onsdag 15. juni 2011

Onsdag 15.juni.

Det er ein deileg ettermiddag på verandaen ein onsdag i juni. Livet er flott! Sola har stått på frå tidlege morgontimar og varmar enno godt.

Dagen byrja med eksamensinformasjon. "Dåkker kjæm opp i RLE og norsk". Beskjeden blei mottatt med både glede og misnøye. Det er muntleg eksamen på fredag og som vanleg er det stor variasjon i kva elevane syns om faget dei er trekt ut i. Det er alltid nokon som blir godt nøgd, medan andre syns det motsatte. I dag var inga unntak frå akkurat det. Så no sit fleire ungdommar heime og svettar over pensumbøker i håp om godt resultat på fredag.

SFO har hatt den årlege basaren sin. Ein lukkeleg gut kom heim med to gevinstar. Basar er skøy!! Det er flott at dei orker å stelle i stand slikt for borna. Triveleg. Min kar var i alle høve godt nøgd. At han i tillegg fekk ta fram vannspredaren og leke seg "i" den, gjorde dagen hans meget vellukka. Ingenting er vel betre enn ekte borneglede.

Ellers har vi hatt årets første heime-grilling. Det var så herleg å sitte uteog spise i finvèret. Maten smakar så mykje betre då:=)
Eg måtte ein snartur på butikken først (mangla salat). Då eg kom ut av butikken, høyrde eg at det ringte så valdsamt. Eg var sikker på at lyden kom frå meg eller veldig nært meg, for det var ingen i nærleiken. Det ringte og det ringte. Det einaste som ikkje passa inn var ringetonen. "Det er ikkje den ringetoneneg har", tenkte eg stille for meg sjølv. Joda......Då såg eg det. Telefonen som låg oppå bakluka til bilen. Der hadde eg vore ute og køyrt med ein mobil bakpå. Hallo??? Kven er det som er så lur at dei ligg ein telefon der??? (Eg veit svaret!) Jaja, han skal vere glad den låg der enno då eg kom ut og at det faktisk ringte i den så eg kunne oppdage den. Kva om eg hadde tatt meg ein svipptur rundt i bygda og den fann seg eit høve til å leke gøymsel med oss?! Det skulle tatt seg ut. Sukk......Det er litt av kvart ein må passe på.
Eigentleg hadde eg tenkt å gøyme telefonen unna, for å sjå kva tid han kom til oppdaga at han mangla den. Berre så synd at eg sa til vedkommede som ringte at eg skulle be han om å ringe opp att straks.
(Eigentleg sukka eg ikkje......eg flirte av det).

Nei, vi har fine dagar. Det er lite å klage over og akkurat det er jo bra. Hovudproblemet mitt i desse dagar er ikkje verre enn at eg må få nokon til å skyssa meg til Skarberget på laurdags ettermiddag. Har ein ikkje verre problem enn det..........Vi har sjølvsagt konsert på hotellet klokka to denne dagen. Det passar ikkje heilt inn i mine planar. Åleine heime utan bil kan vere uhøveleg enkelte gonger. Eg trur eg får gå til anskaffelse av ein liten scooter eg kan køyre rundt på. Eg minnast eg tok mopedlappen i mine yngre dagar. (Ehh......eg er jo ung enno, då!). Eg veit ikkje heilt kvifor eg tok lappen, for eg har enno aldri kjøpt meg noko moped.
Det var sikkert av di alle dei kule gutane gjorde det og eg skulle ikkje vere noko dårlegare enn dei.
Eg tok det som valfag på skulen. Det og båtførarprøven. Det er synd ein ikkje lenger er så heldig at ein kan gjere slikt på skulen. I dag er det slik at ein må velge språkleg fordypning eller framandspråk. Språk er ikkje noko som ligg for alle, og difor hadde det vore fint med andre valfag også. Om eg ikkje tar heilt feil, trur eg at det faktisk er på veg attende (andre valfag enn språk).

Ute høyrer eg ein unge skrik. Det er ikkje sjeldan det i desse dagar. Syklane er komen ut, sparkesyklane, shorts og kortarma klede. Det er mange som dett og slår seg. Eg veit ikkje kor mange skrubbsår eg har vaska og "lappa" den siste månaden. Min kar har sluppe unna til no, men det er vel ikke lenge til før han også står her på trappa og treng trøst.
No har det seg slik at eg har magiske puste/blåse-evner. Det passer eg på å nemne for borna når eg bles på såra. Det er ikkje måte på kor fort "aua'en" forsvinn når eg har sagt det. Sjølvsagt trur dei på det......... Hehe.
Det har stoppa å skrike ute, så kven det no enn var, så har bornet fått hjelp. Eg kan trygt sitte her og skrive meir. Hurra!!!

Hvis det her vèret har tenkt å fortsette (kan det hende eg er såååå heldig?), veit eg jaggu meg kva eg har lyst til neste helg. Då er skuleferien starta og ein kan ta ting som dei kjem. Eg trur jaggu meg eg skal ta meg ei helg på Grunnvoll. Berre det å sitte her og sjå på havet.....eg kjenner det kriblar.
Dessutan reknar eg med at plenen der inne sårt treng å bli klippa ned. Graset er sikkert megahøgt no.
Det er ikkje mange plassane eg finn slik ein "fred" som eg gjer der inne. Det å sitte på kaia og sjå ut over fjorden som ligg heilt stille. Det er rett og slett fantastisk. Ingenting anna betyr noko i slike augneblikk. Mange gonger er eg "lei meg" for at eg ikkje er der oftare. Eigentleg burde eg prioritere å få meg ein skikkeleg båt, ikkje berre det rakkelet av ein båt som vi har no. Hadde eg hatt ein større båt, kunne eg dratt inn der i løpet av andre årstider også. Akkurat det er eit sakn. Slik er det no berre...... Uansett, inn skal eg snart!

Då eg var unge, budde vi der inne om sommaren. Det var tider, det! Fiskinga på berget eller frå båten. Vi fekk alltid lov til å halde på med det på eigen hand. Vi lærte tidleg å ta ansvar for å vere forsiktig og passe på at ikkje noko skulle gå galt.
Som 10-åring var eg betre å sløye fisk enn det eg er no. (Eg er ganske dårleg på det no, for å seie det mildt).
Det aller gøyaste var ettermiddagane/kveldane då gøymsel var den obligatoriske aktiviteten. Han Walter stod medan vi borna gøymte oss. Det gjekk aldri an å lure han. Han var glimrande god til å forflytte seg lydlaust i terrenget. Han lista seg alltid heilt innpå oss og lå og lytta på alt vi kviskra til han ikkje lengre klarte å halde seg alvorleg. Det nytta ikkje uansett kor vi gøymde oss.
Det var kanskje nettopp denne evna ti å bevege seg lydlaust som gjorde at han elska elgjakt.
Det er gøy når ein har foreldre som er barnlege av seg. Heldigvis har eg vore heldig der. Difor har eg sjølv tenkt å vere likedan, bestandig.
Fjellturane med overnatting i telt. Dei er minneverdige dei også. Minnerike og lærerike!
Eg hugsar det som om det var igår......Turane innover fjorden med "Line-Beathe", båten til onkel. Vi brukte alltid den då vi skulle innover. Som femåring lærte pappa meg "Den siste mohikaner". Den song vi alltid på tur inn fjorden. Det er eit av dei beste minna eg har frå heile livet. Eg var fem då han lærte meg den og vi sang den framleis to dagar før han døydde. (Uffdå.....så kom det ei lita tåre på kinnet. Slikt skjer). Så no har eg lært den vidare til min son opg sagt at "han beste lærte mæ den da æ var unge". Kanskje den kan ende opp som ein generasjonssong:=)

Det er fint med minner. I alle høve syns eg det. Dei gode minna eg har frå fjorden er nok med på å gje meg den roen eg føler når eg er der inne. Tenk, eg har ikkje vore der inne sidan i haust! Eg kjenner det i magen. Det er ikkje anna alternativ enn å kome seg dit snarast.

Nei, det var vel sola og det fine vèret som var utgangspunktet........... men det var jo også det som fekk meg til å sjå på havet og draume meg vekk. :=) Livet gåt sin vante gang slik det skal og slik må det vel vere.
Som sagt er livet flott og i dette vèret betyr det at eg må klappe att denne lille maskinen eg har foran meg og hive meg rundt til eitt eller anna i sola. Det er "teit" å sose tida bort her foran skjermen no. Det kan eg gjere seinare.
Eg har nokre tema klar (som eg vil skrive om), men eg har bevisst venta med dei pga muntleg eksamen. Litteraturhistoria har mange interessante poeng, men i og med at eg skal ha elevar opp til eksamen, kan eg ikkje drøfte temaene her. Litt dumt å skrive om det oppgåvene omhandlar...:=) Det ville tatt seg fint ut.....

Jaja..Hasta luego.

I wanna know...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar