "krangla" med dei andre to av di dei påstod ho er ein gut. Han var bra nøgd med at han hadde rett....... (og eg måtte sjølvsagt flire, for det var jo litt komisk).

Det er så mange som heile tida kritiserer alt som har med Utøya å gjere. Samfunnet svikta, politiet svikta osv osv........ Eg er komen dithen at eg er byrja å stille spørsmål om enkelte ting. PST beklagar at dei ikkje visste om Breivik. Vel, til ein viss grad kan ein seie at ein bør fange opp slikt, men dei kan då umogleg ha kontroll på alle?! Det kan virke som at "alle" meiner at av di vi bur i Noreg, så skal alt fungere perfekt. Kven kan eigentleg sjå for seg at ein galning skal ta laus? Det er mange aspekter i ei sak, og ting kunne sikkert gått raskare. Likevel, ein må ikkje gløyme at det er mennesker vi snakkar om. Dei som dro ut til Øya, risikerte sine eigne liv. Sjølv om minuttar kunne vore spart, er det ikkje sikkert det ville vore forsvarleg overfor dei som skulle ut dit. Det vil vi vel heller aldri få svar på.
Det er grusomt at det skjedde, men eg trur alle fekk slik sjokk og dei fleste blei vel satt heilt ut av spel. Viss ein no berre skal leite etter kva dei kan ta "skuldige folk" for, så trur eg enkelte ting er misoppfatta med samfunnet. Det hjelper lite å leite etter syndebukkar. Det er ikkje sikkert at andre ville gjort det noko betre. Som nasjon takla Noreg det bra og det skal vi vere stolte av. Ein kan ikkje gå og dvele ved "kunne den eller den vore berga om ting hadde skjedd raskare?" Det vil vi ikkje kunne få svar på...... Det er ein "sjuk" mann som har gjort noko forferdeleg. No skal han straffast og samfunnet må ta lærdom av hendinga. (Ikkje berre leite etter kven som skal seie unnskyld).
No er det sikkert mange som vil hudflette meg for den haldninga, men eg kan ikkje for at eg syns det blir for mykje feil fokus. Det er heller ikkje heilt fritt for at enkelte brukar det litt politisk. I tillegg er det mange som ser sitt snitt i at dei skal tene store pengar på dette.
Eg beklagar verkeleg om enkelte føler seg tråkka på og viss enkelte vil synes eg viser ein viss grad av mangel på empati. Det er ikkje meininga at dei etterlatte skal sitje utan svar osv,.... og mange andre har også spørsmål dei treng svar på. Eg syns berre det mange gonger blir trekt så altfor langt.
Sjølv om det er ei stor sak og viktig sådan, kjenner eg at eg byrjer å bli litt metta på å lese om det. Det går nesten ikkje ein einaste dag utan at saka er i media på ein eller annan måte.

Hvordan skal Siv klare å styre landet når hun ikke takler en slik fillesak? Eli Hagen er såret og skuffet over hvordan Siv Jensen har klart å hindre Carl I. Hagens inntreden i Nobelkomiteen. Kjerringa til Carl I. Hagen har ikkje høge takar om Siv Jensen. Han som har bygd opp partiet, blir no vraka. Han er skuld i at dei er så heldige å ha stortingsplassar. Han var den som sørga for oppgangen.....
Vel, Carl og Eli, det er ikkje slik at dersom ein har gjort noko bra, så skal andre skulde gjenytelsar resten av livet. Eg er sikker på at dei fleste Frp'arar er klar over kva rolle han har hatt for partiet. Det betyr ikkje at han er "hellig" for all framtid.
No veit ikkje eg heilt kva som ligg bak nett denne saka, for eg kan ikkje hugse å ha lest noko særleg om det. Frp er ikkje mitt favorittparti og difor les eg nok ikkje så mykje om dei heller. Eg skal nok ikkje ta parti med hverken Siv eller Carl. Berre synd at eit så langt "venskap" skal endast på akkurat den måten.
Eg kjenner sjølvsagt saka litt..... Eg er klar over at det dreier seg om at han ikkje fekk plass i Nobelkomitèen. Eg kjenner berre ikkje forhistoria og elles bakgrunnshistoria for at det som skjer, det skjer. Såra stoltheit kan sitje i eit menneske lenge, så det spørs om Carl I. Hagen kjem til å svelgje denne kamelen og retunere....... Tvilar.

I går var det Noregs mest sexy mann. I dag er det verdas...... Har dei ikkje noko anna å gjere? (Hmm.....det kan ein vel spørre meg også om:=) Hahaha.....).  Bradley Cooper er den heldige(?). Han er mest opptatt av at mora kjem til å vere stolt av han.
Eg har sett bilete av han, så eg kan nok gå god for at han er fin. Det er ikkje det........ Sjølv syns han ikkje at han ser ut som ein modell. Det kan eg også vere tildels einig med. Noen ganger er jeg flott, mens andre ganger ser jeg helt forferdelig ut, sier «Hangover»-stjernen til People. Hahaha.......så han kan faktisk vere realistisk. Ikkje dårleg, berre det! Kven ser flott ut heile tida? Det er vel ikkje akkurat som at han vekslar mellom sixpack og hengemage i tide og utide. Eg trur eg står over å sjå "nakenbilete" av han.
Høyr dette: For å kåre han til verdas mest sexy mann har dei blant anna argumentert at han kan fransk. Wow......sexy, sexy!! God begrunnelse........ Han elskar mora si høgt, køyrer motorsykkel og han er ein god kokk. Juhuu..... Eg trudde det var det kroppslege som gjorde at han er kåra som sexy. Då skjønner eg kvifor eg ikkje er heilt overbevist berre ved å sjå biletet. Etter å ha lest bakgrunnen for kåringa, skjønner eg litt  meir. Jaja.........

Her satt tabbetyven fast i ti timer. Lite smart å gjere innbrudd for så å setje seg fast i huspipa. Sørgelege greier.....Hehehe...Kjipt når politiet må sørge for å få deg laus. Du har liksom ingen sjanse til å bortforklare deg:=)

Nei, eg skal slutte av for denne gong. Onsdagskvelden er enno ung, så det er enno tid for mykje ugagn.
Ha ein fin kveld vidare:=)

Hasta pronto!

I miss you....




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar